fredag 18. desember 2015

Hanno

Samtidig teikning av Hanno.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Frå tid til anna dukkar det opp ein og annan elefant i den europeiske historia, men Hanno dukka opp midt i Vatikanet. Det gjer at vi må ta ein liten kikk på den største som nokon gong har budd i kyrkjesenteret.

I 1514 fekk pave Leo X ei gåve. Leo X er paven vi kjenner som han som strevde med Martin Luther og til slutt ekskommuniserte han. Gåva kom frå Manuel I som var konge av Portugal. Manuel hadde sendt den fire år gamle kvite, indiske elefanten Hanno til paven, og som seg hør og bør, vart Hanno yndlingsdyret til paven. Dette kan henge saman med at då den digre elefanten kom inn i Roma for første gong, pynta slik berre kongar og pavar kan pynte, skal han ha gått fram til paven, knela, reist seg og blåst tre høge fanfareliknande blås med snabelen. Så fylte han vatn i snabelen og spruta på alle som var der, inkludert paven. Det er ein stilfull entre! Hanno fekk seg eit eige hus (kanskje vi kan kalle det for eit fjøs?) mellom Peterskyrkja og Det apostiliske palass, så ein kan på ingen måte seie at han vart stua vekk i Vatikanet.

Hanno i ein av prosesjonane der Paven ville gjere
narr av nokon. Her Baraballo.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons
Paven likte å ha med Hanno i prosesjonar. Prosesjonane skal ikkje alltid ha hatt dei beste baktankar, og vart gjerne gjort for å gjere narr av folk. I tillegg var ikkje Hanno så begeistra for trompetar, kanonar og anna støy som fulgte med, så fleire gonger enda dette med at han vart redd og skapte kaos i byen. Folk vart til og med drepne på grunn av dette.

I 1566 døydde Hanno. Paven skal ha vore med han heilt til det siste. Stakkaren tålte ikkje maten i Vatikanet, og vart forstoppa. Då dei prøvde å løyse dette med å gje han avføringsmiddel med gull, skar alt seg og han døydde.

Hanno vart gravlagt på Cortile del Belvedere, eit stort torgliknande område i Vatikanet. Der låg han meir eller mindre gløymt fram til 1962, då ein fann beina hans medan ein gravde for å lage varme- og kjøleanlegg. Eg veit ikkje noko om varme- og kjøleanlegget, men Hanno skal ha blitt gravd ned att der han låg, så framleis skal det altså ligge ein elefant gravlagt i Vatikanet.

Slik var altså historia om Hanno. Den største i Vatikanet si historie.

søndag 6. desember 2015

Eit fromt barn

Niolas av Myra
Biletet er henta
frå WikimediaCommons.
Det er minnedag for Nikolas av Myra i dag. Den eigentlege julenissen. Vi kostar derfor på oss ei lita anekdote frå barndommen hans. Den er nok ikkje sann, men slike smålege krav kan vi ikkje stille til gode historier.

Som barn var Nikolas ein asket av dimensjonar. Kyrkja sine fastereglar sa at ein skulle faste på onsdagar og fredagar. Og som det fromme, lille barnet han var, tok Nikolas dette på alvor. På onsdagar og fredagar nekta han nemleg å vere med på meir enn ei runde amming, og dette måtte skje om kvelden, slik fastereglane sa.

Det er eit fromt barn, det!

mandag 23. november 2015

Vår helt grevlingen

Ein engelsk grevling på jakt etter skattar.
Biletet er tatt av Chris Parfitt og ligg på
Wikimedia Commons.
(CC BY 2.0)
Eg har lenge meint at grevlingen er eit særs sjarmerande dyr, og for ei stund sidan kom eg over ei historie som gjorde at grevlingen steig endå nokre hakk på lista mi over favorittdyr. Høyr berre kva Der Spiegel kunne fortelje i 2013:

I Stolpe i Brandenburg (Dessverre oppgjev ikkje Der Spiegel kva Stolpe det er snakk om, for det er faktisk tre i Brandenburg) budde det to hobbyarkeologar. Lars Wilhelm og Hendrikje Ring, som er dei to hobbyarkeologane, la ein dag merke til noko merkeleg på garden sin. Eit hoftebein frå eit menneske.

Dei var klar over at dei hadde delt garden med ein grevling, og tenkte at sidan grevlingen grev, var det nok ein samanheng. Dei fekk derfor eit kamera inn i grevlinghola og tok bilete med fjernkontroll. Inne i hola var det ikkje berre vanlege grevlingting (kva no det måtte vere?) men også smykke. Desse fekk Ring og Wilhelm ut, og så at det var snakk om gamle smykke. Dermed kom dei skikkelege arkeolgane på bana.

Grevlingen hadde no forsvunne, så arkeologane fekk ikkje meir gravehjelp, men på eigenhand klarte dei å finne åtte gravar frå første halvdel av 1100-talet. To av desse var for slaviske høvdingar. Dette var eit viktig funn, for det var snakk om hedenske gravar i eit miljø som på den tida stort sett var kristent, og det hadde ikkje blitt funne slike gravar før. I tillegg fann ein mykje gøy som bronsekrukker, ei beltespenne forma som ein slange og eit sverd på ein meter.

Alt dette på grunn av ein grevling. Grevlingen er no sjølvsagt æresmedlem i arkeologforeninga i Brandenburg.

fredag 6. november 2015

Når mote vert farleg

Staininger sin gravstein.
Biletet ligg på Wikimedia Commons,
til fri bruk.
Ein høyrer stadig vekk om det farlege kroppstyranniet. Det er farleg å slanke seg, det er farleg å ynskje seg så store musklar at ein treng kjemisk hjelp og det er ikkje minst farleg å ville ha så stor rumpe at ein sprøytar inn sement og anna byggemateriale.

Men ein fare snakkar ein aldri om. No er det på tide at nokon tar bladet frå munnen og snakkar om den gløymte faren. St. Isidors minne er medvite sitt samfunnsansvar, og løftar fram det siste tabuet.

Hipstarar i dag har store skjegg, noko ein ikkje skulle tru har med seg større farar enn slitte halslinningar, men dette er den livsfarlege løgna. Sanninga er at no når dei store skjegga har fått tid til å vekse ei stund, byrjar faren å bli nærliggjade. Vi har ei potensiell katastrofe framfor oss om ikkje nokon ropar «Varsku her!» Høyr berre på kva historia lærar oss:

På 1500 tallet hadde den austerrikske byen Braunau am Inn ein populær borgarmeister. Han var så populær at han vart vald til borgarmeister heile seks gonger. Om det var det som var utslagsgjevande for populariteten hans skal eg ikkje seie, men Hans Staininger, som var namnet på denne populære mannen, hadde eit uvanleg langt skjegg. Det var ikkje mindre enn to meter langt. Eit så langt skjegg var sjølvsagt ofte upraktisk, så han brukte å ha det samanrulla i ei lita skinnveske.

Så kom katastrofa. Det byrja å brenne medan han hadde skjegget ute i det fri. Han måtte kome seg ut i ei fart og rakk derfor ikkje å putte skjegget ned i veska si, men la på sprang. Medan han var på veg ut snubla han i skjegget sitt, datt og knakk nakken. Og dermed gjekk han inn i historia som mannen som vart drepen av sitt eige skjegg.

For dei særleg interesserte kan det nemnast at skjegget vart tatt vare på som eit relikvie av familien, og kan i dag sjåast på eit museum i Herzogsburg.

Dette er ei åtvaring til alle hipstarar: Det du gjer med kroppen din er farleg for deg. Du kan døy av det!
Skjegget på utstilling.
Biletet er tatt av Markus Metz og ligg på Wikimedia Commons.
(CC BY-SA 3.0)

torsdag 22. oktober 2015

Den khalkedonske vedkjenninga

22. oktober 451 skjedde det noko som førte til det første store skiljet mellom ulike kyrkjer. På konsilet i Khalkedon måtte ein ta stilling til dogmatikken til monofysittane, som meinte at Jesus kun hadde guddommeleg natur og dermed ikkje menneskeleg natur.

Dette var ikkje noko ein fekk til å stemme med ortodoks lære, og ein formulerte derfor den khalkedonske vedkjenninga om Kristi to naturar. Vedkjenninga er - naturleg nok - særs presis når det kjem til å definere kven Jesus var, og av dei tre vedkjenningane vi i vår kyrkje har med i våre vedkjenningsskrifter, er det nok kun Athanasium som kjem nær presisjonsnivået dei hadde i Khalkedon i 451.

Dei orientalsk-ortodokse kyrkjene var ikkje einige i denne teologien, noko som gjer at dei i 451 gjekk ut av kommunionen med resten av kyrkja, og har i dag ikkje kommunion med verken Den katolske kyrkja, dei største ortodokse kyrkjene eller oss protestantar. Mellom dei orientalsk-ortodokse finn vi viktige kyrkjer som den koptiske, den etiopisk-ortodokse og den syrisk-ortodokse i tillegg til fleire andre gamle kyrkjesamfunn.

