onsdag 20. januar 2016

Ettertida vil dømme oss hardt

I dag såg eg nokon som skreiv på Facebook noko ala «Tenk at vi stod og såg på utan å seie noko medan leiarane våre kasta ut folk som trengde hjelp i 30 minusgrader. Ettertida vil dømme oss hardt.» Desse orda traff meg, for dei sette ord på noko eg har tenkt på lenge. Kvifor seier vi så lite?

Samstundes som retorikk og handlingar vert hardare og hardare, kan de verke som om dei fleste av oss som vanlegvis tar til motmæle no er stille. Underteikna inkludert. Vi som har som vane å kritisere innstrammingar og urealistiske krav for å få vere i landet vårt, vi har tatt pause no når det verkeleg gjeld. Når innstrammingane har gått heilt av hengslene, når krava for å få bli her ikkje berre er urealistiske, men også umenneskelege, når menneske i naud vert sett på som problem og ein fare. Då held vi kjeft. Kvifor?

Eg har tenkt mykje på dette. For det er no vi burde gått i tog i alle byar og tettstader og krevd at alle ansvarlege statsrådar burde gått av. Det er no alle kyrkjer burde halde forbønsgudstenester for landet vårt. Det er no fagforbunda burde hatt generalstreik. Det er no det gjeld. Og i staden klagar vi på dårleg brøyta vegar og dårleg utval på Netflix.

Korleis vart det slik? Eg trur vi er litt slått ut av råskapen i det som skjer. Kynismen og mangelen på empati er lammande. Eg trur vi ikkje orkar kampen mot ein overmakt som framstår som uovervinneleg. Når nærast eit samla Storting stiller seg bak ein politikk som for få år sidan hadde gjeve dei fleste gåsehud verkar kampen nyttelaus. Eg trur vi ikkje orkar flaumen av troll i kommentarfelta. Dei som hevdar seg knebla og nekta ytringsfridom. Eg trur ikkje det berre er kvinnelege samfunnsdebattantar dei held utanfor. Eg trur dei også er i ferd med å knekke den frie debatten og dei liberale stemmene. For vi orkar ikkje hetsen og gidd ikkje å fore trolla med endå eit kommentarfelt dei kan herje i.

Men dette er sjølvsagt berre dårlege bortforklaringar. For det er ikkje vi som sit utan framtid i overfylte flyktningeleirar. Det er ikkje vi som går over Balkan i sprengkulda. Det er ikkje vi som står åleine i Russland. Det er ikkje vi som står i fare for å bli offer for kyniske menneskesmuglarar i Sahara.

Vi skulle gått i tog. Vi skulle skrive innlegg i avisene. Vi skulle ha protestert i alle kanalar og på alle måtar. Men vi gjer det ikkje og ettertida vil dømme oss hardt.

Mea maxima culpa!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar