søndag 6. november 2011

St. Isidors minne har funne seg ein heim

Mannen i profil er St. Melaine.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
6. november er minnedag for den heller obskure helgenen Melaine som var biskop i Rennes i Bretagne på femhundre talet. Melaine gjekk gradane som munk og abbed, og det er ikkje mykje spanande å fortelje om han, anna enn det som gjer han interessant for St. Isidors minne. St. Melaine skal ha hatt seg ein tur over Kanalen til Cornwall. På grunn av dette har han blitt skytshelgen for eit par plassar der, deriblant ein plass som heiter Mullion.

Mullion ligg på halvøya der St. Isidors minne frå no av finn sin geografiske heimstad, nemleg halvøya The Lizard. (Firfirsla eller øgla) The Lizard er det sørlegaste fastlandet i England, og har ein historie prega av skip som går på grunn og smugling. Skal ein tru turistkontoret, er det også svært vakkert der.

Som om ikkje det flotte namnet skulle vere nok, har The Lizard fleire ting som trekk St. Isidors minne til halvøya. Halvøya er i stor grad bygd opp av ein steinart som har det flotte namnet serpentinitt, noko som sjølvsagt gler ein herptilven som underteikna. Hadde det berre vore dei flotte øgletilknyttingane i namnet og grunnfjellet hadde det nok ikkje vore nok til å rekne halvøya som bloggen sin geografiske heimehamn, men det er meir med denne halvøya.

Ein del av The Lizard  går under namnet «Meneage». Dette er kornisk og skal tyde noko slikt som «Munkelandet».  I dette området låg det sansynlegvis ei rekkje små, keltiske kloster, noko som gav det flotte namnet. Akkurat kor stort dette området er, er eg ikkje sikker på, men det skal bestå av fire heile prestegjeld og delar av eit femte, så litt areal må det vere.

Så der har vi staden St. Isidors minne no soknar heim til. Serpentinitten stig opp av havet og dannar halvøya The Lizard der ein finn munkelandet Meneage. Der bur St. Isidors minne.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar