Hanne Nabintu Herland har dei siste dagane tatt opp ein slags kamp ho har prøvd seg på før, nemleg å stemple bokmålsversjonen av Wikipedia som «venstreradikal». No har ho klart å fått ei sak om dette på Minervanett, ei sak som trass i at den delvis framstår som ein preikestol for Herland, også peiker på den soleklare sanninga: Wikipedia er ikkje venstrevridd!
Minervanett har fått professor Arnulf Hagen frå NTNU til å uttale seg, og han peikar på noko vi som kjenner Wikipedia frå innsida har observert mange gonger: Dei store «angrepa» der ein forsøker å vri stoff kjem oftast frå høgresida. Det har også vore forsøk frå grupper som Tjen Folket, men oftast ser vi at det er høgrevridd stoff folk vil presse inn når det er snakk om slike «kampanjar». Heldigvis skjer det ikkje så ofte, og eg trur vi er relativt flinke til å rydde opp.
Heller ikkje mellom dei aktive på Wikipedia kan det på nokon måte seiast å vere ein særleg venstrevridning. Dei eg kjenner dei partipolitiske preferansane til held seg til Frp, MDG, H, KrF, Ap, Raudt og Venstre. Venstresida glimrar meir med sitt fråver heller enn sitt nærver. Sjølvsagt kan det vere folk som har politiske preferansar langt til venstre eg ikkje veit om, men det er i såfall ikkje ei særleg synleg gruppe.
Mitt inntrykk er at artiklane på Wikipedia på det jamne held seg nokonlunde objektive og saklege. Grunnen til dette er at eg veit kva vi vert skulda for. Når venstreaktivistane kjem vert vi skulda for å vere fascistar og høgrevridde. Når høgresida kjem vert vi skulda for å vere venstreradikale. Når ateistane kjem vert vi skulda for å fremje kristendom, og då særleg katolisisme. Når kristne kjem vert vi skulda for å fremje ateisme. Dei fleste med ein agenda meiner altså at vi er motstandarar. Av det trekk eg konklusjonen at vi er relativt objektive.
Og så til Hanne Nabintu Herland sitt underlege angrep. Ho skal ha rett i ein ting. Artikkelen om henne var ei katastrofe på det tidspunktet ho byrja å snakke om den og alt for lenge framover. Det var ein forferdeleg diskusjon om ho kunne kallast «religionshistorikar» i sjølve artikkelen, noko som sjølvsagt aldri skulle ha vore der. Artikkelen er veldig mykje betre no, sjølv om mykje sikkert kan gjerast.
Ho har altså rett i at artikkelen var dårleg, men det er framleis eit stykke veg å gå for å seie: «WIKIPEDIA Norge [...] anklages [av meg] for å i stor grad tillate venstreradikale å dominere sidene på en slik måte at mye av det som står på norsk Wikipedia fremstår direkte venstreradikalt. Blant annet har jeg i årevis opplevd at personer som legger inn «religionshistoriker» på meg, får tittelen straks slettet.»[1]
Eit spørsmål melder seg: Er det venstreradikalt å hevde at ho ikkje kan kallast «religionshistorikar»? Det er feil, men venstreradikalt? Det er faktisk det ho seier.
Dette er ein totalt absurd påstand! Kva Minervanett tenkte då dei hoppa på dette er uforståleg for meg.
Absurditeten vert endå meir slåande om ein ser kven som har gjort endringar på denne artikkelen. Dei fleste av dei eg kjenner til som har gjort noko her har eg oppfatta at i alle fall står til høgre for Arbeiderpartiet i norsk politikk. Ikkje akkurat ei klassisk venstreradikal aksjonsgruppe, altså. Sjå også denne bloggen for ein god gjennomgang av redigeringshistorikken for den aktuelle artikkelen.
Hanne Nabintu Herland er altså heilt på villspor i påstandande sine. Det stemmer rett og slett ikkje at Wikipedia er venstreradikalt. Truleg veit ho dette sjølv, når det beste dømet ho kan kome opp med er at det har vore ein debatt om ein kan kalle henne for «religionshistorikar» eller ikkje.
Det hadde vore heilt på sin plass om Herland hadde sagt at det som skjedde i biografien om henne var ubehageleg eller skadeleg for henne, men slik ho har gått fram har ho oppnådd at den sympatien ho burde ha fått, no er totalt fråverande.
[1] Eg har gjort kosmetiske endringar i ordstillinga, markert med [ ] for å få betre flyt. Nøyaktig sitat er slik: «WIKIPEDIA Norge av meg anklages for å i stor grad tillate venstreradikale å dominere sidene på en slik måte at mye av det som står på norsk Wikipedia fremstår direkte venstreradikalt. Blant annet har jeg i årevis opplevd at personer som legger inn «religionshistoriker» på meg, får tittelen straks slettet.»
Viser innlegg med etiketten Wikipedia. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Wikipedia. Vis alle innlegg
fredag 17. januar 2014
onsdag 18. januar 2012
Er Wikipedia politisk nøytralt?
