Viser innlegg med etiketten Herptil. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Herptil. Vis alle innlegg

onsdag 3. april 2013

Uhaldbart av landbruksministeren!

Kan desse auga seie nei? Tydlegvis, for Whites trefrosk
vert nok ikkje lov i Norge.
Bilete frå Wikimedia Commons.
I dag kom beskjeden eg, og mange med meg, har frykta. Landruksministeren køyrer over ekspertar og trumfar gjennom eit vedtak på tvers av alle anbefalingar. Trygve Slagsvold Vedum blokkerer legalisering av herptil som husdyr i Norge.

Dette er ei trist avgjerdsle, og ser ein på argumentasjonen til landbruksministeren, heng ikkje avgjerdsla på greip. Lat oss ta for oss det han seier i VG:
Vi sier nei til at folk skal kunne ha slanger og krypdyr i norske hjem. Det er ikke naturlig med slanger i Norge
Er det ikkje naturleg med slangar i Norge? Kva då med hoggomen? Eller slettsnoken? Eller buormen? Ser Senterpartiet på desse slangeartane på same måte som dei ser på ulven, altså som noko ein bør utrydde frå norsk fauna? Vidare kan ein spørje om det er naturleg med marsvin i Norge? Eller kva med gullfisk, chihuahua, ørkenrotte, papegøye eller esel? Ikkje dyr ein finn naturleg her, men like fullt dyr som er heilt lovlege som husdyr i Norge.
Det krever stor faglig dyktighet å se hvordan en slange har det. Slanger er ikke som hunder og katter som knytter seg til sin eier. De viser ikke tydelige tegn til stress og frykt
Melkesnoken må finne seg i å vere ulovleg i Norge.
Bilete frå Wikimedia Commons.
Dette er i tråd med det Vitenskapskommiteen for mattrygghet også sa i sin rapport, og noko det kan verke som Norsk herpetologisk forening har tatt hensyn til i sitt framlegg til kva artar ein burde legalisere. Dei skriv i si høyringuttaling: «I privat hold kan noen arter gi en positiv respons på kontakt med mennesker, men da gjerne knyttet til fôringssituasjoner eller søken etter varme. Mange herptiler vil oppleve håndtering som en stressituasjon i større eller mindre grad. Da nybegynnere ofte har et ønske om å kunne håndtere dyret, har vi valgt reptiler som stresses lite ved håndtering.», altså at desse dyra kan gje uttrykk for korleis dei har det, og at ein har lagt vekt på dette i val av artar. Samstundes er det naturleg å samanlikne med lovlege dyr. Kor lett er det å sjå om ein edderkopp er stressa? Eller ein akvariefisk? Kvifor skal ein ha strengare krav for slangar enn for andre dyr?
Vedum sier hensynet til dyrevelferden har vært viktigst når han nå sier nei
Også leopardgekkoen er forbode.
Bilete frå Wikimedia Commons.
Departementet Slagsvold Vedum leier har gjeve Mattilsynet i oppgåve å utgreie denne saka. Dei skriv i sin konklusjon: «Fordi dyrene er ulovlige, blir de sjelden tatt med til veterinær, og sykdom hos dyrene får ingen diagnose eller forsvarlig behandling. Mattilsynet beslaglegger jevnlig slike dyr, som må avlives selv om de ofte er friske og velholdte. Mattilsynets vurdering er at det vil være viktig for velferden til disse dyrene at hold av noen utvalgte arter gjøres lovlig.» Nettopp dyrevelferd vert trekt fram som eit viktig argument for legalisering.

Det er ikkje meir enn rundt eit halvt år sidan Slagsvold Vedum overkøyrde ein liknande uttale frå det same Mattilsynet. Då var det sirkuselefantar. Mattilsynet, saman med alle andre ekspertgrupper, sa at bruk av sirkuselefantar streid mot dyrevelferda. Mattilsynet sa mellom anna at livet elefantane har «tilfredsstiller ikke elefantens behov for fri bevegelse og sosial kontakt». Dette var ikkje nok for landbruksministeren, som trumfa gjennom at dette framleis skulle vere lov. Korleis kan han argumentere med dyrevelferd når ekspertane seier at hald av herptil bør bli lov på grunn av dyrevelferd og han tillet elefantar i sirkus, der ekspertisen hevdar dette er i strid med dyrevelferda? Dyrlege Monica Hegglund seier det bra om hereptilhald: «Et forbud begrenser neppe antallet reptiler og amfibier i vesentlig grad; men det reduserer deres mulighet til et dyrevernmessig forsvarlig liv» Det heile vert endå grellare når vi veit at den samme landbruksministeren, som noko av det første han gjorde i posten, sa at han «mener at pelsdyrnæringen tar dyrevelferd seriøst» og slår fast at Senterpartiet vil at denne næringa skal få fortsette verksemda si. Mangelen på logikk er skrikande.

