tirsdag 15. november 2011

Pelsnæringa må vekk!

Mink på ein finsk pelsdyrfarm.
Biletet er frå Wikimedia Commons.
Nationen melder i dag at pelsdyrnæringa nok vil overleve den komande landbruksmeldinga frå regjeringa, trass i at både SV og Arbeidarpartiet har vedtak for at dei vil avvikle denne næringa.

På trass av alle etiske normer for dyrehald og dyrevelferd vel ein å la Senterpartiet få ein symbolsiger og beheld ei næring som systematisk utnyttar dyr utelukkande av estetiske og økonomiske motiv. Den reelle nytteverdien i pelsdyrhald er fråverande, då ein rett og slett ikkje har bruk for pels.

Vi veit at pelsdyr ikkje får tilfredsstilt dei behova dei har for rørsle, sosial omgang, tryggleik og liknande. Dette reagerer dei på med sjølvskading og drap av avkom. I tillegg vert avlivingsmetoder for mink og rev rekna som inhumane.
Den norske vetrinærforening sa i 2009 følgjande om pelsdyrhald:
Dagens pelsdyrhold er basert på hold av aktive rovdyr i små nettingbur. Driftsformen betyr at dyrene ikke får tilfredsstilt naturlige adferdsbehov. DNV har tidligere uttrykt skepsis til pelsdyrholdet. På tross av gode intensjoner i næringa, viser det seg at det fortsatt er store dyrevelferdsmessige problemer i pelsdyrholdet. DNV mener derfor at tiden nå er moden for å vurdere avvikling av pelsdyrholdet i Norge 
Framleis kjem det jamneleg døme på at «det fortsatt er store dyrevelferdsmessige problemer i pelsdyrholdet».

Den nasjonale forskningsetiske komite for naturvitenskap og teknologi sa i 2008:
NENT mener at hold og avlivning av dyr kun for å benytte seg av dyretspels ikke er forenlig med god dyrevelferd, da pels i dag ikke en nødvendighet for å kle seg mot kulde
Eidsivating lagmannsrett slo i 1999 fast dette i ein dom:
Lagmannsretten legger til grunn at pelsdyroppdrett av rev og mink skjer på en måte som er i strid med dyrenes opprinnelige og grunnleggende behov [...]. Dersom en kun la en etisk betraktning til grunn for vurderingen av pelsdyroppdrett, så ville slik virksomhet vanskelig kunne aksepteres. 
Likevel ser det altså ut som om regjeringa vil gå inn for å behalde denne næringa. Dette er uforståleg og viser endå ein gong at SV ikkje får gjennomslag for viktige miljø- og natursaker i regjeringa. Behovet for å få Miljøpartiet Dei Grøne inn på Stortinget for å presse på for ein ny politikk vert grelt tydeleg i møte med slike avgjersler der symbolpolitikk får sigre over etikk og dyrevelferd.      

3 kommentarer:

Palomino sa...

Her er det på sin plass å kommentere ett og annet. Jeg er en pelsdyroppdretter og er stolt av det! I mitt yrke setter vi dyrevelferd i høysetet. Det er for meg en selvfølge når jeg driver med dyr. At andre ønsker å skape et annet bilde får stå for deres regning.

I denne debatten har det blitt mye lemfeldig omgang med fakta.

Jeg undrer på om du noen gang har vært i en pelsdyrgård og sett på forholdene dyra lever i?
Hva vet du om ulike burløsninger, dyras mulighet til aktivitet og dyras mulighet til sosial omgang?
Hva slags forutsetninger har du for å si at det er inhumane avlivingsmetoder? Hva vet du ulike avlivingsmetoder på dyr? Det aner meg at du uttaler deg på grunnlag av opplysninger du har erværvet deg fra dyrevernernes emosjonelle, men også villedende kampanjer.

