Viser innlegg med etiketten Kristendom. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kristendom. Vis alle innlegg

søndag 22. mars 2020

Tankar på Maria bodskapsdag.


Fram mot Maria bodskapsdag har dette ikonet frå Polen vore med meg i tankane. Ikonet har gjort at den polske aktivisten Elzbieta Podlesna vert forfulgt av polske styresmakter som i tospann med sterke krefter i kyrkja i Polen slår knallhardt ned på krefter som jobbar for demokrati og skeive rettar. Prawo i Sprawiedliwość (PiS, norsk: Lov- og rettferdspartiet), vil ha eit samfunn bygd på rekasjonære, autoritære verdiar, og i kampen for dette har dei alliert seg med sterke krefter i den polske kyrkja.

På Maria bodskapsdag møter vi ei ung jente som får ei enorm oppgåve. Det er ikkje det etablerte samfunnet vi feirar i dag. Forteljinga viser korleis Gud jobbar på utsida av det som er godteke. Gud jobbar gjennom den unge, ugifte jenta som vert gravid i eit strengt patriarkalsk samfunn. Gjennom ei jente som ikkje hadde makt, truleg heller ikkje særleg økonomiske midlar, og som var ein del av eit okkupert folkeslag i ein utkant av eit imperium. Gud jobba gjennom det som skapte uro og kanskje avsky hos dei som stod for det etablerte, for det "fine" og "rette". Gjennom ei som havna på utsida av samfunnet. Ikkje berre jobba Gud gjennom ho som havna på utsida av det etablerte, men ho havna der nettopp på grunn av det ho sa ja til. Då ho sa ja til å gjere det Gud bad ho om, sa ho ja til å havne på utsida sidan det var måten Gud valgte å jobbe på.

Pussy Riot ser også til Maria i kampen mot autoritære styresmakter som går i tospann med kyrkja. Dei syng på russisk, men songen kan høyrast i ein nydeleg utgåve av Moddi, der teksten er nokonlunde den same som i omsetjingar av songen i media (Som her og her. Moddi sin her) For låta og musikvideoen hamna dei i fengsel. Dei vart anklaga for blasfemi. Så kan ein spørje seg kven som er mest blasfemisk av ei kyrkje som jobbar tett saman med Putin sitt regime som systematisk bryt ned menneskerettane i kampen for eit samfunn som liknar på det polske styresmakter vil ha, eller eit band som peiker på at denne alliansen mellom kyrkjemakt og sekulær makt går ut over nokon. Den går ut over kvinner, dei som ikkje passar inn i den tradisjonelle, statlege definisjonen av "familie", dei som trur annleis enn den ortodokse kyrkja og dei som av andre grunnar havnar på utsida av det "fine" og det "rette". Det går ut over slike som Maria.

Pussy Riot ber Maria vere feminist. Det burde vere ukontroversielt. Forteljinga om Maria burde få oss til å tenke feministisk og jobbe for rettane til kvinner som Maria. Den burde få oss til å tenke som aktivistar for ulike saker som handlar om rettane til dei som fell utanfor det etablerte, "rette", samfunnet. For i forteljinga om Maria ser vi at Gud sjølv jobbar på utsida og gjennom dei som fell utanfor. Det er som om Gud sjølv protesterer mot det etablerte, det "fine" og det "rette".

Det er lett å peike på kvar kyrkja i Polen og Russland gjer feil. Viktigare for oss er jo eigentleg kvar kyrkja i Norge gjer feil. Kvar står vi på feil side og held fram unødvendige normer og reglar om kva som er "riktig", "fint", "sømmeleg" og "kristent" på ein måte som skadar menneske og held dei ute frå fellesskapen i kyrkja?

Det er spørsmålet både ikonet og Punk Prayer får fram i meg i møte med teksten om Maria. Eg veit ikkje svaret, men eg trur vi kontinuerleg må stille oss spørsmålet og be om hjelp til å finne svar. Kyrie eleison!

Ver helsa, Maria, du som har fått nåde,
Herren er med deg.
Velsigna er du mellom kvinner,
og velsigna er ditt livs frukt, Jesus.
Heilage Maria, Guds mor,
be for oss syndarar,
no og i vår dødstime.
Amen.

mandag 25. februar 2019

Ol'Larsianarane

Det er mykje snakk om læstadianarar for tida, i alle fall her oppe i nord. Det passar derfor godt å sjå på ein annan gjeng med "-ianarar": Ol'larsianarane.

Vi skal til Meløy, sør for Bodø, på 1890-talet. På den tida kom Ole Larsen frå Buksnes i det som er Vestvågøy kommune i Lofoten i dag til Nordbygden. Eg reknar med at Nordbygden vil ligge nord for Reipå, men her er eg i reine spekulasjonar. Denne Ole Larsen var i følgje sokneprest Oluf Folden i Meløy ein "berygtet" mann. Det skuldast etter det som vert sagt at han var "en kvinnebedårer". Det er mogeleg dette var til hjelp i å byggje er rørsle, men det ser også ut som om det var med på å sprenge den.

Ole Larsen var predikant. I Buksnes hadde det vakse fram eit miljø rundt han med folk som meldte seg ut av statskyrkja og starta sin eigen kyrkjelyd. Denne vart kjent under namnet Ol'Larsianarane . I Buksnes skal dette ha starta i 1891. Kvifor Larsen kom til Meløy veit eg ingenting om, men han kom tydlegvis dit ein tur. Der spreidde vekkinga seg. Det ser ut som om rørsla i Meløy var sentrert rundt andre menn enn Ole Larsen, så det er mogeleg han drog nord til Lofoten att. Eg veit ikkje. I Meløy var dei sentrale i alle fall Kristian Didriksen, Andreas Brun som var predikant og Kristoffer Karstensen som hadde dåp, nattverd og stod for gravferder og forkynning.

Kva stod denne rørsla for? Likna dei på læstadianarane anna enn i namnet? Dagmar Sivertsen slår i boka Læstadianismen i Norge fast at "alle er vel enige" om at dei ikkje var læstadianarar, sjølv om dei støtta seg på Læstadius. I ein artikkel i Meløy Historielag sin årbok nr. 8 kan vi lese eit sitat frå sokneprest Folden om rørsla:
De siger bl.a at ingen kan frelses uden gjennom kristen broders formidling, at bibelen inneholder kun papir og sverte og Guds ord bliver det først ved at det formidles ved et troende menneske. "Ordet ble kjød" siger de gjelder endnu i bokstavelig forstand om Guds ord. Det må blive kjød og udgå beåndet fra et menneske. Man må ikke sige til en bekymret sjæl: Gå til Jesus, men Kom til Jesus, fordi han alene er at finde hos og ved de troende.
Ol'Larsianarane hadde møter i heimane rundt Reipå. Dei var ikkje så mange, kanskje 25 på ein god dag, men det vert spekulert i om Fore kirke på Reipå vart bygd for å demme opp for Ol'larsianarane. Møtene deira var lange, dei bad og song, kom med vitnesbyrd og som hos læstadianarane var høgtlesning frå preikesamlingar sentralt. Kven dei las veit eg ikkje. Ikkje uventa stod synd og nåde sentralt og dei hadde tydlegvis eit sterkt fokus på dei ti boda. Forkynninga skal ha vore svært inderleg, med tårefylte talar. Helgedagsfreden stod også svært sterkt, både i form av at ein kledde seg opp og at ein ikkje jobba.