Forbodet mot hald av amfibium og reptil i Norge er noko der kun Island held oss med selskap i Europa. Er det verkeleg slik at det som fungerer heilt fint i Sverige, Danmark, Finland, England, Tyskland og andre land med liknande klima, fauna og samfunn som Norge ikkje skal kunne fungere her? Og kvifor er det lov med eksotiske dyr så lenge dei har pels, fjær eller finnar, men så snart dei er kaldblodige er det forbode? Denne lova må endrast snarast. Trygve Slagsvold Vedum har ein mogelegheit til å gjere noko med dette, men det ser ikkje ut som om han har tenkt å late fornufta vinne. Desverre.

Det er snart val. Om lukka og fornufta er med oss har ikkje Senterpartiet så mykje dei skulle seie etter valet.
Perlefirfirsla er utruleg vakker, men likevel forbode.
Biletet er frå Wikimedia Commons.

torsdag 21. juni 2012

Den koselegaste guden i pantheonet? V

Ein fantastisk agam frå Sør-India. Slike dyr er mellom dei
Tū-te-wanawana er far til.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Det er på tide med ein ny tur til Pantheon for å sjå kven som er koselegast. Denne gangen skal vi møte på ein guddom maoriane på New Zeeland har dyrka.

Tū-te-wanawana vert i tradisjonell maori-religion rekna som faren og vernar til alle reptil. Han skal i enkelte tradisjonar ha vore halvt menneske, halvt reptil og skal også ha fått menneskeborn i tillegg til reptilar, noko som burde fryde den steingalne David Icke som hevdar at folk som George W. Bush, dronning Elizabeth og andre eigentleg er reptil.

For å gå attende til Tū-te-wanawana så er historien hans at han måtte flykte frå ein krig i himmelen. For å kome vekk frå krigen gøymde han seg i skogen og vart samstundes far til alle reptil.

Kriteriet i konkuransen om å vere den koselegaste guden i pantheonet går utelukkande på utsjånad. eg har ikkje klart å finne noko bilete av Tū-te-wanawana, men ein kar som er halvt reptil må jo sjå strålande ut, så nominasjonen står støtt utan bilete. Når det er sagt kan eg ikkje la denne sjansen til å få med nokre flotte reptilbilete gå frå meg, så vi kosar oss med nokre flotte bilete plukka frå dei utvalde reptilbileta på Wikimedia Commons, alle er sjølvsagt etterkomarar etter Tū-te-wanawana.
Ein fantastisk grøn mamba.
Biletet er frå Wikimedia Commons.

Ein majestetisk iguan.
Biletet er frå Wikimedia Commons.

To gekkoar i kamp.
Biletet er frå Wikimedia Commons.

Også ein alligator må geispe ein gong iblant.
Biletet er frå Wikimedia Commons.

søndag 6. november 2011

St. Isidors minne har funne seg ein heim

Mannen i profil er St. Melaine.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
6. november er minnedag for den heller obskure helgenen Melaine som var biskop i Rennes i Bretagne på femhundre talet. Melaine gjekk gradane som munk og abbed, og det er ikkje mykje spanande å fortelje om han, anna enn det som gjer han interessant for St. Isidors minne. St. Melaine skal ha hatt seg ein tur over Kanalen til Cornwall. På grunn av dette har han blitt skytshelgen for eit par plassar der, deriblant ein plass som heiter Mullion.

Mullion ligg på halvøya der St. Isidors minne frå no av finn sin geografiske heimstad, nemleg halvøya The Lizard. (Firfirsla eller øgla) The Lizard er det sørlegaste fastlandet i England, og har ein historie prega av skip som går på grunn og smugling. Skal ein tru turistkontoret, er det også svært vakkert der.

Som om ikkje det flotte namnet skulle vere nok, har The Lizard fleire ting som trekk St. Isidors minne til halvøya. Halvøya er i stor grad bygd opp av ein steinart som har det flotte namnet serpentinitt, noko som sjølvsagt gler ein herptilven som underteikna. Hadde det berre vore dei flotte øgletilknyttingane i namnet og grunnfjellet hadde det nok ikkje vore nok til å rekne halvøya som bloggen sin geografiske heimehamn, men det er meir med denne halvøya.

Ein del av The Lizard  går under namnet «Meneage». Dette er kornisk og skal tyde noko slikt som «Munkelandet».  I dette området låg det sansynlegvis ei rekkje små, keltiske kloster, noko som gav det flotte namnet. Akkurat kor stort dette området er, er eg ikkje sikker på, men det skal bestå av fire heile prestegjeld og delar av eit femte, så litt areal må det vere.

Så der har vi staden St. Isidors minne no soknar heim til. Serpentinitten stig opp av havet og dannar halvøya The Lizard der ein finn munkelandet Meneage. Der bur St. Isidors minne.

tirsdag 25. oktober 2011

Mysteriet med dei eksploderande paddene

Eksplosjonsfare!
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
I april 2005 vart Hamburgområdet ramma av ein serie hendingar som kunne vore tatt rett ut av ei bok av Haruki Murakami. St. Isidors minne tar eit skritt utanfor sin vanlege tematikk og tar opp mysteriet med dei eksploderande paddene.