Som sikkert alle dei som les denne bloggen har fått med seg gjennomfører ein ein politisk aksjon på engelsk Wikipedia i dag, og har «svarta ut» heile sida. Også min «heimewiki», no.wikipedia.org, gjennomfører ein støtteaksjon. Dette gjer ein i protest mot dei såkalla SOPA- (Stop Online Piracy Act) og PIPA- (Protect IP Act) lovforslaga som er oppe til vurdering i USA no.
Eg er langt frå nokon ekspert på desse lovane, men i grove trekk skal dette vere lovar som gjer styresmakter og eigarar av intellektuell eigendom større mogelegheitar til å stoppe dei som vil spreie materiale underlagt opphavsrett på ulovlege måtar. Dette er forsåvidt eit prisverdig initiativ, men det kan verke som om ein, som så ofte før, ryddar ugras mellom blomane med gravemaskin.
Kritikarane fryktar at dette kan verte brukt til å sensurere kommersielle motstandarar, hindre «varslarar» i å kome med naudsynt informasjon og på mange måtar kneble dei frie ytringane på nettet. Ein kan mellom anna gå aktivt inn og hindre sider i å kome opp i dei store søkjemotorane. I utgangspunktet skulle ein tenkje at dette ein amerikansk lov, men PIPA rettar seg særleg mot domener registrert i utlandet, og om ein i USA innfører sterke reguleringar på nettbruk, vil dette få konsekvensar for resten av verda, i tillegg til at det USA gjer skapar presedens for liknande ting andre stader.
Kritikarane er tunge aktørar. Human Right Watch seier, saman med andre, mellom anna om PIPA at lovforslaget trass i nokre endringar «continue to threaten the stability, freedom, and economic potential of the Internet.» Reporters Without Borders seier om SOPA at lova «is clearly hostile to freedom of expression and reverses the usual judicial logic by delaying referral to a judge until after content is blocked. It would allow copyright and intellectual property owners to impose content filtering and blocking without independent judicial control. It would allow them to decide what content can and cannot be accessed. It would turn them into Internet dictators.»
I samband med aksjonen på Wikipedia vert det sagt at dette er første gang Wikipedia gjer noko slikt. Dette stemmer ikkje, for det er ikkje lenge sidan italiensk Wikipedia hadde ein liknande aksjon i protest mot eit italiensk lovforslag. Det kan nok derimot stemme at det er første gong engelsk Wikipedia gjer noko slikt. Det har også vore uro rundt folk sitt syn på Wikipedia som politisk nøytralt. Dette er ein uro ein kan forstå, for Wikipedia er avhengig av tillitt for å utføre sin misjon på nettet, nemleg vere ein leverandør av truverdig kunnskap.
Samstundes kjem ein ikkje vekk frå at Wikipedia i sin natur er eit politisk prosjekt. Dei som står bak aksjonen på engelsk Wikipedia forklarar det slik:

We are staging this blackout because, although Wikipedia’s articles are neutral, its existence actually is not. For over a decade, Wikipedians have spent millions of hours building the largest encyclopedia in human history. Wikipedia's existence depends on a free, open and uncensored Internet. We are shutting Wikipedia down for you, our readers. We support your right to freedom of thought and freedom of expression. We think everyone should have access to educational material on a wide range of subjects, even if they can’t pay for it. We believe people should be able to share information without impediment.Wikipedia er derfor ikkje politisk nøytralt. Wikipedia har aldri vore det og vil heller aldri verte det. Det er eit prosjekt som vil gjere verda betre gjennom å spreie kunnskap. Og som dei som står bak aksjonen seier: «We believe that new proposed laws like SOPA and PIPA (and other similar laws under discussion inside and outside the United States) don’t advance the interests of the general public. That's why we're doing this.»
onsdag 19. oktober 2011
Hurra for Bibel 2011
I dag har altså Bibel 2011 kome ut. Ut frå det eg har sett av GT, der heile kom i dag, og lese i NT som kom i 2005, er dette verkeleg bra saker. Den nye omsetjinga er prega av lettare formuleringar, noko som gjer at han vert meir brukande for folk. Samstundes ligg han tettare på bibelsk språkføring ein del stader, noko som er spanande, men ikkje alltid gjer det lett å lese... Ordmengda er også korta ned i høve til forrige omsetjing, noko eg trur er bra. Korte og konsise formuleringar er betre enn lange og kronglete.
Den forrige bibelomsetjinga vart kalla for verdas beste av Bo Giertz. Til no verkar denne endå betre. Eg trur min favorittforbetring er at han som vart kalla Junias i 78-omsetjinga, no har det meir riktige namnet Junia, og med det får ein ei kvinne med tittelen apostel! Spanande!
Eg har også lyst til å legge inn litt reklame for eige verk i samband med lanseringa. Hovudartikkelen på Wikipedia denne veka er Bibelen i Norge som tar for seg dei ulike bibelomsetjingane vi har hatt i landet vårt sidan Stórn på 1200-talet. Artikkelen er skreve av underteikna, og er nok mitt hovudverk på Wikipedia. I samband med den nye omsetjinga kan det høve godt med ein gjennomgang av korleis Bibelen har vorte omsett til norsk gjennom åra. Verdt ein titt.

Kategoriar:
Kristendom,
Kyrkjehistorie,
Litteratur,
Wikipedia
onsdag 5. oktober 2011
Full støtte til italiensk Wikipedia
| Slik ser italiensk Wikipedia ut no. Alle sider vert omdirigert til protestskrivet. Skjermdumpen er henta frå Wikimedia Commons. |
Altså kan til dømes ein person som er dømt for ein kriminell handling krevje at all informasjon om dette må fjernast, og i staden krevje at det leggjast inn informasjon som måtte passe betre for personen å spreie om seg sjølv. Sikkert ei lov som passar Berlusconi som hand i hanske, men sjølvsagt er ikkje dette ei lov som fremjar objektiv og sann informasjonsformidling.
Det vil ikkje vere mogleg å produsere eit nøytralt, sant og påliteleg leksikon under ei slik lov, og eg vil gje mi fulle støtte til brukarane på italiensk Wikipedia. Dei kjempar ein viktig kamp for yttringsfridomen!
Les kva brukarane på italiensk Wikipedia seier om saka på engelsk her.
søndag 26. juni 2011
Commons Picture of the Year 2010
Eg vurderte tidlegare dei bileta som var aktuelle for meg å stemme på i «Commons Picture of the Year 2010». Resultatet er klart, og ikkje overraskande var det eit svært spektakulært bilete frå romforskninga som vann.
| Biletet er henta frå Commons og er tatt av Yuri Beletsky på eit observatrium der ein skyt laser ut i rommet. |
onsdag 1. juni 2011
Vanskeleg val....
Årets bilete på Commons skal kårast og då må det sjølvsagt stemmast. Første runde var grei, då kunne ein stemme på fleire bilete. Eg stemte på eit bilete i dei fleste kategoriane og var glad for at eg slapp å velgje eitt. Men no må eg det. Eg vil vurdere dei mest aktuelle kandidatane her på bloggen, men om du vil sjå alle bileta finn ein dei på denne sida på Commons. Om nokon har sterke tankar om kva eg skal stemme kan ein påverke i kommentarfeltet. Avstemninga sluttar 7. juni, så eg har ei veke på meg.
Dette er altså dei kandidatane eg vurderer. Det kan sikkert argumenterast godt for at eg ser meir på det spektakulære/vakre i motivet enn det fototekninske eller informasjonsverdien i biletet. Dette er rett, men eg er ein absolutt legmann når det kjem til fotografi.
| The Garden of Earthly Delights av Hieronymus Bosch For: Fabelaktig maleri av ein artig kunstnar. Flotte detaljar, fargar og tema. Mot: Vil helst stemme på eit nytt fotografi og ikkje eit maleri som er hundrevis av år. På grunn av storleiken på fila er dette ein mindre versjon av fila. |
| Schloss Lichtenstein fotografert av -donald-. For: Herleg fantasy-kjensle over biletet. Minner meg om ein av borgane i A Song of Ice and Fire. Fint motiv og fint utført. Mot: Kan det verte litt kjedeleg? |
| Sørleg elefantsel fotografert av Butterfly austral. For: Bra bilete av ein sel i det fri. Mot: Unødvendig å plage ein sel for å få eit bilete. Eg ser for meg at fotografen sit rett forran den redde selen. |
| Golden Gate fotografert av Mbz1 For: Stileg bilete naturfenomen med all skodda rundt brua. Mot: Kan kanskje verte litt kjedeleg med så lite som skjer i biletet? |
| Angripande leopard fotografert av Leo za1. For: Fantastisk bilete. Ein lurar på kva som skjer med fotografen rett etterpå. Konsentrert blikk på leoparden. Mot: Lite talar mot anna enn at eg er usikker på om dette er det aller beste av dei mange gode. |
| Laserskot frå romstasjon. For: Spanande bilete frå rommet. Gjev innsyn i noko vi aldri ellers ville sett. Mot: Usikker på om slike bilete frå milliardprosjekt bør premierast over bilete frå vanlege dødlege. |
| Einsleg hus fotografert av Michael Otto. For: Skjer mykje meir i biletet enn ein skulle tru med tanke på motivet. Mot: Passar biletet best som puslespel? |
| Taket i Albanuskatedralen i Namen fotografert av Luc Viatour. For: Flott bilete. Artig at ein vert litt svimmel av biletet. Mot: Lite talar mot anna enn at eg er usikker på om dette er det aller beste av dei mange gode. |
| Portrett av ei floge tatt av JJ Harrison. For: Fantastisk nærbilete av ei floge som viser at også dei er vakre på sin måte. Mot: Lite talar mot anna enn at eg er usikker på om dette er det aller beste av dei mange gode. |
| Belœil Castle fotografert av Luc Viatour. For: Stilig, spøkelsesaktig stemning med det blå slotttet. Mot: Kanskje litt kjedeleg? |
| Ein indisk sadhu fotografert av Pierre-Emmanuel Boiton. For: Flott bilete som gjer meg nyfiken på hinduismen. Spanande uttrykk på mannen. Mot: Lite talar mot anna enn at eg er usikker på om dette er det aller beste av dei mange gode. |
| Sianaiagam fotografert av Ester Inbar. For: Fabelaktig bilete av ein spektakulær agam. Biletet er skrivebordsbakgrunn på min jobb-PC. Mot: Lite talar mot anna enn at eg er usikker på om dette er det aller beste av dei mange gode. |
| Buddhabrot av UnreifeKirsche. For: Utruleg spektakulært. Mot: Eg anar ikkje kva dette eigentleg er for noko... |
| Detalj frå ein mexikansk mumie fotografert av Tomas Castelazo. For: Stilig og gripande detalj. Mot: Lite talar mot anna enn at eg er usikker på om dette er det aller beste av dei mange gode. |
| Ost og vin fotografert av Stefan Krause. For: Korleis får ein eigentleg til dette? Mot: Lite talar mot anna enn at eg er usikker på om dette er det aller beste av dei mange gode. |
| Raudauga trefrosk fotografert av Carey James Balboa. For: Utruleg spektakulær frosk. Biletet var i lang tid bakgrunn på datamaskina mi. Mot: Frosken er faktisk så spektakulær at biletet vert slitsomt i lengda. |
| Vulkanutbrot fotografert av NASA. For: Flott bilete med mektig motiv. Mot: Skal NASA konkurere med vanlege folk? |
mandag 21. mars 2011
Kroniske problem.
