Viser innlegg med etiketten Helgenar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Helgenar. Vis alle innlegg

fredag 18. januar 2019

Med hjarta på rette staden

Relikvieskrinet som forsvann.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons og er tatt av Bkwillwm.
CC BY-SA 3.0
Den trufaste lesar med god husk vil hugse at vi for snart sju år sidan såg på saka om relikviet som forsvann frå Christ Church Cathedral i Dublin. Relikviet det var snakk om var hjartet til Laurentius O'Toole, som berre forsvann frå kyrkja.

Sidan eg har brukt mykje tid saman med snøskuffa og lydbøker i det siste, har eg mellom anna hatt gleda av å høyre den strålande The Audiobook of The Year 2018 frå gjengen som står bak den endå meir strålande podcasten No Such Thing as a Fish. Og her dukka plutseleg hjartet til St. Laurentius opp att. Sjølve hjartet dukka ikkje opp der, men i ein park i Dublin, men eg fekk høyre att det var funne her.

I april 2018, seks år etter at det forsvann, dukka nemleg relikviet opp att. Politiet fann det i god stand i ein park i Dublin. Kven som tok det og korleis det hamna i parken verkar det som ein ikkje veit. Men kanskje eg kjem med ei ny oppdatering om sju år.

No har i alle fall St. Isidors minne tatt folkeopplysninga på alvor. Christ Church Catherdral, Dublin har hjarta på rette staden!

onsdag 5. april 2017

Derfel og profetien

Det er på tide å ta fram ein helgen att. I dag ser vi på Derfel, eller Derfel den sterke. Derfel levde på 500-talet i Wales, og vi høyrer først om han som soldat. Han skal ha kjempa i slaget om Camlann på kong Arthur si side. Som med mange av dei keltiske heilage er vi altså på legendarisk grunn her.

Ein eller annan gong etter slaget skal han ha blitt munk. Kanskje var han einebuar ei stund, men han skal etterkvart ha grunnlagt klosteret ved/i Llandderfel (Jada. Walisiske namn er noko for seg sjølve...) Etterkvart døydde han. Wikipedia seier i 660, men då har han i alle fall blitt haug-gamal.

I Llandderdel lagde dei ein trestatue av Derfel. Denne stod der til 1538. Dei som kjenner kyrkjehistoria veit at det var den tida då Thomas Cromwell sin reformasjon var på sitt mest rabiat, og ein av Cromwell sine menn tok med seg statuen for å stoppe dei svære pilegrimsvandringane til den 5. april kvart år.

22. mai 1538 var Cromwell i siget og skulle brenne ein stakkar fransiskanar, John Forest, i Smithfield. Rett før dei tente bålet heiv dei på statuen av St. Derfel, og med dette oppfyllte ein på underleg vis ein gamal walisisk profeti. Dei hadde nemleg lenge sagt at statuen ein dag skulle brenne ned ein skog....

Det var St. Derfel som har minnedag i dag, 5. april.  

søndag 6. desember 2015

Eit fromt barn

Niolas av Myra
Biletet er henta
frå WikimediaCommons.
Det er minnedag for Nikolas av Myra i dag. Den eigentlege julenissen. Vi kostar derfor på oss ei lita anekdote frå barndommen hans. Den er nok ikkje sann, men slike smålege krav kan vi ikkje stille til gode historier.

Som barn var Nikolas ein asket av dimensjonar. Kyrkja sine fastereglar sa at ein skulle faste på onsdagar og fredagar. Og som det fromme, lille barnet han var, tok Nikolas dette på alvor. På onsdagar og fredagar nekta han nemleg å vere med på meir enn ei runde amming, og dette måtte skje om kvelden, slik fastereglane sa.

Det er eit fromt barn, det!

lørdag 15. august 2015

Crkva Sv. Ilije

Crkva Sv. Ilije
Som tidlegare antyda, har feiren bragt denne skrivaren til Kroatia, og eit aldri så lite reisebrev er på sin plass. Ikkje fordi det som skal forteljast er så veldig spektakulært, men fordi det av familiære grunnar vart stor  hugnad då vi snubla over Crkva Sv. Ilije, eller St. Eliakapellet, som vel er ei nærliggjande omsetjing.

Kapellet låg der ingen skulle tru at nokon ville byggje eit gudshus. På 897 meters høgd, på kanten av ei stupbratt fjellside inne i det som i dag er Biokovo naturpark. For å kome seg dit, måtte ein køyre på ein veg som knapt burde vore godkjent for steinbukkar, og næraste sivilisasjon låg sikkert ei mil vekke, og 500 meter nærare havflata.

Altarpartiet
Men der hadde ein altså bygd eit kapell. Og ikkje bare eitt, når sant skal seiast. Noko av det som var spesielt med naturparken var at det var mange slike kapell og kyrkjer - over 87 seier dei - og at det hadde vore høg munkeaktivitet i desse områda som var vanskeleg å nå for andre folk. Munkar likar jo som kjent ikkje å bli forstyrra.

Sjølve Eliakapellet er frå rundt 1800, og er av dei yngste kapella i fjella der. Det vert betjent av presten i Podgora, som slik eg forstod det har ei messe i året der. 20. juli, minnedagen for Elia og tilfeldigvis den dagen eg var der.

Desverre var vi for seint eller for tidleg ute for messa, for vi var heilt åleine der.  Eg traff heller ikkje på nokon av dei 21 reptilartane som held til i parken, men turen vart likevel ein suksess, takka vere eit lite kapell med eit familiekjært namn.

Elia på æresplassen i kyrka. I alle fall går eg ut frå at det er Elia.

søndag 9. august 2015

Isid'or

St. Isidors minne er ingen ølblogg, men ein bloggpost om øl tvinger seg på. Saka er nemleg slik at medan eg leita gjennom ølhylla på ein butikk i Kroatia i ferien, kom eg over eit øl som ropte etter å bli omtala på denne nettstaden.

Isid'or er namnet på ølet, og som om det ikkje var nok, er ølet brygga av trappistmunkar. Trappistane er av dei strengaste ordenane i Moderkyrkja. Dei brukar liva sine til kontemplativ bøn, men i følgje Benedikst regel skal dei ordne det dei treng for dette livet sjølv. Trappistane produserar derfor også varer som dei sel til inntekt for klostera sine. Dei er kjende for osten sin, og i Hong Kong hugsar eg at ein kunne få kjøpt trappistmjølk i butikkane. Men mest kjende er dei nok for ølet sitt.

Elleve bryggeri rundt i verda kan skryte av at dei brygger trappistøl. Det vil seie at ølet er brygga innanfor klostermurane, at munkar enten har gjort det sjølv eller hatt oppsyn med brygginga, at inntektene går til klosteret eller vert gjeve vekk og at det er ein streng kvalitetskontroll på ølet. Noko som igjen gjer at trappistøl vert rekna som noko av det beste ølet ein kan få tak i.

Isidor var ikkje den Isidor eg trudde. Eg trudde i farta at trappistane hadde funne det for godt å ære Isidor av Sevilla med eit øl, noko som ikkje stemte. Synd, men eg sat framleis med ei flaske trappistøl med namnet Isid'or. Kor ille kunne det vere?

Etter litt lesing av det som stod med mikroskopisk skrft bakpå flaska, viste det seg at Isid'or vart brygga for å markere at ein hadde brygga øl i klosteret i 125 år. La Trappe kjem frå trappistklosteret i Koeningshoeven i Nederland, og broder Isidorus var den første bryggaren i klosterbryggeriet. Ikkje han Isidor eg trudde altså, men eg vart litt kunnskap rikare.

Så smaken. Det byrja med eit snev av kamferdrops og villbringebær, før det sakte kom eit snev av rå laks og timian på høgre side i munnen, medan det frå venstre trengde seg på med lakris og kristorn. Neida. Eg berre tullar. Ølet smakte slik eg forventa det frå La Trappe. Det vil seie søtleg og bittert og skikkeleg godt. Eg skal ikkje late som eg gjorde nokon djupare analyse, og dessutan har det gått nokon veker sidan eg drakk ølet. Men godt var det. Slik trappistane brukar å få ølet sitt. Godt øl der pengane går til gode folk.   

St. Isidors minne er framleis ingen ølblogg, men eit minneøl for St. Isidor av Sevilla er ingen dum ide....

fredag 31. juli 2015

Peter Krysologos

«Ei halv side er sikkert nok!»
Dette svært romantiserte biletet av Peter er henta frå
Wikimedia Commons (PD)
Nokre av oss som innntar preikestolane (eller kanskje heller vel å la preikestolen stå aude og tom), må gå gjennom livet med ei konstant kjensle av ikkje å ha nok å seie. Når preika er ferdig skrive, står ordtellinga langt frå normen som vart lagt fram på praktikum, og sjølv om eg hadde nådd opp til den, ville det framleis ha blitt rekna som kort av mange av dei som vil ha lange talar. Eg vart ein gong bedt om å halde ein andakt. «Sjølvsagt,» sa eg. «Kor lang tenkjer du?» «Ikkje så lang. Tre kvarter eller noko», var svart eg fekk.

Om nokon skal snakke om noko i tre kvarter, uansett kor interessant det måtte vere, skal dei vere utruleg gode. Og eg har ingen vrangforestillingar om at eg verken er utruleg god, eller at det vanlegvis er eksepsjonelt interessant, det eg snakkar om. Kan ein ikkje få fram eit poeng på ti minutt, får ein heller halde kjeft, tenkjer eg.

Og her kjem dagens helgen inn i biletet. Du har kanskje ikkje høyrd om Peter Krysologos før. Det hadde i alle fall ikkje eg, før eg gjekk gjennom kven som hadde minnedag i dag. «Krysologos» er eit kallenamn, og den observante lesar vil kanskje tenke på  Johannes Krystostomos når det høyrer namnet. Der «Krystosomos» betyr «gullmunn» betyr «Krysologos» noko slikt som «gyllen tale», og han fekk kallenamnet sitt av akkurat same grunn som Gullmunnen fekk sitt. Han var ein knakande god talar.

Ut over å vere ein knakande god talar, var han ein viktig erkebiskop og fekk i 1729 tittelen «Kyrkjelærar» (noko han delar med kun 34 andre teologar), så det er ingen småkar det er snakk om. Han var ein sterk forkjempar for ortodoksi i lærestridane som rei kyrkja på 400-talet, og skal ha forklara den ortodokse læra på ein svært klar måte.

Lite av det han skreiv er bevart for oss, men vi har framleis litt under 200 preiker. Eg har ikkje klart å finne nokon som ligg på nettet, så eg kan ikkje gå god for det han skriv, men ein ting er sikker om han.

Han snakka kort! Peter skal ha vore svært redd for at folk skulle kjede seg medan han snakka, så redd at preikene hans skal ha blitt klokka inn til ned til fem minutt av moderne forskarar.

Peter Krystologos. Vår helgen. Vi som kjenner oss pressa til å snakke lenger enn vi føler er naudsynt.

Heilage Peter, be for oss som fattar oss i få ord!

tirsdag 12. mai 2015

Broder Roger 100 år

Broder Roger i Taizé.
Biletet ligg på Wikimedia Commons og er tatt av
João Pedro Gonçalves. (CC BY-SA 2.5)
Hadde han levd, ville Broder Roger blitt hundre år i dag. Desverre vart han aldri det, men vart drepen under ei gudsteneste i Taizé i 2005. Med det mista kyrkja ein av sine viktigaste menn dei siste hundre åra. Eg trur det er vanskeleg å overdrive kva Broder Roger og Taizé har hatt å seie for kyrkja både i Europa og resten av verda.

Heldigvis lever fellesskapen han grunnla vidare og spiritualiteten han stod for har fått spreie seg. Songane frå Taizé er i dag allemannseie i kyrkja, og her i Norege, og også i resten av verda, feirar vi fleire stader gudstenester slik dei gjer det i Taizé.

Den fornyinga og vitaliseringa av bøn og gudstenesteliv Broder Roger gav oss, er uvurderleg. Vi minnast i dag Broder Roger og sluttar med nokre ord han skreiv.
Kristus, du er forenet med hvert enkelt menneske uten unntak. Og enda mer: Som den oppstandne kommer du og leger sjelens hemmelige sår. Og for hver enkelt åpnes portene til hjertets uendelige godhet. Gjennom en slik kjærlighet forandres våre liv litt etter litt.
Grava til Broder Roger slik ho var då eg såg ho i 2005.
 Sitatet er henta frå Sanger frå Taizé, Verbum, 2003

onsdag 25. mars 2015

Maria og einhjørningen

Maria for bodskapen frå Gabriel og
sit med ein einhhjørning på fanget.
Biletet er frå katedranen i Erfurt, og ligg på
Wikimedia Commons.
På Maria bodskapsdag passar det godt å sjå på ein av dei meir underlege ikonografiske framstillingane av Maria, nemleg Maria med einhjørningen.

I middelalderen og renessansen var dette ein ikkje heilt uvanleg framstilling av Maria, kva er symbolikken? Den er jo ikkje heilt sjølvsagt for oss i dag. Kva har Maria å gjere med eit legendarisk dyr?

Forklaringa er både ganske enkel og vakker. Einhjørningen har tradisjonelt nokre eigenskapar som vert tillagt den. Den er eit symbol på reinleik og den kunne helbrede sjuke og gjere giftig vatn drikkande. Einhjørningen var særs vill og ekstremt vanskeleg å fange. Skulle ein klare å fange ein, måtte ei jomfru sette seg ned. Då kom einhjørningen og la seg til å sove i fanget hennar. Dette var den einaste måten.

Og då er plutseleg symbolikken lettare å forstå. Den einaste som kunne temme den som kunne helbrede sjuke, reinse gift og viste reinleiken, var ei jomfru. Den einaste måte Gud kunne bli menneske var gjennom å bli fødd av ei kvinne, og Gud valde ei jomfru.

Einhjørningen er altså eit symbol på Jesus. Eigenskapane til einhjørningen vart oppsummert i Jesus. Han var reinleik, han kunne kurere sjuke, han var så vill at ikkje eingong dødsriket kunne halde han. Og i tillegg hadde einhjørningen eitt horn. Dette såg ein som eit symbol på at Gud og menneske vart eitt i Jesus.

Når Maria sit med ein einhjørning i fanget, er det altså Gudefødersken med Jesus ein ser. Det er Jomfrua som «temma» einhjørningen i livmora si.

Vi kostar på oss eit bilete til. Det er sjølve overleveringen av bodskapen frå engelen vi ser. Einhjørningen går til jomfrua, og inkarnasjonen var eit faktum.

Biletet er mala av Martin Schongauer i 1489.
Det ligg på Wikimedia Commons.
Har du tre kvarter til overs, anbefalar eg dette programmet frå BBC Radio 4 om einhjørningar.

torsdag 12. februar 2015

Tankar frå Nidaros

Eg var i Nidarosdomen i helga. Eit besøk i katedralen i Trondheim er på mange måtar ei mektig oppleving. Den er storslått, vakker og har ei rik historie. Samstundes er det og ei amputert oppleving. For det manglar noko i kyrkja.

Nidarosdomen er på mange måtar ei tretten-på-dusinet-kyrkje i europeisk samanheng. Det er mange slike store katedralar rundt i Europa, men dei fleste av desse har noko Nidarosdomen manglar. Til og med i hovudkyrkja til vår nærmaste søsterkyrkje, Svenska kyrkan, har dei det vi manglar i vår hovudkyrkje. I domkyrkja i Uppsala har dei relikvier og dei har ei liste over erkebiskopar.

Trondheim domkyrkje har ikkje noko slikt. Ho har ikkje ein gong eit sentralt bilete av Olav, mannen som skal vere gravlagt ein stad i kyrkja. Trondheim domkyrkje framstår som bortimot ribba for historie. Det er som om ein går inn i ei kyrkje som eksisterer i ei historisk boble der det ikkje har skjedd noko frå Jesus stod opp frå grava og fram til i dag.

Rett skal vere rett. Det er ei lita plate til minne om Thomas von Westen og det er nokre helgenar på vestfronten. Og kven veit kven som er på alle glasmaleria? Og så er det eit sidekapell som er vigsa til minnet om dei som fall i krigen, ei liste over nokre av dei tidlege kongane i Norge og i eit anna sidekapell er det eit ikon med to menn på. Kanskje Olav og ein annan? I oktogonen er det også eit lite altar med bilete frå olavssoga som frontpanel, sjølvsagt med Olav sentralt plassert. Men alt i alt, er kyrkja ganske blotta for historie.

Nidarosdomen står, trass i sin majestetiske framtoning, som eit symbol på den lutherske historieløysa. Den står naken der vår norske kyrkjehistorie burde ha kledd kyrkja. Dei som har gått før oss i trua burde ha blitt med inn i gudstenestefeiringa, men i staden sit vi att med nakne veggar.

Nidarosdomen burde ha vore pryda med bilete, statuar og  minneplatar for folk som St. Olav, St. Torfinn, St. Hallvard, St. Sunniva, St. Birgitta og St. Svithun og med evangelistar og profetar. Desse burde ha fått plass inne i kyrkja, ikkje berre i beste fall forvist til kulden på vestveggen. I tillegg burde kyrkja ha romma Martin Luther, Philipp Melanchthon, Petter Dass, Elias Blix, Hans Nielsen Hauge, Eivind Berggrav, Cathinka Guldberg, St. Trifon, N.F.S. Grundtvig, Lars Levi Læstadius og andre kjempar frå norsk og skandinavisk kyrkjehistorie. Hadde det ikkje vore for slike folk, hadde det ikkje vore ei kyrkje i Norge i dag.

I staden hoppar vi bukk over kyrkjehistoria og alle dei heilage. Vi stenger skyen av vitne ute, og latar som om ho ikkje er der. Som resultat får vi ei hovudkyrkje som kun framstår som hovudkyrkje for her-og-no. Ikkje frå-æve-til-æve. Det er beint fram trist!

mandag 2. februar 2015

St. Simeons dag

Eit georgisk ikon som viser Josef, Maria, Jesus, Simeon og Anna.
Lurar du på kven Anna er? Slå opp i Lukas 2 og finn det ut.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
I dag er det kyndelsmesse, dagen ein minnast då Jesus vart boren inn i tempelet av Maria og Josef. Dette er førti dagar etter jul, altså førti dagar etter at Jesus vart fødd, noko som vil seie at Maria si reinsingstid var over.

I tempelet traff dei på Simeon. Han venta på å sjå Messias. Gud hadde sagt at han ikkje skulle døy før han fekk sjå han. Lukas fortel at Simeon vart driven til tempelet av Den heilage ande samstundes med den heilage familie, og då han møtte dei såg han at den lille guten var han han venta på. Messias. Då tok han Jesus i hendene sine og sa fram orda vi kjenner som «Simeons lovsong» og gjer til våre eigne når vi ber kompletorium.
«Herre, no lèt du tenaren din fara herifrå i fred,
slik som du har lova.
For mine auge har sett di frelse,
som du har gjort i stand like for andletet på alle folk,
eit lys til openberring for heidningane
og til ære for folket ditt, Israel.»
Og som eit lite apropos: Det var ikkje berre i Israel for 2000 år sidan at kvinner kom til kyrkje for å bli reinsa førti dagar etter fødselen. Dette dreiv ein med i Danmark og Norge i lang tid. Den norske Altarbok for Den norske kyrkja som kom i 1920 og var i bruk fram til ny liturgi kom i 1977 har eit eige kapittel «Um inngangskonor».
Ein eigen benk for «Kirkegans Koner» eller «Inngangskoner»
og dåpsfylgjer i Mariager kyrkje i Danmark.
Biletet har eg tatt, og det ligg på Wikimedia Commons.
(CC BY-SA 3.0)
«Inngangskona skal møta med fylgjet sitt i vaapenhuset eller sakristiet i god tid fyre gudstenesta tek til, eller medan dei syng ein av salmane fyre preika.
I ein stutt tale minner han [Altså presten. Min merknad] henne fyrst um at ho skal takka Gud, som naadig hev hjelpt henne i trengsla og gjeve henne gleda yver at eit menneskje er født til verdi og endaa større gleda av di Gud hev laga til eit atterfødings-bad aat barnet hennar, so det skal sjaa Guds rike. So bed han henne visa seg takksam i gjerning og uppseda barnet sitt i sann otte for Herren og i alle maater gjeva det eit godt og kristeleg fyredøme.»
Når presten har halde ein kort tale om dette, (Korleis ein tale med så omfattande innhald kan bli kort er eit ope spørsmål) skal han seie:
«Gakk inn i Guds kyrkjelyd med fred, og takka Herren, din Gud, som hev gjort vel imot deg. Han styrkje deg framleis paa sjæl og likam, og late din inngang og din utgang no og alltid vera velsigna for hans aasyn!»
Så går inngangskona og følgjet inn i kyrkja.

Om dette var vanleg praksis i Norge etter 1920, veit eg ikkje, men ein hadde i alle fall ei ordning for det. I Danmark skal skikken ha forsvunne rundt 1900, men kanskje hang det lenger i her?

Det er verdt å merke seg at det ikkje er snakk om nokon reinsing, slik Maria gjekk til tempelet for. Dette var pålagt henne i Moselova, men i kristen tankegang er det umogeleg å hevde at kvinner kan vere «ureine» etter fødsel. Ritualet har derfor blitt endra til ein ganske underleg påminning om å vere takksam, glad og gjere barnet til ein god kristen.

onsdag 14. januar 2015

Oderik av Pordenone

I dag har ein av dei store reisande i historia minnedag. Vi skal sjå litt på reisa til Oderik av Pordenone.

Først må vi berre ha klart nokre korte biografiske detaljar om Oderik. Han vart født i siste halvdel av 1200-talet i det som då var Austerrike, no Italia. I ung alder vart han fransiskanar, og etterkvart kom misjonskallet. Fransiskanarane hadde fått i oppgåve å drive misjon i Asia, så då vart det den vegen Oderik dro då han i 1318 la i veg på ei reise som ikkje treng skamme seg i selskap med Marco Polo sine reiser til dei same områda. Berre høyr på dette.

I april 1318 dro han frå Padova i Italia til Venezia og vidare til Konstantinopel (no Istanbul). Så dro han til Egypt og vidare til Israel/Palestina før han gjekk gjennom Armenia og inn i Persia (no Iran) til Tauris (no Tabriz) og vidare til Soltanieh og Kashan, Yezd (no Yazd) og Persepolis. Så til områda som i dag vert kalla Kuwait og det sørlige Irak før han dro til Hormuz (no Hormozgan) i det som i dag er Iran. Der tok han båt til India.

Utanfor det som i dag er Mumbai fekk han redda med seg hovuda etter fire fransiskanarar som vart halshogd rett før han kom dit. Desse hovuda tok han med seg helit til Europa, men før han kom så langt gjekk turen vidare i Asia. Han dro lenger sør i på vestkysten av India før han kom til området som i dag er Madras i India. Der besøkte han grava til apostelen Thomas.

Som første europear dro han til øyane utanfor India. Han dro først til Sri Lanka, så til Nikobarane, Sumatra, Java og Borneo før han igjen kom til fastlandet i dagens Vietnam. Frå Vietnam dro han til Guangzhou i Kina.

Reisa gjekk vidare langs kysten av Kina, før han endeleg kom til Bejing. Kanskje var han også innom Japan på turen nordover i Kina. I Bejing var han i tre år og jobba saman med fransiskanarane som allereie var der. I løpet av desse åra, skal 20 000 menneske ha blitt døypte, og erkebiskopen der ville fortelje paven om det flotte arbeidet dei gjorde. Oderik fekk derfor beskjed om å dra attende til Italia.

No gjorde han det på ein litt kortare måte, men han gjekk heile vegen. Turen til Venezia tok tre år og gjekk gjennom det som i dag er Shanxi-provinsen i Kina til Lhasa i Tibet. Han var første europear i Lhasa, som då var setet til Dalai Lama, utan at han skreiv ikkje ned nokre detaljar om byen. Han skreiv heller ikkje detaljar om resten av turen, men truleg gjekk han gjennom dagens Afghanistan, til Tabriz i Iran, gjennom Armenia og til Venezia.

Tilbake i Italia kom han seg aldri til paven, som då var i Avignon, men han fortalde om reisa si til andre munkar som skreiv ned det han fortalde.

