tirsdag 1. mars 2016

Jesus, epletreet

Via diverse omvegar kom eg over denne nydelege salmen som i følgje Wikipedia mest truleg er frå 1700-talet. Eg har aldri vore borti salmen før, og eg har heller aldri vore borti symbolikken. Jesus som epletreet. Wikipedia fortel at biletet kjem frå Høgsongen 2,3 der vi kan lese:
Som et epletre blant trærne i skogen,
slik er kjæresten min blant sønnene.
Jeg nyter å sitte i hans skygge,
hans frukt er søt for ganen
Dette har ein, ikkje overraskande, sett på som eit bilete på Jesus.

Salmen kjem sansynlegvis frå metodistane, medan den første gong stod på trykk i ei salmebok frå baptistkyrkja.

Utfordringa til norske komponistar er sjølvsagt enkel: Ein finfin melodi til epletresalmen.

Om teksten er vanskeleg å lese, kan ein trykke på biletet for å få det større.

3 kommentarer:

Bjarte sa...

Hva med å bruke melodien til "Da Jesus satte sjelen fri"?

Versemelodien på oddetall-versene og refrengmelodien på partallsversene.

Steinar Sneås Skauge sa...

Det går jo som ei kule!

Steinar Sneås Skauge sa...

Etter ei full gjennomsynging ser eg at siste linje i vers tre krasjar, men det kan løysast med å syngje «'Tis found in Christ the apple tree.»

Legg inn en kommentar