søndag 15. desember 2013

Frå våre lutherske søsken over havet

Den vakre framsida på altarboka frå 1899.
For ei tid sidan kom eg over eit par altarbøker eg ikkje klarte å gå forbi på eBay. Det var to altarbøker frå lutherske kyrkjer i USA. Dette er sjølvsagt ikkje særleg oppsiktsvekkande, men det som gjorde at eg ikkje klarte å ikkje kjøpte dei, er at dei var på norsk. Det var altarbøkene til norske lutheranarar i USA. Eg hadde aldri reflektert rundt korleis dei norske emigrantane organiserte kyrkjelivet sitt i USA, men fekk med dette eit interessant innblikk i amerikansk kyrkjeliv for litt over hundre år sidan.

Dei ulike norske kyrkjelydane i USA samla seg i ulike kyrkjesamfunn. Vi går gjennom Synoden for den norsk-evangelisk-lutherske Kirke i Amerika, eller Norwegian Synod, sidan den eldste av altarbøkene mine kjem frå dette kyrkjesamfunnet. Det vart skipa i 1853 som ei samanslutning av norske, lutherske kyrkjer i Iowa, Minnesota og Wisconsin, og brukte liturgien til kyrkja i Norge. Som seg hør og bør i ei protestantisk kyrkje, var ein ikkje lenge samla før ein tok til å dele seg opp. I løpet av 1880-talet forsvann omtrent ein tredjedel av kyrkjelydane i kyrkjesamfunnet ut og slo seg saman med to andre norske, lutherske kyrkjesamfunn i Den Forenede Kirke. Splittinga varte nokre tiår, og i 1917 slo Den Norske Synoden, Den Forende Kirke og eit tredje norsk, luthersk kyrkjesamfunn: Haugesynoden, seg saman til Norwegian Lutheran Church of America som seinare har blitt ein del av Evangelical Lutheran Church in America.

Dette var altså eit riss av vegen Norwegian Synod gjekk, om eg har forstått den krunglete vegen riktig. Det var fleire andre norske synoder i sving, og dei andre kyrkjesamfunna vart danna på grunn av splittingar og samanslåingar av desse synodene. Eg vil ikkje forsøke å forklare det, då eg ikkje sjølv heilt ser kvar alle trådane går. Interesserte kan sjølv forsøke på Wikipedia.

Som sagt kjøpte eg ei bok frå perioden kyrkja vart kalla Synoden for den norsk-evangelisk-lutherske Kirke i Amerika. Boka opplyser at ho er «Vedtaget paa Synodens Fællesmøde i Spring Grove, Minnesota, Juni 1899.» og ho er ei vakker lita bok. Boka er så lita og med så små bokstavar at korleis ho kan ha fungert som altarbok for ein prest er ei gåte for meg. Men det er tydeleg at ho har vore brukt. Ein flittig prest har til og med klipt opp ei salmebok og limt inn dei mest brukte salmene på dei bakarste sidene i boka. Som ein trist illustrasjon på at dei hadde eit hardt liv på prærien rundt forrige århundreskifte er dette salmar med overskriftene «Salmer ved Dødsleiet» og «Ved Børns Begravelse»...

Den andre boka er nyare. Eg veit ikkje heilt når ho kom ut, men ein tidlegare eigar har skrive 1932 på tittelbladet, og med ei anna handskrift står det 1914 og «ordinasjon» skrive med liturgien for «Prestevielse».  Så boka er anten frå perioden rett før eller rett etter at Norwegian Lutheran Church of America vart danna, og har i alle fall mest truleg vore i bruk i dette kyrkjesamfunnet. Det er noko underleg å sjå at tittelbladet seier «Alterbog for Den norske Kirke» med utgjevar Augsburg Publishing House, Minneapolis, Minnesota.

Boka er særs godt brukt. Ho inneheld også tekstrekkene deira, og presten eller prestane som har hatt boka har streka under så mykje at ein kan undre seg på om det i det heile tatt har hatt nokon praktisk nytte. I enkelte tekstar er bortimot kvart einaste ord understreka. I tillegg er det enkelte preikenotat. For «5 Søndag efter Trefoldigheds Fest», der ein preika over Johannes 1, 35-51, kan ein til dømes lese følgjande plan for preika: «Si litt om "lammet" i skriften».  Ikkje den dummaste planen, men eg ville nok personleg hatt litt lenger manus for preika mi. Interessant nok ser dette ut som ei tredje handskrift.

Denne Alterbog er Aftryk af den nye Alterbog for den norske
Kirke med de Forandringer som de frikirkelige Forhold her
i Amerika nødvendiggjør.
Ein brukar altså same liturgi som i Norge, i alle fall i grove trekk. Den nyaste boka opplyser om at boka følgjer kyrkja i Norge sin liturgi «med de Forandringer som de frikirkelige Forhold her i Amerika nødvendiggjør». Eg har ikkje sett nøye nok etter til å seie sikkert kor mykje denne frikyrkjedomen har å seie for liturgien, men eg kom i alle fall på eitt punkt der eg tenkte det sikkert var eit skilje. Og ganske riktig var det skilnad mellom den norske og den amerikanske kyrkjebøna.

Etter vår heimlege altarbok frå 1920, altså ei bok som sansynlegvis vart brukt samstundes som boka frå USA sjøl om denne nok er litt eldre, bad ein følgjande i «Den aalmenne kyrkjebøni»:
Hald di verjande hand yver folk og fedreland og vaare landsmenn paa havet og i framande land. Vara og velsigna kongen og hans hus, stortinget, kongens raad og alt vaart landsstyre. Verna heimane vaare, velsigna skulane og høgskulane vaare...[1]  
På same tid bad ein dette i USA:
...Ophold med din almægtige haand al Øvrighed aa Jorden og sæt den til en Velsignelse for Folkene. Tag i din naadige Varetægt vort kjære Folk og Land og vore Landsmænd allevegne, vor President med hans Raad, [den nu forsamlede Kongres], denne Stats Guvernør og alle som har Myndighed fra dig iblandt os. Velsign vort kjære Kirkesamfund og hold din Haand i Naade over vore Læreanstalter, lad din Aand regjere vore Skoler...[2]
Går vi til 1899 finn vi ei særs interessant kyrkjebøn, då den viser at dette var eit kyrkjesamfunn for folk som hadde sterke band til eit anna land enn landet dei budde i. I 1899 bad dei dette på gudstenestene sine:
...Beskjerm og bevar vort Land, de forende Stater og deres Præsident, og giv al Øvrighed iblandt os Visdoms og Herrens Frygts Aand til sit høie Kald, at vi maa leve et roligt og stille Liv i al Gudfrugtighed og Ærbarhed. Velsign alle Landets øvrige Indbyggere. Velsign ogsaa vore Fædres Land med Konge og Folk, samt alle vore Landsmænd i det fjerne og paa Havet...[3]  
Artig nok bad dei altså både for president og konge på dette tidspunktet, medan eg ikkje finn noko om kongen i den seinare utgåva, sjølv om denne opplyser at det er liturgien frå Norge som er brukt. Kongelojaliteten hadde altså fått seg ein knekk på desse få tiåra.

Eit raskt lite glimt inn i norsk kyrkjeliv i USA for rundt hundre år sidan, altså. Og så kan vi jo håpe at det snart vert løfta fram bøner for presidenten, i staden for kongen, frå lutherske kyrkje med liturgi på norsk igjen.

[1] Altarbok for Den norske kyrkja, Kristiania, 1920. Side 10-12 
[2] Alterbog for Den norske Kirke. Minneapolis, Minnesota. Side 34-35
[3] Alterbog, Spring Grove, Minnesota, 1899. Side 7

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar