Viser innlegg med etiketten Liturgi. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Liturgi. Vis alle innlegg

lørdag 18. november 2017

Peder Palladius' Visitasbok - Til kyrkjeverjene

Lurar du på kven Peder Palladius er, eller kva bok dette er henta frå, finn du meir om dette i denne posten.

Dei første Peder Palladius tar for seg i visitasboka er kyrkjeverjene. Dei skal ta vare på kyrkjene, inventaret og kyrkjegarden. Lat oss høyre noko av det Palladius har å seie til dei.

For det første kan vi lese at uttrykket «Der hvor solen aldri skinner» har bytta meining på 500 år. Her handlar det om innsida av kyrkja.
Så gjelder det tette vinduer. Dere vet jo vel at snø kan gyve og fyke inn der som solen ikke kan skinne.
Pynten skal kyrkjeverjene overlate til «de gode koner og piker»
De gode koner og piker skal venne seg til å bære forklærne sine fulle av blomster og lauv om sommeren når de kommer til kirke. De skal strø det på golvet i husbondens og sine egne stoler, så en kan få lyst til å søke hit inn når dere holder det så fagert og fint.
Eit lite stikk mot papistane tar han seg tid til når han snakkar om at kyrkjegarden skal vere fin.
[...] godtfolk kan gå hit på kirkegården til fedrenes graver, ikke for å be til Gud for dem (Gud være lov, det trengs ikke; de som alt er herfra har sin dom, og vår dom står enda igjen), men for å minnes her ved fedrenes grav at du selv også skal dø. 
Høgt gras på kyrkjegarden var ein styggedom (det er det framleis), men det var verre ting på 1500-talet. Då regjerte djevelen! Heldigvis hadde ein kyrkjeverjene til å halde fortet mot djevelen sine herjingar.
Ingen må tillate at de rir og renner inn på kirkegården i bryllupstider. Det hørte djevelen til, slik som den sviringen og svermingen man hadde i kirken på andre eller tredje bryllupsdagen, det som nå er blitt rettens sak å gjøre opp med. Dette skal nå kirkeverjene ta vare på, slik som de er tiltrodd det.
Palladius var ikkje så glad i sidealter. Lat oss høyre kva han instruerer kyrkjeverjene om dei.
Liksom hver kirke har nok med en prekestol, så har den heller ikke bruk for mer enn ett eneste alter. [...] De andre alterne er det derfor ikke noe bruk for lenger, enda papistene også vil holde dem ved makt, så de skal stå der og vente på en ny tid da kremmerhandelen og tuskingen deres kan komme opp igjen, [...] Gud i himmelen fri oss fra andre villfaringer, så sant som vi er blitt fri fra pavens og munkenes villfaring som vi har hatt mer enn nok av. [...] Derfor kan kirkeverjene ta dem ned og bruke slik styggedom og skrot til andre ting i kirken. 
Vi tenker gjerne at universell utforming er eit moderne fenomen. Tru på nytt!
Det alteret som er nærmest prekestolen kan dere ta bort og i stedet sette en stol der til alle dem i sognet som Gud har lagt hånden sin på, så de er blitt tunghørte, så de kan stå nær ved prekestolen og bedre får høre de salige Guds ord. 
Til slutt: Eg veit at enkelte kyrkjeverjer ikkje alltid går til gudsteneste. Peder Palladius har eitt og anna å seie til dei.
Men er det tvert imot slik at du ikke har lyst til å høre ordet fra din sogneprests munn, at du ikke kommer til kirken din og gjerne lar stolen din stå tom om søndagen og andre helligdager, fører et skammelig liv tvert imot Guds ord, ikke engang tenker på at du er døpt, og ikke går til alters, da trenger du ikke spørre granner og gjenboere til råds, men ditt eget hjerte skal overtyde deg og si at det er et sikkert tegn på at du er besatt med en djevel fra helvete. 
Det kjem fleire postar med Palladius sine beskjedar til dei nyreformerte,

fredag 19. august 2016

Lord of the Dance

I heimen har vi i det siste høyrt mykje på ein song vi absolutt burde fått inn i den norske salmekanonen. Sangen er «Lord of the Dance» av Sydney Carter, ei perle av ein song.

Mange kjenner sikkert salmen «Da jeg trengte en neste». Personleg er eg ikkje overbegeistra for denne salmen. Tekstmessig er ho grei, men melodien vert fort ganske... langdryg... Den godaste Carter har fått med denne salmen i både den noverande og den forrige salmeboka, men om berre ein av hans songar skal vere ein del av norsk salmekanon, burde det vere «Lord of the Dance».

Først nokre ord om Sydney Carter. Han var ein engelsk visesangar som hadde ein relativt blomstrande karriere, der han mellom anna jobba saman med Pete Seeger. Han skreiv ein del liturgisk musikk og songar for kyrkjebruk, og dette vart mykje brukt sjølv om Carter sjølv var notorisk omdiskutert på grunn av sin lauslege omgang med kyrkjelege dogme. Han vart til slutt gravlagt i Church of England, men såg kanskje meir på seg sjøl som ein kveker.

Shiva som Nataraja. «Dansens herre» eller «Lord of the Dance».
Biletet er tatt av StaraBlazkova frå tsjekkisk Wikipedia og ligg
på Wikimedia Commons. (CC BY-SA 3.0)
Når han skreiv «Lord of the Dance» var det faktisk ein gamal kvekermelodi han brukte. Teksten er inspirert av ein statue av den hinduistiske guden Shiva, manifistert som Nataraja som er sanskrit og betyr «Dansens herre» eller «Lord of the Dance». I hinduistisk lære dansar Nataraja ein kosmisk dans som øydelegg verda og førebur henne på ei nyskaping, ikkje heilt ulikt kristen eskatologi.

Carter gjev tittelen «Lord of the Dance» til Jesus, og fortel om korleis Jesus dansar gjennom verda. Frå skapinga til oppstoda. Første vers i songen, der Jesus dansar under skapinga kan minne om orda frå Ordtøka 8, der visdomen leikar under skapinga. Vidare dansar han seg til stallen i Betlehem og vidare til krangel med farisearar, helbredingar, kall av læresveinar, krossfesting, oppstode og inn i liva til dei truande. Evangeliet fortalt med hinduistisk bruk av bilete. Alt med eit superfengande refreng.
Dance, dance, wherever you may be
I am the lord of the dance, said he
And I lead you all, wherever you may be
And I lead you all in the dance, said he
Sydney Carter var som sagt ikkje så nøye på å holde seg innanfor grensene for etablert dogmatikk. Han sa sjølv dette om Jesus i songen, og kanskje finn vi her ei forklaring på kvifor vi ikkje har tatt han i bruk i Norge?
I see Christ as the incarnation of the piper who is calling us. He dances that shape and pattern which is at the heart of our reality. By Christ I mean not only Jesus; in other times and places, other planets, there may be other Lords of the Dance. But Jesus is the one I know of first and best. I sing of the dancing pattern in the life and words of Jesus.

Songen er mykje brukt i engelsktalande kyrkjer. Og kvifor skulle han ikkje vere det? Dette er ein strålande salme.  Sjeldan eller aldri har vel hinduisme og kristendom blitt kombinert på ein flottare måte!

Ta deg bryet med å lese teksten her, og høyr The Dubliners spele songen i filmen under. Eg trur ikkje dei har med alle versa når dei syng han, men når ein kan melodien klarar ein jo fint å synge sjølv. Denne songen må inn i norske gudstenester!

søndag 4. oktober 2015

Nattverd med marsvin

Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Eit mykje betre bilete kan sjåast hos TripAdvisor.
I dag får heilage Frans vere heilage Frans. Trass i at han har minnedag i dag, skal vi sjå på noko heilt anna. Vi skal til Cuzco, sør i Peru, og vi skal - sikkert ikkje uventa - inn i katedralen i byen. I katedralen i Cuzco finn ein nemeleg eit bilete som gjer noko eg både elskar og ikkje har sansen for i det heile.