| Pave Pius VII. Her utan tiara av pappmasjé. Biletet ligg på Commons. |
Artikkelen seier at 21. mars 1800 vart pave Pius VII krona til pave i ein kriseprega seremoni i Venezia. Pius VII tok over ei kyrkje i krise. Roma hadde blitt tatt av Napoleon sine styrker, og Vatikanet var plyndra. Konklavet som skulle velge paven vart derfor halde i Venezia. (Norsk Wikipedia har ein artikkel om dette konklavet som er heidra som ein "Utmerket artikkel") På konklavet vart Giorgio Barnaba Luigi Chiaramonti valgt til pave og tok pavenamnet Pius VII (også han har ein "Utmerket artikkel" på Wikipedia.) , og det er her den fantastiske historiske kuriositeten kjem: På grunn av Napoleon sine plyndringar hadde ein ikkje ein tiara/krone til paven. Ein laga derfor ein tiara av pappmasjé som vart brukt under kroningsseremonien.
Der satt altså Vicarius Iesu Christi med ei krone av knust papir!
Krona skal seinare ha blitt brukt av fleire pavar nesten fram til 1880, særleg på grunn av at den ikkje var så tung som dei som var lagd av sølv og andre fine material.
| Napoléon kroner Joséphinetil si dronning. Bak Naopleon sit det som mest sansynleg er ein ganske så sint pave Pius VII. Maleriet av Jacques-Louis David ligg på Commons. |
Her må Napoleon ha tenkt at han gjekk for langt, for Pius VII fekk ein flott tiara i gåve frå Napoleon, for å betre på stemninga, utan at det hjalp nemneverdig. Ting eskalerte og paven ekskommuniserte etterkvart Napoleon som svarte med å arrestere paven og halde han fanga i fem år fram til han sjølv gjekk på ein kraftig blunder i 1814.
Pius VII fortsatte sitt virke, og ser ut til å ha gjort ein god jobb. Kanskje er det derfor vi ikkje hugsar han som pappmasjépaven? Uansett er ein pavekroning med tiara av pappmasjé ein for god historie til å gå i gløymeboka!
Kategoriar:
Historie,
Historiske kuriositetar,
Humor,
Kristendom,
Kyrkjehistorie,
Merkedagar,
Wikipedia
søndag 13. mars 2011
Livnar det i lundar?
| Ein nederlandsk hoggorm et ei nordfirfirsle. Biletet er henta frå Wikimedia Commons. |
I Nordhordland snør det, og det ser ut som om vårens første tur for å leite etter hoggorm er langt vekke. I fjor var eg ikkje så heldig at eg fann nokon orm, men kanskje er dette året gildare?
Fram til den tid kjem kan vi kose oss med den anbefalte artikkelen om hoggorm på Wikipedia på bokmål, nokre flotte bilete frå Wikimedia Commons og ein vårleg draum frå Elias Blix. Alle tolv versa av «No livnar det i lundar» kan ein lese hjå Ivar Aasen-tunet, medan dei to første kjem her.
No livnar det i lundar, no lauvast det i lid,
den heile skapning stundar no fram til sumars tid.
Det er vel fagre stunder når våren kjem her nord,
og atter som eit under nytt liv av daude gror.
| Ein hoggorm på nært hald. Biletet er henta frå Wikimedia Commons. |
mandag 17. januar 2011
Dagens bilete på Commons
Om ein ser nøye på bloggen min, vil ein sjå at dte har dukka opp eit nytt element i høgremargen. Kvar dag, om alt fungerar slik det skal, skal dagens bilete frå Commons dukke opp. Dette er eit av dei beste bileta som ligg på den enorme mediebasen til Wikimedia. Dei ligg på frie lisensar og kan brukast deretter, men best av alt er at dei er fabelaktige bilete. Ein kan sjølvsagt abonnere på dei på RSS eller e-post.
| Eit tilfeldig bilde frå tidlegare utvalgte bilete. Dette var 12. november i fjor. Detaljar her. |
mandag 10. januar 2011
Om terror, historie og manipulering av folket
| Cruiceskip til hamn i Southampton. Merk det ugjennomtrenglege terrorgjerdet. Biletet er henta frå Wikimedia Commons. |
Ser ein seg rundt ti år attende i tid, har det vore nokre terroråtak i Europa. Vi hugsar bombene i London, dei som freista å sprengje flyplassen i Glasgow, bomber i Madrid og eit teater og t-bane i Moskva. Det har sikkert vore andre ting også, men dette er vel dei viktigaste. Det har altså vore noko, ingen kan eller vil nekte på det. Eg veit ikkje heilt kor mange drepte det er snakk om, men tala for London og Madrid er omtrent 250, og på t-bana i Moskva vart rundt 40 drepne. Så kanskje fem hundre eller noko rundt der kan vere eit godt anslag. Sjølvsagt alt for mange, men likevel langt frå den vanlegaste måten å døy på i Europa det siste tiåret. Til samanlikning vart over hundre menneske drepne av snøskred i Alpane berre i 2008...
Det har altså vore nokre åtak på Europa, og skal ein tru media og politiet er det eit nytt mirakel kvar dag vi ikkje vert sprengde av folk frå ørkenen i Pakistan. Dei ulike fargekodane for kor truleg det er at ein ikkje overlever dagens handletur, er i alle fall sjeldan under oransje, og jo raudare fargen vert, jo meir skal ein snakke om det. For kva ville vore vitsen med terror om ein ikkje skremde folk før noko ganske sikkert kanskje vil skje om vi ikkje stoppar dei med alle middel sjølv om det heilt sikkert ikkje vil gå og vi alle kjem til å døy?
Det er klart at det er viktig å snakke mykje om dei åtaka som kanskje kan vere under planleggjing og dei mogelege terroristane som ein lurar på om har sett på eit kart der dei kanskje sit på hybelen sin i Paris der dei truleg studerer kjemi med noko ein kan forestille seg er onde mål. For snakkar ein ikkje mykje om desse lammande trugsmåla mot liv og helse, framstår jo samtida som .... fredleg....
| IRA-propaganda. Henta frå engelsk Wikipedia. |
Wikipedia, som den fantastiske kjelda til kunnskap det er, hadde organisert dette fint. Først ser vi på ETA. Der har ein ei liste over nokre av angrepa, for som ein seier «these attacks number in the hundreds over a span of more than forty-five years, not all can be included here». Alt i alt reknar ein med at berre denne organisasjonen har stått for 829 dødsfall i tillegg til mykje anna. Dette gjennom ei lang rekkje åtak. Så var det Røde Brigader frå Italia. Dei etablerte seg på 1970-talet, og i følgje tala som ligg på Wikipedia stod dei åleine bak 14000 valdshandlingar det første tiåret dei eksisterte. Dei drap rundt 75 menneske, og stod for ei serie med kidnappingar og liknande åtak. Ei anna gruppe kjent for kidnappingar er RAF, eller Baader-Meinhof-banden. Også dei herja på 70-talet og vidare utpå 80-talet. Også her har Wikipedia ei liste med åtak. Her reknar ein med 34 drepte i tillegg til alle andre skader dei etterlot seg. IRA har ein så lang historie med åtak bak seg at Wikipedia har sett seg nødde til å dele opp lista med åtak i fleire delar. Alt i alt kjem ein til saman til at det her er snakk om 1700-1800 drepte.
Her har ein altså hatt fire særs aktive organisasjonar med base i Europa som gjennom tiår har hamra laus på kontinentet. Og då har vi ikkje tatt med flykapringsspesialistane i PFLP...
Det har vore nokre åtak i Europa dei siste åra, og skal ein tru på dei politi og andre kunne det vore mange fleire, noko som sikkert stemmer. Men det endrar ikkje på inntrykket ein får av å sjå på situasjonen i Europa no samanlikna med til dømes 1970-talet. Då fremstår tida no som roleg og fredleg, eit heilt anna bilete enn det styresmakter og media tydlegvis vil at vi skal ha.
Spørsmålet melder seg. Kvifor? Kvifor er det så viktig å skremme folk med jamnlege oppdateringar på kor sansynleg det er at dagen i dag vert eit blodbad? Kvifor kan ein ikkje heller seie at vi har eit samfunn som er relativt trygt, der vi kan sleppe å uroe oss for at kvar ein stakkar som gløymer gymbaggen sin eigentleg er ein terrorist som drøymer om lemlesta småborn?
Lat oss heller høyre reelle nyhende! Ikkje gøym dei verklege problema i verda bak paraniod, historielaus, manipulerande skremselspropaganda! Lat oss høyre om klimakrisa. Lat oss høyre om fattige barn i Norge. Lat oss høyre om korleis barn døyr av sjukdomar ein enkelt kan kurere i Afrika. Lat oss høyre om at indarar lir for våre billige klede. Lat oss høyre om dette i staden!
tirsdag 4. januar 2011
Allkunne med mageplask
| Biletet er henta frå Wikipedia. Dette er ikkje eit fritt bilete, men eg tek sjansen på å bruke det her, så får dei saksøke som vil det. |
I denne saka må ein halde fleire tankar i hovudet samstundes. På den eine sida står det klart og tydleg i Wikipedia:Opphavsrett at slike ting som dette ikkje skal finne stad. Derfor slettar også vi som er administratorar på dei ulike Wikipedia-utgåvene massevis av artiklar som vi veit eller trur er brot på opphavsretten. Av og til skjer det desverre at vi ikkje får med oss alt, noko som har skjedd her. Slike ting kan sjølvsagt skje, men det er absolutt ikkje noko som er ynskjeleg frå nokon på nokon stad i Wikipediasystemet.