Oderik døydde 14. februar 1331. Han har aldri blitt heilagkåra, men vert rekna som salig og har minnedag i dag. Om han vert erklært for helgen, må han vere ein solkeklar skytshelgen for reisande!

Interesserte kan zoome på kartet for å sjå betre kvar Oderik dro. Hugs at på kartet er det rette linjer, medan det nok ikkje var slik han reiste.

onsdag 31. desember 2014

Ein pioner

John Wycliffe og Jan Hus i Dalhems kyrka i Gotland, Sverige.
Biletet er tatt av Wolfgang Sauber og ligg på Wikimedia Commons.
(CC BY-SA 3.0)
Vi snakkar ikkje så mykje om John Wycliffe, trass i at eitt av dei punkta som vi ofte trekk fram som heilt sentralt for vår kyrkje og vår historie, nemleg det å få Bibelen på sitt eige morsmål, er eit punkt der vi i stor grad går i hans fotspor. At vi ikkje snakkar så mykje om han, er kanskje ikkje så rart, for han hadde ein del meiningar det er vanskeleg for ein lutheranar å dele, mellom anna stod han for synspunkt på nattverd, predestinasjon og eit kyrkjesynet han bygger på predestinasjonslæra si som står langt frå våre læresetningar. Andre ting kan vi nikke meir nøgd til, som til dømes synet hans på skilnaden mellom presteskap og legfolk og ikkje minst Skrifta, sjølv om vi nok heller ikkje der er heilt samde.

John Wycliffe levde på 1300-talet i England. Han var ein lærd mann innan filosofi og teologi og skapte mykje debatt i lærde kretsar i og utanfor kyrkja i si levetid.  Men for vår del er det kanskje viktigast at han var ein slags protoreformator. Han gjekk i klinsj med pavekyrkja, og utfordra henne på punkt som seinare reformatorar som Luther, Calvin og Wycliffe sin meir direkte etterfylgjar Jan Hus, tok opp att.

I desse juletider passar det godt med
Johannesprologen frå Wycliffebibelen.
Biletet ligg på Wikimedia Commons.
Eitt av desse punkta var som sagt at han ivra for å få Bibelen på lesaren eller tilhøyraren sitt morsmål i staden for latin. Ikkje berre ivra han for dette, men han fekk i stand ei omsetjing av Vulgata til engelsk. Han gjorde i alle fall ikkje alt av omsetjing, men kanskje fekk noko av NT engelsk språkdrakt frå hans hand. Han vart i til slutt kreditert omsetjinga som går under namnet Wycliffe's Bible. Denne omsetjinga dukka opp mellom 1382 og 1395. Boka er den mest tallrike av engelske middelaldertekstar, og over 250 manuskript eksisterer framleis. Den vart svært viktig for lollardane, ei kyrkjeleg protestrørsle sterkt influert av Wycliffe si lære. Sidan omsetjinga vart gjort frå Vulgata og ikkje dei greske og hebraiske grunntekstane, sette ho ikkje spor i dei første omsetjingane etter reformasjonen, men via omvegar fekk ho påverke den omsetjinga som har fått nærast guddommeleg status i enkelete miljø: King James-Bibelen! Wycliffe sette altså djupe spor.

John Wycliffe fekk slag medan han feira messe 28. desember 1384, og døydde 31. desember same år. I 1415 vart han erklært for kjettar, noko vi protestantar har tradisjon for ikkje å ta så tungt. I dag minnast vi han, saman med Church of England som har han på sin helgenkalender i dag.

mandag 29. september 2014

Englebyen

Byvåpenet til Arkangelsk.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
I dag, på mikkelsmess, tar St. Isidors minne turen til Arkangelsk. Kvar ellers skulle ein dra på minnedagen for alle englane, enn til ein by som har fått namnet sitt etter erkeengelen Mikael?

På 1100-talet vart det nemleg etablert eit kloster i området der byen ligg no, klosteret var tileigna erkeengelen Mikael, og byen som vaks opp rundt klosteret fekk namn etter den same engelen, men då berre i den korte formen vi kjenner namnet no: Arkangelsk. Eit flott namn på ein by!

Eg tenkte eg skulle skrive noko om gamle kyrkjer og klosterbygg i byen, særleg dei som hadde noko med englar å gjere, men eit sørgeleg kapittel i Arkangelsk si historie dukka opp. Før revolusjonen i 1917 hadde byen ein flott katedral i samband med klosteret og mange andre kyrkjer. I sovjettida som fulgte, og tydlegvis særleg på 1920- og 30-talet, vart dei aller fleste av desse rive ned. Eg veit ikkje om det gjaldt alle kyrkjene, men det kan sjå slik ut på den engelske Wikipedia-sida om byen. Den seier berre «its historic churches»...

Men heldigvis er det framleis bilete av nokre av desse kyrkjene. Vi ser på nokre av dei, og får nøye oss med at verken englane eller resten av kyrkja treng bygg for å eksistere, sjølv om dei heilt klart er gode å ha.

Klosteret med katedralen. Eg går ut ifrå at det er katedralen ein ser i bakgrunnen.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.



Klosterkyrkja i 1927. Biletet er frå Wikimedia Commons.
Eg er usikker på kva denne kyrkja heiter. Frelsarkyrkja? Kristi forklaringskyrkje?
Biletet er i alle fall frå rundt 1910 og ligg på Wikimedia Commons.



Den same kyrkja. Biletet er tatt ein gong før 1917 og ligg på Wikimedia Commons.
Treeiningskatedralen. Kyrkja vart bygd i 1709 og rive i 1929.
Kvifor byen hadde to katedralar veit eg ikkje.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Den same kyrkja fotografert i 1909.
Biletet ligg på Wikimedia Commons.
Slik såg kyrkja ut inni i 1909. Biletet er frå Wikimedia Commons.

På ein måte er det passande at ein by som har namn etter den fremste i kampen mot ondskapen har fått eit så kraftig slag. Noo vert fleire av dei gamle kyrkjene bygd opp att, så kanskje er byen eit vitnemål om Mikael på fleire måtar?

torsdag 26. juni 2014

KM i galskap IV - David dendritten av Thessalonki

Det er lenge sidan vi har vore innom Kyrkjemeisterskapen i galskap, men i dag ser vi på ein ny deltakar. No er det David dendritten av Thessaloniki sin tur. Av namnet kan ein kanskje forstå at det har noko med trær å gjere, og det har det. Vi snakkar her om mykje det same som stylittane, altså søylehelgenane, berre at David klatra opp i eit tre. Eit mandeltre for å vere nøyaktig. Historia om David er som følgjer:

David vart fødd i Mesopotamia rundt 450. For å finne eit roleg liv i kontemplasjon flytta han til Thessaloniki i Hellas og gjekk i kloster. Akkurat kvifor han gjorde dette er det ingen som veit. Mesopotamia var eit hovudområde for klosterrørsla på denne tida, så det burde vore nok å velgje mellom der. Uansett kom han til Hellas då han var mellom 15 og 20 år og vart munk der.

David gjekk inn for hard askese og gjorde inntrykk på dei andre munkane. Då abbeden døydde ville dei ha David som ny abbed, men det ville ikkje han. Han valgte i staden endå strengare askese, og klatra opp i eit mandeltre. Der vart han i tre år, og som det var med stylittane var han utsett for elementa heile tida, men i motsetnad til stolpene dei sat på, stod ikkje treet stille. Det bevegde seg i vinden. Imidlertid kan ein vel tenkje seg at han kunne finne litt skugge for regn og sol mellom bladane?

Slike dendrittar var noko nytt i Hellas, sjølv om det var kjent i Mesopotamia og Syria, og David trakk til seg folk. Som stylittane merka han nok at vil ein ha ro er ikkje det luraste å klatre opp i noko høgt på ein offentleg plass. Folk kom til han for råd og for å høyre han tale.

David i treet.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Han var i treet i tre år og bad, fasta og snakka med folk. Då kom det ein engel til han og sa at bønene hans var høyrt og at han kunne gå ned. Engelen sa også at han skulle gjere ei god gjerning til før han døydde. Det vart bygd ei celle til David utanfor bymurene, ettersom engelen hadde sagt at han skulle fortsette askesen i ei celle, og han gjekk dit. Folk kom til cella hans for forbøn, og det gjekk gjetord om denne «engelen» som sat i cella og tok imot folk. Om natta såg folk flammer som stod opp frå cella, og det vart ein slags attraksjon å sjå på cella frå bymuren om natta. Flammene skada ikkje David, og folk såg på det som eit teikn på kjærleiken mellom han og Gud. David vart verande i cella i 20-30 år.

Så i 520 kom erkebiskopen til David. Han bad David om å reise til Konstantinopel for å overbevise keiseren om å halde fast på Thessaloniki som provinshovudstad. Han såg på dette som den kjærleikshandlinga engelen hadde sagt at han skulle gjere, og av respekt for erkebiskopen og kjærleik til folket og byen tok han på seg oppdraget og gjekk ut av cella for første gong på årevis.

Ryktet gjekk fortare enn han reiste, så då han kom til Konstantinopel vart han tatt imot som ein heilag mann. Han fekk legge fram si sak for keisaren. Dette gjorde han på ein overbevisande måte. Han tok eit stykke glødande kol saman med røykelse i handa. Så gjekk han saman med disiplane sine i ein time og bad og velsigna dei som var tilstades. Då han var ferdig var hendene uskadde. Så la han fram saka, og fekk det slik han ville.

I skipet på veg heim sovna han inn, og 26. juni er minnedag for han for katolikkar og ortodokse. Og St. Isidors minne.

Ein kan stille seg spørjande til det andelege utbyttet av å sitte i eit tre i tre år, men det kvalifiserer i alle fall til KM i galskap.

Vi avsluttar med ei ortodoks hymne slik den står hos Ortodoxwiki:
An Angel on earth, and stranger to all earthly things,
thou madest a tree thy dwelling like an eagle's nest,
whence, O David, thou didst soar up to Heaven,
where thou didst find that Tree which in Eden we lost of old.
Remember us all, who keep thy memory

fredag 13. juni 2014

Ekte kjærleik

Bilete tatt på 1930-talet.
Henta frå Wikimedia Commons.
I dag er den minnedag for Marianna Biernacka. Marianna var ei heilt vanleg dame, eller ei heilt eineståande dame, alt etter korleis ein ser det. Ho var i alle fall ei dame som bør hugsast for den monumentale kjærleikshandlinga ho gjorde.

I 1943 arresterte Gestapo sonen og den gravide svigerdottera hennar i ein aksjon som skulle hemne drepne tyske soldatar. Svigerdottera til Marianna vart plukka ut for å henrettast, og Marianna bad då om å få ta plassen hennar. Patruljesjefen gjekk med på dette, og på denne måte redda Marianna både svigerdattera si og det ufødde barnebarnet. To veker seinare vart Marianna drept.

13. juni 1999 vart ho salgikåra av pave Johannes Paul II saman med 107 andre polske martyrar. Ho har minnedag i dag, medan heile gruppa hadde kollektiv minnedag i går.

Dette er verkeleg ei dame som fortener å hugsast. Ho viste ekte kjærleik i praksis.

torsdag 8. mai 2014

And all shall be well

I dag er det minnedag for Julian av Norwich. For meir informasjon om henne kan ein sjå Wikipedia eller to tidlgare bloggpostar på denne bloggen, ein frå 2012 og ein frå 2010.

I dag vil eg legge ut ein liten snutt der eit utdrag av Revelations of Divine Love blir lese på det som blir sagt å vere mellomengelsk. Stilig! Teksten er som sagt henta frå Revelations of Divine Love,  heilt konkret frå kapittel XXVII som er ein del av det trettande openberringa. Heile teksten på meir moderne engelsk ligg under, henta frå utgåva av Revelations of Divine Love ein kan finne på Christian Classics Etheral Library.

AFTER this the Lord brought to my mind the longing that I had to Him afore. And I saw that nothing letted me but sin. And so I looked, generally, upon us all, and methought: If sin had not been, we should all have been clean and like to our Lord, as He made us. 
And thus, in my folly, afore this time often I wondered why by the great foreseeing wisdom of God the beginning of sin was not letted: for then, methought, all should have  been well. This stirring [of mind] was much to be forsaken, but nevertheless mourning and sorrow I made therefor, without reason and discretion.       
But Jesus, who in this Vision informed me of all that is needful to me, answered by this word and said: It behoved that there should be sin; but all shall be well, and all shall be well, and all manner of thing shall be well.

onsdag 9. april 2014

Vår Frue av Candelaria III - Adeje

Forrige del i Vår Frue av Candelaria II - Pilegrimsmålet

Fastetid i Iglesia de Santa Ursula.
Som eg fortalde i forrige bloggpost, er det ikkje originalstatuen som viste seg for gjetarane som står i kyrkja i Candelaria, men ein ny statue som vart laga då originalen forsvann på sjøen. Eg var ikkje klar over dette før eg kom til Candelaria, men eg kjøpte ei lita bok som kunne fortelje meg dette. Boka kunne også fortelje meg at den beste kopien av originalen stod i Adeje. Heilt tilfeldig budde vi nær Adeje, så eg hadde ikkje noko anna val enn å finne denne statuen.

Å finne Adeje var lett. Å finne kyrkja statuen stod i var ikkje så veldig vanskeleg. Å finne statuen var veldig vanskeleg.

Vi fann etter ikkje alt for mykje leiting Santa Ursula-kyrkja i Adeje. Dette viste seg å vere ei vakker kyrkje med statuar av Maria i hopetal. Maria var ved eit hovudalteret i sideskipet, ved sidealteret, ved døypefonten, i form av ein statue ved inngangsdøra og som ein statue på veggen. Altartavla var dekka med eit lilla stoff sidan det var faste, men det titta fram eit Mariamonogram, så eg går ut ifrå at ho også var bak forhenget. Kyrkja var som sagt vakker, og som ein ekstra bonus spelte dei Miserere av Allegri i høveleg volum over skjulte høgtalarar. Alt i alt ei fin oppleving, altså.

Statuen på Maria-alteret var ein kopi av den i Candelaria. På den eine veggen stod det ein statue heilt for seg sjølv, med lys og blomar, men denne var av Jomfrua av Guadalupe. Heller ikkje dei andre statuane såg ut til å vere slik biletet i boka sa Jomfrua skulle sjå ut.


Medan vi var i kyrkja vart eg mest fascinert av ei utruleg utgåve av Maria med den døde Jesus, etter at han er tatt ned frå krossen, utan at Jesus er det som trekk merksemda. Merksemda får ei enorm krone Maria har fått på seg. Her snakkar ein utvida mariologi! Statuen stod inne i eit sidekapell omkransa av fleire andre statuar og eit altar. Kapellet var avstengt med ein gitterport, så vi fekk sett nærare på dette.

Vi dro altså frå kyrkja litt i stuss på om vi hadde sett statuen vi kom for å sjå. Vi hadde sett mange fleire statuar av Maria enn vi trudde vi skulle sjå, men akkurat den vi ville sjå, var vi usikre på om i det heile tatt var der. Var det den i Maria-altaret, berre at dei hadde kledd han opp for å ligne på den i Candelaria? Var det den på veggen frå Guadalupe, berre at dei såg heilt like ut? Vi forstod det ikkje heilt.

Det heile vart klart då eg gjekk gjennom bileta vi hadde tatt i kyrkja. Der fann eg plutseleg statuen! Han stod inne i altartavla som var bak gitteret, gøymt bak den sørgjande Maria med den enorme krona og drukna i mengda saman med blomar, lys og statuar. I tillegg hadde ein på eitt eller anna tidspunkt, kanskje i samband med at den nye statuen vart kanonisk krona (Kva no eigentleg det betyr?)  i 1889, sett krone på både Maria og Jesus, noko som gjorde at ein måtte sjå litt før ein oppdaga at det var den same statuen. For den originale statuen hadde jo ikkje krone. Men statuen var der. Jomfrua av Candelaria, slik ho eigentleg såg ut. Vi hadde sett han, utan å forstå kva vi såg. Slik kan det gå når ein er på impulsiv pilegrimsferd.

mandag 31. mars 2014

Vår Frue av Candelaria I - Openberringa

Vi held oss på Tenerife litt til, for å sjå på det store pilegrimsmålet på øya. Tenerife har nemleg si eiga Maria-openberring med tilhøyrande Mariakyrkje. Turen gjekk derfor til Candelaria.

Lokal feiring for å markere korleis gjetarane fann statuen.
Biletet er tatt av Mataparda og ligg på
Wikimedia Commons (CC-BY-SA-2.0)
Vår Frue av Candelaria har ei historie som skal strekke seg lenger enn den kristne historia til Tenerife, som vart kristna og erobra av spanjolane i løpet av 1400-talet. Historia seier nemleg at to gjetarar var ute med dyra sine i 1392 då dei plutseleg ikkje klarte å drive dyra framover slik dei brukte. Då dei gjekk for å sjå kvifor dyra stoppa, såg dei at det stod ei kvinne med eit barn i armane framfor dei. Dyra nekta å gå forbi kvinna. Dei forsøkte å få kontakt med kvinna utan å lukkast, så for å få med seg dyra prøvde dei å skremme ho vekk. Ein av gjetarane tok opp ein stein og skulle kaste på kvinna, men då han løfta armen vart armen lamma. Då tok den andre gjetaren opp ein annan stein og sprang mot kvinna for å slå henne med steinen. På ein eller annan måte skar steinen han sjølv i handa og blodet spruta. Gjetarane var no livredde, og dro til kongen for å fortelje kva som hadde skjedd. Kongen tok med seg rådet sitt for å sjå statuen, som dei no vel hadde funne ut at det var. Han fann ut at dette var noko magisk, overnaturleg eller guddommeleg, og beordra mennene sine til å ta statuen med seg. Då ingen våga å røre ved statuen etter det som hadde skjedd med dei to gjetarane, gav kongen like godt jobben til dei to stakkarane. Og brått vart begge to helbreda.

Slik seier historia altså at dei fann statuen. I åra som kom vart statuen, Chaxiraxi som han vart kalla, heidra og fekk ein guddommeleg status mellom innbyggarane på øya, utan at dette på nokon som helst måte var kopla til kristen tru, som var ukjent for dei.