Dei hadde sin eigen sakramentforvaltning med dåp og nattverd, og på Nedstranda, mest truleg i området rundt Reipå, fekk dei sin eigen gravplass. Nattverdelementa var krumkaker utan sukker og saft. Dei meldte seg også ut av statskyrkja, noko som var eit svært radikalt grep, og som gjorde at dei skilte seg ut frå mange av dei andre vekkingane som for over landet. Rørsla var antistatskyrkjeleg i si kjerne.

Mi kjelde til dette er i hovudsak ei bygdebok frå Meløy, men dei har også satt spor etter seg i Lofoten. I årboka til Vestvågøy historielag i 1995 er det ein artkkel om Ol'Larsianarane der. Eg har dessverre ikkje fått lest denne, men det er lett å sjå for seg at dei vart større der Ole Larsen kom frå enn på Reipå. Men eg veit ikkje. Det hadde vore spanande å vite meir om rørsla i Lofoten, og om dei spreidde seg til andre stader.

På Reipå var rørsla levande fram til krigsåra. Det hadde vorte mindre aktivitet frå 30-talet etter at Andreas Brun døydde og mange i rørsla meldte seg inn i Frikyrkja.  Kristoffer Karstensen, mannen som hadde sakramentforvaltninga, meldte seg inn at i statskyrkja, skuffa over kvinnehistoriene til Ole Larsen som etterkvart kom til overflata.

Eg skulle gjerne ha funne ut meir om denne gjengen. Ei anna "-ianar"-gruppe i Nord-Norge. Med andre trekk enn læstadianarane, sjølv om desse også skal ha støtta seg på Læstadius. Og med eit #meetoo-skjær over det heile. Det er nok meir å ta tak i her. Og var dei andre stader? Kva er samanhengen mellom Reipå og Buksnes? Kvifor berre der? Her trengs det meir informasjon!

Kjelder
"Ol'Larsianerne - en menighet som snart er glemt", Øystein Skauge, Årbok nr. 8. Meløy historielag
Læstadianismen i Norge, Dagmar Sivertsen. (E-bok)
Fore kirke 100 år, Unni Torsvik (Lenke)

fredag 18. januar 2019

Med hjarta på rette staden

Relikvieskrinet som forsvann.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons og er tatt av Bkwillwm.
CC BY-SA 3.0
Den trufaste lesar med god husk vil hugse at vi for snart sju år sidan såg på saka om relikviet som forsvann frå Christ Church Cathedral i Dublin. Relikviet det var snakk om var hjartet til Laurentius O'Toole, som berre forsvann frå kyrkja.

Sidan eg har brukt mykje tid saman med snøskuffa og lydbøker i det siste, har eg mellom anna hatt gleda av å høyre den strålande The Audiobook of The Year 2018 frå gjengen som står bak den endå meir strålande podcasten No Such Thing as a Fish. Og her dukka plutseleg hjartet til St. Laurentius opp att. Sjølve hjartet dukka ikkje opp der, men i ein park i Dublin, men eg fekk høyre att det var funne her.

I april 2018, seks år etter at det forsvann, dukka nemleg relikviet opp att. Politiet fann det i god stand i ein park i Dublin. Kven som tok det og korleis det hamna i parken verkar det som ein ikkje veit. Men kanskje eg kjem med ei ny oppdatering om sju år.

No har i alle fall St. Isidors minne tatt folkeopplysninga på alvor. Christ Church Catherdral, Dublin har hjarta på rette staden!

tirsdag 13. november 2018

Det verste presten i skandinavisk historie?


Det har vore stille frå St. Isidors minne i lang tid no. Men det er framleis kuriositetar å ta tak i, så det er for tidleg å skrive dødsattest.

Sidan det er så lenge sidan sist, passar det å ta for oss ein mann som kan få ein heidersplass i St. Isidors minne sin oversikt over ubruklege folk i kyrkjehistoria. Vi har allereie vore inne på gode døme på denne i kyrkjehistoria, og vi kjem sikkert innom fleire i framtida. Men det skal godt gjerast om den svenske presten vi skal møte no ikkje ragar høgt oppe når dei mest ubruklege, dustete, onde og skrotete kyrkjefolka skal kårast. Vi drar til Sverige for rundt 150 år sidan.

Anders Lindbäck vart født i 1803, og vaks opp i det som må ha vore ganske så streng fattigdom. I ungdommen tok ein onkel seg av han og sørga for at han fekk seg utdanning slik at han etterkvart vart prest, slik onkelen også var. Han vart ordinert i 1831, og jobba så som sockenadjunkt i tretti år. Eg trur sockenadjunkt var ei form for underordna prestestilling, men eg kan ta feil.

Så i 1861 fekk han sitt eige sokn og vart kyrkoherde, sokneprest, i Silbodals socken i Värmland som er sør-vest i Sverige. Og det var her det skar seg så grundig.

I Silbodal møtte han på stor fattigdom, som han sikkert kjende seg att i. Han ville hjelpe folket ut av fattigdommen og gjorde først mykje godt arbeid og vart populær. Då han såg på alkoholmisbruk som ein av grunnane til fattigdommen og derfor også angreip alkoholen fall nok populariteten hans. Han vart sikkert ikkje meir populær då han la ned kyrkjerådet for å få full kontroll på fattighjelpa. Men det skulle bli verre. Og det var truleg fattigstellet som førte til katastrofen.

Ein veit ikkje heilt kvifor han gjorde det han gjorde. Han sa sjølv at det var av barmhjertigheit. Han ville skåne folk for det harde livet. I retten sa han også at det var økonomien som gjorde at han tok vala han gjorde. For det var mange fattige å hjelpe. Og fattigkassa var ikkje så stor. Så då var det kanskje betre om det var færre folk å dele pengane mellom?

Hausten og vinteren 1864 dro Anders Lindbäck på heimebesøk til fattige i Silbodal. Der gav han dei nattverd, noko prestar ofte gjer. Der Lindbäck skilde seg frå sine kollegaer var at han hadde blanda arsenikk i vinen. Seks personar vart først forgifta av nattverden han gav dei. To av desse døydde. Foreløpig var det ingen som fatta mistanke.

Men så forgifta han ein barndomsvenn som verken var fattig eller sjuk, og plutseleg vart folk i stuss rundt kva som skjedde rundt denne presten. Ein grov opp det siste liket og fann ut at han hadde døydd av arsenikkforgiftning. Då grov ein opp fleire graver og fann ut at dette også gjaldt to andre.

Lindbäck vart sjølvsagt dømt, og han fekk dødsstraff. Den vart aldri gjennomført, for han hengde seg i fengselet 20. november 1865.

Eit praktdøme på ein kyrkehistorisk skroting, altså. Sokneprest og seriemordar. Heldigvis ein heller original kombinasjon. Og om det faktisk var slik at han gjorde dette for å få færre folk å dele fattigkassa på..... Det er noko ekkelt malthusisk over det som i såfall nesten gjer det endå verre...

Kyrkja var i alle fall ikkje betre før. Det er sikkert


søndag 19. november 2017

Peder Palladius' Visitasbok - Til folket

Lurar du på kven Peder Palladius er, eller kva bok dette er henta frå, finn du meir om dette i denne posten.

Vi har sett kva Peder Palladius hadde å seie til kyrkjeverjene. No skal vi sjå kva han har å seie til folket.

Palladius var ikkje så glad i folk som ikkje gjekk til gudsteneste. Og han la ikkje noko mellom når han skulle seie dette.
Han [Jesus] lar sin klokke lyde her for dine ører, han roper til deg og sier: Kom til meg, kom til meg, alle som sliter med synd eller sorg, jeg vil gi dere hvile. Og han har jo gitt deg dine fem sanser så du ikke er uvettig eller gal og renner om i skog og mark og ikke kan høre og vite hans vilje. Dersom du overhører hans bud første gang, annen gang, tredje gang og ikke bryr deg om din sognekirke, men vanærer hans salige ord, - husk mitt ord, husk mitt ord - han vil straffe deg på buskap og pengepung! Han har vel et ris å slå deg med! Han har kopper, pest, koldbrann, febersyke og andre plager å slå deg med. Ja står du ham hardt imot, har han vel en levende djevel å slå deg med i kroppen din; han gjør deg arveløs til himmelens gods og knekker din nakke i helvetes avgrunn. Og vil du ikke komme hiit når du hører klokken gå, når du ser din granne og gjenbo komme og du vet at din sogneprest kommer og at det salige ord skal forkynnes her, mens du sitter og sturer hjemme, enda du ikke har noen skikkelig grunn for å være borte herfra, da kan Gud vel knekke din nakke og la deg bære hit til kirkegården uten din vilje, lenge før du selv hadde tenkt å komme hit på den måten.
Den sat!

Vi trur ofte at folk var så strenge med barnelydar i kyrkja før i tida. Det er mogeleg dei var det i hundreåra mellom, men høyr kva den første biskopen etter reformasjonen seier.
Derfor er det en framifrå god skikk at folk også tar småbarna sine med seg til kirken og har dem på fanget, så de i tide kan vennes til gudsfrykt.; det skal tidlig krøkes, som god krok kan bli. Mor kan jo bare gå litt på kirkegulvet med barnet sitt når det ikke vil tie, inntil det sovner eller tier igjen, slik som gode kristne gjør overalt der hvor Guds sanne og klare evangelium forkynnes.
Og så er det viktig å ta med seg både ungdom og tenestefolk til gudsteneste.
Dere vet så vel hvilke ulemper det fører med seg at de unge, med ungdommens blod, skal ligge hemme mens far og mor eller husbond og husmor er i kirken: det avles horeri, det avles tyveri og annen last av det, så dere kommer i skam og skade for barn og tjenestefolk før dere dør fra verden. Du kan ikke gå herfra og to dine hender som Pilatus gjorde og late som du er uskyldig og som det ikke kom deg ved, når dine tjenestefolk belokkes og beligges i ditt hus
Til slutt: Eg veit ikkje kva som skjedde i Bergen på denne tida, men Palladius hadde eitt og anna å utsette på bergensarane.
Gud gi oss en stadig fred, så vår nådige Herre Konge engang kan få has på den forbannede hordom og den skamløshet som skjer i Bergen i Norge, som den menige mann, både lek og lærd, klager på. 

fredag 17. november 2017

Peder Palladius' Visitasbok

Peder Palladius.
Henta frå Wikimedia Commons.
Sidan eg har den gleda av å jobbe med folk som også kan finne glede i kyrkjehistoriske kuriositetar, har eg fått låne eit eksemplar av Visitasboka til Peder Palladius. «Kva er dette for noko?» spør du kanskje no, og det skal du få svar på.

Peder Palladius var den første superintendenten i Sjælland stift etter reformasjonen. Sidan har var først i stillinga, måtte han finne ut korleis han skulle gjere ting, og han skreiv ei bok korleis ein skulle ha bispevisitasar. Den er truleg skrive rundt 1540/41 som hjelp for ein annan biskop som skulle ta til i jobben.[1] Boka vert rekna som ei av dei viktigaste kjeldene for kunnskap om kyrkje- og kultur på 1500-talet i Danmark. Det er ho sikkert, men det er ikkje det vi skal sjå på. Sidan dette er St. Isidors minne og ikkje ein doktordisputas, ser vi heller på dei delane av boka som vi i alle fall kan håpe ser meir underlege ut i dag enn dei gjorde for rundt 500 år sidan.

Når det er sagt: Peder Paladius var ikkje ein kven som helst i den lutherske kyrkjehistoria. Han stod bak omsetjingar til dansk av fleire skrifter av Martin Luther, mellom anna noko såpass vesentleg som den lille katekisma, og han omsette Kirkeordinansen til dansk. Han var også ein del av komiteen som stod bak Christian IIIs Bibel.

Visitasboka var ikkje noko som skulle trykkast. Den vart truleg kopiert mellom biskopane (Jada! Superintendentane....) og var til hjelp i deira arbeid. Gjennom det som stod der skulle biskopane få hjelp til å bevare det beste frå den gamle trua, men samstundes skape ei ny kyrkje. Ein kan forstå at dei ikkje ville gjere denne jobben utan nokon form for rettleiing. At Palladius tok på seg å gje denne rettleiinga, seier noko om at han var ein formidabel figur, og ein særs viktig mann i kyrkja på den tida. Ikkje berre i Danmark, men også i Norge og på Island.

Palladius døydde i berre 56 år gamal i 1560.

Glimt inn i visitasvegleiinga hans kjem i postar i tida framover.


Fotnoter
[1] K. Støylen, Forord til Peder Palladius' Visitasbok, J. Chr. Boktrykkeri, Oslo, s. 13.

mandag 2. oktober 2017

Ein helt. Ein vaskeekte helt!

På St. Isidors minne har vi fleire gonger sett på prestar som langt frå var ein pryd for standen. I dag skal vi igjen møte ein mann som vart dømt frå både presteembedet og eigedom, men denne gangen er det snakk om ein helt. Ein verkeleg helt.

I 1694 dukkar det opp ein prest i Karlsøy, nord for Tromsø. Kvar han kom frå, når han var fødd og slikt veit vi ikkje, men vi veit derimot at han var gift med Rebecca Elisabeth Heggelund, niesa til kong Fredrik IV. Slike slektsband til monarkiet er ikkje noko eg brukar å henge meg opp i, men som vi skal sjå, vert dette ein viktig detalj i forteljinga om Michael Jensøn Heggelund.

Korleis Heggelund var som prest, veit eg ikkje. Som vi skal forstå var han høgt akta av lokalbefolkninga, medan ein mann som Thomas von Westen sa at han «kan ikke male herr Michael og hans menighet med tilstrekkelige mørke farger». Dette var mange av dei geistlege einige i, sjølv om dei måtte innrømme at Heggelund var eit stort medmenneske og gjorde det han kunne for å hjelpe dei som trengte hjelp, trass i at han sjølv ofte levde i fattigdom.

Og det er i dette at han gjorde det han kunne for å hjelpe andre at han viste seg som ein ekte helt. På våren 1701 kom ei sak opp for Helgøens tinglag. Anne Larsdatter stod tiltala for å ha fått eit barn utanfor ekteskap, og tatt livet av barnet rett etter fødselen. Ho vart dømt til å bli hengt før hovudet skulle setjast på stake til skrekk og åtvaring. Sidan amtmannen ikkje var tilstades under rettsaka, måtte ho vente i ni månader i fengsel for at han skulle stadfeste domen. Då amtmannen endeleg var ferdig i januar 1702 vart Heggelund med til fengselet for å møte Anne Larsdatter.

Då ho forstod kva som skulle skje fekk ho naturleg nok panikk, og Heggelund fekk stor medkjensle med henne. Han forsøkte å få utsett avrettinga, utan å lukkast. Det vart slått fast at den skulle skje neste dag. Det einaste han kunne gjere, var å følge henne til galgen dagen etter.

Då han kom til galgen ropte han ut over den store menneskemengda som var samla der: «Finnes det da i hele denne forsamling ikke en eneste som føler så mye medlidenhet med denne arme synderinne at han vil ta henne bort fra en så forsmedelig død?» Kva skulle dette bety, tenker du kanskje? Jo, det hadde seg slik, at skikken på den tida var om nokon ville gifte seg med den dødsdømte vart dødsdomen oppheva. Michael Jensøn Heggelund hadde ein plan!

For frå folkemengda ropte ein mann at han ville gifte seg med Anne Larsdatter, og ut frå mengda kom ein av tenestemennene til presten. Fullmektig Løvberg som var ansvarleg for avrettinga protesterte kraftig, men Heggelund tok på seg alt ansvar og skreiv ei trulovingserklæring der og då, før han tok med seg det nye paret heim til prestegarden.

Anne Larsdatter budde på prestegarden og jobba som barnepike og tjenestejente i fleire år. Noko bryllaup vart det derimot aldri, og det vart etterkvart klart for alle at heile trulovinga var noko Heggelund og tenesteguten hadde kome opp med for å redde henne.

Prosten i Tromsø såg også dette, og han sendte saka til regjeringa som vidare bad teologane på det teologiske fakultetet i København sjå på saka. Dei kom til at det var «ingen anledning, hverken i Guds lover eller kongens til denne herr Michale Heggelunds formastelse, at han under dekke av en forlovelse med en mannsperson som kom løpende og begjærte synderinnen til ekte på retterstedet, har villet forhindre eksekusjonen og 'justisius' fremgang etter en formell, lovmessig dom...» og så vidare, og så vidare. Heggelund fekk altså ikkje mykje støtte. Kvinna fekk derimot ei ny rettsak, då alt hadde blitt kludra til «ved sådan en prests misgjerning».

I 1704 vart Heggelund så dømt til å miste embedet og godset sitt. Han anka sjølvsagt, men båten anken var på forliste og det heile vart derfor rettskraftig før han fekk gjort noko meir. Og no kjem dei kongelege banda inn i biletet. Kona drog nemleg til København då dei fekk vite at Michael mista alt. Der fekk ho snakka med onkelen, og mannen fekk både jobb og gods attende.

Det skjedde ikkje før på hausten i 1706. Då hadde Heggelund allereie vore to år utan jord eller inntekt i tilleg til at det var uår i Nord-Norge,  og han klarte ikkje byrden av å ha Anne Larsdatter buande hos seg lenger. Ho var nemleg no plassert i ei form for varetekt hos han. Ho vart derfor overført til varetekt hos lensmannen. Der satt ho truleg resten av livet. Ho vart på nytt dømt til døden i 1710, og truleg avretta i 1715. Trass i sin iherdige kamp tapte altså Heggelund.

Men Heggelund gav seg mest truleg ikkje med dette. I 1722 sat det ei ny kvinne i arresten. Kirsten Larsdatter hadde gjort seg skuld i same brot som Anne Larsdatter, altså tatt livet av sitt nyfødde barn. Ho vart dømt til å bli halshogd, og venta på avrettinga. Ei natt løfta nokon taket av arresten og fekk Kirsten vekk frå øya, over til fastlandet og ut av landet. Mest truleg var det heile arrangert av vår ven Michael Jensøn Heggelund.

I 1729, etter 35 år som prest på Karsøy (med ein aldri så liten pause, som vi har vore inne på....) døydde Heggelund.  Karlsøy si kyrkjehistorie Kirke under nordlyset av Ulf L. Vinje seier det fint:

«Hans ettermæle bærer i seg en egen glans, en æra som forteller om en mann, et menneske som kjempet for nestekjærlighet, for rettferdighet mot urett og blind jus. Han trenger ingen bauta. Den reiste han selv den gangen han virket her ute.»

Kjelde: Kirke under nordlyset av Ulf L. Vinje, Karlsøy kulturkontor 1995. Side 58-64

 



mandag 25. september 2017

Endeleg ein skandale frå Manger

Manger har ei kyrkjehistorie dei kan vere stolt av. Dei har hatt Katarinakyrkja frå 1100-talet. Dei har hatt Michael Sars. Dei har hatt ei skeiv kyrkje som stod i fare for å dette ned. Og dei var ansvarleg for mannen vi skal sjå på no....

Ser ein i lista over prestar i Manger, finn ein ein kar med namn Hans Withe. Withte var nok ein bra fyr «der skal have havt et ikke ringe Ord for sin Lærdom.» Då kongen hamna i pengetrøbbel på 1700-talet kjøpte With like godt Manger kyrkje saman med kyrkjene på Sæbø, Hordabø og Herdla saman med alt av jord og godt som høyrde med. Og han tok faktisk godt vare på kyrkjene, ulikt mange andre kyrkjeeigarar. Han gjorde også andre ting enn å eige kyrkjer. Han lagde også ungar, og det er sonen til Hans vi skal sjå på no. I 1717 fekk Hans sonen Johan Whitte (eller White eller Withe....) saman med kona si Anna Maria medan dei budde på Manger.

Eg kom over Johan i festskriftet for Lyngen kirke i Troms frå 1981, då Lyngen kirke var 250 år. I 1747 dukka nemleg Johan opp som prest i Lyngen. Prestane i Lyngen hadde på den tida tittelen «misjonær», men vi heng oss ikkje opp i dette no. Han var berre i Lyngen i eitt år, før han det som vert omtala som  «viktige» (med hermeteikn!) hendingar gjorde at han måtte til København. Det var jo artig å finne ein stril i Troms, men det var ikkje det som fanga merksemda mi. Det gjorde denne setninga om seinare prestegjerning i Bergen, der han «fikk vansker med myndighetene fordi han ekteviet hjemme i huset uten kgl. tillatelse». Dette førte, kanskje ikkje overraskande til suspensjon.

«Artig,» tenkte eg. «Kanskje finn eg meir om denne fyren?»

Og det gjorde eg! Her har vi å gjere med ein fyr som ikkje tar så tungt på autoritetar. Rundt 1760 byrja det å sirkulere eit skrift i Bergen. Skriftet tok for seg ei rekke av dei viktigaste personane i byen på denne tida og latterleggjorde dei i verseform. Skriftet gjev ein kanselliråd som hadde havna i klammeri med ein av prestane i byen heltestatus, medan presten, som hadde nekta kanselliråden nattverd, truleg ikkje kom så godt frå det heile. Skriftet solgte så godt ein kan vente seg frå denne type skrift, og måtte trykkast i nytt opplag. For å gjere heile saka verre, kom det fram at forfattaren var ein prest i Bergen med namn Johan Whitte. Vår man. Biskop Ole Tidemand tok affære. Vi kan gå ut frå at han gav Whitte ein kraftig oppstramming, og det gjekk mange brev mellom dei to i Bergen og kongens menn i København. Biskopen vart naturleg nok kraftig audmjuka av at skriftet, som vendte seg mot eliten, og prestane, i Bergen kom frå kyrkja sjølv, og for å gjere audmjukinga komplett vart vår mann, som ein underleg vri på heile saka, forfremma etter at han sjølvsagt fekk ei offentleg reprimande.

I 1762 vart han personalkapellan i Korskirken, og seinare res.kap. i same kyrkje, heilt til det igjen skar seg «fordi han uden kgl. Tilladelse copulerede hjemme i Huset». Det er ei formulering det er schwung over! «Uden kgl. Tilladelse copulerede hjemme i Huset»!

Johan Whitte døydde i 1775. Om han hadde kongelig tillating for dette, veit eg ikkje.

Så der har de den, Manger! De har ikkje berre Sars og den skeive kyrkja. De har også presten som skapte rabalder i bergenseliten og kopulerte utan kongeleg løyve.

torsdag 24. august 2017

Boktrykkaren i Mainz

Universitetet i Kassel si utgåve av Gutenbergbibelen.
Biletet er tatt av Universitetsbiblioteket i Kassel
og ligg på Wikimedia Commons. (CC BY-SA 3.0)
Det er reformasjonsår i år. 500 år sidan Martin Luther for alvor sette i gang spetakkelet. Vi kjenner historia, og gjer vi det ikkje poppar det opp med lutherseminar, -kveldar og -festar rundt i heile Europa for tida, så det bør i alle fall vere mogeleg å bli kjent med historia.

I dag er det kanskje ein merkedag for reformasjonen. Eg vil tru dagen går ganske stille forbi i mange av markeringane, og det er mogeleg det er heilt på sin plass, for eg vil seie at eg ikkje heilt er overbevist om at dagen i dag verkeleg er dagen, men uansett: Både Christianity Today og Wikipedia hevdar at 24. august 1456 stod Johann Gutenberg med den første utgåva av den såkalla «Gutenbergbibelen» i handa. Andre - og sikkert betre - kjelder som British Library og University of Texas seier at det skjedde eit år eller to før dette, men slike bagatellar som kva som er i historisk korrekt kan vi ikkje bli styrte av. Det vart i alle fall trykt ein Bibel på midten av 1450-talet, og det er vanskeleg å sjå for seg reformasjonen og framveksten av lutherske kyrkjer slik vi kjenner dei i dag utan Johann Gutenberg og hans boktrykkarrevolusjon.

Det var sjølvsagt ikkje berre kyrkja Gutenberg var med på å snu opp ned på. Heile kunnskapssamfunnet er basert på at vi når vi ynskjer det har lett tilgang på informasjon. Dette var det Gutenberg som skaffa oss. Det var han som gjorde at bøker og andre trykksaker vart mogeleg å kjøpe for fleire enn dei aller rikaste. Masseproduksjon av kunnskap, og med det kunnskapssamfunnet bygger på Gutenberg.

Gutenberg vart drive av eit ynskje om å at alle skulle ha tilgang på Bibelen. Det var det som var motivasjonen hans for å utvikle boktrykkinga slik han gjorde. Naturleg nok var også den første masseproduserte boka hans nettopp Bibelen.

Gutenberg sin visjon om at Bibelen skulle vere tilgjengeleg for alle, var ein visjon han delte med Martin Luther. Guthenberg trykte Bibelen på latin, medan Luther omsetje den til tysk. Men utan Gutenberg hadde nok ikkje den tyske omsetjinga blitt så viktig som han vart. Det er mogeleg at utan Gutenberg hadde kunnskap om Luther vore noko kun vi som har studert kyrkjehistorie hadde hatt kjennskap til, og då berre som historia om ein brysom munk som til slutt vart kasta ut av kyrkja.

Reformasjonen starta på sett og vis med boktrykkaren i Mainz, så det er berre rett og rimeleg at vi minnast også han i reformasjonsåret 2017. Så då får det heller vere at eg mistenker at dette med datoen i dag berre er sprøyt...

tirsdag 20. juni 2017

Georges Lemaître - Fleire slike

Georges Lemaître har drodla pilar og bokstavar på
på ei tavle. Sannsynlegvis er det genialt.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
20. juni 1966 mista verda Georges Lemaître. Eg skal ikkje forsøke å påstå at eg forstod alt han dreiv med, men eg forstår nok til å skjøne at det var store greier. Lemaître var katolsk prest, men det er først og fremst som astronom og fysikar han er kjent.

Innan naturvitskapen dreiv han med store ting. Det var han som kom opp med «Big Bang-teorien», det var han som kom opp med teorien om korleis universet utvidar seg og det var han som kom opp med det meste som Hubble har fått æra for. Eg veit ikkje kva denne Hubble dreiv med, men han fekk oppkalla eit digert teleskop etter seg, så noko bra må det ha vore. Lemaître var altså ein knakande god kar på sitt felt.

Som teolog var han sikkert grei nok. Eg veit ikkje. Han har ikkje sett store spor etter seg der, utan det trekk ned.

Når vi i dag plagast både med kreasjonisme og ID som kjem krypande over havet frå dårlege «teologar» i USA, og som til og med byrjar å få fotfeste i lågkyrkjelege miljø i Norge, og med nyateistar som legg frem eit verdsbilete der myter om ein uungåeleg konflikt mellom kyrkje og naturvitskap står sentralt, treng vi å løfte fram slike folk som Lemaître.

For det første: «Big Bang-teorien» vart først lagt fram av han. Ein katolsk prest. Det er som oftast ikkje denne teorien kreasjonistane har mest problem med, men det er likevel verdt å merke seg. Ein av dei heilt sentrale teoriane (i alle fall slik eg med min minimale forståing for slikt forstår det) i naturvitskapen vart lagt fram av ein katolsk prest.

For det andre: Då han la fram denne teorien hoppa pave Pius XII tydelegvis i taket av glede. For no hadde Lemaître bevist den katolske trua, meinte han. Lemaître gjekk då til paven og bad han, sikkert med finare ord, om å halde kjeft og ikkje snakke om naturvitskap att. Noko paven tok til seg, og gjorde. For Lemaître meinte at dette var to einingar ein ikkje skulle blande. Det er to ting som held seg på ulike plan og som verken var i konflikt eller bygde på kvarandre.

For det tredje: Lemaître viser tydeleg kor lite den konstruerte konflikten mellom religion og naturvitskap har for seg, og kor lite forankra det er i det verkelege liv. Dei einaste som har noko å vinne på dette er fundamentalistiske krefter på religiøs eller ikkje-religiøs side. Gjennom heile historia finn ein slike døme på religiøse menneske som har gjort store og viktige naturvitskaplege oppdagingar. Og som ikkje har sett på dette som nokon konflikt eller noko rart. Kyrkja har sjølvsagt tråkka feil nokre gonger i historia, det vil ho sikkert gjere i framtida også, men det er inga «naturlov» at det må skje. Det heng mellom anna saman med at vi ikkje er gode på slikt som naturvitskapen driv med. Det er rett og slett ikkje vår heimebane.

Lat oss derfor minnast Lemaître og håpe og be om at fleire som han dukkar opp. Kyrkja treng dei og naturvitskapen treng dei. Så få vi heller leve med at vi ikkje forstår halvparten av det dei driv med...

mandag 10. april 2017

Svartekunster i Trondenes?

I Trondenes kirke skal det ha gått føre seg!
Biletet er tatt av Simo Räsänen og ligg på Wikimedia Commons.
(CC BY-SA 3.0)
Frå 1731 til 1744 var Svend Peller sokneprest i Torsken på Senja. Peller var ein omdiskutert fyr, kan ein nok seie. Det gjekk rykte på bygda om at han hadde i eige den legendariske Svarteboka, og han vart mykje brukt for å reinske opp i åndeverda i bygdene rundt Torsken. Han skal også ha vore flink med det vi i dag ville ha kalla for psykisk sjuke, og tilsaman gjorde alt dette at han skal ha vore godt likt av folk flest.

Kanskje var det derfor det bryja å gå rykter om korleis han ordna opp då han i 1734 vart kalla inn til Trondenes for å stå skulerett for biskopen i Nidaros og alle prestane i «al Senjens Land».

Peller måtte svare for seg då biskopen hadde fått nyss i at han var for hard på flaska og hadde ein del andre praksisar som ikkje passa med embedet som sokneprest. Soga seier at Peller stod inne i kyrkja, saman med alle prestane i området og biskopen. Der vart han dømt til å miste kappe og krage, og sjølvsagt jobben i same slengen. Men Peller var ikkje rådlaus. Han tok opp ein mus frå hatten sin, (Kven går rundt med mus i hatten?) og denne musa skapte seg om til Satan sjølv. Eller kanskje det er meir rett å seie at Styggen hadde forkledd seg som mus? I alle fall steig han fram og fanga heile presteskapet i kyrkja, medan Peller sjølv gjekk sin veg. Etter ei stund fekk biskopen sendt bod etter Peller som, mot at han fekk fortsette som prest i Torsken, løyste både biskop og presteskap frå den heller kjedelege situasjonen dei var i.

Ein kan også lese om det som skjedde i visitasmeldinga til biskopen. Han skriv at Peller var kalla inn på teppet, og at han innrømma at han kanskje hadde noko å gå på med tanke på oppførsel. Dei andre prestane i prostiet bad om at Peller måtte få fortsette, og dette gjekk biskopen med på då han fekk eit skriftleg løfte frå Peller om at han mellom anna skulle halde seg vekke frå brennevin.

Ikkje eitt ord om sataniske mus i visitasrapporten, altså...

Så då er det opp til oss å vurdere kven vi trur på. Biskopen i domen i sør eller bygdefolket på Senja?

Kjelde: Torsken kirke 200 år 1784-1984.

fredag 19. august 2016

Lord of the Dance

I heimen har vi i det siste høyrt mykje på ein song vi absolutt burde fått inn i den norske salmekanonen. Sangen er «Lord of the Dance» av Sydney Carter, ei perle av ein song.

Mange kjenner sikkert salmen «Da jeg trengte en neste». Personleg er eg ikkje overbegeistra for denne salmen. Tekstmessig er ho grei, men melodien vert fort ganske... langdryg... Den godaste Carter har fått med denne salmen i både den noverande og den forrige salmeboka, men om berre ein av hans songar skal vere ein del av norsk salmekanon, burde det vere «Lord of the Dance».

Først nokre ord om Sydney Carter. Han var ein engelsk visesangar som hadde ein relativt blomstrande karriere, der han mellom anna jobba saman med Pete Seeger. Han skreiv ein del liturgisk musikk og songar for kyrkjebruk, og dette vart mykje brukt sjølv om Carter sjølv var notorisk omdiskutert på grunn av sin lauslege omgang med kyrkjelege dogme. Han vart til slutt gravlagt i Church of England, men såg kanskje meir på seg sjøl som ein kveker.

Shiva som Nataraja. «Dansens herre» eller «Lord of the Dance».
Biletet er tatt av StaraBlazkova frå tsjekkisk Wikipedia og ligg
Wikimedia Commons. (CC BY-SA 3.0)
Når han skreiv «Lord of the Dance» var det faktisk ein gamal kvekermelodi han brukte. Teksten er inspirert av ein statue av den hinduistiske guden Shiva, manifistert som Nataraja som er sanskrit og betyr «Dansens herre» eller «Lord of the Dance». I hinduistisk lære dansar Nataraja ein kosmisk dans som øydelegg verda og førebur henne på ei nyskaping, ikkje heilt ulikt kristen eskatologi.

Carter gjev tittelen «Lord of the Dance» til Jesus, og fortel om korleis Jesus dansar gjennom verda. Frå skapinga til oppstoda. Første vers i songen, der Jesus dansar under skapinga kan minne om orda frå Ordtøka 8, der visdomen leikar under skapinga. Vidare dansar han seg til stallen i Betlehem og vidare til krangel med farisearar, helbredingar, kall av læresveinar, krossfesting, oppstode og inn i liva til dei truande. Evangeliet fortalt med hinduistisk bruk av bilete. Alt med eit superfengande refreng.
Dance, dance, wherever you may be
I am the lord of the dance, said he
And I lead you all, wherever you may be
And I lead you all in the dance, said he
Sydney Carter var som sagt ikkje så nøye på å holde seg innanfor grensene for etablert dogmatikk. Han sa sjølv dette om Jesus i songen, og kanskje finn vi her ei forklaring på kvifor vi ikkje har tatt han i bruk i Norge?
I see Christ as the incarnation of the piper who is calling us. He dances that shape and pattern which is at the heart of our reality. By Christ I mean not only Jesus; in other times and places, other planets, there may be other Lords of the Dance. But Jesus is the one I know of first and best. I sing of the dancing pattern in the life and words of Jesus.

Songen er mykje brukt i engelsktalande kyrkjer. Og kvifor skulle han ikkje vere det? Dette er ein strålande salme.  Sjeldan eller aldri har vel hinduisme og kristendom blitt kombinert på ein flottare måte!

Ta deg bryet med å lese teksten her, og høyr The Dubliners spele songen i filmen under. Eg trur ikkje dei har med alle versa når dei syng han, men når ein kan melodien klarar ein jo fint å synge sjølv. Denne songen må inn i norske gudstenester!

onsdag 10. august 2016

For eit ettermæle

Eg har i det siste jobba litt med Meland kyrkje si historie, og derfor bladd litt i jubileumsboka som kom då kyrkja var 100 år i 1966. I denne boka går ein gjennom alle prestane som har tenestegjort i Meland sidan 1300-talet, i alle fall dei ein har hatt kjeldestoff om. Ein av dei eg tilfeldigvis las om var Lorentz Stibolt som var prest i Hamre prestegjeld frå 1825 til 1832. Meland var på denne tida ein del av Hamre prestegjeld, og Stibolt var derfor prest også i Meland. Eg veit ikkje om Stibolt var ein brukbar prest, men dette er i alle fall ettermælet han har fått. Eg siterer alt som står om han.
Lorentz Stibolt, (1825-1832)
Han hadde fin eksamen, var veikhelsa, eigensindig og nervelinn. Flink fløytespelar var han, og ein raring. Sognefolket trudde han var synsk. Mot embedsbrør var han avvisande, og mot prost og bisp var han kald. Han tok avskil for helsa si skuld, bygde seg ei hytte i Gjærvikjæ, ein stad ved strandi, heiter «Krabbeuræ». Der levde han einsam i mange år.
Kjelda for kunnskapen om Stibolt seier vel eigentleg det meste om ettermælet han fekk. Ho er oppgjeven slik: «De Traph: En underlig præst, Personalhist. Tidsskr. 1896».

Så kan ein lure på kva som kjem til å bli hugsa om meg...

fredag 15. april 2016

«There is no just war!»

For dei av oss som held ikkjevaldeleg motstand for å vere den beste måten å møte ondskap og maktmisbruk på, har dei siste åra vert ei tung tid. For korleis møter ein noko som herjingane til Daesh og deira likesinna? Å snakke om ikkjevaldeleg motstand verkar lett som utopisk svermeri. Likevel vil eg ikkje sleppe denne tanken.

For meg er dette grunna ikkje berre i ikkjevaldeleg teori som From Dictatorship to Democracy av den amerikanske forskaren Gene Sharp, men i hovudsak av det eg forstår av Jesu lære. For meg er det umogeleg å forstå Jesus på nokon annan måte enn at ikkjevald følgjer som ein naturleg konsekvens av det han seier. Desverre har eg i hovudsak ikkje med meg kyrkja i dette synet. Rett nok har dei tre «fredskyrkjene» mennonittane, brødrekyrkja og kvekarane stått for dette i lang tid, og dei har også fått med seg ei og anna anna gruppe, men det er tynt i rekkene. John Howard Yoder, kanskje den teologen som har påverka meg mest, argumenterte strålande godt for saka, utan å få særleg mykje gjennomslag, kanskje fordi han var mennonitt? Ein han påverka, og som har hatt mykje større verkekraft er Stanley Hauerwas, som trass i at han vert rekna som ein av dei fremste teologane i dag, ikkje når gjennom med bodskapen i særleg stor grad. Den einaste som verkeleg har fått gjennomslag for ikkjevaldeleg motstand med kristen grunngjeving er nok Martin Luther King Jr., men av ein eller annan grunn forplanta ikkje den relativt suksessfulle taktikken hans seg til resten av kyrkja eller samfunnet i særleg stor grad. Kva som gjer dette, er veldig uklart for meg, då den tidlege kyrkja såg ikkjevald som det einaste rette. Det er derfor lett å tenkje at ikkjevald burde vore meir vanleg i teologisk tankegang.

Det er derfor veldig gledelege nyhende som kjem frå Den katolske kyrkja no. På den eine sida er det naturleg, då dei har fokus på historia og tradisjonen, og derfor lettare kan fiske fram kyrkjefedrene og den tidlege kyrkja. På den andre sida er det ei bombe. For dei kan vere i ferd med å forkaste læra si om rettvis krig. Ei lære dei kan spore til kolossar som Augustin og Tomas Aquinas. Og det sterke kreftar vil erstatte læra med, er ikkjevaldeleg motstand!

Det har blitt halde ein konferanse i Vatikanet denne veka. Ein skikkeleg storkonferanse arrangert av Det pavelege rådet for rettferd og fred og Pax Christi, med rundt 80 deltakarar. Og dei har verkeleg slått på stortromma i det dei seier når dei ber pave Frans om å omformulere læra om valdsbruk. «There is no just war», slår dei fast. Vidare seier dei at «Too often the 'just war theory' has been used to endorse rather than prevent or limit war, [...] Suggesting that a 'just war' is possible also undermines the moral imperative to develop tools and capacities for nonviolent transformation of conflict.» Så slår dei fast det eg har meint heile tida: «We need a new framework that is consistent with Gospel nonviolence» og foreslår at «the Catholic Church develop and consider shifting to a Just Peace approach based on Gospel nonviolence.»

Vi kan gje ordet til den ugandiske erkebiskopen John Baptist Odama:
I came a long distance for this conference, with a very clear mind that violence is outlived.
[...]
It is out of date for our world of today.
[...]
We have to sound this with a strong voice. Any war is a destruction. There is no justice in destruction. - It is outdated.
Kan det seiast betre? Og det heile vert endå sterkare når det kjem frå ein erkebiskop i ein region som har fått kjenne herjingane til Al Shabab og Boko Haram på kroppen.

Utsegna frå konferansen slår fast: «The time has come for our Church to be a living witness and to invest far greater human and financial resources in promoting a spirituality and practice of active nonviolence.» Dei seier også at dei har pave Frans med på laget, og at han er ivrig på å få ein endring på dette feltet. Og er det nokon som kan klare det, må det vere Frans.

Denne konferansen i Vatikanet som sikkert kjem til å bli heilt gløymt i norske media, er nok noko av det viktigaste som har skjedd i Kyrkja på aldri så lenge. For alle oss som ynskjer at dette skal vinne fram er det to ting å gjere: Ora et labora. Bøn og arbeid.

tirsdag 1. mars 2016

Jesus, epletreet

Via diverse omvegar kom eg over denne nydelege salmen som i følgje Wikipedia mest truleg er frå 1700-talet. Eg har aldri vore borti salmen før, og eg har heller aldri vore borti symbolikken. Jesus som epletreet. Wikipedia fortel at biletet kjem frå Høgsongen 2,3 der vi kan lese:
Som et epletre blant trærne i skogen,
slik er kjæresten min blant sønnene.
Jeg nyter å sitte i hans skygge,
hans frukt er søt for ganen
Dette har ein, ikkje overraskande, sett på som eit bilete på Jesus.

Salmen kjem sansynlegvis frå metodistane, medan den første gong stod på trykk i ei salmebok frå baptistkyrkja.

Utfordringa til norske komponistar er sjølvsagt enkel: Ein finfin melodi til epletresalmen.

Om teksten er vanskeleg å lese, kan ein trykke på biletet for å få det større.

fredag 18. desember 2015

Hanno

Samtidig teikning av Hanno.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Frå tid til anna dukkar det opp ein og annan elefant i den europeiske historia, men Hanno dukka opp midt i Vatikanet. Det gjer at vi må ta ein liten kikk på den største som nokon gong har budd i kyrkjesenteret.