Så langt har altså Allkunne ei grei sak. Det som ville vore naturleg då dei fann dette plagiatet ville vore at dei tok kontakt med anten ein administrator eller ein i leiinga for Wikimedia Foundation eller Wikimedia Norge. Hadde dei gjort det hadde den aktuelle artikkelen vorte sletta på staden og saka hadde ordna seg på ein grei måte.
Plagiatet vart oppdaga i november i fjor. I dag kjem pressemelding om at ein vil krevje erstatning frå Wikipedia, utan at ein har teke kontakt for å få ordna opp i problemet. Dette er useriøsitet på eit nivå ein ikkje ventar frå Det Norske Samlaget og Nynorsk kultursentrum. Ein kan undre seg på kva ein vil oppnå med dette. Ein krev 75 000 kr, men det er meir nærliggande å tenkje at dei ikkje bryr seg så mykje om denne summen, men tenkjer i staden at "all PR er god PR". Om det er det berre å seie at "Nei, det er det ikkje!" Dette er ikkje god PR for Allkunne som fremstår som konfliktskapande og utan vilje til å skape konstruktive løysningar.
Lat oss vone Allkunne ser at dei tapar mykje meir på denne saka enn dei kan vone på å få att i økonomisk kompensasjon, slik at ein kan finne fram til ein konstruktiv løysing. Den finn ein ikkje i retten!
Ekstra kjedeleg for meg er det at den aktuelle artikkelen faktisk er ein eg treng for å fullføre maratonprosjektet Liste over forfattere i Norsk Salmebok og Salmer 1997.
tirsdag 28. desember 2010
Lytt til Vandana Shiva
På Wikipedia kom eg plutseleg over noko. Det stod at dagen i morgon, 29. desember var FN sin dag for biologisk mangfald. Dette viste seg å vere feil, for denne dagen var 22. mai, men det fekk meg inn på tanken om ein kort videosnutt eg såg med Vandana Shiva for ei stund sidan.
Vandana Shiva er ei av dei store heltinnene i verda. Ho jobbar for å sikre det biologiske mangfaldet i verda, slik at ikkje dei store, multinasjonale kornselskapa skal få monopol med sine genmanipulerte kornslag som krev særskilde typar med gjødsel og gift, også dette hendig nok produsert av dei same selskapa. Desse selskapa har gjort kjempeskade mellom anna i India, der Shiva kjem frå, gjennom å presse fram monopol på sine frøsortar. Dette har ført tusenvis av allereie fattige bønder ut i endå djupar fattigdom, og det har gått ei bølgje av sjølvmord over den indiske landsbygda på grunn av dette. Fattige bønder såg til slutt inga annan utveg...
Shiva kjempar mot dette. Ho kjempar for ei rettvis verd med naturlege plantesortar. Ho er ei dame det er verdt å høyre på!
Ein bonuslærdom frå dette er at Wikipedia er så bra at sjølv når det som står der er feil, er det lærerikt og kan få oss på gode tankar.

søndag 17. oktober 2010
Mary MacKillop og historia om ein artikkel på Wikipedia
| Mary MacKillop. Henta frå Wikimedia Commons. |
Eg vart nyfiken og såg kva eg fann om henne på Wikipedia. Eg las litt på engelsk Wikipedia, og tenkte at norsk Wikipedia burde ha ein betre artikkel om henne. (Artikkelen på engelsk såg slik ut på dette tidspunktetet.) Eg byrja å skrive om henne, delvis basert på kjeldene eg fann i den engelske artikkelen, delvis med hjelp av andre kjelder, og etter kvart tok prestisjen meg, og eg tenkte at før Mary MacKillop vert kanonisert, skulle ho ha ein anbefalt artikkel om seg sjølv på norsk Wikipedia. I april hadde både tanken og artikkelen modna såpass at eg lufta for Morten Haugen tanken om artikkelen som anbefalt artikkel og som forsideartikkel denne veka, veka når MacKillop vert kanonisert av paven.
| Symbolet for ein anbefalt artikkel på Wikipedia. |
Mary MacKillop vert altså kanonisert i dag, 17. oktober. Eg har lese ein del om denne dama, og kan eigentleg ikkje seie at ho er særleg spanande, trass i at ho er ein av svært få helgenar som har vore ekskommuniserte frå kyrkja. Men det var moro å jobbe med artikkelen.
Kategoriar:
Helgenar,
Kristendom,
Merkedagar,
Wikipedia
onsdag 25. august 2010
Ein gløymd helt?
Eg skal innrømme at det er mogeleg at eg tok litt hardt i i den overskrifta. Når sant skal seiast veit eg ikkje nok om denne fyren til å utpeike han som helt, men indisiane peiker i hans favør.