Castilla, som var dei som stod for kristninga av Tenerife, brukte metodar som ikkje akkurat står på dagens pensum i missiologi. Av relevans for vår historie er at dei dro til Güímar, nær Candelaria, og kidnappa ein femten år gamal gut som var ute og fiska. Han tok dei med seg til Lanzarote, døypte han og gav han utdanninga han trengte for å bli misjonær. Då han var klar vart Antón Guanche, som vart guten fekk på Lanzarote, med eit skip til Tenerife. Der traff han familien sin att og det vart ein stor fest. Kongen fekk høyre om festen og kva som hadde skjedd, og bad Antón kome og fortelje om det han hadde opplevd. Antón drog til kongen, og medan han var der, viste kongen han Chaxiraxi. Antón la seg umiddelbart på kne og tilbad det han kjente att som Maria og Jesus. 

Antón forklarte så for kongen kor heldige dei var som hadde fått denne gåva, og oppmoda han til å vise statuen på ein måte som gjorde at alle kunne få sjå, slik kristne gjorde med sine heilage gjennstandar. Sommaren 1446 vart så statuen flytta til ei grotte i det som i dag er Candelaria og heidra som «La Madre del sustentador del cielo y tierra» («Mor til Han som opprettholder himmelen og jorden»). Og med det fekk statuen nytt liv som ein kristen heilagdom.

Neste: Vår Frue av Candelaria II - Pilegrimsmålet

Kjelde: J.P. Camacho, The Virgin of Candelaria, Weston 2014 

tirsdag 4. mars 2014

Tenk deg om før du ber til St. Olav!

Olav den heilage. Kanskje ikkje mannen du vil
ha hjelp frå.
Biletet er Gerhard Munthe si illustrasjon til
Heimskringla frå 1899 og ligg på WikimediaCommons.
Via den strålande boka Nidarosdomen av Atle Næss kom eg over denne nydelige snutten frå Passio Olavi, forteljinga om Olav den heilage, truleg skrive av erkebiskop Øystein.[1]
Det var ein dekn,[2] dansk av ætt, som var komen til byen åt den heilage Olav; han hadde falle for freistingane åt det skrøpelege kjøtet og hadde fått mange søner. Di fleire born han fekk, di større armod seig han ned i. Men då no borna leid naud, gjekk han sistpå i seg sjølv og kom og bad oss om råd; han vedgjekk at han hadde vore munk, og då han no hadde teke til seg dei frelsande formaningane, lova han å venda attende til eit gudeleg liv. Men som det no gjekk ei tid, vart den gneisten av anger som hadde vorte tendra i han, kjøvt av syndig elsk; og med di han vart halden uhjelpeleg fast i si gamle syndelyst, fekk han den straff frå Gud at kjønnslemen trutna opp så at det ikkje var til å halda ut. Driven av den fæle smerta tok han til å reka omkring på måfå: og endå han var uverdig og heldt fram i sitt syndeliv, kasta han seg ned, i si fortviling, framfor altaret åt den heilage Olav så tidt det var høve til det. Og då han no oftare våga seg til å falla på kne der, ubotferdig som han var, då hende det sistpå at han sovna. Og sjå! då kom det til han ein mann som såg ut til å vera ein lækjar. Då deknen spurde kva han heitte, svara mannen: «Eg er den Olav som du har kalla på» - og så sette han brennejarnet sitt gjennom den sjuke lemmen. Denknen vakna i fælske ved synet og merka at lemen, som han hadde drøymt at jarnet rørte ved, sveid som han var gloande; han bad då om å få eit kaldt laug, så den fæle pina kunne verte lindra noko ved lunka vatn. Då han no sette seg ned i badet, hende det at lemen, som hadde vorte gjennomstungen av jarnet, losna og fall av - og dermed kvarv óg evnen til å synda. Det som vi her fortel dykk, har vi sett med eigne augo etter at vi kalla saman nokre av dei eldre klerkane i kyrkja vår.[3] 
Slik kan det altså gå om ein ber Olav om hjelp. Det gjeld å tenkje seg godt om før ein søkjer hjelp frå den karen! Av ein eller annan grunn finn eg kun denne underforteljinga i ei av dei tre utgåvene av Passio Olavi som ligg ute i elektronisk form hos Nasjonalbiblioteket. Eg veit ikkje om eg er dårleg til å leite eller om det kun er 1970-utgåva som har ho med, men det er i alle fall ei fornøyeleg forteljing.

[1] Forteljinga står omtala i Atle Næss, Nidarosdomen, Gyldendal Norsk Forlag, 2011, side 110-111
[2] Næss seier at dekn er det same som «diakon», på den tida ein medhjelpar for presten.
[3] Sitatet er henta frå Passio Olavi : lidingssoga og undergjerningane åt den heilage Olav, Samlaget, 1970, side 61-62

søndag 2. mars 2014

Anagram

George Herbert.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Mi utgåve av Lutheran Book of Worship seier at det i dag er minnedagen til George Herbert, eit nytt kjennskap for min del, men ein mann som har gjeve oss dikt eg trur eg skal sjå meir på.

Festivals and Commemorations kan fortelje oss at Herbert vart fødd inn i aristokratiet i Wales i 1593. Han fekk ei god utdanning i språk og musikk ved Trinity College i Cambridge. Han sat i parlamentet og var orator ved universitetet. Rundt 1625 vart han diakon, og i 1630 vart han ordinert til prest. Han skal ha vore ein særs dyktig prest, men rakk berre å tenestegjere i rundt tre år, før han døydde av tuberkulose 1. mars 1633.

Då hadde han allereie skrive manuskriptet til si eine diktsamling, The Temple. Denne diktsamlinga har blitt kalla for «the best collection of religious lyrics in English», og nokre av tekstane vert framleis brukt som salmar. Dikta er ofte i same gate som i dag vert kalla for «konkret poesi», altså at dikta er grafisk forma på ein måte som understrekar orda, til dømes formar orda i «The Altar» eit altar.

Det som umiddelbart greip meg var derimot eit lite dikt om Maria. Diktet er umogeleg å omsettje, og krev kanskje noko gresk- og hebraiskkunnskap for maksimalt utbytte, men for eit dikt!

«Anagram» av George Herbert
Biletet er scanna frå 1633-utgåva av The Temple og ligg på Wikimedia Commons.