I 1514 fekk pave Leo X ei gåve. Leo X er paven vi kjenner som han som strevde med Martin Luther og til slutt ekskommuniserte han. Gåva kom frå Manuel I som var konge av Portugal. Manuel hadde sendt den fire år gamle kvite, indiske elefanten Hanno til paven, og som seg hør og bør, vart Hanno yndlingsdyret til paven. Dette kan henge saman med at då den digre elefanten kom inn i Roma for første gong, pynta slik berre kongar og pavar kan pynte, skal han ha gått fram til paven, knela, reist seg og blåst tre høge fanfareliknande blås med snabelen. Så fylte han vatn i snabelen og spruta på alle som var der, inkludert paven. Det er ein stilfull entre! Hanno fekk seg eit eige hus (kanskje vi kan kalle det for eit fjøs?) mellom Peterskyrkja og Det apostiliske palass, så ein kan på ingen måte seie at han vart stua vekk i Vatikanet.

Hanno i ein av prosesjonane der Paven ville gjere
narr av nokon. Her Baraballo.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons
Paven likte å ha med Hanno i prosesjonar. Prosesjonane skal ikkje alltid ha hatt dei beste baktankar, og vart gjerne gjort for å gjere narr av folk. I tillegg var ikkje Hanno så begeistra for trompetar, kanonar og anna støy som fulgte med, så fleire gonger enda dette med at han vart redd og skapte kaos i byen. Folk vart til og med drepne på grunn av dette.

I 1566 døydde Hanno. Paven skal ha vore med han heilt til det siste. Stakkaren tålte ikkje maten i Vatikanet, og vart forstoppa. Då dei prøvde å løyse dette med å gje han avføringsmiddel med gull, skar alt seg og han døydde.

Hanno vart gravlagt på Cortile del Belvedere, eit stort torgliknande område i Vatikanet. Der låg han meir eller mindre gløymt fram til 1962, då ein fann beina hans medan ein gravde for å lage varme- og kjøleanlegg. Eg veit ikkje noko om varme- og kjøleanlegget, men Hanno skal ha blitt gravd ned att der han låg, så framleis skal det altså ligge ein elefant gravlagt i Vatikanet.

Slik var altså historia om Hanno. Den største i Vatikanet si historie.

søndag 6. desember 2015

Eit fromt barn

Niolas av Myra
Biletet er henta
frå WikimediaCommons.
Det er minnedag for Nikolas av Myra i dag. Den eigentlege julenissen. Vi kostar derfor på oss ei lita anekdote frå barndommen hans. Den er nok ikkje sann, men slike smålege krav kan vi ikkje stille til gode historier.

Som barn var Nikolas ein asket av dimensjonar. Kyrkja sine fastereglar sa at ein skulle faste på onsdagar og fredagar. Og som det fromme, lille barnet han var, tok Nikolas dette på alvor. På onsdagar og fredagar nekta han nemleg å vere med på meir enn ei runde amming, og dette måtte skje om kvelden, slik fastereglane sa.

Det er eit fromt barn, det!

torsdag 22. oktober 2015

Den khalkedonske vedkjenninga

22. oktober 451 skjedde det noko som førte til det første store skiljet mellom ulike kyrkjer. På konsilet i Khalkedon måtte ein ta stilling til dogmatikken til monofysittane, som meinte at Jesus kun hadde guddommeleg natur og dermed ikkje menneskeleg natur.

Dette var ikkje noko ein fekk til å stemme med ortodoks lære, og ein formulerte derfor den khalkedonske vedkjenninga om Kristi to naturar. Vedkjenninga er - naturleg nok - særs presis når det kjem til å definere kven Jesus var, og av dei tre vedkjenningane vi i vår kyrkje har med i våre vedkjenningsskrifter, er det nok kun Athanasium som kjem nær presisjonsnivået dei hadde i Khalkedon i 451.

Dei orientalsk-ortodokse kyrkjene var ikkje einige i denne teologien, noko som gjer at dei i 451 gjekk ut av kommunionen med resten av kyrkja, og har i dag ikkje kommunion med verken Den katolske kyrkja, dei største ortodokse kyrkjene eller oss protestantar. Mellom dei orientalsk-ortodokse finn vi viktige kyrkjer som den koptiske, den etiopisk-ortodokse og den syrisk-ortodokse i tillegg til fleire andre gamle kyrkjesamfunn.

Konsilet vart dermed ein siger for kristologien, men samstundes gjekk Kyrkja på ein smell...

Eg har ikkje klart å finne ei norsk omsetjing, så vi les orda frå Khalkedon på engelsk. Teksten er henta frå Philip Schaff si bok Creeds of Christendom, with a History and Critical notes. Volume II. The History of Creeds frå 1876, slik ho ligg på CCEL.  Les og lær:

We, then, following the holy Fathers, all with one consent, teach men to confess one and the same Son, our Lord Jesus Christ, the same perfect in Godhead and also perfect in manhood; truly God and truly man, of a reasonable soul and body; consubstantial with the Father according to the Godhead, and consubstantial with us according to the Manhood; in all things like unto us, without sin; begotten before all ages of the Father according to the Godhead, and in these latter days, for us and for our salvation, born of the Virgin Mary, the Mother of God, according to the Manhood; one and the same Christ, Son, Lord, Only-begotten, to be acknowledged in two natures, inconfusedly, unchangeably, indivisibly, inseparably; the distinction of natures being by no means taken away by the union, but rather the property of each nature being preserved, and concurring in one Person and one Subsistence, not parted or divided into two persons, but one and the same Son, and only begotten, God the Word, the Lord Jesus Christ, as the prophets from the beginning [have declared] concerning him, and the Lord Jesus Christ himself has taught us, and the Creed of the holy Fathers has handed down to us.

onsdag 7. oktober 2015

Glade gatebarn

I går såg vi på Joey Velasco sitt Håpets bord. Der portretterte han tolv gatebarn som delte nattverden med Jesus. Dette biletet malte han i 2005, og tre år seinare i 2008 hadde han ikkje gløymt desse borna. Han fekk ordna plass til alle tolv i landsbyen Gawad Kalinga der gatebarna fekk hjelp. Dette inspirerte han til å male ein ny versjon av biletet. No er de tolv glade barn som deler nattverd med Jesus, men landsbyen i bakgrunnen.

tirsdag 6. oktober 2015

Når kunsten gjer nattverden større

Medan vi er inne på korleis nattverden vert framstilt i kunst, passar det godt å ta fram att det som kanskje er det sterkaste maleriet av nattverden eg veit om. Det er mala av den filippinske kunstnaren Joey Velasco som desverre døydde i 2010.

Biletet heiter Hapag ng Pag-asa eller Håpets bord og viser Jesus som deler det siste måltidet med tolv gatebarn. På biletet ser vi portrett av tolv personar som var verkelege gatebarn som Velasco fann i slummen og brukte som modellar for dette biletet.

Sist gong eg skreiv om biletet. la eg det ut slik det er (desverre er sida eg lenka til død), men på Wikimedia Commons ligg biletet i ein liturgisk samanheng. I St. Monica-kyrkja i Minalin på Filippinane tok dei maleriet inn i kyrkja på skjærtorsdag i år og gjorde det med det endå meir virkningsfullt. Når biletet står forran altaret i kyrkja, ser ein verkeleg kven Jesus kom for og kva Kyrkja sitt oppdrag i verda er.

Biletet er tatt av Judgefloro og ligg på Wikimedia Commons. (CC BY-SA 4.0)