For eit par dagar sidan kom eg over ein spanande kar då eg jobba med ei svær liste over salmeforfattarar som eg driv med på Wikipedia. Fyren eg kom over i arbeidet var Jens Otterbech, og eg vart ganske imponert over denne mannen etter som eg skreiv artikkelen om han. Otterbech vart fødd som presteson i Finnmark, men vaks opp i Christiania, og tok teologiutdanning der. Denne tok han for å fylgje opp arbeidet far hans hadde starta; som prest for samane.
I følgje mi kjelde, Norsk biografisk leksikon, var Otterbech svært kritisk til fornorskingspolitikken som vart ført mot samane, og han hadde eit radikalt og postitivt syn på samisk språk og kultur. Han etablerte sosialt arbeid blant samane, og var også aktiv i samemisjonen. Han var redaktør for boka Fornorskningen i Finmarken, ei bok som samla kritiske artiklar om samepolitikken, og for Det norsk-lutherske Finnemisjonsforbund sitt tidsskrift Lappernes Ven, eit tidsskrift som vart eit talerøyr for den kyrkjelege motstanden mot fornorskinga av samane.
I tillegg til dette var han eit profilert pasifist.
I 1918 skulle ein finne ny biskop i Tromsø stift. Otterbech vart fremja som kandidat, og fekk stor støtte frå prestane i området. Han vart ikkje biskop, mest sansynleg på grunn av pasifismen og motstanden mot den gjeldande samepolitikken.
Kanskje er det ting som trekk ned, men ein mann som ikkje vert biskop fordi han er pasifist og arbeider for ein minoritetspolitikk som er prega av respekt for andre folkeslag er ein soleklar heltekandidat i mi bok!

Heltar,
Historie,
Ikkje-vald,
Kristendom,
Kyrkjehistorie,
Kyrkjepolitikk,
Samfunn,
Wikipedia
mandag 19. juli 2010
Den heilage familie
For ei veke sidan fekk eg eit spørsmål på diskusjonsida mi på Wikipedia om eg kunne ta på meg å skrive nokre artiklar om helgenar i den ortodokse kyrkja. Ein av helgenane det var snakk om, var Macrina den yngre som var ei nonne som levde på 300-talet i området rundt Kappadokia, og som har minnedag i dag, 19. juli.
Det er ikkje så mykje spektakulært med Macrina i seg sjølve, ho levde eit roleg liv i heimen og i klosteret. Begge plassar gjorde ho det ho skulle gjere, og vel så det. Det som derimot er spektakulært, er familien til Macrina. I overskrifta mi har eg kalla den «Den heilage familie», og om dette namnet skal brukast på andre enn Maria og Josef med den nyfødte Jesus, kan det nok ikkje høve betre enn på denne familien.
Foreldra til Macrina vert begge rekna som heilage, og det same gjer bestemora hennar, Macrina den eldre. Av dei ni søskena til Macrina (den yngre) vert ikkje mindre enn tre av brødrene hennar rekna som heilage, i tillegg til at den eine søstera hennar, Theosebia, vert rekna som salig av den ordtodokse kyrkja. Dei tre helgenbrørne hennar er ikkje smågutar. Det er snakk om biskopen Peter av Sebasteia og dei meir kjente brødrene Basilios den store, som har fått tittelen «kyrkjelærar» på grunn av sine vektige bidrag til teologien, og den fremragande teologen og mystikaren Gregor av Nyssa. Dei to siste er to av dei tre teologane som vert omtala som dei kappadokiske fedre. Ein god samling heilage, altså.
Ein kan sjølvsagt spekulere i korleis ein familie akkumulerer helgentitlar på denne måten. Kanskje kan det ha noko med saka å gjere at Gregor av Nyssa er kjelda til mykje av det vi veit om i alle fall den yngste og den eldste Macrina og Peter av Sebasteia. Eit anna alternativ er sjølvsagt at dette verkeleg var ein familie med ei eksepsjonell tru. Sanninga er kanskje ein stad mellom desse alternativa, men eg er tilbøyeleg til å tru den ligg mest mot det siste; at dette var ein familie med ei sterk tru. Eit artig appropos er at den tredje av kappadokiarane, Gregor av Nazianz også kom frå ein slik familie. Begge foreldra hans, begge søskena hans og ein fetter reknast som helgenar.
Attende til Macrina den yngre. På katolsk.no stod det ei bøn som skal ha vore Marcina sine siste ord då ho låg for døden. Denne bøna tok eg med i artikkelen på Wikipedia, og eg tenkte eg skulle avslutte med den no,
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.

Du har fridd oss fra frykten for døden. Du har gjort slutten på dette livet begynnelsen på det sanne liv (...) En dag vil du ta tilbake det du har gitt, forvandle med nåde og udødelighet våre dødelige og uskjønne rester (...) Måtte min sjel bli mottatt i dine hender, uplettet og ubesudlet, som et offer til deg.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Kategoriar:
Helgenar,
Kristendom,
Kyrkjehistorie,
Merkedagar,
Wikipedia
lørdag 6. mars 2010
Mary MacKillop
Eg driv akkurat no og skriv ein artikkel på Wikipedia om ho som snart kjem til å verte Australia sin første helgen: Mary MacKillop. Tilfeldigvis fann eg denne filmen på YouTube. Rome Reports fortel om henne og om kanoniseringa av ho og ein annan. Verdt å sjå.
tirsdag 2. mars 2010
250 000!