Konsilet vart dermed ein siger for kristologien, men samstundes gjekk Kyrkja på ein smell...

Eg har ikkje klart å finne ei norsk omsetjing, så vi les orda frå Khalkedon på engelsk. Teksten er henta frå Philip Schaff si bok Creeds of Christendom, with a History and Critical notes. Volume II. The History of Creeds frå 1876, slik ho ligg på CCEL.  Les og lær:

We, then, following the holy Fathers, all with one consent, teach men to confess one and the same Son, our Lord Jesus Christ, the same perfect in Godhead and also perfect in manhood; truly God and truly man, of a reasonable soul and body; consubstantial with the Father according to the Godhead, and consubstantial with us according to the Manhood; in all things like unto us, without sin; begotten before all ages of the Father according to the Godhead, and in these latter days, for us and for our salvation, born of the Virgin Mary, the Mother of God, according to the Manhood; one and the same Christ, Son, Lord, Only-begotten, to be acknowledged in two natures, inconfusedly, unchangeably, indivisibly, inseparably; the distinction of natures being by no means taken away by the union, but rather the property of each nature being preserved, and concurring in one Person and one Subsistence, not parted or divided into two persons, but one and the same Son, and only begotten, God the Word, the Lord Jesus Christ, as the prophets from the beginning [have declared] concerning him, and the Lord Jesus Christ himself has taught us, and the Creed of the holy Fathers has handed down to us.

onsdag 7. oktober 2015

Glade gatebarn

I går såg vi på Joey Velasco sitt Håpets bord. Der portretterte han tolv gatebarn som delte nattverden med Jesus. Dette biletet malte han i 2005, og tre år seinare i 2008 hadde han ikkje gløymt desse borna. Han fekk ordna plass til alle tolv i landsbyen Gawad Kalinga der gatebarna fekk hjelp. Dette inspirerte han til å male ein ny versjon av biletet. No er de tolv glade barn som deler nattverd med Jesus, men landsbyen i bakgrunnen.
Biletet er henta frå Photobucket.

tirsdag 6. oktober 2015

Når kunsten gjer nattverden større

Medan vi er inne på korleis nattverden vert framstilt i kunst, passar det godt å ta fram att det som kanskje er det sterkaste maleriet av nattverden eg veit om. Det er mala av den filippinske kunstnaren Joey Velasco som desverre døydde i 2010.

Biletet heiter Hapag ng Pag-asa eller Håpets bord og viser Jesus som deler det siste måltidet med tolv gatebarn. På biletet ser vi portrett av tolv personar som var verkelege gatebarn som Velasco fann i slummen og brukte som modellar for dette biletet.

Sist gong eg skreiv om biletet. la eg det ut slik det er (desverre er sida eg lenka til død), men på Wikimedia Commons ligg biletet i ein liturgisk samanheng. I St. Monica-kyrkja i Minalin på Filippinane tok dei maleriet inn i kyrkja på skjærtorsdag i år og gjorde det med det endå meir virkningsfullt. Når biletet står forran altaret i kyrkja, ser ein verkeleg kven Jesus kom for og kva Kyrkja sitt oppdrag i verda er.

Biletet er tatt av Judgefloro og ligg på Wikimedia Commons. (CC BY-SA 4.0)

søndag 4. oktober 2015

Nattverd med marsvin

Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Eit mykje betre bilete kan sjåast hos TripAdvisor.
I dag får heilage Frans vere heilage Frans. Trass i at han har minnedag i dag, skal vi sjå på noko heilt anna. Vi skal til Cuzco, sør i Peru, og vi skal - sikkert ikkje uventa - inn i katedralen i byen. I katedralen i Cuzco finn ein nemeleg eit bilete som gjer noko eg både elskar og ikkje har sansen for i det heile.

Nattverden er høgdepunktet i ei kvar gudsteneste, og det er ei ganske fast greie. Ein deler brød og vin, for det var det Jesus gjorde. Heilt vanleg mat for jødar både då og nå, og noko som også funkar bra i vår kontekt. Brød er heilt vanleg mat for oss, sjølv om vin nok har vore meir for fiffen enn mannen i gata store delar i historia, i alle fall her i nord. Slik er det ikkje i andre delar av verda. Andre stader kan brød og vin vere totalt ukjent eller luksusvarer som berre er for dei aller rikaste. Då funkar ikkje symbolikken like godt. Nokre stader har ein gjort noko med dette. Eg har feira nattverd med ris og te saman med tamilar, noko eg endå ikkje har bestemt meg for om var det flottaste uttrykket for kontekstuell kristendom eg har vore borti, eller kludring med sakramentet på ein måte ein ikkje bør gjere. I Cuzco finn ein endå eit døme på ei slik kontekstualisering, sjølv om det her er i form av eit kunstverk, og eg ikkje kan tenkje meg at Den katolske kyrkja har godteke noko slikt utført i praksis.

I Peru et ein nemleg marsvin. Ikkje berre et ein marsvin, ein jomsar det i seg i store mengder. 65 millionar marsvin havnar på peruianske middagsbord kvart år. Det er derfor kanskje ikkje så uventa at då Marcos Zapata på 1700-talet skulle lage ei framstilling av Jesu siste måltid slik at folk i Peru skulle kunne forstå det, lot han måltidet bestå av marsvin og andre peruianske rettar.  (Her er vi forresten attende til St. Frans. Zapata mala også 24 maleri av hendingar i livet til Frans av Assisi.) Eit anna herleg kontekstualiserande trekk med maleriet er at Judas skal ha fått utsjånaden til Francisco Pizarro, conquistadoren som erobra inkariket og tok livet av den siste inkakongen. Judas er karen nede til høgre i biletet. Han med pengepungen i handa. Eg synes dei liknar.

Som kontekstuell kunst er det fabelaktig. Som nattverdteologi er det..... suverent eller søppel.... Eg klarar ikkje å bestemme meg.

onsdag 16. september 2015

The Wicked Bible

Tittelbladet frå den berømte bibelutgåva.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Medan vi er inne på skrifter i kyrkjehistoria med eit litt uventa innhald, kan det passe å ta ein titt på den såkalla «Wicked Bible» eller «Syndarens Bibel» som boka også vert kalla.

Dette skulle eigentleg vere eit heilt vanleg opptrykk av King James-Bibelen i 1631, og bortsett frå ein liten detalj, er det også akkurat det det er. Dei to trykkarane Robert Barker og Martin Lucas fekk jobben, og var sikkert vel nøgde då dei gav frå seg det endelege produktet.

Det skulle i så fall fort endre seg... Det er ikkje så uvanleg med trykkfeil, og i alle fall ikkje i så store bøker i ei tid der ein ikkje hadde stavekontroll og alt måtte gjerast manuelt. Så ein og annan feil kunne ein sikkert leve med. Problemet var feilen dei gjorde.

Nokre tekstar i Bibelen er viktigare enn andre. Folk vil sikkert ha ulike meiningar om akkurat kva som er det viktigaste, men dei fleste vil meine at dei ti boda er mellom det viktige kjernestoffet. Det var sikkert Barker og Lucas også, så kanskje fekk dei prestasjonsangst då dei kom dit? Dei klarte i alle fall å gjere seg hugsa for all ettertid gjennom trykkfeilen dei stod bak.

Alt gjekk bra med dei fem første boda. Men så kom nummer seks. Det vi kjenner som «Du skal ikkje bryta ekteskapet» i vår siste omsettjing. I King James-språk laud bodet «Thou shalt not commit adultery». Her skar det seg, og ordlyden som gjekk i trykken var denne:
Slik såg det ut. Bortsett frå den gule markeringa, sjølvsagt.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Thou shalt commit adultery
Ei aldri så lita endring i meining, altså...

Då feilen vart oppdaga, noko eg reknar med skjedde ganske så fort, vart den tydlegvis ikkje møtt med som humor, noko ein slik feil fortener. Stort sett heile opplaget på tusen bøker vart brent, noko som gjer at boka er svært verdifull og sjeldan i dag. Trykkarane fekk også ei saftig bot og mista retten til å trykke bøker. Bota var på ein sum som tilsvarar rundt 400 000 kroner i dag. Ein stor sum, men framleis mindre enn det dei få overlevande biblane går for på auksjon...

Den store bota kan ha hatt samanheng med at det heile kanskje ikkje var ein feil, men kan ha blitt gjort medvite, utan at det er så lett å stadfeste det eine eller det andre. Eg likar uansett å tenkje at det var ein feil.