Nattverden er høgdepunktet i ei kvar gudsteneste, og det er ei ganske fast greie. Ein deler brød og vin, for det var det Jesus gjorde. Heilt vanleg mat for jødar både då og nå, og noko som også funkar bra i vår kontekt. Brød er heilt vanleg mat for oss, sjølv om vin nok har vore meir for fiffen enn mannen i gata store delar i historia, i alle fall her i nord. Slik er det ikkje i andre delar av verda. Andre stader kan brød og vin vere totalt ukjent eller luksusvarer som berre er for dei aller rikaste. Då funkar ikkje symbolikken like godt. Nokre stader har ein gjort noko med dette. Eg har feira nattverd med ris og te saman med tamilar, noko eg endå ikkje har bestemt meg for om var det flottaste uttrykket for kontekstuell kristendom eg har vore borti, eller kludring med sakramentet på ein måte ein ikkje bør gjere. I Cuzco finn ein endå eit døme på ei slik kontekstualisering, sjølv om det her er i form av eit kunstverk, og eg ikkje kan tenkje meg at Den katolske kyrkja har godteke noko slikt utført i praksis.

I Peru et ein nemleg marsvin. Ikkje berre et ein marsvin, ein jomsar det i seg i store mengder. 65 millionar marsvin havnar på peruianske middagsbord kvart år. Det er derfor kanskje ikkje så uventa at då Marcos Zapata på 1700-talet skulle lage ei framstilling av Jesu siste måltid slik at folk i Peru skulle kunne forstå det, lot han måltidet bestå av marsvin og andre peruianske rettar.  (Her er vi forresten attende til St. Frans. Zapata mala også 24 maleri av hendingar i livet til Frans av Assisi.) Eit anna herleg kontekstualiserande trekk med maleriet er at Judas skal ha fått utsjånaden til Francisco Pizarro, conquistadoren som erobra inkariket og tok livet av den siste inkakongen. Judas er karen nede til høgre i biletet. Han med pengepungen i handa. Eg synes dei liknar.

Som kontekstuell kunst er det fabelaktig. Som nattverdteologi er det..... suverent eller søppel.... Eg klarar ikkje å bestemme meg.

mandag 6. juli 2015

«Sæle er dei som høyrer Guds ord»

I kyrkjene våre har det dei siste åra poppa opp fastmonterte lerret som augebetennelse i ein barnehage. Det er meint å skulle gjere det lettare for kyrkjelyden å følgje med på liturgien og salmane. Ein fin tanke. Kyrkjelyden skal kunne følgje med på liturgi og salmar.

For at kyrkjelyden skal kunne gjere dette - ein kan sjølvsagt spørje seg kvifor det kyrkjelydar gjennom to tusen år har klart utan lerret plutseleg er umogeleg for kyrkjelydar i dag - viser ein slike «powerpointar» på desse lerreta. Det er det dei heiter, desse straumane av lysbilete, sjølv om eg personleg helst brukar LibreOffice Impress for å skape slik magi, og kven veit kva eplefolket brukar....

Uansett. Slike «powerpointar» tiltrekk seg merksemd. Det er berre slik auget fungerar. Bilete som skiftar tiltrekk seg merksem. Nokre «powerpointar» er vellukka. Andre er ikkje like vellukka.... Nokre er keisame. Andre er... ikkje keisame.... Dei vellukka tiltrekk seg merksemda dei skal ha. Dei mindre vellukka er så altoppslukande at det ikkje er mogeleg å få dei vekk frå synsfeltet.

Ein kan sjølvsagt spørje seg kvar kyrkjekunsten har blitt av i dette. Den gjennomtenkte kyrkjekunsten som er blitt kjøpt inn, utforma og plassert for å gje eit heilskapleg uttrykk. Den blinkar ikkje så mykje, det skal seiast. Den er heller ikkje alltid like... dagsaktuell. Den har kanskje det ein kan kalle for «tidløyse». I alle fall den vellukka kyrkjekunsten. Eg ser no vekk frå svært mange grelle altartavler.

Og ein kan spørje seg kvar fokuset på altaret har blitt av. Der sakramentet er. Der fokuset for tilbedinga bør vere. Ein ser nemleg ikkje på altaret når ein framseier liturgien. Ein ser på eit lerret med ein «powerpoint». Og det lerretet, det heng der det er plass til det. På bakveggen, for alt eg veit.

Ord og sakrament. Der ligg kjerna i vår lutherske lære. Eller låg. No kan det ofte verke som ho ligg i clip-art og «powerpointar».

Det vart talande for meg då eg kom over desse orda i arbeidet med ein artikkel på Wikipedia. Dei er frå Fjotlandsrosa, ei nettside som driv med «Kulturhistorie frå Fjotland». Fjotland viser det seg at er ein plass i Kvinesdal. Som seg hør og bør for ei nettside som driv med kulturhistorie frå Fjotland, skriv Fjotlandsrosa om Fjotland kyrkje. Og her kjem det. Orda som ikkje treng kommentar, men som åleine illustrerer korleis «powerpointar» har blitt CA XXIX:

Den som legg turen til Fjotland kyrkje ein messesundag, vil ikkje oppleva å sjå det som på fleire måtar har vore ein gøymt skatt i det gamle gudshuset. Bak lerreftet (sic) som blir brukt til å visa tekstane til salmar og dei ulike ledda i gudstenesteliturgien for kyrkjelyden, finn ein nemleg eit bibelord skore ut med med store bokstavar, i eit språk dei færraste av oss skjønar. 
På tri samanføydde trefjøler som heng på høgre sida på korveggen framme i kyrkja, kan ein lesa: BEATI QUI AUDIUNT / VERBUM DEI ET CUSTO / DIUNT ILLUD : LUC 11 28. Orda finn ein som ein kanskje skjønar i Lukas 11, 28: «Sæle er dei som høyrer Guds ord og tek vare på det.»

tirsdag 12. mai 2015

Broder Roger 100 år

Broder Roger i Taizé.
Biletet ligg på Wikimedia Commons og er tatt av
João Pedro Gonçalves. (CC BY-SA 2.5)
Hadde han levd, ville Broder Roger blitt hundre år i dag. Desverre vart han aldri det, men vart drepen under ei gudsteneste i Taizé i 2005. Med det mista kyrkja ein av sine viktigaste menn dei siste hundre åra. Eg trur det er vanskeleg å overdrive kva Broder Roger og Taizé har hatt å seie for kyrkja både i Europa og resten av verda.

Heldigvis lever fellesskapen han grunnla vidare og spiritualiteten han stod for har fått spreie seg. Songane frå Taizé er i dag allemannseie i kyrkja, og her i Norege, og også i resten av verda, feirar vi fleire stader gudstenester slik dei gjer det i Taizé.

Den fornyinga og vitaliseringa av bøn og gudstenesteliv Broder Roger gav oss, er uvurderleg. Vi minnast i dag Broder Roger og sluttar med nokre ord han skreiv.
Kristus, du er forenet med hvert enkelt menneske uten unntak. Og enda mer: Som den oppstandne kommer du og leger sjelens hemmelige sår. Og for hver enkelt åpnes portene til hjertets uendelige godhet. Gjennom en slik kjærlighet forandres våre liv litt etter litt.
Grava til Broder Roger slik ho var då eg såg ho i 2005.
 Sitatet er henta frå Sanger frå Taizé, Verbum, 2003

tirsdag 24. februar 2015

Den store salmediktaren

Eg har lenge trudd at den største salmediktaren i Norge nok var Petter Dass eller Elias Blix eller noko slikt. Det er mogeleg det må ein ny mann inn på denne lista. Eg kan ikkje uttale meg om kvalitet, men om ein går etter kvantitet, går Nils Semingsen Undset rett inn på lista.