Wikipedia på bokmål og riksmål har endeleg kome opp i 250 000 artiklar. Det var Ordensherre som fekk æra med artikkelen Jacques Faure. Eg gjorde eit tappert forsøk på å treffe merket, men min artikkel om Mary MacKillop kom noko slikt som tretten artiklar for tidleg... Eg overvurderte tydlegvis farta dei siste artiklane kom med. Rushet var litt mindre enn eg hadde trudd. Uansett var det kjekt at det var Ordensherre som fekk denne. Han har mange gode bidrag bak seg.
Jubileumslogoen er laga av Atluxity, og er ein av få ting på Wikipedia som ikkje er fritt Eg satsar på at det er greit å bruke den her. Sitatrett eller noko.
Jubileumslogoen er laga av Atluxity, og er ein av få ting på Wikipedia som ikkje er fritt Eg satsar på at det er greit å bruke den her. Sitatrett eller noko.
lørdag 16. januar 2010
Wiki-vandalar
Kvar gong eg brukar tid på å gå gjennom dei siste endringane på Wikipedia undrar eg meg på kva som driv vandalane. Kva gjer at nokon vel å bruke mykje tid på å endre teksten i ein artikkel til Nils er kul eller Free Kurdistan!!! og liknande? Nokre brukar fleirfoldige timar på dette. Vert dei blokkerte på eit språk sin Wikipedia går dei berre vidare til neste. Har folk slutta å knuse ruter og tagge og heller gått over til dette, eller kva er dette? Eg forstår det ikkje...
fredag 18. desember 2009
Biblioteket skuffar ikkje
For å lese meg opp på arbeidsplassen min, og samstundes finne ei god kjelde for ein aldri så liten utviding av artikkelen om Meland kyrkje på Wikipedia, stakk eg innom biblioteket på Frekhaug for nokre dagar sidan. Etter litt om og men viste det seg at dei hadde den boka eg var på jakt etter. Meland kyrkje gjennom tidene utgjeve av Meland sokneråd på 60-talet. Og for ei utgåve!
For det fyrste var den ikkje innbunde. Og ikkje nok med det. Det var heller ikkje gjort noko forsøk på å hefte saman sidene. Dei kom i dei småhefta dei kjem i frå trykkeriet. Men det stoppar ikkje der. Sidene var heller ikkje skåre opp. Så i går kveld sat eg og skar meg gjennom rundt 160 sider om Meland kyrkje. Eg har ikkje fått lest i boka endå, men eg ser fram til å verte den første som gjer det.
Endå ein gong har altså biblioteka her i området gjort meg overraska over kva dei har i magasina sine.
mandag 30. november 2009
Bibliotek
Biblioteket er ein vidunderleg sak. Eg driv for tida og tenker på å utvide artikkelen om slaget på vågen i 1665 på Wikipedia. Eg stakk innom biblioteket i Bergen for å sjå kva eg kunne finne om dette. Ikkje berre traff eg på den eine bibliotekaren meir hjelpsam enn den andre, men eg fann godt med stoff også. Blandt det eg fann var det minst ein skatt og ein potensiell skatt. Den potensielle skatten er noko som verkar som om det er utdrag frå dagbøker og brev som dei britiske offiserane som var med i slaget sendte heim til England. Artige saker, men eg er ikkje heilt sikker på om det verkeleg er det det er. Det er i ein kopiert lefse som ut frå mitt kjenskap til romartal er frå 1832, og det verkar som om den som tok kopiane rett og slett har gløymt å få med seg sida der det står kva dette er. Så verdien av lefsa er vel so som so...
Den verkelege skatten var ei lita bok ei triveleg dame gjek ned i magasinet og henta for meg. Sjoslaget paa Vaagen i Bjørgvin i August Maanad 1665 millom ein Hollendsk og Engelsk Flote, utgjeve i 1907 av forlaget, eller "Bokreidar" som dei sjølv kallar seg, Maalmarknaden i Bjørgvin i 1907. Dette er gamal nynorsk! Høyr berre korleis forfattaren, ein lege ombord i den nederlandske flåten, skildrar starten på slaget:
Ved 6 Timen løyste dei med laust Krut eit Skot, som var Teiknet til Aasokni, og samstundes gaavo dei oss dat fulla Lag or 400 Stykki med slik Brest og Dyn, at dat var som Himili og Jordi øyddist; Kulorna flugo uteljande og surrande um Øyro vore og dat small og brast i kvart eit Skip og i Alt som ombord var, og sjølve Sjoen syntest sjoda og bulla; do hadde me til vor store Undring ikkje meir en 2 Daude.
Om det er mykje til Wikipedia i boka, veit eg ikkje, men artig er ho!
Kategoriar:
Historie,
Litteratur,
Media,
Wikipedia
Abonner på:
Innlegg (Atom)