I april 2005 fann ein over tusen oppsvulma, eksploderte og då sjølvsagt daude padder i eit overklassestrøk i Hamburg. Også danske grenseområde vart ramma av denne paddeepedemien som spreidde frykt både mellom dyrehelsestyresmaktene og vanlege folk. Særleg eitt vatn var hardt ramma av dei bisarre dødsfalla.

Det som skjedde med dei stakkars paddene var at dei svulma opp som ein ballong medan dei rykka og hadde kramper i fleire minutt. Så eksploderte dei plutseleg. Innvollene vart spreidde over eit så stort område som ein heil kvadratmeter, men dei stakkars paddene døydde faktisk ikkje umiddelbart, men måtte lide i fleire minutt før dei endeleg fekk døy. Avisene kalla vatnet «Dødsvatnet» og råda born og hundar til å halde seg vekke.

Det vart sjølvsagt spekulasjonar rundt kva som skjedde. Enkelte meinte paddene tok sjølvmord, medan andre meinte, kanskje meir truverdig, at det skuldast sjukdom frå hestar. Ein tok sjølvsagt prøver av vatnet, utan å finne noko gale.

Til slutt fann ein ekspert på amfibium ei løysing på mysteriet. Det var kråker som stod bak. Frank Mutschmann, altså eksperten, oppdaga at alle paddene hadde eit lite hol på ryggen, på storleik med eit fuglenebb. Så oppdaga han at dei også mangla leveren sin. Ingenting anna var vekke. Han meinte at dette peika på kråkene; dei var kloke nok til å vite at huden på padda var giftig, og at det einaste etande var leveren. Andre dyr hadde gjerne ete heile padda. Når først ei kråke hadde fått ideen til å gjere dette, er dei andre kråkene smarte nok til å lære, og epedemien av eksploderande padder var eit faktum.

Når padda så merkar at han har vorte angrepe og at leveren er vekke, slår den naturlege forsvarsmekanismen for ei padde inn. Han bles seg opp. Då kjem eit nytt problem: Utan ribbein eller noko skal som held dei saman, er det leveren som stoppar oppblåsinga frå å gå amok. Utan leveren på plass, bles lungene seg opp til det heile går gale og padda eksploderer.

Ei historie for god til å gløymast!

søndag 13. mars 2011

Livnar det i lundar?

Ein nederlandsk hoggorm et ei nordfirfirsle.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
BA meldte på nett i går at vårens første hoggorm var sett i Loddefjord. BT sin papirutgåve kunne også vise oss vårens første hoggorm. Om dette var den same ormen er vanskeleg for meg å vite.

I Nordhordland snør det, og det ser ut som om vårens første tur for å leite etter hoggorm er langt vekke. I fjor var eg ikkje så heldig at eg fann nokon orm, men kanskje er dette året gildare?

Fram til den tid kjem kan vi kose oss med den anbefalte artikkelen om hoggorm på Wikipedia på bokmål, nokre flotte bilete frå Wikimedia Commons og ein vårleg draum frå Elias Blix. Alle tolv versa av «No livnar det i lundar» kan ein lese hjå Ivar Aasen-tunet, medan dei to første kjem her.
No livnar det i lundar, no lauvast det i lid,
den heile skapning stundar no fram til sumars tid.

Det er vel fagre stunder når våren kjem her nord,
og atter som eit under nytt liv av daude gror.

Ein hoggorm på nært hald. Biletet er henta frå Wikimedia Commons.

lørdag 20. november 2010

Ein helt og litt om hald av herptil

Boa constrictor. Slangearten som vart redda av ein politimann.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
I dag låg det eit medlemsbrev frå Norsk Herpetologisk Forening i postkassa mi. Organisasjonen har lenge arbeidd med ei såkalla «positivliste», det vil seie ei liste over kva reptil og amfibium dei foreslår det skal vere lov å ha om ein gjev slepp på det forbodet mot hald av slike dyr som ein har her i Norge. NHF fekk dette i oppgåve frå Mattilsynet i 2008, og denne lista har vidare blitt vurdert av ein vitskapleg komité. NHF melder i sitt brev at komiteen har levert ein rapport som er relativt positiv, og som gjev grunn til «forsiktig optimisme» med tanke på om forbodet vert oppheva.

Det kan altså gå mot slutten for dette meiningslause forbodet som kom i 1977!

Boaen Bodil i Målselv.
Foto knabbet fra NRK.
Medan vi ventar på at fornuften skal sigre, kan vi markere ein helt i politiet. Ragnar Schjølset og politikontoret i Målselv beslagla ein flott boa constrictor for nokre veker sidan. Han ville ikkje avlive den flotte slangen, og har etter ein del arbeid klart å få omplassert den til Arendal Sommerfuglpark. Det betyr at den får leve vidare og folk får mogelegheit til å sjå slangen vekse seg enorm. NRK Troms og Finmark har laga ei fin sak om dette, der det også er ein video der ein kan sjå slangen krype rundt på Målselv lensmannskontor.

Når det er sagt, kan det sjølvsagt diskuterast kor lurt det er å satse på eit husdyr som kan verte fire meter langt...