Det er massevis av andre slike trykkfeil i bibelutgåver gjennom historia. Nokre er morosame, andre er berre feil. Ein kan finne oversiktar både på Wikipedia og hos International Society of Bible Collectors. Dessverre ser det ut til at alle døma her er frå engelske utgåver. Eg meiner å hugse at eg har lese om slike feil både i tyske og dansk/norske utgåver, men eg klarar ikkje å grave fram noko slikt no. Om nokon skulle sittje på eit godt døme på andre språk enn engelsk, vert eg takksam.

mandag 7. september 2015

Codex Gigas

Codex Gigas oppslått i Stockholm. Legg merke til storleiken mot folka i
bakgrunnen. Den hoppande glade karen på den høgre sida i boka kjem vi
attende til.
Biletet er tatt av Michal Maňas og ligg på Wikimedia Commons. (CC BY 2.5)
Det har vore stille på St. Isidors minne i det siste. Noko av grunnen er at eg har brukt mesteparten av mi tid på nettet til å fullføre eit i overkant stort prosjekt på Wikipedia. Det passar derfor bra å snakke litt om eit anna prosjekt som kanskje var litt i overkant stort.

Vi skal til Codex Gigas, det største mellomaldermanuskriptet vi har. Og då snakkar vi i fysiske mål, etter det eg har forstått. Codexen, eller boka, er 92 cm høg, 50 cm brei og 22 cm tjukk. Heile greia veg 75 kilo, og det skal ha gått med rundt 160 dyr for å skaffe skinn til dei 320 sidene. Solide greier, altså.

Så er det innhaldet i boka. Det er ikkje småtteri, det heller. Ho inneheld heile Bibelen. Det vil i hovudsak seie Vulgata, bortsett frå eit par bøker som er i ein eldre versjon. Sidan det er Vulgata, vil det seie at også dei gamaltestamentlege apokryfane er med. I tillegg er det nokre bøker av Josefus, bøker frå ulike filosofar, nokre magiske formlar, ei liste over brødre i klosteret der boka vart skrive, kalenderar og anna småplukk. Og så kjem noko som gjer at boka er umogeleg å gå forbi for St. Isidors minne. I Codex Gigas finn ein også St. Isidor si bok Etymologiæ.

Dette verkar kanskje ikkje så imponerande på oss. Ein får jo lasta ned meir til lesebrettet sitt før formiddagsmat. Men ein må hugse på at alt dette var handskrive på pergament. Og som om ikkje det var nok: Heile greia var skrive av ein munk!

Det er same handskrift i heile boka, noko som gjer at ein reknar med at det var ein mann som skreiv alt, sjølv om ein då ikkje heng seg på legenda om at han fekk hjelp av djevelen og skreiv heile boka på ei natt. Ein er ikkje sikker på kven som skreiv det eller kvar han budde, men ein veit at det må ha vorte skrive i Tsjekkia mellom 1204 og 1230, og frå margnotatar trur ein kanskje munken som skreiv det var ein kar som bar namnet Herman.

Dette tok sjølvsagt tid. Nasjonalbiblioteket i Stockholm, som er dei som eig boka i dag, skriv dette om tidsbruken:
Det är mycket svårt att bedöma hur lång tid skrivaren behövde för att skriva handskriften. Han kan ha skrivit en spalt med 106 rader på en dag. Om han arbetade sex timmar om dagen och skrev sex dagar i veckan kan handskriften ha fullbordats på omkring fem år. Om skrivaren var en munk kanske han bara kunde arbeta omkring tre timmar per dag, vilket innebär att handskriften kan ha krävt tio år. Eftersom skrivaren innan han började skriva kanske också drog upp stödlinjer, ett arbete som troligen tog åtskilliga timmar per blad, betyder detta att det antagligen tog minst tjugo år att fullborda handskriften, kanske till och med trettio.
No vil den observante lesar kanskje undre seg på kvifor boka ligg i Stockholm, og ikkje i Praha eller eit tsjekkisk kloster. Den var der fram til 1649, då svenskane var på krigartokt i mellomeuropa. Kva dei skulle der, kan ein jo spørje seg, men dei kom i alle fall heim att med mellom anna denne boka. Og i dag ligg ho i Stockholm, noko eg riv meg i håret for at eg ikkje var klar over då eg var i byen for nokre år sidan...

Ein glad djevel!
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Til no har vi altså etablert at vi har ein diger kloss av ei bok, ja faktisk det største mellomalder-manuskriptet i verda. Denne boka inneheld ei rekkje skrifter, og heile greia vart skrive ned av ein einaste mann i løpet av laaaang tid. For å gjere det heile endå litt meir interessant, stakk så svenskane av med heile greia og drog med seg kolossen over halve Europa.

Men det sluttar ikkje der! For ei bok av dette kaliberet var sjølvsagt illuminert. Altså utsmykka. Det heile ser ganske lekkert ut, faktisk. Nasjonalbiblioteket sine bilete av kvar einaste side ser ikkje ut til å fungere, (det er nesten så ein må tru på karma) men ein kan sjølvsagt finne ein del (alt?) på Wikimedia Commons sine serverar.

Når ein skulle utsmykke boka var det mellom anna plass til to heilsides bilete. Det var derfor harde prioriteringar som måtte til. Det eine ein valgte å satse på var ikkje så underleg. Ein gjekk for eit bilete av det nye Jerusalem. Traust og trygt. Deretter må det ha gått ein liten djevel i dei, for det andre heilsides bilete dei valgte å lage var nettopp av.... Djevelen. Ei heil side med det som for meg ser ut som ein hoppande glad djevel.

Kvifor? Tja... Kanskje nokon var lei av heile boka etter kvart? Det har i alle fall gjeve boka det klingande tilnamnet «Djevelens Bibel». Og det er vel berre å sjå sanninga i augene: Utan djevelen i storformat, hadde sikkert ingen brydd seg med eit digert manuskript frå 1200-talet....

lørdag 15. august 2015

Crkva Sv. Ilije

Crkva Sv. Ilije
Som tidlegare antyda, har feiren bragt denne skrivaren til Kroatia, og eit aldri så lite reisebrev er på sin plass. Ikkje fordi det som skal forteljast er så veldig spektakulært, men fordi det av familiære grunnar vart stor  hugnad då vi snubla over Crkva Sv. Ilije, eller St. Eliakapellet, som vel er ei nærliggjande omsetjing.

Kapellet låg der ingen skulle tru at nokon ville byggje eit gudshus. På 897 meters høgd, på kanten av ei stupbratt fjellside inne i det som i dag er Biokovo naturpark. For å kome seg dit, måtte ein køyre på ein veg som knapt burde vore godkjent for steinbukkar, og næraste sivilisasjon låg sikkert ei mil vekke, og 500 meter nærare havflata.

Altarpartiet
Men der hadde ein altså bygd eit kapell. Og ikkje bare eitt, når sant skal seiast. Noko av det som var spesielt med naturparken var at det var mange slike kapell og kyrkjer - over 87 seier dei - og at det hadde vore høg munkeaktivitet i desse områda som var vanskeleg å nå for andre folk. Munkar likar jo som kjent ikkje å bli forstyrra.

Sjølve Eliakapellet er frå rundt 1800, og er av dei yngste kapella i fjella der. Det vert betjent av presten i Podgora, som slik eg forstod det har ei messe i året der. 20. juli, minnedagen for Elia og tilfeldigvis den dagen eg var der.

Desverre var vi for seint eller for tidleg ute for messa, for vi var heilt åleine der.  Eg traff heller ikkje på nokon av dei 21 reptilartane som held til i parken, men turen vart likevel ein suksess, takka vere eit lite kapell med eit familiekjært namn.

Elia på æresplassen i kyrka. I alle fall går eg ut frå at det er Elia.

søndag 9. august 2015

Isid'or

St. Isidors minne er ingen ølblogg, men ein bloggpost om øl tvinger seg på. Saka er nemleg slik at medan eg leita gjennom ølhylla på ein butikk i Kroatia i ferien, kom eg over eit øl som ropte etter å bli omtala på denne nettstaden.

Isid'or er namnet på ølet, og som om det ikkje var nok, er ølet brygga av trappistmunkar. Trappistane er av dei strengaste ordenane i Moderkyrkja. Dei brukar liva sine til kontemplativ bøn, men i følgje Benedikst regel skal dei ordne det dei treng for dette livet sjølv. Trappistane produserar derfor også varer som dei sel til inntekt for klostera sine. Dei er kjende for osten sin, og i Hong Kong hugsar eg at ein kunne få kjøpt trappistmjølk i butikkane. Men mest kjende er dei nok for ølet sitt.

Elleve bryggeri rundt i verda kan skryte av at dei brygger trappistøl. Det vil seie at ølet er brygga innanfor klostermurane, at munkar enten har gjort det sjølv eller hatt oppsyn med brygginga, at inntektene går til klosteret eller vert gjeve vekk og at det er ein streng kvalitetskontroll på ølet. Noko som igjen gjer at trappistøl vert rekna som noko av det beste ølet ein kan få tak i.

Isidor var ikkje den Isidor eg trudde. Eg trudde i farta at trappistane hadde funne det for godt å ære Isidor av Sevilla med eit øl, noko som ikkje stemte. Synd, men eg sat framleis med ei flaske trappistøl med namnet Isid'or. Kor ille kunne det vere?

Etter litt lesing av det som stod med mikroskopisk skrft bakpå flaska, viste det seg at Isid'or vart brygga for å markere at ein hadde brygga øl i klosteret i 125 år. La Trappe kjem frå trappistklosteret i Koeningshoeven i Nederland, og broder Isidorus var den første bryggaren i klosterbryggeriet. Ikkje han Isidor eg trudde altså, men eg vart litt kunnskap rikare.

Så smaken. Det byrja med eit snev av kamferdrops og villbringebær, før det sakte kom eit snev av rå laks og timian på høgre side i munnen, medan det frå venstre trengde seg på med lakris og kristorn. Neida. Eg berre tullar. Ølet smakte slik eg forventa det frå La Trappe. Det vil seie søtleg og bittert og skikkeleg godt. Eg skal ikkje late som eg gjorde nokon djupare analyse, og dessutan har det gått nokon veker sidan eg drakk ølet. Men godt var det. Slik trappistane brukar å få ølet sitt. Godt øl der pengane går til gode folk.   

St. Isidors minne er framleis ingen ølblogg, men eit minneøl for St. Isidor av Sevilla er ingen dum ide....

fredag 31. juli 2015

Peter Krysologos

«Ei halv side er sikkert nok!»
Dette svært romantiserte biletet av Peter er henta frå
Wikimedia Commons (PD)
Nokre av oss som innntar preikestolane (eller kanskje heller vel å la preikestolen stå aude og tom), må gå gjennom livet med ei konstant kjensle av ikkje å ha nok å seie. Når preika er ferdig skrive, står ordtellinga langt frå normen som vart lagt fram på praktikum, og sjølv om eg hadde nådd opp til den, ville det framleis ha blitt rekna som kort av mange av dei som vil ha lange talar. Eg vart ein gong bedt om å halde ein andakt. «Sjølvsagt,» sa eg. «Kor lang tenkjer du?» «Ikkje så lang. Tre kvarter eller noko», var svart eg fekk.

Om nokon skal snakke om noko i tre kvarter, uansett kor interessant det måtte vere, skal dei vere utruleg gode. Og eg har ingen vrangforestillingar om at eg verken er utruleg god, eller at det vanlegvis er eksepsjonelt interessant, det eg snakkar om. Kan ein ikkje få fram eit poeng på ti minutt, får ein heller halde kjeft, tenkjer eg.

Og her kjem dagens helgen inn i biletet. Du har kanskje ikkje høyrd om Peter Krysologos før. Det hadde i alle fall ikkje eg, før eg gjekk gjennom kven som hadde minnedag i dag. «Krysologos» er eit kallenamn, og den observante lesar vil kanskje tenke på  Johannes Krystostomos når det høyrer namnet. Der «Krystosomos» betyr «gullmunn» betyr «Krysologos» noko slikt som «gyllen tale», og han fekk kallenamnet sitt av akkurat same grunn som Gullmunnen fekk sitt. Han var ein knakande god talar.

Ut over å vere ein knakande god talar, var han ein viktig erkebiskop og fekk i 1729 tittelen «Kyrkjelærar» (noko han delar med kun 34 andre teologar), så det er ingen småkar det er snakk om. Han var ein sterk forkjempar for ortodoksi i lærestridane som rei kyrkja på 400-talet, og skal ha forklara den ortodokse læra på ein svært klar måte.

Lite av det han skreiv er bevart for oss, men vi har framleis litt under 200 preiker. Eg har ikkje klart å finne nokon som ligg på nettet, så eg kan ikkje gå god for det han skriv, men ein ting er sikker om han.

Han snakka kort! Peter skal ha vore svært redd for at folk skulle kjede seg medan han snakka, så redd at preikene hans skal ha blitt klokka inn til ned til fem minutt av moderne forskarar.

Peter Krystologos. Vår helgen. Vi som kjenner oss pressa til å snakke lenger enn vi føler er naudsynt.

Heilage Peter, be for oss som fattar oss i få ord!

mandag 6. juli 2015

«Sæle er dei som høyrer Guds ord»

I kyrkjene våre har det dei siste åra poppa opp fastmonterte lerret som augebetennelse i ein barnehage. Det er meint å skulle gjere det lettare for kyrkjelyden å følgje med på liturgien og salmane. Ein fin tanke. Kyrkjelyden skal kunne følgje med på liturgi og salmar.

For at kyrkjelyden skal kunne gjere dette - ein kan sjølvsagt spørje seg kvifor det kyrkjelydar gjennom to tusen år har klart utan lerret plutseleg er umogeleg for kyrkjelydar i dag - viser ein slike «powerpointar» på desse lerreta. Det er det dei heiter, desse straumane av lysbilete, sjølv om eg personleg helst brukar LibreOffice Impress for å skape slik magi, og kven veit kva eplefolket brukar....

Uansett. Slike «powerpointar» tiltrekk seg merksemd. Det er berre slik auget fungerar. Bilete som skiftar tiltrekk seg merksem. Nokre «powerpointar» er vellukka. Andre er ikkje like vellukka.... Nokre er keisame. Andre er... ikkje keisame.... Dei vellukka tiltrekk seg merksemda dei skal ha. Dei mindre vellukka er så altoppslukande at det ikkje er mogeleg å få dei vekk frå synsfeltet.

Ein kan sjølvsagt spørje seg kvar kyrkjekunsten har blitt av i dette. Den gjennomtenkte kyrkjekunsten som er blitt kjøpt inn, utforma og plassert for å gje eit heilskapleg uttrykk. Den blinkar ikkje så mykje, det skal seiast. Den er heller ikkje alltid like... dagsaktuell. Den har kanskje det ein kan kalle for «tidløyse». I alle fall den vellukka kyrkjekunsten. Eg ser no vekk frå svært mange grelle altartavler.

Og ein kan spørje seg kvar fokuset på altaret har blitt av. Der sakramentet er. Der fokuset for tilbedinga bør vere. Ein ser nemleg ikkje på altaret når ein framseier liturgien. Ein ser på eit lerret med ein «powerpoint». Og det lerretet, det heng der det er plass til det. På bakveggen, for alt eg veit.

Ord og sakrament. Der ligg kjerna i vår lutherske lære. Eller låg. No kan det ofte verke som ho ligg i clip-art og «powerpointar».

Det vart talande for meg då eg kom over desse orda i arbeidet med ein artikkel på Wikipedia. Dei er frå Fjotlandsrosa, ei nettside som driv med «Kulturhistorie frå Fjotland». Fjotland viser det seg at er ein plass i Kvinesdal. Som seg hør og bør for ei nettside som driv med kulturhistorie frå Fjotland, skriv Fjotlandsrosa om Fjotland kyrkje. Og her kjem det. Orda som ikkje treng kommentar, men som åleine illustrerer korleis «powerpointar» har blitt CA XXIX:

Den som legg turen til Fjotland kyrkje ein messesundag, vil ikkje oppleva å sjå det som på fleire måtar har vore ein gøymt skatt i det gamle gudshuset. Bak lerreftet (sic) som blir brukt til å visa tekstane til salmar og dei ulike ledda i gudstenesteliturgien for kyrkjelyden, finn ein nemleg eit bibelord skore ut med med store bokstavar, i eit språk dei færraste av oss skjønar. 
På tri samanføydde trefjøler som heng på høgre sida på korveggen framme i kyrkja, kan ein lesa: BEATI QUI AUDIUNT / VERBUM DEI ET CUSTO / DIUNT ILLUD : LUC 11 28. Orda finn ein som ein kanskje skjønar i Lukas 11, 28: «Sæle er dei som høyrer Guds ord og tek vare på det.»

søndag 28. juni 2015

Ferdaminni fraa Sumaren 2015: Steingarden i Eivindvik

Pilegrimar langs steingarden.
Foto: Øystein Skauge

Den observante lesar vil kanskje hugse at eg for to år sidan var i Eivindvik og vart henrykt over denne vakre bygda med den store historia. Gudstenestelista ville det slik at eg endå ein gong havna i sentrale strøk i Gulen i dag, noko eg ikkje på nokon måte er lei meg for.

Lat meg først skryte av kyrkjelyden i Eivindvik. Gudstenesta i dag var lagt i ei pilegrimsramme. Vi byrja med ei pilegrimsvandring som gjekk frå kyrkja til steinkrossen. Vandringa var fylt av spanande lokalhistorie, der vi mellom anna fekk høyre om den mytiske tredje krossen, i tillegg til gode postar om keltisk spiritualitet. Ei flott vandring. Det var også flott å få feire gudsteneste ståande berre nokre meter frå eitt av dei eldste vitnemåla om kristen tru i Norge.

Steingard så langt auget kan sjå.
Foto: Øystein Skauge
Pilegrimsvandringa avslørte også noko anna. Eivindvik har ikkje berre steinkross, dei har også ein ENORM steingard. Vandringa gjekk i stor grad langs denne muren. Som mykje anna, kan ein også takke Niels Griis Astrup Dahl for denne muren. Som ein del av kultiveringsprosjektet han dreiv i Gulen, fekk han reist denne muren på byrjinga av 1800-talet. Den er rundt 1,5 kilometer lang, «2 1/2 alne brei, 3 alne høg». Eg tør ikkje tenke på kor mykje stein som har gått med for å få dette på plass. Muren rammar inn det som var innmarka i den gamle prestegarden, og vart bygd av bøndene i området. Dei skal ha fått ei krone dagen i løn, noko som skal ha vore god betaling.

For to år sidan skreiv eg om korleis Dahl fekk avgrensa alkoholsalet i kommunen. Av alle ting, klarte han å få gjennom at kun folk som ikkje budde i kommunen fekk kjøpe alkohol i Gulen. Då tørste gulingar (Heiter dei det?) spurde kva dei skulle gjere i staden for å drikke, fekk dei vistnok svaret «Bygg på muren min i staden!»

Eg meiner eg sa det for to år sidan, men eg seier det i alle fall no. Ta turen til Eivindvik! 

mandag 15. juni 2015

Grisekrigen

Ein svart gris. Betre grunn til krig finn ein ikkje.
Biletet er tatt av OppidumNissenae og ligg på
Wikimedia Commons (CC BY-SA 4.0)
15. juni er ein fin dag for sjå litt på ein av dei mange idiotiske krigane verda har sett, særleg sidan grisekrigen faktisk ikkje hadde tap av menneskeliv, men kun ramma ein uheldig gris.

På midten av 1800-talet var USA framleis i støypeskeia, og britane gjorde så godt dei kunne for å klore seg fast på feil side av havet. Det var ikkje alltid klart kvar grensene skulle gå, men 15. juni 1846 hadde ein forhandla seg fram til ei avtale for kvar grensa skulle gå mellom Vancouverøya og det amerikanske fastlandet, altså på vestsida av kontinentet. Avtalen var ikkje heilt klar, og det var særleg ei øygruppe begge partar gjorde krav på: San Juan-øyane. Det britiske Hudson's Bay Company hadde derfor etablert seg med sauedrift på øyane, medan nokon og tjue amerkianske settlarar også hadde busett seg der.

Så kom krisa. 15. juni 1869 oppdaga ein av dei amerikanske settlarane ein stor, svart gris som åt avlingen hans. Dette kunne han ikkje godta, så han skaut grisen, som det etterkvart kom fram til at var eigd av ein ire som jobba for Hudson's Bay Company. Og med det var det krise.

Britane truga med å arrestere han som skaut grisen, medan han meinte han berre beskytta eigendomen sin. Amerikanarane som budde på øyane kjente seg truga, og bad om militær støtte. Dette fekk dei, og 66 amerikanske soldatar vart sendte til øyane med beskjed om å hindre britiske soldatar i å gå i land. Britane såg dette som ein måte for amerikanarane å ta kontroll over øygruppa, og sendte tre krigsskip for å hindre dei i dette. Våpenkappløpet var i gang, og i midten av august stod amerikanarane der med over 450 soldatar med 14 kanonar som dei retta mot fem britiske krigsskip med 70 kanonar og over 2100 menn.

Begge sider hadde fått ordre om at dei for alt i verda ikkje skulle skyte først, så det heile vart aldri til meir enn at dei ropte det mest ufine dei kunne finne på til kvarandre. Styresmaktene fekk augene opp for galskapen dei var i ferd med å starte, og hastesamtaler førte til at troppene trakk seg attende, men ikkje meir enn at begge nasjonane hadde militærbaser der i 12 år. Då avgjorde ein internasjonal kommisjon leia av den tyske keisaren Vilhelm I at øygruppa var amerikansk og med det var tolv år med militær konflikt på grunn av ein svolten gris over.

Området rundt hadde på dette tidspunktet blitt ein del av det tidlege Canada, noko som gjorde at denne underlege grensekonflikten mellom britar og amerikanarar hadde fått endå eit perspektiv. Til sjuande og sist var det den endelege grensa mellom USA og Canada som vart slått fast av keiser Viliam I...

mandag 18. mai 2015

Finfin religionsblanding


Vi har lett for å tru at i Norge har ein hatt ein rein og fin forn for kristendom i hundrevis av år, berre forkludra med papisme i gamledagar og liberalarar i nyare tid. Slik er det sjølvsagt ikkje. Ein treng ikkje dra langt for å finne prov på noko anna. I Meland, der eg jobbar, har vi eit finfint vitnemål  om korleis ulike religiøse forestillingar har levd side om side. Rett nok kan dette kanskje knyttast til tida før reformasjonen, noko som kanskje slår beina under det eg sa om at ting ikkje endra seg med reformasjonen, men det får så vere.

Nokre hundre meter frå dagens kyrkje og gravplass, ligg det ein gamal gravplass. Den har, som deg hør og bør, ein fin mur rundt seg, og ved porten ligg det ein stor, flat stein. Denne hadde ein artig funksjon. Ein meinte at om ein bar kista gjennom porten, kunne personen som låg i kista finne vegen ut av gravplassen. Ein slik uheldig vandring av daudingar motverka ein effektivt ved å plassere kista på denne steinen i muren før alle dei levande gjekk gjennom porten. På andre sida av muren løfta ein så kista av muren og bar vidare. Og på 1-2-3 hadde ein rundlurt alle skrømt. Det at ein har ein slik stein i muren, viser at denne praksisen har levd saman med kristen tru og praksis.

Eg trur det er denne steinen det er snakk om, men eg er ikkje heilt sikker.

tirsdag 12. mai 2015

Broder Roger 100 år

Broder Roger i Taizé.
Biletet ligg på Wikimedia Commons og er tatt av
João Pedro Gonçalves. (CC BY-SA 2.5)
Hadde han levd, ville Broder Roger blitt hundre år i dag. Desverre vart han aldri det, men vart drepen under ei gudsteneste i Taizé i 2005. Med det mista kyrkja ein av sine viktigaste menn dei siste hundre åra. Eg trur det er vanskeleg å overdrive kva Broder Roger og Taizé har hatt å seie for kyrkja både i Europa og resten av verda.

Heldigvis lever fellesskapen han grunnla vidare og spiritualiteten han stod for har fått spreie seg. Songane frå Taizé er i dag allemannseie i kyrkja, og her i Norege, og også i resten av verda, feirar vi fleire stader gudstenester slik dei gjer det i Taizé.

Den fornyinga og vitaliseringa av bøn og gudstenesteliv Broder Roger gav oss, er uvurderleg. Vi minnast i dag Broder Roger og sluttar med nokre ord han skreiv.
Kristus, du er forenet med hvert enkelt menneske uten unntak. Og enda mer: Som den oppstandne kommer du og leger sjelens hemmelige sår. Og for hver enkelt åpnes portene til hjertets uendelige godhet. Gjennom en slik kjærlighet forandres våre liv litt etter litt.
Grava til Broder Roger slik ho var då eg såg ho i 2005.
 Sitatet er henta frå Sanger frå Taizé, Verbum, 2003

onsdag 29. april 2015

Sirkus Gud

Facebookstraumen min har jamnlege innslag der entusiastiske folk fortel om korleis dei har opplevd mirakel. Korleis dei har sett at nokon dei bad for vart friske der og då eller at dei var på eit eller anna møte der alle mogelege formar for sjukdom og handicap forsvann som dogg for sola. Som oftast vert desse vitnesbyrda avslutta med ei lovprising som «Gud er god!», «Jesus lever» eller liknande.

Dette er problematisk. Det er ikkje problematisk fordi eg ikkje trur at Gud kan gjere folk friske eller gripe inn i verda på ein måte vi vil kalle eit mirakel. Eg tenkjer heller ikkje no på at praksisane rundt dette ofte er djupt problematiske, enten det er snakk om forbøn for framande på gata eller i møtesamanheng - det får eventuelt bli ein seinare bloggpost. Det er problematisk fordi eg ikkje trur på dei og fordi eg er redd for at dei skadar kyrkja gjennom det dei driv med.

Når eg i innleiinga sa at «alle mogelege formar for sjukdom og handicap» forsvinn som dogg for sola, er det eigentleg ikkje sant. For det er stort sett eit svært snevert felt med mirakuløse helbredingar desse grupperingane er omgjevne av. Det er typiske placebohelbredingar som at hovudverk forsvinn, syn blir betre, angst vert vekke, folk får sove godt etter mange år med dårleg søvn og slikt. Og så er det det klassiske beinet. Skal ein tru facebookstraumen min og folk eg har snakka med, må Vestlandet ha vore befolka av enorme skarar av menneske med bein i ulik lengde, for det er ikkje grenser for kor mange bein eg har høyrt om som har vakse ut. Det er minst ein fot i veka i snitt, vil eg tru. Det er kanskje derfor eg så sjeldan møter nokon med ulik lengde på beina? Dei har kanskje alle saman blitt helbreda i den storslåtte folkehelseaksjonen Gud tydlegvis har på gang.

Også dette er faktisk ein form for placebohelbreding, sjølv om det kanskje ikkje verkar slik med ein gong vi tenkjer på det. Men når folk blir bedt for og trur dei skal bli friske, er det ein tendens til at dei, utan at dei sjølv er klar over det, vrir på hofta, noko som gjer at beina framstår som like lange. Både dei sjølve og dei som ber for dei vil derfor tru at beinet har vakse, utan at det eigentleg har det.

No er det ikkje noko gale i seg sjølv med placebohelbreding. Om det er placeboeffekten som gjer at hovudverken forsvinn, så er jo hovudet betre, og det er jo flott. Det som ikkje er like flott er at dette vert lagt på Gud.

Skal ein tru på desse fortejingane driv Gud med helbreding av småtteri i stor stil. Men dei store helbredingane høyrer vi sjeldan om. Og når vi gjer det, er det som oftast ikkje frå dei same miljøa.

Eg har ikkje noko problem med å tru at Gud grip inn og gjer folk friske frå tid til anna. Eg har blitt fortalt om dette frå folk eg stolar på. Eg skulle nesten ønske eg hadde problem med å tru dette, for med å tru at det skjer, melder det seg store, vanskelege spørsmål utan gode svar. Kvifor skjer det ikkje oftare? Kvifor ikkje med dei eg er glade i? Kvifor gjorde ikkje Gud noko i Nepal? Det er nesten så eg må seie «Desverre, så trur eg Gud av og til grip inn.»

Men eg trur ikkje Gud grip inn i småtteri på gata. Eg trur ikkje Gud vil la seg reduserast til eit sirkusnummer på Torgallmenningen eller til eit trekkplaster for forkynnarar med glinsande dress og høg stemme. Eg trur Gud jobbar i det stille.

Derfor er det problematisk med desse forteljingane. Det er problematisk fordi eg ikkje trur dei er sanne. Og eg har mange med meg i dette. Det er problematisk fordi eg trur mange avskriv Gud fordi dei koblar det manglande truverdet desse forteljingane har til Gud. Det er problematiske fordi eg trur mange ikkje vil kalle seg kristne fordi dei ikkje vil bli satt i bås med dei som held fram desse forteljingane. Det er problematisk fordi dei verkelege helbredingane ikkje blir tatt på alvor då dei blir sausa saman med slike forteljingar. Det er problematisk fordi Gud blir redusert til ein sirkusartist som jobbar på bestilling. Det er problematisk fordi det skadar kyrkja og Gud.

Eg veit det er godt meint. Eg veit at det vert sagt med eit ynskje om at fleire skal bli kjent med Jesus, men eg trur det verkar mot si hensikt. Derfor håpar eg at nokon kanskje les dette og tenkjer seg om ein gong eller to før når dei vil legge ut slikt neste gong. Kanskje dei vil ta ei vurdering på om det dei seier vil føre folk til kyrkja eller skremme folk vekk frå kyrkja. Og kanskje dei etter vurderinga vil droppe å skrive om det på Facebook.  

mandag 13. april 2015

Flodhestkjøt i USA

Flodhestar der dei høyrer heime, i Tanzania.
Biletet er tatt av Nevit Dilmen og ligg på Wikimedia Commons. (CC BY-SA 3.0)
Vi skal til USA i 1910. Landet er råka av ei krise. Det er ikkje nok kjøt i landet. Amerikanarar var då, som no, glade i kjøt, og sidan det vart stadig fleire av dei, og byane vart større og større, klarte dei ikkje å skaffe nok kjøt til å mette svoltne magar. Den tradisjonelle løysinga på eit slikt problem i USA hadde vore å gå vestover. Det var alltid meir land mot vest, og dermed også alltid mogeleg å få tak i meir mat. Problemet no var at USA gjekk frå Atlanterhavet til Stillehavet. Det var dermed ikkje meir land å ta av. Ein måtte derfor kome opp med ei ny løysing.

To menn tok på seg å løyse denne krisa. Dei var gamle fiendar som hadde kjempa på kvar sin side i Boerkrigen som spionar. Både Frederick Russell Burnham og Fritz Duquesne hadde på eit tidspunkt hatt i oppdrag å ta livet av den andre. Men dei fann saman i USA i løysinga på «The meat question». Løysinga var enkel, genial eller galskap og uventa. Flodhest. Saman ville dei importere flodhest og opprette flodhestfarmar som skulle forsyne amerikanarane med store mengder «lake cow bacon». Når ein likevel åt sau, ku, gris og høns - alle dyr som var importerte, kvifor kunne ein ikkje då også ete eit anna importert dyr?

Med seg på laget fekk dei kongressmannen Robert Broussard frå Louisiana. Han såg nemleg flodhestar som løysinga på eit anna problem: Vasshyasintar. Til verdsutsillinga i New Orleans i 1884 hadde nemleg den japanske delegasjonen med seg slike plantar, og desse hadde tatt seg tilrette i elvar og sumpar i Louisiana på ein slik måte at dei tok knekken på fiskelivet og gjorde det svært vanskeleg å kome fram med båt.  Flodhestar kunne ete desse plantane, og dermed var ein kvitt endå eit problem.

Planen var oppe til høyring i kongressen, men sidan vi i dag ikkje kan kjøpe McHippo, forstår vi at det rann ut i sanda.

Eg elskar denne planen. Det er godt mogeleg at det hadde blitt katastrofe. Det er jo sjeldan ein god ide å innføre framande artar for å ta knekken på framande artar som har gått amok, samstundes som det å utrydde flodheststammen i USA burde ha vore ein overkommerleg oppgåve, om det skulle vise seg at dei vart eit problem. Samstundes er det jo ikkje slik at vi treng å ete alt kjøtet vi hiv i oss, men løysinga i USA var heller ikkje å ete mindre kjøt, men å industrialisere kjøtproduksjonen til det nivået vi har i dag. Så kven veit: Kanskje gjekk vi her på ein kjempesmell? Eller kanskje var det greit at det gjekk som det gjekk? Uansett er det ein fabelaktig artig ide. Flodhestar i elvane i USA!

Kjelder
«AMERICAN HIPPOPOTAMUS: THE MEAT QUESTION» - Brigher Green 
«The Hunger Game Meat: How Hippos Nearly Invaded American Cuisine» - Scientific American 
«The Crazy, Ingenious Plan to Bring Hippopotamus Ranching to America» - Wired

tirsdag 7. april 2015

Grava ligg der, ho er open

Eg skreiv om Ann Griffiths i forrige post, og det er henne det skal handle om også no. I påskedagspreika mi hadde eg lyst til å bruke hennar vakre poesi, men sidan den ikkje var omsett til norsk, var det umogeleg med mindre eg sjølv gjorde eit forsøk på omsetjing. Resultatet vart denne omsetjinga/gjenndiktiga av diktet som kun har den anonyme tittelen «I» i engelsk omsetjing, slik vi finn det hos Cardiff University. Det er ein H. A. Hodges som står for den engelske omsetjinga eg byggjer på.

Grava ligg der, ho er open
i den eg evig siger har
gjennom det han vann for oss
han som tenarkroppen var.
Makter, ånder, vonde krefter
Deira makt på jord forsvann.
Han knuste dei og døydde døden,
gjennom kampen som han vann. 
Når eg tenker på den kampen,
bryt gleda fram i sjela mi.
Sjå! Lova, ho vert halden,
men lovbrytar går fri.
Sjå! Vår oppstode er gravlagt
og vår synd den tok han med.
Sjå! Jord og høgste himmel.
er sameina i evig fred. 
Då han i glans stod opp frå grava.
Alt hans verk var overstått.
Heile jorda helste livet
i høglytt, sorglaus gledeslått.
Dørar opna, kor song hyllest
Til ein Gud i menn'skekropp.
Gud Fader, sigrande og glad,
Bad han til sin trone opp. 
Det er nok når flaumen råkar,
Det er nok mot flammars rov.
Mi sjel er evig hans for alltid
evig pris og takk og lov.
På dei tørre ørkenvegar
ventar fiendar i flokk.
Hjelp meg, Gud, å sjå til krossen
Der er nåden alltid nok.

fredag 3. april 2015

Given Justice

Krossfestinga malt av den polske kunstnaren
Jacek Rossakiewicz.
Biletet er frigjeve for bruk, og ligg på
Wikimedia Commons.
Den gode bloggen Kokeluren har gjort meg kjent med den walisiske poeten Ann Griffiths. Eg anbefalar alle å lese det Arve Kjell skriv om henne på Kokeluren, og vil markere langfredag med eit av hennar dikt.
God’s table could provide no food,
While sin was reigning,
But shadows of a future good,
Our hope sustaining;
When came the day of Jubilee,
The veil was riven;
The law, in Jesus on the tree,
Saw justice given.[1]
[1] Diktet er henta frå Cardiff University si side om Griffiths.

onsdag 25. mars 2015

Maria og einhjørningen

Maria for bodskapen frå Gabriel og
sit med ein einhhjørning på fanget.
Biletet er frå katedranen i Erfurt, og ligg på
Wikimedia Commons.
På Maria bodskapsdag passar det godt å sjå på ein av dei meir underlege ikonografiske framstillingane av Maria, nemleg Maria med einhjørningen.

I middelalderen og renessansen var dette ein ikkje heilt uvanleg framstilling av Maria, kva er symbolikken? Den er jo ikkje heilt sjølvsagt for oss i dag. Kva har Maria å gjere med eit legendarisk dyr?

Forklaringa er både ganske enkel og vakker. Einhjørningen har tradisjonelt nokre eigenskapar som vert tillagt den. Den er eit symbol på reinleik og den kunne helbrede sjuke og gjere giftig vatn drikkande. Einhjørningen var særs vill og ekstremt vanskeleg å fange. Skulle ein klare å fange ein, måtte ei jomfru sette seg ned. Då kom einhjørningen og la seg til å sove i fanget hennar. Dette var den einaste måten.

Og då er plutseleg symbolikken lettare å forstå. Den einaste som kunne temme den som kunne helbrede sjuke, reinse gift og viste reinleiken, var ei jomfru. Den einaste måte Gud kunne bli menneske var gjennom å bli fødd av ei kvinne, og Gud valde ei jomfru.

Einhjørningen er altså eit symbol på Jesus. Eigenskapane til einhjørningen vart oppsummert i Jesus. Han var reinleik, han kunne kurere sjuke, han var så vill at ikkje eingong dødsriket kunne halde han. Og i tillegg hadde einhjørningen eitt horn. Dette såg ein som eit symbol på at Gud og menneske vart eitt i Jesus.

Når Maria sit med ein einhjørning i fanget, er det altså Gudefødersken med Jesus ein ser. Det er Jomfrua som «temma» einhjørningen i livmora si.

Vi kostar på oss eit bilete til. Det er sjølve overleveringen av bodskapen frå engelen vi ser. Einhjørningen går til jomfrua, og inkarnasjonen var eit faktum.

Biletet er mala av Martin Schongauer i 1489.
Det ligg på Wikimedia Commons.
Har du tre kvarter til overs, anbefalar eg dette programmet frå BBC Radio 4 om einhjørningar.

tirsdag 17. mars 2015

Godt brukte 54 år!

Presteforeningen på Faebook i dag.
I samband med dagens val av sentralstyre i Presteforeningen, passar det godt med dette biletet eg tok i samband med ei festgudsteneste for at vi har hatt kvinnelege prestar i kyrkja vår i femti år. (Interesserte kan lese om gudstenesta her.)
 
Det har no gått litt over femti år, og kvinnene har brukt tida godt!

tirsdag 10. mars 2015

Bryggeri til spottpris

Tuliptrade tulipomania
Ein ukjent kunstnar mala rundt 1650 tulipanhandlarar.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Tulipankrakket i Amsterdam i 1637 er ei absurd historie, som no nokre hundre år seinare er relativt god underhaldning, sjølv om det sikkert ikkje var like gøy for dei som sølte vekk formuen sin på verdilause tulipanlaukar...

Det som skjedde var at tulipanen hadde blitt innført til Europa, sansynlegvis rundt 1550. Blomen vart  enormt populær, noko som gjorde at prisen gjekk opp. Folk oppdaga at dei kunne tene pengar på dette, og ein byrja etterkvart å kjøpe lauk, og også lauk som endå ikkje var produsert. Enorme summar var i rundgang for å kjøpe og selge blomar som ofte ikkje eksisterte anna enn i fantasien. Dette måte ta slutt, og det gjorde det med brask og bram i februar 1637. Då var det plutseleg ingen som turte å kjøpe fleire tulipanar, og prisane sank som ein stein.

Då hadde spekulantar drive prisane oppover til absurde nivå. Ein årsløn for ein fagarbeidar låg på den tida på rundt 150 gylden. I 1636 vart ein einaste tulipanlauk kjøpt for 2500 gylden! Den dagen krakket kom, vart eitt pund lauk auksjonert vekk med ein startpris på 1250 gylden. Ingen ville kjøpe, og dermed var katastrofen eit faktum. Folk sat att med verdilause tulipanlauk i staden for pengar, eller hadde skrive under kontraktar som forplikta dei til åkjøpe tulipanar til langt over den prisen dei var verdt. Eit skikkeleg krakk, altså.

Men kvifor skriv plutseleg St. Isidors minne om finansbobler og blomar, spør ein seg kanskje no. Det er jo ikkje slikt ein brukar å lese om her. Og det er rett. Sjølv om historia om tulipankrakket er artig nok, så har ikkje denne skrivaren nok økonomisk kompetanse til å forklare krakket godt nok, til at krakket i seg sjølv er stoff for St. Isidor. Men det var ein liknande galskap i Frankrike nokre år tidlegare, og der kjem vi innom eit område St. isidors minne kjenner seg meir heime. Øl.

I 1608 skal det ha gått endå villare for seg i Frankrike. Også der var det tulipanar som gjorde folk gale, og ein mann må ha vore særleg gal. Han skal ha solgt bryggeriet sitt, eit framgangsrikt bryggeri som skal ha vore verdt 30 000 franc (kva nå det vil bli i dag?) for ein einaste tulipanlauk. EIN lauk!

Denne forteljinga kan rett nok vere ein avisand, men ein skal som kjent ikkje la sanninga kome i vegen for ei god historie. 

Om nokon har eit heimebryggeri dei vil bli kvitt, kan eg tilby fem posar tulipanlauk i betaling.

Kjelder
Wikipedia, Levende historie 2/2007 og desse to bøkene. [1][2]

tirsdag 24. februar 2015

Den store salmediktaren

Eg har lenge trudd at den største salmediktaren i Norge nok var Petter Dass eller Elias Blix eller noko slikt. Det er mogeleg det må ein ny mann inn på denne lista. Eg kan ikkje uttale meg om kvalitet, men om ein går etter kvantitet, går Nils Semingsen Undset rett inn på lista.

Aldri høyrt om fyren før, seier du? Det hadde ikkje eg heller fram til nettopp. Då snakka eg med soknepresten i Rendalen som kunne fortelje meg om bygda sin store og gløymde son.

Nils Semingsen Undset gav i 1914 ut sin heilt eigen salmebok. Boka hadde 641 salmar, alle skrive av den same mannen!

Boka var skrive inn mot revisjonsarbeidet som skjedde i kyrkja i Norge i dei første tiåra av forrige hundreår. Nye liturgiske bøker var ferdig i 1920 og Landstads reviderte kom i 1924, omtrent samstundes som Nynorsk salmebok og ei revidert koralbok. Sjølvsagt krangla ein som hund og katt om dette, og Undset bestemte seg for å skjære gjennom og lage ei salmebok som folk kunne samle seg om og som kunne få slutt på kranglinga.

I 1928, to år etter Landstad sin revisjon, kom ei ny utgåve av Nils Semingsen Undset si salmebok. Salmer over Nye tekster - Første rekke. Boka skal ha brukt dei same melodiane som Landstad, men alle tekstane var skrive av Undset. Det var 355 salmar til alle søndagane i kyrkjeåret og ulike tema, i tillegg til 286 salmar til dei nye tekstane i kyrkjeåret.

Vi har ikkje høyrt om salmeboka i dag. Det skuldast at Undset aldri lukkast i å selgje inn boka si til leiarskapet i kyrkja. Dei var rett og slett ikkje interessert, og ein skuffa Undset brann mesteparten av bøkene.

Heldigvis overlevde nokre få eksemplar. I Renndalen i dag driv kyrkja eit viktig arbeid for å gjere denne salmeboka kjent for folk. Kanskje kan vi håpe på eit opptrykk? Men sidan dette i såfall då vil kome nokre år etter at Den norske kyrkje har fått ei ny salmebok, kan vi vel rekne med at Undset også denne gongen vil få problem med å få det heilt store gjennomslaget.

Vi kostar til slutt på oss å sjå kva Norsk Forfatter-Lexikon 1814-1880 frå 1908 skreiv om Undset.

Kjelde:
Rendalen menighetsblad nr. 3 2013

torsdag 12. februar 2015

Tankar frå Nidaros

Eg var i Nidarosdomen i helga. Eit besøk i katedralen i Trondheim er på mange måtar ei mektig oppleving. Den er storslått, vakker og har ei rik historie. Samstundes er det og ei amputert oppleving. For det manglar noko i kyrkja.

Nidarosdomen er på mange måtar ei tretten-på-dusinet-kyrkje i europeisk samanheng. Det er mange slike store katedralar rundt i Europa, men dei fleste av desse har noko Nidarosdomen manglar. Til og med i hovudkyrkja til vår nærmaste søsterkyrkje, Svenska kyrkan, har dei det vi manglar i vår hovudkyrkje. I domkyrkja i Uppsala har dei relikvier og dei har ei liste over erkebiskopar.

Trondheim domkyrkje har ikkje noko slikt. Ho har ikkje ein gong eit sentralt bilete av Olav, mannen som skal vere gravlagt ein stad i kyrkja. Trondheim domkyrkje framstår som bortimot ribba for historie. Det er som om ein går inn i ei kyrkje som eksisterer i ei historisk boble der det ikkje har skjedd noko frå Jesus stod opp frå grava og fram til i dag.

Rett skal vere rett. Det er ei lita plate til minne om Thomas von Westen og det er nokre helgenar på vestfronten. Og kven veit kven som er på alle glasmaleria? Og så er det eit sidekapell som er vigsa til minnet om dei som fall i krigen, ei liste over nokre av dei tidlege kongane i Norge og i eit anna sidekapell er det eit ikon med to menn på. Kanskje Olav og ein annan? I oktogonen er det også eit lite altar med bilete frå olavssoga som frontpanel, sjølvsagt med Olav sentralt plassert. Men alt i alt, er kyrkja ganske blotta for historie.

Nidarosdomen står, trass i sin majestetiske framtoning, som eit symbol på den lutherske historieløysa. Den står naken der vår norske kyrkjehistorie burde ha kledd kyrkja. Dei som har gått før oss i trua burde ha blitt med inn i gudstenestefeiringa, men i staden sit vi att med nakne veggar.

Nidarosdomen burde ha vore pryda med bilete, statuar og  minneplatar for folk som St. Olav, St. Torfinn, St. Hallvard, St. Sunniva, St. Birgitta og St. Svithun og med evangelistar og profetar. Desse burde ha fått plass inne i kyrkja, ikkje berre i beste fall forvist til kulden på vestveggen. I tillegg burde kyrkja ha romma Martin Luther, Philipp Melanchthon, Petter Dass, Elias Blix, Hans Nielsen Hauge, Eivind Berggrav, Cathinka Guldberg, St. Trifon, N.F.S. GrundtvigLars Levi Læstadius og andre kjempar frå norsk og skandinavisk kyrkjehistorie. Hadde det ikkje vore for slike folk, hadde det ikkje vore ei kyrkje i Norge i dag.

I staden hoppar vi bukk over kyrkjehistoria og alle dei heilage. Vi stenger skyen av vitne ute, og latar som om ho ikkje er der. Som resultat får vi ei hovudkyrkje som kun framstår som hovudkyrkje for her-og-no. Ikkje frå-æve-til-æve. Det er beint fram trist!

mandag 2. februar 2015

St. Simeons dag

Eit georgisk ikon som viser Josef, Maria, Jesus, Simeon og Anna.
Lurar du på kven Anna er? Slå opp i Lukas 2 og finn det ut.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
I dag er det kyndelsmesse, dagen ein minnast då Jesus vart boren inn i tempelet av Maria og Josef. Dette er førti dagar etter jul, altså førti dagar etter at Jesus vart fødd, noko som vil seie at Maria si reinsingstid var over.

I tempelet traff dei på Simeon. Han venta på å sjå Messias. Gud hadde sagt at han ikkje skulle døy før han fekk sjå han. Lukas fortel at Simeon vart driven til tempelet av Den heilage ande samstundes med den heilage familie, og då han møtte dei såg han at den lille guten var han han venta på. Messias. Då tok han Jesus i hendene sine og sa fram orda vi kjenner som «Simeons lovsong» og gjer til våre eigne når vi ber kompletorium.
«Herre, no lèt du tenaren din fara herifrå i fred,
slik som du har lova.
For mine auge har sett di frelse,
som du har gjort i stand like for andletet på alle folk,
eit lys til openberring for heidningane
og til ære for folket ditt, Israel.»
Og som eit lite apropos: Det var ikkje berre i Israel for 2000 år sidan at kvinner kom til kyrkje for å bli reinsa førti dagar etter fødselen. Dette dreiv ein med i Danmark og Norge i lang tid. Den norske Altarbok for Den norske kyrkja som kom i 1920 og var i bruk fram til ny liturgi kom i 1977 har eit eige kapittel «Um inngangskonor».
Ein eigen benk for «Kirkegans Koner» eller «Inngangskoner»
og dåpsfylgjer i Mariager kyrkje i Danmark.
Biletet har eg tatt, og det ligg på Wikimedia Commons.
(CC BY-SA 3.0)
«Inngangskona skal møta med fylgjet sitt i vaapenhuset eller sakristiet i god tid fyre gudstenesta tek til, eller medan dei syng ein av salmane fyre preika.
I ein stutt tale minner han [Altså presten. Min merknad] henne fyrst um at ho skal takka Gud, som naadig hev hjelpt henne i trengsla og gjeve henne gleda yver at eit menneskje er født til verdi og endaa større gleda av di Gud hev laga til eit atterfødings-bad aat barnet hennar, so det skal sjaa Guds rike. So bed han henne visa seg takksam i gjerning og uppseda barnet sitt i sann otte for Herren og i alle maater gjeva det eit godt og kristeleg fyredøme.»
Når presten har halde ein kort tale om dette, (Korleis ein tale med så omfattande innhald kan bli kort er eit ope spørsmål) skal han seie:
«Gakk inn i Guds kyrkjelyd med fred, og takka Herren, din Gud, som hev gjort vel imot deg. Han styrkje deg framleis paa sjæl og likam, og late din inngang og din utgang no og alltid vera velsigna for hans aasyn!»
Så går inngangskona og følgjet inn i kyrkja.

Om dette var vanleg praksis i Norge etter 1920, veit eg ikkje, men ein hadde i alle fall ei ordning for det. I Danmark skal skikken ha forsvunne rundt 1900, men kanskje hang det lenger i her?

Det er verdt å merke seg at det ikkje er snakk om nokon reinsing, slik Maria gjekk til tempelet for. Dette var pålagt henne i Moselova, men i kristen tankegang er det umogeleg å hevde at kvinner kan vere «ureine» etter fødsel. Ritualet har derfor blitt endra til ein ganske underleg påminning om å vere takksam, glad og gjere barnet til ein god kristen.

onsdag 14. januar 2015

Oderik av Pordenone

I dag har ein av dei store reisande i historia minnedag. Vi skal sjå litt på reisa til Oderik av Pordenone.

Først må vi berre ha klart nokre korte biografiske detaljar om Oderik. Han vart født i siste halvdel av 1200-talet i det som då var Austerrike, no Italia. I ung alder vart han fransiskanar, og etterkvart kom misjonskallet. Fransiskanarane hadde fått i oppgåve å drive misjon i Asia, så då vart det den vegen Oderik dro då han i 1318 la i veg på ei reise som ikkje treng skamme seg i selskap med Marco Polo sine reiser til dei same områda. Berre høyr på dette.

I april 1318 dro han frå Padova i Italia til Venezia og vidare til Konstantinopel (no Istanbul). Så dro han til Egypt og vidare til Israel/Palestina før han gjekk gjennom Armenia og inn i Persia (no Iran) til Tauris (no Tabriz) og vidare til Soltanieh og Kashan, Yezd (no Yazd) og Persepolis. Så til områda som i dag vert kalla Kuwait og det sørlige Irak før han dro til Hormuz (no Hormozgan) i det som i dag er Iran. Der tok han båt til India.

Utanfor det som i dag er Mumbai fekk han redda med seg hovuda etter fire fransiskanarar som vart halshogd rett før han kom dit. Desse hovuda tok han med seg helit til Europa, men før han kom så langt gjekk turen vidare i Asia. Han dro lenger sør i på vestkysten av India før han kom til området som i dag er Madras i India. Der besøkte han grava til apostelen Thomas.

Som første europear dro han til øyane utanfor India. Han dro først til Sri Lanka, så til Nikobarane, Sumatra, Java og Borneo før han igjen kom til fastlandet i dagens Vietnam. Frå Vietnam dro han til Guangzhou i Kina.

Reisa gjekk vidare langs kysten av Kina, før han endeleg kom til Bejing. Kanskje var han også innom Japan på turen nordover i Kina. I Bejing var han i tre år og jobba saman med fransiskanarane som allereie var der. I løpet av desse åra, skal 20 000 menneske ha blitt døypte, og erkebiskopen der ville fortelje paven om det flotte arbeidet dei gjorde. Oderik fekk derfor beskjed om å dra attende til Italia.

No gjorde han det på ein litt kortare måte, men han gjekk heile vegen. Turen til Venezia tok tre år og gjekk gjennom det som i dag er Shanxi-provinsen i Kina til Lhasa i Tibet. Han var første europear i Lhasa, som då var setet til Dalai Lama, utan at han skreiv ikkje ned nokre detaljar om byen. Han skreiv heller ikkje detaljar om resten av turen, men truleg gjekk han gjennom dagens Afghanistan, til Tabriz i Iran, gjennom Armenia og til Venezia.

Tilbake i Italia kom han seg aldri til paven, som då var i Avignon, men han fortalde om reisa si til andre munkar som skreiv ned det han fortalde.

Oderik døydde 14. februar 1331. Han har aldri blitt heilagkåra, men vert rekna som salig og har minnedag i dag. Om han vert erklært for helgen, må han vere ein solkeklar skytshelgen for reisande!

Interesserte kan zoome på kartet for å sjå betre kvar Oderik dro. Hugs at på kartet er det rette linjer, medan det nok ikkje var slik han reiste.