Aldri høyrt om fyren før, seier du? Det hadde ikkje eg heller fram til nettopp. Då snakka eg med soknepresten i Rendalen som kunne fortelje meg om bygda sin store og gløymde son.

Nils Semingsen Undset gav i 1914 ut sin heilt eigen salmebok. Boka hadde 641 salmar, alle skrive av den same mannen!

Boka var skrive inn mot revisjonsarbeidet som skjedde i kyrkja i Norge i dei første tiåra av forrige hundreår. Nye liturgiske bøker var ferdig i 1920 og Landstads reviderte kom i 1924, omtrent samstundes som Nynorsk salmebok og ei revidert koralbok. Sjølvsagt krangla ein som hund og katt om dette, og Undset bestemte seg for å skjære gjennom og lage ei salmebok som folk kunne samle seg om og som kunne få slutt på kranglinga.

I 1928, to år etter Landstad sin revisjon, kom ei ny utgåve av Nils Semingsen Undset si salmebok. Salmer over Nye tekster - Første rekke. Boka skal ha brukt dei same melodiane som Landstad, men alle tekstane var skrive av Undset. Det var 355 salmar til alle søndagane i kyrkjeåret og ulike tema, i tillegg til 286 salmar til dei nye tekstane i kyrkjeåret.

Vi har ikkje høyrt om salmeboka i dag. Det skuldast at Undset aldri lukkast i å selgje inn boka si til leiarskapet i kyrkja. Dei var rett og slett ikkje interessert, og ein skuffa Undset brann mesteparten av bøkene.

Heldigvis overlevde nokre få eksemplar. I Renndalen i dag driv kyrkja eit viktig arbeid for å gjere denne salmeboka kjent for folk. Kanskje kan vi håpe på eit opptrykk? Men sidan dette i såfall då vil kome nokre år etter at Den norske kyrkje har fått ei ny salmebok, kan vi vel rekne med at Undset også denne gongen vil få problem med å få det heilt store gjennomslaget.

Vi kostar til slutt på oss å sjå kva Norsk Forfatter-Lexikon 1814-1880 frå 1908 skreiv om Undset.

Kjelde:
Rendalen menighetsblad nr. 3 2013

mandag 2. februar 2015

St. Simeons dag

Eit georgisk ikon som viser Josef, Maria, Jesus, Simeon og Anna.
Lurar du på kven Anna er? Slå opp i Lukas 2 og finn det ut.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
I dag er det kyndelsmesse, dagen ein minnast då Jesus vart boren inn i tempelet av Maria og Josef. Dette er førti dagar etter jul, altså førti dagar etter at Jesus vart fødd, noko som vil seie at Maria si reinsingstid var over.

I tempelet traff dei på Simeon. Han venta på å sjå Messias. Gud hadde sagt at han ikkje skulle døy før han fekk sjå han. Lukas fortel at Simeon vart driven til tempelet av Den heilage ande samstundes med den heilage familie, og då han møtte dei såg han at den lille guten var han han venta på. Messias. Då tok han Jesus i hendene sine og sa fram orda vi kjenner som «Simeons lovsong» og gjer til våre eigne når vi ber kompletorium.
«Herre, no lèt du tenaren din fara herifrå i fred,
slik som du har lova.
For mine auge har sett di frelse,
som du har gjort i stand like for andletet på alle folk,
eit lys til openberring for heidningane
og til ære for folket ditt, Israel.»
Og som eit lite apropos: Det var ikkje berre i Israel for 2000 år sidan at kvinner kom til kyrkje for å bli reinsa førti dagar etter fødselen. Dette dreiv ein med i Danmark og Norge i lang tid. Den norske Altarbok for Den norske kyrkja som kom i 1920 og var i bruk fram til ny liturgi kom i 1977 har eit eige kapittel «Um inngangskonor».
Ein eigen benk for «Kirkegans Koner» eller «Inngangskoner»
og dåpsfylgjer i Mariager kyrkje i Danmark.
Biletet har eg tatt, og det ligg på Wikimedia Commons.
(CC BY-SA 3.0)
«Inngangskona skal møta med fylgjet sitt i vaapenhuset eller sakristiet i god tid fyre gudstenesta tek til, eller medan dei syng ein av salmane fyre preika.
I ein stutt tale minner han [Altså presten. Min merknad] henne fyrst um at ho skal takka Gud, som naadig hev hjelpt henne i trengsla og gjeve henne gleda yver at eit menneskje er født til verdi og endaa større gleda av di Gud hev laga til eit atterfødings-bad aat barnet hennar, so det skal sjaa Guds rike. So bed han henne visa seg takksam i gjerning og uppseda barnet sitt i sann otte for Herren og i alle maater gjeva det eit godt og kristeleg fyredøme.»
Når presten har halde ein kort tale om dette, (Korleis ein tale med så omfattande innhald kan bli kort er eit ope spørsmål) skal han seie:
«Gakk inn i Guds kyrkjelyd med fred, og takka Herren, din Gud, som hev gjort vel imot deg. Han styrkje deg framleis paa sjæl og likam, og late din inngang og din utgang no og alltid vera velsigna for hans aasyn!»
Så går inngangskona og følgjet inn i kyrkja.

Om dette var vanleg praksis i Norge etter 1920, veit eg ikkje, men ein hadde i alle fall ei ordning for det. I Danmark skal skikken ha forsvunne rundt 1900, men kanskje hang det lenger i her?

Det er verdt å merke seg at det ikkje er snakk om nokon reinsing, slik Maria gjekk til tempelet for. Dette var pålagt henne i Moselova, men i kristen tankegang er det umogeleg å hevde at kvinner kan vere «ureine» etter fødsel. Ritualet har derfor blitt endra til ein ganske underleg påminning om å vere takksam, glad og gjere barnet til ein god kristen.

onsdag 18. juni 2014

Strilesong

I dag er Nordhordland kjent for gode musikarar på mange område. Slik har det ikkje alltid vore. I band 4 av Strilesoga kan ein få nokre glimt av kyrkjesongen på 1800-talet.

Prestane i Nordhordland skal ha vore svært lite nøgd med kyrkjesongen rundt om i kyrkjene. Problema skuldast tydlegvis kombinasjonen av lokal songstil og prestar frå andre delar av landet. Her i strøket song dei på ein særskild måte med tanke på korleis melodiane vart utbroderte, noko som førte til at songane tok lengre tid. Prestane var vant med andre skikkar, og ville syngje fortare. Dei fekk med seg klokkaren, og song slik «det burde vere», noko som førte til at det kunne vere opp til ei strofe mellom den delen av kyrkjelyden som song saman med presten og klokkaren og dei som heldt seg til strilemåten. Då Manger kyrkje hadde visitas i 1883 omtala soknepresten songen som dårleg og sa at dei song melodiar som han ikkje hadde høyrt andre stadar og ikkje ana korleis hadde kome til Manger.

I Masfjorden gjekk sokneprest Torbjørn Frølich drastisk til verks for å få bukt på desse problematiske strilane. Han kjøpte eit brukt orgel frå ei av kyrkjene i Bergen, noko som vart «en seier for kirkesangens forskjønnelse».

Framleis finn ein spor av den gamle strilesongen i kyrkja vår. Melodien til «Herre, eg inderleg ynskjer å fremje di ære» er frå Eksingedalen, og skal vere ein rest frå før den tradisjonen døydde ut, eller «hadde faat sin knæk», som Frølich sa det, då orgelet kom inn og tok kontroll over kyrkjesongen.

Kjelde: Atle Døssland og Karl Egil Johansen, Strilesoga. Nord- og Midthordland gjennom tidene. Band 4, Eide forlag, Bergen, 1999. Side 197.

onsdag 30. april 2014

Barnens altarskåp

Heilt tilfeldig dukka denne fantastiske leikekroken i Linköpings domkyrka opp i straumen min på Facebook. Eg vart umiddelbart fascinert og tenker at dette er noko vi bør få oss i Norge også.
Barnens altarskåp står bak i kyrkja, altså der mange kyrkjer har ein leikekrok. I skapet finn ein liturgiske klede for barn - til og med bispeklede, eit altar, med liturgisk utstyr, ei dokke for å leike dåp og andre ting. Alt ein treng for å leike gudsteneste med stil, altså! (Ein kan sjå fleire bilete på Facebook)

Kyrkjelyden seier dette om skapet:
När vi går in i kyrkan kan det vara som att komma in i en annan värld där det mesta är annorlunda. Här är det högt i tak, ljudet ekar, människor bär speciella kläder och musiken låter annorlunda. Böner, bekännelser och lovsång ljuder. Här möts dåtid, nutid och framtid. 
​Leken är viktig för barns utveckling och lärande. I leken hanterar barn det de redan kan och det de vill lära sig att förstå. I leken stimuleras fantasi, inlevelse, kommunikation och förmågan till symboliskt tänkande. Här stimuleras också förmågan att samarbeta och lösa problem. Lek är liv!
Vi vill med det här skåpet bjuda in barnen att utforska kyrkans värld och livets frågor på sina egna villkor!
Dette er ein strålande tanke, og noko mange bør sjå verdien i. Det passar for oss som likar det liturgiske med alt det har med seg av klede og ord, og det passar for dei som meiner dette er framandgjerande både for born og vaksne. For her kan ein leike seg inn i liturgien og gjere den til sitt eige. Og leik og liturgi høyrer saman. Høyr kva Den norske kyrkje seier:
Som rite er gudstjenesten beslektet med lek eller dans eller drama/skuespill. De som er til stede, har sine oppgaver eller roller, og alt som skjer har sin orden, sin lovmessighet. Slik som i leken eller i skuespillet blir det i gudstjenesten også skapt en egen slags virkelighet innenfor det liturgiske rom. Slik kan liturgien gjøre oss i stand til å forstå det som egentlig ikke er til å forstå. Den hjelper oss til å tolke og forholde oss til Guds nærvær, og det mysterium som frelsen er.
rLeikekroken kan altså bli ei vidareføring av gudstenesta. På borna sine premiss, men samstundes i dei rammene gudstenesta allereie går i. Borna, og kanskje også nokre vaksne, kan få større forståing for gudstenesta, og kanskje kan også gudstenesta frå impulsar frå leiken?

Fleire kyrkjer i Sverige skal ha slike skap. Her må vi lære av søsterkyrkja vår! Dette er strålande trusopplæring.

mandag 10. mars 2014

Miserere

Fastetida stig fram, og St. Isisdors minne opnar ei luke i fastekalenderen litt for tidleg. På 1630-talet byrja ein å bruke ein særskild versjon av Salme 51 på tidebønene i det sixtinske kapell på onsdag og fredag i den stille veka. Fleire komponistar skreiv musikk til dette, men det mest kjente stykket vert tillagt Gregorio Allegri, sjølv om Wikipedia seier det også inneheld stoff ein annan komponist har skrive.

Miserere, som dette musikkstykket vart kalla, imponerte paven i så stor grad, at han bestemte at det kun skulle brukast i det sixtinske kapell. Han forbaud nokon å skrive det ned og ta det med til andre stader, med ekskommunikasjon som straff for den som måtte finne på å ta seg til rette.

Men sjølvsagt kom Miserere  seg ut av Vatikanet, utan at ein eigentleg veit heilt korleis det skjedde. Eg likar best denne versjonen, sjølv om den høyrast ein smule legendarisk ut...

I 1769 var Wolfgang Amadeus Mozart 12 år, og faren tok han med på ein tur til Italia for å lære om musikk. Dei kom til Roma akkurat i den stille veka, og Mozart drog til det sixtinske kapellpå onsdagen for å høyre Miserere. Då det heile var ferdig skreiv han ned heile stykket på hugs, og drog attende på fredagen. Då hadde han gøymt notatane sine i hatten sin, og fulgte med medan koret song, slik at han fekk retta opp i småfeil.

Det kan vere at dette faktisk stemmer, for ein engelskmann som traff Mozart seinare den sommaren, gav i 1771 ut stykket, slik at resten av verda også fekk høyre denne fantastiske songen.

Dette må vere eit av dei vakraste musikkstykka som er skrive. Her sunge av The Choir of Claire College, Cambridge.  


Og så kan ein samanlikne med salme 51 i denne klassikaren og lure på kva som har skjedd med kyrkja sin estetiske sans...

torsdag 9. januar 2014

Skoa er det minste problemet

Slik ser drakta ut.
Biletet er frå Wikimedia Commons.
Foto: Martin Munch/Roskilde Stift
I Danmark går no ei underleg sak om ein prest som vert nekta å gå med joggesko under prestedrakta når han feirar gudsteneste.  Vi har i og for seg eit ganske tilsvarande reglement å halde oss til her i Norge, og akkurat kva styringar ein skal ha for skobruk har eg ingen intensjonar om å synse noko særleg om.

Det som gjer saka i Folkekirken underleg, er at dei insiterer på at prestane skal gå med den svarte prestekjolen med pipekrage som vi heldigvis kvitta oss med i Norge for mange år sidan.

Presten som har starta debatten seier at «Præstekjolen og de sorte sko og sokker er en hellig ko, som ikke har nogen som helst symbolsk betydning, der peger i retning af, at vi skal efterfølge Jesus.», og dette er heilt sant, all den tid dei går med desse draktene.

Dansk Wikipedia kan fortelje oss dette om desse draktane:
Den sorte præstekjole og den hvide pibekrave er en almindelig borgerdragt fra 1600-tallet, som er blevet "fastlåst" som embedsdragt for folkekirkepræster. Luther mente, at præsten skulle bære den samme dragt som sine ligemænd – borgerne i menigheden, og derfor blev den almindelige borgerdragt valgt. Dette lutherske princip er altså gradvist forladt, i takt med at tiderne har ændret borgernes almindelige påklædning, mens præsternes beklædning er beholdt gennem 400 år.
Luther sin tanke var på sett og vis god, men ein kjem ikkje vekk frå at denne drakta ikkje har nokon som helst liturgisk symbolverdi, men står fram som ein framandgjerande anakronisme. At det er ein framandgjerande anakronisme kan nok også hevdast om våre liturgiske draktar, men dei har stor symbolsk verdi og står i ein økumenisk tradisjon og samanheng. Den svarte drakta i Danmark gjer ikkje det heller.

Prosten i det aktuelle prostiet påpeiker, heilt riktig: «Man bærer præstekjole for at minde sig selv om, at man er i et andet ærinde end sit eget.» Og nettopp derfor er det ein ikkje skal kle opp prestane i svart, men i kvitt - fargen for reinskap og heilagdom som minner oss om den store kvite flokken.

Fram til Folkekirken får bytta ut den ubrukelege prestedrakta si med den økumeniske albaen, vil eg gje mi fulle støtte til ein kvar kollega i Danmark som trer på seg kva sko det måtte vere. Vote with your feet!  

søndag 15. desember 2013

Frå våre lutherske søsken over havet

Den vakre framsida på altarboka frå 1899.
For ei tid sidan kom eg over eit par altarbøker eg ikkje klarte å gå forbi på eBay. Det var to altarbøker frå lutherske kyrkjer i USA. Dette er sjølvsagt ikkje særleg oppsiktsvekkande, men det som gjorde at eg ikkje klarte å ikkje kjøpte dei, er at dei var på norsk. Det var altarbøkene til norske lutheranarar i USA. Eg hadde aldri reflektert rundt korleis dei norske emigrantane organiserte kyrkjelivet sitt i USA, men fekk med dette eit interessant innblikk i amerikansk kyrkjeliv for litt over hundre år sidan.