Det stemmer at Veterinærforeninga har et vedtak om avvikling av pelsdyrhold, men det er et vedtak gjort av sentralstyret. Innad i veterinærforeningen er det stor splittelse. I løpet av det siste året er det gjennomført 4 veterinærbesøk i alle norske pelsdyrgårder.Det er 101 ulike privatpraktiserende veterinærer som har stått for disse besøkene. 95% sier at tilstanden og dyrevelferden i pelsdyrgården er svært god, de resterende 5% sier at tilstanden og dyrevelferden er god. De fleste av disse er medlemmer i den Norske Veterinærforening. Siri Martinsen (NOHA) har de siste dagene forsøkt å villede med at dette er Mattilsynets inspektører, noe som er feil.

I vår pelsdyrgård tar vi gjerne imot besøk. Noen kommer av nysgjerrighet, andre med et mål om å skaffe seg mer kunnskap. Det er lærerike besøk for både oss og de besøkende. Jeg tror nok at jeg kan si at alle har fått et nytt syn på næringa etter å ha satt foten innom.

De tilbakemeldingene vi får oftest er at dyrene er rolige, kontaktsøkende og nysgjerrige. I tillegg bemerkes det ofte at man er overrasket over de gode bevegelsesmulighetene som dyrene har i de fleksible burløsningene. Morsomt er det også å se at dyrene leker seg aktivt med ulike objekter. Virkeligheten er nok langt unna de sjokkprogrammene vi har sett på TV.

Jeg har et innstendig ønske om at enda flere besøker en eller flere av landets pelsdyrgårder for med selvsyn vurdere hva denne næringa går ut på. Det er nok på tide at du også forsøker å innhente litt mer kunnskap.

Steinar Sneås Skauge sa...

Bakgrunnen for å seie at nokre avlivingsmetoder vert rekna som inhumane kjem frå NOAH, ja. Ein organisasjon som oppgjev gode kjelder for dette. Ein kan jo sjølvsagt sjå på ei av kjeldene. EFTA undersøkte norske pelsfarmar i 2006 og slår der fast at «It could not be demonstrated by the NFSA that it ensures that Articles 3 and 10(2) of Council Directive 93/119/EC are applied with respect to fur animals.» I den aktuelle artikkel tre les vi: «Animals shall be spared any avoidable excitement, pain or suffering during movement, lairaging, restraint, stunning, slaughter or killing.» Ein kan altså ikkje slå fast at ikkje dyra vert utsett for unødig smerte i samband med avliving. Det andre punktet ein ikkje kan sjå om ein følgjer er rettningslinjene for avliving.

Ein av metodane Norsk Pelsdyralslag sjølv seier dei brukar for å avlive rev vart forbode i New York i 2008. Opplysningane framstår som meir truverdige enn forsøka på kvitvasking frå pelsdyrnæringa.

Du forsøker å framstille eit vedtak frå sentralstyret i Vetrinærforeninga som uvensentleg. Det er det sjølvsagt ikkje. Om eit vedtak er gjort på eit så høgt nivå, har det større kraft enn om det er gjort på lågare nivå.

Pelsdyrnæringa vil sjølvsagt hevde at ingenting er slik som det verker. Avsløringar om korleis forsøker ein å bortforklare det med snakk om sabotasje (sjølv om det rett nok skal seiast at syndarane her vart ekskluderte frå «det gode selskap») og i innlegget over skryt ein av «de gode bevegelsesmulighetene som dyrene har i de fleksible burløsningene», som om det skulle vere ei teneste mot dyra å sperre rev og mink inne i små bur heilt utan at det er grunngjeve i naudsynte behov.

Når ein ser kva som jamnleg kjem fram om norsk pelsdyrnæring vert det å hevde at ein set dyrevelferd i høgsetet ein vits ein ikkje kan ta alvorleg.

Pels er ein totalt unødvendig vare. Tar ein dyrevelferd på alvor alar ein ikkje opp dyr i små bur utelukkande for å ta livet av dei for å skaffe ein unødvendig vare. Det totalt unødvendige i næringa er det grunnlegjande problemet. Dette kjem ein uansett ikkje vekk frå.

Steinar Sneås Skauge sa...

«Opplysningane framstår som meir truverdige enn forsøka på kvitvasking frå pelsdyrnæringa.» - Med dette siktar eg til opplysningane frå NOAH og andre motstandarar av pelsdyrnæringa.

Legg inn en kommentar