Dei ulike norske kyrkjelydane i USA samla seg i ulike kyrkjesamfunn. Vi går gjennom Synoden for den norsk-evangelisk-lutherske Kirke i Amerika, eller Norwegian Synod, sidan den eldste av altarbøkene mine kjem frå dette kyrkjesamfunnet. Det vart skipa i 1853 som ei samanslutning av norske, lutherske kyrkjer i Iowa, Minnesota og Wisconsin, og brukte liturgien til kyrkja i Norge. Som seg hør og bør i ei protestantisk kyrkje, var ein ikkje lenge samla før ein tok til å dele seg opp. I løpet av 1880-talet forsvann omtrent ein tredjedel av kyrkjelydane i kyrkjesamfunnet ut og slo seg saman med to andre norske, lutherske kyrkjesamfunn i Den Forenede Kirke. Splittinga varte nokre tiår, og i 1917 slo Den Norske Synoden, Den Forende Kirke og eit tredje norsk, luthersk kyrkjesamfunn: Haugesynoden, seg saman til Norwegian Lutheran Church of America som seinare har blitt ein del av Evangelical Lutheran Church in America.

Dette var altså eit riss av vegen Norwegian Synod gjekk, om eg har forstått den krunglete vegen riktig. Det var fleire andre norske synoder i sving, og dei andre kyrkjesamfunna vart danna på grunn av splittingar og samanslåingar av desse synodene. Eg vil ikkje forsøke å forklare det, då eg ikkje sjølv heilt ser kvar alle trådane går. Interesserte kan sjølv forsøke på Wikipedia.

Som sagt kjøpte eg ei bok frå perioden kyrkja vart kalla Synoden for den norsk-evangelisk-lutherske Kirke i Amerika. Boka opplyser at ho er «Vedtaget paa Synodens Fællesmøde i Spring Grove, Minnesota, Juni 1899.» og ho er ei vakker lita bok. Boka er så lita og med så små bokstavar at korleis ho kan ha fungert som altarbok for ein prest er ei gåte for meg. Men det er tydeleg at ho har vore brukt. Ein flittig prest har til og med klipt opp ei salmebok og limt inn dei mest brukte salmene på dei bakarste sidene i boka. Som ein trist illustrasjon på at dei hadde eit hardt liv på prærien rundt forrige århundreskifte er dette salmar med overskriftene «Salmer ved Dødsleiet» og «Ved Børns Begravelse»...

Den andre boka er nyare. Eg veit ikkje heilt når ho kom ut, men ein tidlegare eigar har skrive 1932 på tittelbladet, og med ei anna handskrift står det 1914 og «ordinasjon» skrive med liturgien for «Prestevielse».  Så boka er anten frå perioden rett før eller rett etter at Norwegian Lutheran Church of America vart danna, og har i alle fall mest truleg vore i bruk i dette kyrkjesamfunnet. Det er noko underleg å sjå at tittelbladet seier «Alterbog for Den norske Kirke» med utgjevar Augsburg Publishing House, Minneapolis, Minnesota.

Boka er særs godt brukt. Ho inneheld også tekstrekkene deira, og presten eller prestane som har hatt boka har streka under så mykje at ein kan undre seg på om det i det heile tatt har hatt nokon praktisk nytte. I enkelte tekstar er bortimot kvart einaste ord understreka. I tillegg er det enkelte preikenotat. For «5 Søndag efter Trefoldigheds Fest», der ein preika over Johannes 1, 35-51, kan ein til dømes lese følgjande plan for preika: «Si litt om "lammet" i skriften».  Ikkje den dummaste planen, men eg ville nok personleg hatt litt lenger manus for preika mi. Interessant nok ser dette ut som ei tredje handskrift.

Denne Alterbog er Aftryk af den nye Alterbog for den norske
Kirke med de Forandringer som de frikirkelige Forhold her
i Amerika nødvendiggjør.
Ein brukar altså same liturgi som i Norge, i alle fall i grove trekk. Den nyaste boka opplyser om at boka følgjer kyrkja i Norge sin liturgi «med de Forandringer som de frikirkelige Forhold her i Amerika nødvendiggjør». Eg har ikkje sett nøye nok etter til å seie sikkert kor mykje denne frikyrkjedomen har å seie for liturgien, men eg kom i alle fall på eitt punkt der eg tenkte det sikkert var eit skilje. Og ganske riktig var det skilnad mellom den norske og den amerikanske kyrkjebøna.

Etter vår heimlege altarbok frå 1920, altså ei bok som sansynlegvis vart brukt samstundes som boka frå USA sjøl om denne nok er litt eldre, bad ein følgjande i «Den aalmenne kyrkjebøni»:
Hald di verjande hand yver folk og fedreland og vaare landsmenn paa havet og i framande land. Vara og velsigna kongen og hans hus, stortinget, kongens raad og alt vaart landsstyre. Verna heimane vaare, velsigna skulane og høgskulane vaare...[1]  
På same tid bad ein dette i USA:
...Ophold med din almægtige haand al Øvrighed aa Jorden og sæt den til en Velsignelse for Folkene. Tag i din naadige Varetægt vort kjære Folk og Land og vore Landsmænd allevegne, vor President med hans Raad, [den nu forsamlede Kongres], denne Stats Guvernør og alle som har Myndighed fra dig iblandt os. Velsign vort kjære Kirkesamfund og hold din Haand i Naade over vore Læreanstalter, lad din Aand regjere vore Skoler...[2]
Går vi til 1899 finn vi ei særs interessant kyrkjebøn, då den viser at dette var eit kyrkjesamfunn for folk som hadde sterke band til eit anna land enn landet dei budde i. I 1899 bad dei dette på gudstenestene sine:
...Beskjerm og bevar vort Land, de forende Stater og deres Præsident, og giv al Øvrighed iblandt os Visdoms og Herrens Frygts Aand til sit høie Kald, at vi maa leve et roligt og stille Liv i al Gudfrugtighed og Ærbarhed. Velsign alle Landets øvrige Indbyggere. Velsign ogsaa vore Fædres Land med Konge og Folk, samt alle vore Landsmænd i det fjerne og paa Havet...[3]  
Artig nok bad dei altså både for president og konge på dette tidspunktet, medan eg ikkje finn noko om kongen i den seinare utgåva, sjølv om denne opplyser at det er liturgien frå Norge som er brukt. Kongelojaliteten hadde altså fått seg ein knekk på desse få tiåra.

Eit raskt lite glimt inn i norsk kyrkjeliv i USA for rundt hundre år sidan, altså. Og så kan vi jo håpe at det snart vert løfta fram bøner for presidenten, i staden for kongen, frå lutherske kyrkje med liturgi på norsk igjen.

[1] Altarbok for Den norske kyrkja, Kristiania, 1920. Side 10-12 
[2] Alterbog for Den norske Kirke. Minneapolis, Minnesota. Side 34-35
[3] Alterbog, Spring Grove, Minnesota, 1899. Side 7

søndag 10. mars 2013

Ei sjeldant godt gjennomført gudsteneste

Giovanni heidrar Jesusbarnet.
Nokre gudstenester er så flotte og godt utførte at dei ikkje bør gå i gløymeboka i det ein går ut av kyrkja. I dag var eg på ei slik gudsteneste i Nykirken, eller Barnas katedral.

Gudstenesta i dag var på mange måtar ei vanleg gudsteneste, men preika var i hovudsak erstatta av eit utdrag av ei dramatisering av det eg tidlegare har hevda er den fremste kristne, barneboka, nemleg Guds gjøgler.

Dramatiseringa var strålande god! Stykket vart framført av Teater Okolo med ein hovudskodespelar som fekk hjelp av ein kombinert musikar, lydeffekt-makar og statist. Skodespelaren mala forteljinga på ein framifrå måte, naturleg nok med sjonglering og anna som høyrer med i ei forteljing om ein gjøglar. Presten hadde tatt eit val andre prestar bør lære av. Ho byrja med å snakke litt ut frå korleis Paulus samanliknar kyrkja med kroppen i 1. Kor 12, ein tekst som passar som hand i hanske saman med Guds gjøgler. Etter dramaet vart det ikkje sagt noko. Kunsten fekk stå for seg sjølv, med sin bodskap! Dette er for det første heilt i tråd med bodskapen i Guds gjøgler, og for det andre herleg befriande samanlikna med alle dei prestane (og andre) som snakkar i hel alle kunstnariske innslag i frykt for at folk ikkje får med seg bodskapen. Her fekk kunsten stå ukommentert, og det i ei barnegudsteneste. Nydeleg!

Liturgien var plankekøyring på ein relativt enkel standardliturgi. Den var såvidt eg hugsar strippa for utanomsnakk, slik eg og mange med meg har som uvane å vatne ut liturgien med. Det var god bruk av unge medliturgar, noko som bør vere sjølvsagt i ei slik gudsteneste. Eg møter ofte argument om at barn ikkje likar liturgi, ikkje klarar å henge med, at det vert for stivt for dei osb, og det var derfor både interessant og svært gledeleg å sjå kor godt det fungerte med ei gudsteneste som i så stor grad var «rett frå liturgien». Barna var med! Dei sat på matter eller benkar og både fulgte med og deltok aktivt i liturgien.

Dette fører oss vidare til det neste elementet som gjorde dette til ei flott gudsteneste, nemleg kyrkjerommet. Nykirken har blitt gjort til ei barnekyrkje, noko ein kan sjå på kyrkjerommet. Med matter barna kan ligge på, gode benkar og kort avstand til altar, prest, musikarar og drama. Å ha eit gudstenesterom som er tilrettelagt slik Nykirken er, er ikkje noko ein kvar kyrkjelyd kan satse på, men eg trur vi andre godt kan hente inspirasjon frå det som er gjort der. Så veldig radikalt er det ikkje, men det fungerte svært godt.

Til slutt må også musikken nemnast. Eit knippe særs gode musikarar spelte til salmane. Musikken var slik eg hugsar det ein fiks kombinasjon av jazz og spansk gitar, noko som kledde både songane frå Barnesalmeboka og gudstenesta som heilskap.

Alt i alt var dette ei sjeldant godt gjennomført gudsteneste. Nykirken er kanskje barna sin katedral til dagleg, men det var verkeleg ein flott plass å vere også for vaksne i dag.

onsdag 27. februar 2013

Leander av Sevilla

Den heilage Leander.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Det har blitt smått med merkedagar for helgenar på St. Isidors minne i det siste, men i dag minnast kyrkja ein mann vi ikkje kan gå forbi på ein blogg som er kalla opp etter Isidor av Sevilla. 27. februar er nemleg minnedag for Isidor sin eldre bror Leander. Også han var erkebiskop i Sevilla. Dei hadde også tre andre søsken og to av dei vert og rekna for heilage: nonna Florentina av Cartagena og biskopen Fulgentius av Astigi.

Søskenflokken vart forelderlause medan Isidor og Florentina var unge, og Leander oppdro Isidor og var verge for Florentina, og det kan absolutt virke som om han har gjort sakene sine godt.

I 562 vart Leander benediktinarmunk, og grunnla ein viktig skule som vart eit senter for kristen lære, før han i 579 vart biskop i Sevilla. I 583 var han i Konstantinopel, anten i eksil frå kongen eller i oppdrag for kongen[1], og der vart han ven med han som seinare skulle verte pave Gregor den store. Dei to utvikla eit nært venskap, som skulle vare i åra framover. Omkring 584 vart Leander erkebiskop i Sevilla, ein posisjon han hadde fram til Isidor tok over for han etter at Leander var død. Medan han var i Konstantinopel skreiv han viktige skrifter mot arianismen, som var dominerande i Spaina på denne tida.

Leander sitt hovudverk som erkebiskop var at han fekk visigotarane i Spania til å gå vekk frå arianismen og attende til den ortodokse kristentrua. Både kongehus og dei fleste av biskopane forkasta arianismen. Han stod bak viktige kyrkjemøter, og jobba hardt for einskapen i kyrkja i Spania.

Det er frå Leander vi har den vakre skikken med å synge Nicenum. Det var han som innførte denne skikken i vestkyrkja, ein skikk vi framleis har. Han gjorde også mykje arbeid med den mozarabiske liturgien. Dette er ein liturgi som i dag kun er i bruk i Toledo. I klippet nederst kan ein høyre Gloria med mozarabisk messing, som er ein del av denne liturgien. I kor stor grad dette er likt slik det vart praktisert i kyrkjene i Spania på 500- og 600-talet veit eg ikkje, men det er vakkert. Ei mozarabisk messe i Toledo står høgt på mi liturgiske ynskjeliste.

Leander skreiv verket Moralia om Job på oppmoding frå Gregor den store. Kun to ting han skreiv er framleis bevart. Det er ein klosterregel han skreiv til søstera og ei preike frå eit konsil i Toledo.

13. mars 600 eller 601, og ligg gravlagt i Sevilla mellom Isidor og Florentina. Han har altså minnedag 27. februar og vert gjerne avbilda med eit pergament med orda «Credite o gothi consubstantialem patri» påskrive. Dette var orda han brukte for å forsvare Kristi guddom.



[1] Katolsk.no og Oxford Dictionary of Saints seier han var i oppdrag for kongen, medan Catholic Encyclopedia seier han var i eksil.

torsdag 31. januar 2013

Ja til pomp og prakt

I kjølvatnet av innsettinga av Stein Reiertsen som biskop i Agder og Telemark tok Helge Simonnes i Vårt Land til ordet for å tone ned pompen og prakta i samband med biskopane, og i same avis i dag heng praktikumsrektor på TF Geir Hellemo, seg på dette.

Det er eigentleg fleire diskusjonar som går inn i kvarandre. Ein hevdar at bispekåpene er overlessa og pompøse, at dette ikkje kommuniserer til folk i dag, at dette er på kollisjonskurs med demokratireforma i kyrkja og at kåpene er for dyre. Simonnes nemner også kongen og kyrkjeministeren som element som aukar «pompefaktoren».

Mange av desse påstandane kan diskuterast, og om ein er rett er det ikkje dermed sagt at dei andre er rette. Til dømes meiner eg at konge og regjeringsmedlemmer ikkje bør ha nokon anna plass i ei slik gudsteneste enn den som alle andre gudstenestedeltakarar har, altså som privatpersonar. At deira profesjonelle representasjon i gudstenestesamanheng er eit problem er eg heilt einig i. Verken kongehus eller regjering bør ha nokon plass i ei gudsteneste, anna enn i forbøna der ein bed for alle som har makt.

At kappene kan vere glorete og stygge kan eg vere einig i. Kappa til Møre ser til dømes ikkje særleg bra ut i mine auge, medan eg synes preseskappa er kjempeflott. Dette vert subjektive vurderingar både av meg og andre og er utan fasit, sjølv om ein sjølvsagt kan lufte problemstillinga. At folk generelt ikkje liker slike staslege plagg, er eg ikkje så sikker på. Folk svermar for divakjolar og liknande i vekeblad, og med ein gang ein kjem sør for København straumar norske turistar til kyrkjer som er mykje meir spekka med pomp og prakt og pompøse uttrykk enn norske kyrkjer og bispekåpar.

Prisen på kåpene er sjølvsagt ei viktig problemstilling. Den bør ikkje vere for høg, men er verkeleg 300 000 for eit representasjonsplagg og kunststykke mykje pengar når ein tenker på kva heilt vanlege nordmenn brukar av pengar på klede? For nokre år sidan brukte norske husstandar mellom 17 og 18 000 i året på klede i gjennomsnitt. I dette perspektivet er kanskje ikkje ein slik pris heilt umogeleg å forsvare? Og skal ein først snakke om uvettig pengebruk i kyrkjenorge bør ein heller ta for seg dei millionane av kroner vi pøsar ut på orgel i alle kyrkjer. Er dette noko som kommuniserer med folk i dag? Er dette noko som verkar pompøst?

Forøvrig meiner eg at alle argument som vert brukt mot bispekåpene også kan brukast mot prestekjoler, messehaglar og alt anna av liturgiske klede. Kan ikkje ein prestekjole verke pompøst og frå ei anna tid? Er ikkje messehaglane noko som kostar nokre tusenlappar?

Eg meiner slike bispekåper, og andre liturgiske klede, er ein naturleg og vakker del av gudstenestefeiringa. I vår kyrkje held vi gudstenestene fram som det sentrale i kyrkjelivet. Der skjer sakramentforvaltinga og der skjer hovudforkynninga. Vi held også fram kyrkja som Jesu kropp på jorda. Om vi tar vår eiga lære på alvor meiner eg det er rett og riktig av vi lar dette få uttrykk i både bygget som rommar gudstenestene våre, draktene på dei som leier gudstenestene og utforminga av liturgien. Dette er å heidre Kristus. Våre fremste leiarar vert ikkje kledd opp med desse kappene fordi dei er så knakande flotte folk eller fordi dei er jålete. Det er fordi vi viser at vi set bispefunksjonen høgt. Biskopen skal verne læra vår og stå som den fremste representanten for kyrkja på jorda. Eg meiner vi ærar kyrkja, og gjennom dette Jesus, ved å pynte henne på sitt vakraste.

Kva som er vakkert og korleis vi pyntar kyrkja kan ein sjølvsagt diskutere, men eg meiner absolutt ikkje at vi skal gje slepp på dei liturgiske kleda vi har i vår kyrkjetradisjon. Eg er av dei som heller vil ha meir av dei. Eg skulle gjerne sett at vi innførte både mitra og bispestav i Den norske kyrkje, slik dei har det i til dømes Svenska kyrkan. Samstundes kunne ein kanskje innføre større skilnader mellom bispedøma? Det er ikkje sagt at fordi eit bispedøme gjer ting pompøst og vakkert må alle gjere det slik. Eg trur både vi som set pris på «smells and bells» og dei som likar det heilt nedstrippa kunne ha tent på større variasjon i Den norske kyrkje.

søndag 9. desember 2012

Gud vår Far

Dette lesarbrevet av Marianne Støylen Skauge stod på trykk i Vårt Land 4. desember 2012. Det vert også lagt ut på St. Isidors minne.

I intervju med Vårt Land torsdag 29.november hevdar Gyrid Gunnes at «det må da være et problem at for Den norske kirke når kvinner ikke orker å være prester på grunn av det patriarkalske gudstjenestespråket.» Samtidig seier ho at ho ikkje har noko godt svar på kor utbreidd hennar syn på dette er blant kvinnelege prestar i Den norske kyrkje. Det er det nok vanskeleg å svare på for dei fleste av oss, men som prest og kvinne ynskjer eg å understreke at Gunnes i alle fall ikkje talar på vegne av alle kvinnelege prestar i Den norske kyrkja når ho er skuffa over mangelen på kjønnsinkluderandre språk i den nye liturgien og karakteriserer dette som eit kjønnspolitisk tilbakeslag. Eg er tvert i mot svært glad for at den nye liturgien held fast på Bibelen sine ord, slik som Far og Son og Heilag Ande, når vi talar om og til Gud.

Eg veit heldigvis ikkje om mange andre i Den norske kyrkje som ynskjer å byte ut treeiningsformelen «Faderen og Sonen og Den heilage ande» i dåpsliturgien, men eg synst likevel at det er urovekkjande mange som brukar, eller kan tenkje seg å bruke, det ein må sjå på som alternative treeningsformlar, slik som Gunnes sitt døme, «i Skaperens, Forløserens og Livgiverens navn», eller på andre måtar seier at vi må kunne bruke andre ord for Gud enn dei vi finn i Bibelen. Etter kva slags kriterier skal vi kunne lage og bruke andre namn på Gud?

Vi tiltalar Gud som Far, men å poengtere at Gud ikkje er mann, og utanfor våre kjønnskategoriar vil eg seie er å slå inn opne dører. Å omtale Gud som mann er blasfemisk hevdar Gunnes. Her er det viktig å halde tunga rett i munnen. Å omtale Gud som «Far» er kristent språk, men å seie at Gud er mann er blasfemisk. Akkurat dette er neppe særleg kontroversielt. Men at Gud ikkje er mann, tyder det at vi like godt kan tiltale han som «mor» eller andre feminine eller upersonlege nemningar? Det er ikkje vi som namngjev Gud. I den kristne trua er det eit heilt sentralt punkt at Gud har gjeve seg til kjenne for oss menneske, og openberra seg og sitt namn for oss.

Eg tykkjer det er interessant å sjå korleis nettopp det tradisjonelle kristne språket om Gud faktisk kan fungere som ein kritikk av det patriarkalske samfunnet. Teologen Jane Williams har i boka «The Forgotten Trinity» peika på at «Far» i Bibelen vert brukt på ein slåande ikkje-patriarkalsk måte. I Det gamle testamentet ser vi døme på dette i Jer 31,9 der vi høyrer om faren som ser etter barnet og leiar det slik at det ikkje snublar og i Jes 64,7-8 der Israel kan be Gud om å syne miskunn i staden for harme, fordi Gud er far for dei. Som Williams seier er det som dei her appellerer til Gud si «mjukare» side. I Joh 14,9 seier Jesus: «Den som har sett meg, har sett Far» og i Matt 11,27 «Ingen kjenner Sonen utan Far; og ingen kjenner Far, utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.» Dette viser oss at det er Jesus åleine som kjenner Far, og farskap vert definert for oss av Jesus som kom og tok på seg ein tenars skapnad og døydde på krossen. Det er ikkje vi sjølve som skal ta våre biologiske eller sexistiske bilete av «far» og henge desse på Gud. Kyrkja har aldri kalla Gud berre «Far». Dette har alltid vore ein kortversjon av «vår Herre Jesu Kristi Far», uttrykket som vi finn så ofte i brevlitteraturen i NT. Vi forstår «Far» på bakgrunn av den nemnte Sonen, Jesus Kristus, han som er den einaste som kjenner Far og som byd oss inn i fellesskapet dei deler og lærer oss å be «Vår Far».

Marianne Støylen Skauge
Prostiprest i Nordhordland

søndag 8. april 2012

Kristus lever!

fredag 3. februar 2012

Ansgar av Bremen

Biletet er henta frå
Wikimedia Commons.
I dag er det minnedag for Ansgar av Bremen, Nordens apostel og skytshelgen for Skandinavia. St. Isidors minne markerar med denne hymna som er henta frå ei tidebønbok frå Uppsala domkyrkje. Teksten har eg frå Medieval Sourcebook, der ein og kan lese heile Ansgar sitt vita.
Most noble father, Anskar,
Restore us by thy grace,
And those who wander now afar
In Christ's own bosom place. 
In holy strife contending
Thou did'st the faith proclaim
To Danes and Swedes declaring
The honour of His name. 
An unbelieving nation
From thee the light receives,
The teachings of salvation,
It now with joy believes. 
Thou to God's sheep hast given
The food they fain would claim,
And earnestly hast striven
To glorify His name. 
To the great King thou bringest
When earthly strife doth cease,
The talents thou receivest,
With manifold increase. 
To Father, and His only Son
Be laud and honour given
To Holy Spirit, Three in One
In earth and highest heaven.

fredag 23. desember 2011

Tollesmesse

Thorlákr i fronten på
Nidarosdomen.
Biletet er henta frå
Wikimedia Commons.
Før jula kjem inn over oss rekk vi å ta med oss ein helgendag av det lokale slaget. I 1133 vart Þorlákur Þórhallsson født på Island. Han vart født inn i ein fattig, men relativt viktig familie på Island. Der fekk han god utdanning, og som femtenåring vart han diakonvigsla, og fire år seinare prestevigsla.

1150-talet tilbrakte han stort sett studerande i Europa, og då han kom attende til Island hadde han med seg nye skikkar som sølibatet til kyrkja . Han braut med tradisjonen på Island og valgte å leve i sølibat, slik presteskapet på kontinentet måtte. Thorlákr levde som ein enkel prest, før han etterkvart grunnla eit augustinerkloster der han vart den første abbeden. Klosteret tiltrakk seg ein god del folk, og han grunnla etterkvart også eit nonnekloster.

Han var berre abbed i to år før Alltinget valgte han til biskop for Skálholt. Han vart mest truleg bispevigsla i Nidaros, for begge dei islandske bispedøma låg under Nidaros. Med seg frå erkebiskopen i Nidaros hadde han dei naudsynte fullmaktene og eit oppdrag. Han skulle få kyrkja på Island under kontroll. Private kyrkjebygg, som det var vanleg at prestar og andre hadde, skulle inn under kyrkja sin kontroll og legfolk skulle ikkje lenger få utnemne prestar. I tillegg forsøkte han å innføre prestesølibat, han fekk inn reglar om faste og skriftemål og andre ting. Dette gjorde han ikkje til nokon populær mann mellom dei med makt på Island, og han vart utsett for fleire drapsforsøk.

Sjølv levde han beskjedent med fokus på andelege verdiar. Han vart rekna som ein stor andeleg rådgjevar med omsorg for dei svake i samfunnet. 23. desember 1193 døydde han.

Kort tid etterpå byrja kulten rundt han. I 1198 opna ein grava hans og vaska beingrinda, noko som tilsvara ei heilagkåring, og i 1199 fastslo Alltinget at 23. desember skulle vere messedag for Thorlákr. Dette gjer han til den einaste som har blitt kanonisert av eit parlament og Island sin første helgen. Heilagkåringa vart ikkje gjort formelt av nokon pave før Johannes Paul II gjorde han til Island sin vernehelgen i 1984. Då hadde allereie ein kalenderrevisjon i Den katolske kyrkja flytta festdagen hans til 20. juli, men på Island held ein framelis på 23. desember. Det var også denne datoen som stod avmerka på norske primstavar. 23. desember var "Tollesmesse"

Statue av Thorlákr i
domkyrkja i Reykjavik.
Biletet er henta frå
Wikimedia Commons.
Relativt kort tid etter at han var død, vart hans vita skrive. Kyrkjehistorikanen Reidar Astås seier om det vi veit om Thorlákr at skriftene "ligger kronologisk sett så nær opp til den biograferte persons levetid, at den nødvendigvis etter sitt anlegg må ha et sterkt autentiskbiografisk preg når det gjelder kontrollerbare faktaopplysninger."

I den såkalla Jærtegnsboken,[1] ei samling med under knytta til Thorlákr som vart lese opp på Alltinget i 1199, var det også samla forteljingar om han. Undera knytta til han var relativt beskjedne, men kven kan mislike eit mirakel som dette?
En gang de på en gård fikk dårlig gjær i ølstampen, tok de den gamle bispestaven til Thorlákr og satte oppi brygget, og straks ble det god gjæring, og få hadde smakt så godt et øl som dette.
Thorlákr vart ein populær helgen, særleg på Island, Vestlandet, Helgeland og på Færøyane. Sansynlegvis på grunn av ryktet han hadde som ein som var på lag med dei små i samfunnet og stod mot dei mektige. I tillegg hjalp det sjølvsagt på med enkle, kvardagslege under som dette ølunderet. Over 50 kyrkjer vart vigsla til han på Island, og også i Norge vart det vigsla kyrkjer til St. Thorlákr.

Frå kanskje så tidleg som byrjinga av det trettande hundreåret har ein liturgiske tekstar til ære for Thorlákr, meint for bruk på dødsdagen hans, altså 23. desember. Desse tekstane vart sunge, men dei melodiane ein kjenner til i dag, er ikkje eldre enn 1300-talet. Uansett er det at ein har slike gamle tekstar knytt til islandske helgenar svært spesielt, då dei fleste slike tekstar forsvann i samband med reformasjonen. Vi sluttar av med ein av desse tekstane i mi omsetjing frå den engelske teksten ein finn her.
Gud, du har gjeve oss denne dagen,
denne velsigna dagen med festen for den heilage Þorlákur, ditt vitne og prest.
Ver nådig med bønene til di Kyrkje, slik at Ho kan få din tryggleik,
for hans skuld som aukar Hennar ære med sine gjerningar.
Med Jesus Kristus vår Herre
Amen
[1] Eg undrar meg på om dette er ei digitalisert utgåve av denne boka på islandsk, men språkkunnskapa rekk ikkje til. Kanskje nokon veit det? Eventuelt om ein kan finne denne på nett eller bokform på eit språk ein kan forstå?  

søndag 9. oktober 2011

Gratulerer med dagen, kvinner!

I dag feira Bjørgvin bispedømme at vi har hatt kvinner i presteteneste i femti år med ei flott festgudsteneste i domkyrkja i Bergen. Som seg hør og bør var både biskop og domprost med på gudstenesta, men når sant skal seiast var det dei ikkje mindre enn 28 damene ikledde presteskrud som stod for det klerikale høgdepunktet i gudstenesta.

Gudstenesta byrja med ein imponerande inngangsprosesjon med dei 28 kvinnene saman med tre menn: leiande sokneprest i domkyrkja, domprost og biskop. Eller «rævediltarar» som dei vart kalla i dag. Liturgien var som alltid i domkyrkja flott. Særleg likte eg bønesvaret i forbøna. Det var nytt for meg og var så langt eg kan skjøne eit mykje betre bønesvar enn dei eg er vant med. Det var eit bønesvar som var meir «aktivt» enn andre vi brukar.
Gud skap i oss tro, håp og handling.
Herre, hør vår bønn.
Ellers hadde domprost emerita Berit Andersen ei svært god preike der ho mellom anna tok fram Marta sin vedkjenning «Ja, Herre, jeg tror at du er Messias, Guds Sønn, han som skal komme til verden» (Joh 11) , ei stor vedkjenning som ikkje er like mykje lagt vekt på som den meir kjente vedkjenninga til Peter. Det var også spanande at dei i staden for den vanlege solosongen eller likande hadde tatt inn liturgisk dans. Sjølv har eg ikkje sansen for liturgisk dans i det heile, men eg vil gjerne ha meir «sanselege» gudstenester, og der trur eg liturgisk dans kan ha mykje for seg.

Alt i alt ei flott gudsteneste der ein fekk feira kvinnene si presteteneste gjennom femti år. Gratulerer med dagen til oss alle, og særleg til kvinnene!
Heile gjengen samla etter gudstenesta.