Viser innlegg med etiketten Litteratur. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Litteratur. Vis alle innlegg

søndag 17. juni 2018

Fin bok frå Sumaya Jirde Ali

For ei veke sidan las eg den lille boka Ikkje ver redd sånne som meg av Sumaya Jirde Ali. Eg kjente at den greip meg. Det var ei god bok som fleire bør lese.

Sumaya Jirde Ali er sikkert kjent for dei fleste som rotar seg innom St. Isidors minne. Det er ho som vart årets bodøværing i fjor, ho som skriv i mange aviser og ho som vart møtt med ein skitstorm utan like før 8. mars i år. Ho er ein av dei vi kjem til å høyre mykje frå framover, tippar eg.

Ikkje ver redd for sånne som meg handlar litt om dette, men mest handlar det om å vekse opp som somalisk jente i Bodø. I alle fall er det det som sit att hos meg. Den glade oppveksten der ho vart akseptert i klassen og på skulen, men oppdaga at andre afrikanarar ikkje vart det. For dei var ikkje «ein av dei», som dei andre i klassen sa. 

Dette temaet der Ali viser korleis ho, som etter alle solemerker for ein som berre har observert ho gjennom media er av dei sentrale i det norske samfunnet, igjen og igjen merkar at ho er ikkje heilt som «alle andre» vert sentralt. «Alle andre» ser ikkje på henne som ein av fellesskapen. 

Ali er svart. Ho går med hijab. Ho er ung kvinne som kjem med klare meiningar offentleg. Ho er på mange måtar alt kommentarfeltbermen hatar inkarnert i ein person. Og på grunn av dette har ho blitt møtt med det mest avskyelege det norske samfunnet har å by på. Ho er innom dette, men som sagt er det ikkje det som greip meg mest.

Det er der ho skildrar korleis kommentarar om eller til andre muslimar eller innvandrarar går inn på henne, og der ho skildrar korleis ein muslimsk ungdom i Bodø må finne ut kvar ho høyrer heime i eit samfunn som ofte ser på henne som eit trugsmål og eit framandelement, og lar ho få høyre det. Kanskje ikkje så ofte i form av det som vert sagt direkte til henne, men gjennom alt som blir sagt om grupper ho er ein del av. Somaliarar, innvandrarar, muslimar. Ikkje minst gjer det inntrykk når ho skildrar korleis retorikken under flyktningekrisa høyrast ut for ein som sjølv har kome til landet som flyktning.

På desse områda ser eg for meg at det ho skriv er noko som svært mange vil kjenne seg att i. Ikkje berre innvandrarar eller muslimar, men også folk frå andre grupper som hamnar i unåde i det offentlege ordskifte. Eg trur at kjenslene ho skildrar er eit vaneg resultat av at vi lar kommentarfelta få gløde av stadig nye måtar å fortelje kor mykje ein avskyr andre folk, og gjennom dette også forme korleis vi snakkar om andre folk og grupper utanfor nettet.

Trolla i kommentarfelta vil aldri lese Ikkje ver redd sånne som meg. Men tenk om dei kunne det. Tenk om dei kunne forstå smerta dei skaper. Dei er kanskje redde, slik Ali hintar til med tittelen sin, som ho forøvrig har lånt frå ein kronikk skriven av ei kvinne som kom som flyktning under flyktningekrisa, men dei skapar jammen mykje frykt og uhygge også.

Har eg lært noko nytt av boka? Noko eg ikkje visste eller kunne tenke meg til? Kanskje ikkje, men å høyre korleis det kan opplevast å vekse opp som minoritet i Norge gjennom denne boka var uansett ei sterk oppleving.

Ikkje ver redd sånne som meg er berre rundt 90 sider. Ein les boka på kort tid, og ho er i tillegg skrive på gromspråket nynorsk. Ein har altså inga god grunn for å hoppe over denne boka. Derimot er det mange gode grunnar til å lese henne.   

lørdag 18. november 2017

Peder Palladius' Visitasbok - Til kyrkjeverjene

Lurar du på kven Peder Palladius er, eller kva bok dette er henta frå, finn du meir om dette i denne posten.

Dei første Peder Palladius tar for seg i visitasboka er kyrkjeverjene. Dei skal ta vare på kyrkjene, inventaret og kyrkjegarden. Lat oss høyre noko av det Palladius har å seie til dei.

For det første kan vi lese at uttrykket «Der hvor solen aldri skinner» har bytta meining på 500 år. Her handlar det om innsida av kyrkja.
Så gjelder det tette vinduer. Dere vet jo vel at snø kan gyve og fyke inn der som solen ikke kan skinne.
Pynten skal kyrkjeverjene overlate til «de gode koner og piker»
De gode koner og piker skal venne seg til å bære forklærne sine fulle av blomster og lauv om sommeren når de kommer til kirke. De skal strø det på golvet i husbondens og sine egne stoler, så en kan få lyst til å søke hit inn når dere holder det så fagert og fint.
Eit lite stikk mot papistane tar han seg tid til når han snakkar om at kyrkjegarden skal vere fin.
[...] godtfolk kan gå hit på kirkegården til fedrenes graver, ikke for å be til Gud for dem (Gud være lov, det trengs ikke; de som alt er herfra har sin dom, og vår dom står enda igjen), men for å minnes her ved fedrenes grav at du selv også skal dø. 
Høgt gras på kyrkjegarden var ein styggedom (det er det framleis), men det var verre ting på 1500-talet. Då regjerte djevelen! Heldigvis hadde ein kyrkjeverjene til å halde fortet mot djevelen sine herjingar.
Ingen må tillate at de rir og renner inn på kirkegården i bryllupstider. Det hørte djevelen til, slik som den sviringen og svermingen man hadde i kirken på andre eller tredje bryllupsdagen, det som nå er blitt rettens sak å gjøre opp med. Dette skal nå kirkeverjene ta vare på, slik som de er tiltrodd det.
Palladius var ikkje så glad i sidealter. Lat oss høyre kva han instruerer kyrkjeverjene om dei.
Liksom hver kirke har nok med en prekestol, så har den heller ikke bruk for mer enn ett eneste alter. [...] De andre alterne er det derfor ikke noe bruk for lenger, enda papistene også vil holde dem ved makt, så de skal stå der og vente på en ny tid da kremmerhandelen og tuskingen deres kan komme opp igjen, [...] Gud i himmelen fri oss fra andre villfaringer, så sant som vi er blitt fri fra pavens og munkenes villfaring som vi har hatt mer enn nok av. [...] Derfor kan kirkeverjene ta dem ned og bruke slik styggedom og skrot til andre ting i kirken. 
Vi tenker gjerne at universell utforming er eit moderne fenomen. Tru på nytt!
Det alteret som er nærmest prekestolen kan dere ta bort og i stedet sette en stol der til alle dem i sognet som Gud har lagt hånden sin på, så de er blitt tunghørte, så de kan stå nær ved prekestolen og bedre får høre de salige Guds ord. 
Til slutt: Eg veit at enkelte kyrkjeverjer ikkje alltid går til gudsteneste. Peder Palladius har eitt og anna å seie til dei.
Men er det tvert imot slik at du ikke har lyst til å høre ordet fra din sogneprests munn, at du ikke kommer til kirken din og gjerne lar stolen din stå tom om søndagen og andre helligdager, fører et skammelig liv tvert imot Guds ord, ikke engang tenker på at du er døpt, og ikke går til alters, da trenger du ikke spørre granner og gjenboere til råds, men ditt eget hjerte skal overtyde deg og si at det er et sikkert tegn på at du er besatt med en djevel fra helvete. 
Det kjem fleire postar med Palladius sine beskjedar til dei nyreformerte,

torsdag 24. august 2017

Boktrykkaren i Mainz

Universitetet i Kassel si utgåve av Gutenbergbibelen.
Biletet er tatt av Universitetsbiblioteket i Kassel
og ligg på Wikimedia Commons. (CC BY-SA 3.0)
Det er reformasjonsår i år. 500 år sidan Martin Luther for alvor sette i gang spetakkelet. Vi kjenner historia, og gjer vi det ikkje poppar det opp med lutherseminar, -kveldar og -festar rundt i heile Europa for tida, så det bør i alle fall vere mogeleg å bli kjent med historia.

I dag er det kanskje ein merkedag for reformasjonen. Eg vil tru dagen går ganske stille forbi i mange av markeringane, og det er mogeleg det er heilt på sin plass, for eg vil seie at eg ikkje heilt er overbevist om at dagen i dag verkeleg er dagen, men uansett: Både Christianity Today og Wikipedia hevdar at 24. august 1456 stod Johann Gutenberg med den første utgåva av den såkalla «Gutenbergbibelen» i handa. Andre - og sikkert betre - kjelder som British Library og University of Texas seier at det skjedde eit år eller to før dette, men slike bagatellar som kva som er i historisk korrekt kan vi ikkje bli styrte av. Det vart i alle fall trykt ein Bibel på midten av 1450-talet, og det er vanskeleg å sjå for seg reformasjonen og framveksten av lutherske kyrkjer slik vi kjenner dei i dag utan Johann Gutenberg og hans boktrykkarrevolusjon.

Det var sjølvsagt ikkje berre kyrkja Gutenberg var med på å snu opp ned på. Heile kunnskapssamfunnet er basert på at vi når vi ynskjer det har lett tilgang på informasjon. Dette var det Gutenberg som skaffa oss. Det var han som gjorde at bøker og andre trykksaker vart mogeleg å kjøpe for fleire enn dei aller rikaste. Masseproduksjon av kunnskap, og med det kunnskapssamfunnet bygger på Gutenberg.

Gutenberg vart drive av eit ynskje om å at alle skulle ha tilgang på Bibelen. Det var det som var motivasjonen hans for å utvikle boktrykkinga slik han gjorde. Naturleg nok var også den første masseproduserte boka hans nettopp Bibelen.

Gutenberg sin visjon om at Bibelen skulle vere tilgjengeleg for alle, var ein visjon han delte med Martin Luther. Guthenberg trykte Bibelen på latin, medan Luther omsetje den til tysk. Men utan Gutenberg hadde nok ikkje den tyske omsetjinga blitt så viktig som han vart. Det er mogeleg at utan Gutenberg hadde kunnskap om Luther vore noko kun vi som har studert kyrkjehistorie hadde hatt kjennskap til, og då berre som historia om ein brysom munk som til slutt vart kasta ut av kyrkja.

Reformasjonen starta på sett og vis med boktrykkaren i Mainz, så det er berre rett og rimeleg at vi minnast også han i reformasjonsåret 2017. Så då får det heller vere at eg mistenker at dette med datoen i dag berre er sprøyt...

tirsdag 1. mars 2016

Jesus, epletreet

Via diverse omvegar kom eg over denne nydelege salmen som i følgje Wikipedia mest truleg er frå 1700-talet. Eg har aldri vore borti salmen før, og eg har heller aldri vore borti symbolikken. Jesus som epletreet. Wikipedia fortel at biletet kjem frå Høgsongen 2,3 der vi kan lese:
Som et epletre blant trærne i skogen,
slik er kjæresten min blant sønnene.
Jeg nyter å sitte i hans skygge,
hans frukt er søt for ganen
Dette har ein, ikkje overraskande, sett på som eit bilete på Jesus.

Salmen kjem sansynlegvis frå metodistane, medan den første gong stod på trykk i ei salmebok frå baptistkyrkja.

Utfordringa til norske komponistar er sjølvsagt enkel: Ein finfin melodi til epletresalmen.

Om teksten er vanskeleg å lese, kan ein trykke på biletet for å få det større.

mandag 7. september 2015

Codex Gigas

Codex Gigas oppslått i Stockholm. Legg merke til storleiken mot folka i
bakgrunnen. Den hoppande glade karen på den høgre sida i boka kjem vi
attende til.
Biletet er tatt av Michal Maňas og ligg på Wikimedia Commons. (CC BY 2.5)
Det har vore stille på St. Isidors minne i det siste. Noko av grunnen er at eg har brukt mesteparten av mi tid på nettet til å fullføre eit i overkant stort prosjekt på Wikipedia. Det passar derfor bra å snakke litt om eit anna prosjekt som kanskje var litt i overkant stort.

Vi skal til Codex Gigas, det største mellomaldermanuskriptet vi har. Og då snakkar vi i fysiske mål, etter det eg har forstått. Codexen, eller boka, er 92 cm høg, 50 cm brei og 22 cm tjukk. Heile greia veg 75 kilo, og det skal ha gått med rundt 160 dyr for å skaffe skinn til dei 320 sidene. Solide greier, altså.

Så er det innhaldet i boka. Det er ikkje småtteri, det heller. Ho inneheld heile Bibelen. Det vil i hovudsak seie Vulgata, bortsett frå eit par bøker som er i ein eldre versjon. Sidan det er Vulgata, vil det seie at også dei gamaltestamentlege apokryfane er med. I tillegg er det nokre bøker av Josefus, bøker frå ulike filosofar, nokre magiske formlar, ei liste over brødre i klosteret der boka vart skrive, kalenderar og anna småplukk. Og så kjem noko som gjer at boka er umogeleg å gå forbi for St. Isidors minne. I Codex Gigas finn ein også St. Isidor si bok Etymologiæ.

Dette verkar kanskje ikkje så imponerande på oss. Ein får jo lasta ned meir til lesebrettet sitt før formiddagsmat. Men ein må hugse på at alt dette var handskrive på pergament. Og som om ikkje det var nok: Heile greia var skrive av ein munk!

Det er same handskrift i heile boka, noko som gjer at ein reknar med at det var ein mann som skreiv alt, sjølv om ein då ikkje heng seg på legenda om at han fekk hjelp av djevelen og skreiv heile boka på ei natt. Ein er ikkje sikker på kven som skreiv det eller kvar han budde, men ein veit at det må ha vorte skrive i Tsjekkia mellom 1204 og 1230, og frå margnotatar trur ein kanskje munken som skreiv det var ein kar som bar namnet Herman.

Dette tok sjølvsagt tid. Nasjonalbiblioteket i Stockholm, som er dei som eig boka i dag, skriv dette om tidsbruken:
Det är mycket svårt att bedöma hur lång tid skrivaren behövde för att skriva handskriften. Han kan ha skrivit en spalt med 106 rader på en dag. Om han arbetade sex timmar om dagen och skrev sex dagar i veckan kan handskriften ha fullbordats på omkring fem år. Om skrivaren var en munk kanske han bara kunde arbeta omkring tre timmar per dag, vilket innebär att handskriften kan ha krävt tio år. Eftersom skrivaren innan han började skriva kanske också drog upp stödlinjer, ett arbete som troligen tog åtskilliga timmar per blad, betyder detta att det antagligen tog minst tjugo år att fullborda handskriften, kanske till och med trettio.
No vil den observante lesar kanskje undre seg på kvifor boka ligg i Stockholm, og ikkje i Praha eller eit tsjekkisk kloster. Den var der fram til 1649, då svenskane var på krigartokt i mellomeuropa. Kva dei skulle der, kan ein jo spørje seg, men dei kom i alle fall heim att med mellom anna denne boka. Og i dag ligg ho i Stockholm, noko eg riv meg i håret for at eg ikkje var klar over då eg var i byen for nokre år sidan...

Ein glad djevel!
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Til no har vi altså etablert at vi har ein diger kloss av ei bok, ja faktisk det største mellomalder-manuskriptet i verda. Denne boka inneheld ei rekkje skrifter, og heile greia vart skrive ned av ein einaste mann i løpet av laaaang tid. For å gjere det heile endå litt meir interessant, stakk så svenskane av med heile greia og drog med seg kolossen over halve Europa.

Men det sluttar ikkje der! For ei bok av dette kaliberet var sjølvsagt illuminert. Altså utsmykka. Det heile ser ganske lekkert ut, faktisk. Nasjonalbiblioteket sine bilete av kvar einaste side ser ikkje ut til å fungere, (det er nesten så ein må tru på karma) men ein kan sjølvsagt finne ein del (alt?) på Wikimedia Commons sine serverar.

Når ein skulle utsmykke boka var det mellom anna plass til to heilsides bilete. Det var derfor harde prioriteringar som måtte til. Det eine ein valgte å satse på var ikkje så underleg. Ein gjekk for eit bilete av det nye Jerusalem. Traust og trygt. Deretter må det ha gått ein liten djevel i dei, for det andre heilsides bilete dei valgte å lage var nettopp av.... Djevelen. Ei heil side med det som for meg ser ut som ein hoppande glad djevel.

Kvifor? Tja... Kanskje nokon var lei av heile boka etter kvart? Det har i alle fall gjeve boka det klingande tilnamnet «Djevelens Bibel». Og det er vel berre å sjå sanninga i augene: Utan djevelen i storformat, hadde sikkert ingen brydd seg med eit digert manuskript frå 1200-talet....

tirsdag 7. april 2015

Grava ligg der, ho er open

Eg skreiv om Ann Griffiths i forrige post, og det er henne det skal handle om også no. I påskedagspreika mi hadde eg lyst til å bruke hennar vakre poesi, men sidan den ikkje var omsett til norsk, var det umogeleg med mindre eg sjølv gjorde eit forsøk på omsetjing. Resultatet vart denne omsetjinga/gjenndiktiga av diktet som kun har den anonyme tittelen «I» i engelsk omsetjing, slik vi finn det hos Cardiff University. Det er ein H. A. Hodges som står for den engelske omsetjinga eg byggjer på.

Grava ligg der, ho er open
i den eg evig siger har
gjennom det han vann for oss
han som tenarkroppen var.
Makter, ånder, vonde krefter
Deira makt på jord forsvann.
Han knuste dei og døydde døden,
gjennom kampen som han vann. 
Når eg tenker på den kampen,
bryt gleda fram i sjela mi.
Sjå! Lova, ho vert halden,
men lovbrytar går fri.
Sjå! Vår oppstode er gravlagt
og vår synd den tok han med.
Sjå! Jord og høgste himmel.
er sameina i evig fred. 
Då han i glans stod opp frå grava.
Alt hans verk var overstått.
Heile jorda helste livet
i høglytt, sorglaus gledeslått.
Dørar opna, kor song hyllest
Til ein Gud i menn'skekropp.
Gud Fader, sigrande og glad,
Bad han til sin trone opp. 
Det er nok når flaumen råkar,
Det er nok mot flammars rov.
Mi sjel er evig hans for alltid
evig pris og takk og lov.
På dei tørre ørkenvegar
ventar fiendar i flokk.
Hjelp meg, Gud, å sjå til krossen
Der er nåden alltid nok.

fredag 3. april 2015

Given Justice

Krossfestinga malt av den polske kunstnaren
Jacek Rossakiewicz.
Biletet er frigjeve for bruk, og ligg på
Wikimedia Commons.
Den gode bloggen Kokeluren har gjort meg kjent med den walisiske poeten Ann Griffiths. Eg anbefalar alle å lese det Arve Kjell skriv om henne på Kokeluren, og vil markere langfredag med eit av hennar dikt.
God’s table could provide no food,
While sin was reigning,
But shadows of a future good,
Our hope sustaining;
When came the day of Jubilee,
The veil was riven;
The law, in Jesus on the tree,
Saw justice given.[1]
[1] Diktet er henta frå Cardiff University si side om Griffiths.

torsdag 8. mai 2014

And all shall be well

I dag er det minnedag for Julian av Norwich. For meir informasjon om henne kan ein sjå Wikipedia eller to tidlgare bloggpostar på denne bloggen, ein frå 2012 og ein frå 2010.

I dag vil eg legge ut ein liten snutt der eit utdrag av Revelations of Divine Love blir lese på det som blir sagt å vere mellomengelsk. Stilig! Teksten er som sagt henta frå Revelations of Divine Love,  heilt konkret frå kapittel XXVII som er ein del av det trettande openberringa. Heile teksten på meir moderne engelsk ligg under, henta frå utgåva av Revelations of Divine Love ein kan finne på Christian Classics Etheral Library.

AFTER this the Lord brought to my mind the longing that I had to Him afore. And I saw that nothing letted me but sin. And so I looked, generally, upon us all, and methought: If sin had not been, we should all have been clean and like to our Lord, as He made us. 
And thus, in my folly, afore this time often I wondered why by the great foreseeing wisdom of God the beginning of sin was not letted: for then, methought, all should have  been well. This stirring [of mind] was much to be forsaken, but nevertheless mourning and sorrow I made therefor, without reason and discretion.       
But Jesus, who in this Vision informed me of all that is needful to me, answered by this word and said: It behoved that there should be sin; but all shall be well, and all shall be well, and all manner of thing shall be well.

tirsdag 4. mars 2014

Tenk deg om før du ber til St. Olav!

Olav den heilage. Kanskje ikkje mannen du vil
ha hjelp frå.
Biletet er Gerhard Munthe si illustrasjon til
Heimskringla frå 1899 og ligg på WikimediaCommons.
Via den strålande boka Nidarosdomen av Atle Næss kom eg over denne nydelige snutten frå Passio Olavi, forteljinga om Olav den heilage, truleg skrive av erkebiskop Øystein.[1]
Det var ein dekn,[2] dansk av ætt, som var komen til byen åt den heilage Olav; han hadde falle for freistingane åt det skrøpelege kjøtet og hadde fått mange søner. Di fleire born han fekk, di større armod seig han ned i. Men då no borna leid naud, gjekk han sistpå i seg sjølv og kom og bad oss om råd; han vedgjekk at han hadde vore munk, og då han no hadde teke til seg dei frelsande formaningane, lova han å venda attende til eit gudeleg liv. Men som det no gjekk ei tid, vart den gneisten av anger som hadde vorte tendra i han, kjøvt av syndig elsk; og med di han vart halden uhjelpeleg fast i si gamle syndelyst, fekk han den straff frå Gud at kjønnslemen trutna opp så at det ikkje var til å halda ut. Driven av den fæle smerta tok han til å reka omkring på måfå: og endå han var uverdig og heldt fram i sitt syndeliv, kasta han seg ned, i si fortviling, framfor altaret åt den heilage Olav så tidt det var høve til det. Og då han no oftare våga seg til å falla på kne der, ubotferdig som han var, då hende det sistpå at han sovna. Og sjå! då kom det til han ein mann som såg ut til å vera ein lækjar. Då deknen spurde kva han heitte, svara mannen: «Eg er den Olav som du har kalla på» - og så sette han brennejarnet sitt gjennom den sjuke lemmen. Denknen vakna i fælske ved synet og merka at lemen, som han hadde drøymt at jarnet rørte ved, sveid som han var gloande; han bad då om å få eit kaldt laug, så den fæle pina kunne verte lindra noko ved lunka vatn. Då han no sette seg ned i badet, hende det at lemen, som hadde vorte gjennomstungen av jarnet, losna og fall av - og dermed kvarv óg evnen til å synda. Det som vi her fortel dykk, har vi sett med eigne augo etter at vi kalla saman nokre av dei eldre klerkane i kyrkja vår.[3] 
Slik kan det altså gå om ein ber Olav om hjelp. Det gjeld å tenkje seg godt om før ein søkjer hjelp frå den karen! Av ein eller annan grunn finn eg kun denne underforteljinga i ei av dei tre utgåvene av Passio Olavi som ligg ute i elektronisk form hos Nasjonalbiblioteket. Eg veit ikkje om eg er dårleg til å leite eller om det kun er 1970-utgåva som har ho med, men det er i alle fall ei fornøyeleg forteljing.

[1] Forteljinga står omtala i Atle Næss, Nidarosdomen, Gyldendal Norsk Forlag, 2011, side 110-111
[2] Næss seier at dekn er det same som «diakon», på den tida ein medhjelpar for presten.
[3] Sitatet er henta frå Passio Olavi : lidingssoga og undergjerningane åt den heilage Olav, Samlaget, 1970, side 61-62

søndag 2. mars 2014

Anagram

George Herbert.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Mi utgåve av Lutheran Book of Worship seier at det i dag er minnedagen til George Herbert, eit nytt kjennskap for min del, men ein mann som har gjeve oss dikt eg trur eg skal sjå meir på.

Festivals and Commemorations kan fortelje oss at Herbert vart fødd inn i aristokratiet i Wales i 1593. Han fekk ei god utdanning i språk og musikk ved Trinity College i Cambridge. Han sat i parlamentet og var orator ved universitetet. Rundt 1625 vart han diakon, og i 1630 vart han ordinert til prest. Han skal ha vore ein særs dyktig prest, men rakk berre å tenestegjere i rundt tre år, før han døydde av tuberkulose 1. mars 1633.

Då hadde han allereie skrive manuskriptet til si eine diktsamling, The Temple. Denne diktsamlinga har blitt kalla for «the best collection of religious lyrics in English», og nokre av tekstane vert framleis brukt som salmar. Dikta er ofte i same gate som i dag vert kalla for «konkret poesi», altså at dikta er grafisk forma på ein måte som understrekar orda, til dømes formar orda i «The Altar» eit altar.

Det som umiddelbart greip meg var derimot eit lite dikt om Maria. Diktet er umogeleg å omsettje, og krev kanskje noko gresk- og hebraiskkunnskap for maksimalt utbytte, men for eit dikt!

«Anagram» av George Herbert
Biletet er scanna frå 1633-utgåva av The Temple og ligg på Wikimedia Commons.

torsdag 23. januar 2014

Eit glimt av gull i gråstein

Tittelbladet til førsteutgåva av Anna Karenina.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
For ei tid sidan kjempa eg meg gjennom ei av dei kjedelegaste bøkene i litteraturhistoria. Boka er botnlaus kjedeleg og alt, alt for lang. Underleg nok kom det for nokre år sidan ei filmatisering som klarte å vere endå verre enn sjølve boka. Imponerande! Boka vi snakkar om er sjølvsagt Anna Karenina av Leo Tolstoj. Korleis den same mannen både kan skrive eit meisterverk som Krig og fred og ei suppe som Anna Karenina, er utanfor mi fatteevne...

Men det er i alle fall ein interessant figur i Anna Karenina, og det er Levin. Mi hypotese er at ei bok sett saman av det som står om han kunne ha blitt bra. I ei av scenene i boka får vi innsyn i tankene til Levin i møte med ein annan mann, og dette er kostelege tankar. Sidan eg leste desse orda har eg hatt lyst til å bruke sitatet i ein eller annan samanheng, men når snakkar ein eigentleg om delinga av Polen?

Svaret på dette er at ein kan snakke om delinga av Polen i dag. Polen har nemleg blitt delt tre gonger, og ein av gongane var 23. januar 1793. Altså har ein endeleg eit høve til å presentere eit sørgeleg einsamt høgdepunkt frå Anna Karenina.

Situasjonen vi går inn i er at Levin er på besøk hos ein Sviasjki som fortel om korleis delinga av Polen verkeleg hadde skjedd. Med tanke på når boka kom ut, er det nok den første delinga som var i 1772 han snakkar om. Om ein skulle reagere på eit litt gamaldags språk, kjem det av at eg har ei utgåve frå 1928, ei jubileumsutgåve i samband med at det var hundre år sidan Tolstoj vart fødd.
 [E]nda Levin for tiden var mest optatt av sitt jordbruksproblem, kunde han ikke høre på vertens fremstilling uten å gjøre sig selv følgende spørsmål: «Hvad bor der i denne mann? Hvorfor i all verden interesserer han sig så levende for Polens deling?»[1]
Spørsmålet «Hvad bor der i denne mann? Hvorfor i all verden interesserer han sig så levende for....» er vel eit spørsmål vi alle må stille oss i møte med enkelte folk. Kanskje til og med i møte med dei som set pris på historiske kuriositetar....

[1] Leo Tolstoj, Anna Karenin, Nasjonalforlaget, Oslo 1928. Bind II,  s. 192 

tirsdag 3. desember 2013

Sidan det lir mot jul

MelandJul 2013 er i sal, og eg vil absolutt anbefale bladet. Ein støttar Mållaget i Meland med nokre kroner, samstundes som ein får eit blad med mykje interessant lesestoff. Eg har skrive ei lita sak om fantasylitteratur til bladet, men på utspekulert vis legg eg heller ut det eg skreiv til MelandJul i fjor. Då skreiv eg om Tor Jonsson. 

Tor Jonsson er ein av dei mest spanande lyrikarane våre. Poesien hans spenner rundt tematikk som naturskildringar, kolsvarte skildringar av menneskenaturen og kjærleiken, desperate rop til ein gud han er usikker på om høyrer, samfunnskritikk og skildringar frå barndomsheimen.

Jonsson veks opp i Lom i Gudbrandsdalen i ein svært fattig familie med ei mor som var sjuk og ein far som fånyttes måtte kjempe mot overmakta for å få eigarrett til garden han hadde bygd opp. Den vanskelege barndomen prega Jonsson heile livet, og mykje av tematikken i poesien hans finn vi rota til i barndomen. Kjensla av å ikkje passe inn har røter i ein oppvekst i fattigdom. Forakten for maktpersonar, og særleg kyrkja, er ein arv frå faren sin kamp mot presten i bygda om eigarskapen til garden.

Poesien til Jonsson er ekte, nesten for ekte. Dei mørke skildringane av sinnslivet hans kjem i eit skremande ljos når ein veit at han tok livet av seg i 1951, berre 34 år gamal. Dikta gjev oss innblikk i ei sjuk tankeverd, og det skjer på ein måte som set spor hos lesaren. Eit blikk ned i mørkret ein kan finne i mennesket kjennast ikkje godt. Samstundes klarar Jonsson å vise dette mørkret utan at det vert klamt eller kjennast unødig utleverande. Det framstår som ei sann skildring av eit farleg mørkre. Jonsson flykta frå dette gjennom alkohol- og pillemisbruk og til slutt i døden. Kan hende finn andre ein veg ut av mørkret gjennom dei ærlege dikta hans? Det ligg kanskje ei von om dette i dikt VII i Ei dagbok for mitt hjarte?

Kom ikkje inn i mitt hus,
du som er glad i gleda.
Hit kan eg aldri beda
den som eg elskar.
Einsleg møter eg sorg i bitter rus.
 
Kom ikkje nær mi dør,
du som er glad i livet.
Her møter du berre døden.
I einsemd skal skuggane sive
der eg trør.

Aldri eg orkar beda
inn den eg elskar, og gjera
sorg av den gode gleda,
sorg må eg bera.
 
Kom ikkje nær mi dør.
Eg vil ikkje gje deg mitt beiske brød-
enda eg veit at ein stad på vegen
møter du same sorg og død.

For meg, som er prest, er dikta hans om religion særskild spanande og utfordrande. For Tor Jonsson var synet på Gud mest like mørkt som synet på livet. Han stod i sterk opposisjon til kyrkja og presteskapet, samstundes som han, særleg mot slutten av livet, var på leit etter Gud. Resultatet er kraftige dikt som stiller djupe spørsmål ein vert utfordra av, både som enkeltperson og kyrkje. No i juletider høver det godt å sitere «Andakt i einsemda», eit dikt som aldri kom med i noko diktsamling medan han levde.

Kvifor, Gud, har du gått i frå meg?
I kyrkja kan ingen nå deg. 
Der Gud er i ordom, er einsemda nær.
Du er ikkje der dine prestar er. 
Kvar kyrkjedør er så tung og trong.
Du er berre der du vart fødd ein gong.

Alle prestar trur du er nær.
Eg har ikkje Gud og spør kvar du er. 
Eg spør i mitt kveldsskrik: Kvi gjekk du bort,
så døden vart blomar og bar i ein port? 
Sume vil ha ein gud av tre,
andre ein gud til å prata med. 
Sume vil ha ein gud av ord,
andre ein gud til si odelsjord. 
Sume seier du er i alt,
i stjerner og dyr og dove salt.

Eg veit ikkje meir enn at gode menn
har sagt du var sedd i denne grend.
Også i dikt som «Ufødd gud», «Dagboksblad», «Kvadagssalme», «Vår eiga røynd», «Religion», «Far etter Gud», «Fattig ynskje», «Vår draum om Gud» og andre, er det religionen som er tematikk. Jonsson kan ikkje seiast å stå innanfor klassisk kristendom, men stiller gode spørsmål det er nyttig å freiste å finne svar på. Grunnleggjande spørsmål om kvar mennesket står i verda. Står vi åleine, eller står vi under noko større? Jonsson vil nok provosere dei fleste med det han hevdar. Han er for gudstruande for dei gudlause og for gudlaus for dei gudstruande. På den måten fell dikta på ein måte utanfor dei oppgådde stiane, mykje slik Jonsson sjølv følte han fall utanfor i livet sitt.

Det er mange inngangsportar til Tor Jonsson sin poesi. For min del fekk eg auga opp for han gjennom den polske kunstnaren og musikaren Andrej Nebb (kjent frå bandet De Press). På den uvanleg gode plata Kvite fuglar frå 2000 har han tonesett mange av dei sterkaste dikta til Jonsson. Nebb sitt tonespråk kler tekstane på ein framifrå måte, og eg vil anbefale plata som ein annleis introduksjon til Tor Jonsson. Dikt i samling som inneheld alle diksamlingane hans, i tillegg til dikt som ikkje kom med i desse samlingane, kom i nytt trykk i 2010. Denne boka er vel verdt prisen. I tillegg vil eg anbefale Ingar Sletten Kolloen sin biografi Berre kjærleik og død frå 1999. Denne gjev ei levande skildring av den kompliserte personen som var Tor Jonsson.

søndag 29. september 2013

Mikkelsmess med Bileam

I dag er det mikkelsmess, altså ein dag der vi feirar englane. Vi møter på englar ein del plassar i Bibelen, og fordi dette var eit så stilig bilete, og fordi der er ei artig historie der ein engel spelar ei sentral rolle, kostar vi på oss historia om Bileam og eselet frå 4. Mosebok i dag.
Bileam,eselet og engelen mala av James Tissot.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
På den tid var Balak, son til Sippor, konge i Moab. Han sende bodberarar til Bileam, son til Beor, i Petor, som ligg ved elva i det landet der folket hans budde. Dei skulle be han koma, og seia: «Sjå, eit folk har drege ut frå Egypt. Dei dekkjer landet så langt auga rekk, og dei har slege seg ned beint framfor meg. No må du koma og forbanna dette folket! Dei er for talrike for meg. Kanskje eg då kan slå dei og driva dei ut av landet. For eg veit at den du velsignar, er velsigna, og den du forbannar, er forbanna.» Dei eldste i Moab og dei eldste i Midjan tok av stad, og dei hadde spåmannsløn med seg. Då dei kom til Bileam, bar dei fram bodet frå Balak. Han sa til dei: «Ver her i natt, så skal eg seia dykk det Herren har sagt til meg.» Så gav Moab-hovdingane seg til hos Bileam. Gud kom til Bileam og sa: «Kven er desse mennene du har hos deg?» Bileam svara Gud: «Balak, son til Sippor, kongen i Moab, har sendt bod til meg: Sjå dette folket som har kome frå Egypt. Dei dekkjer landet så langt auga rekk. Du må koma og forbanna dei for meg! Kanskje eg då kan strida mot dei og driva dei ut.» Gud sa til Bileam: «Gå ikkje med dei! Du skal ikkje forbanna folket, for det er velsigna.» Då Bileam stod opp om morgonen, sa han til hovdingane som Balak hadde sendt: «Gå tilbake til landet dykkar! Herren gjev meg ikkje lov til å følgja med dykk.» Moab-hovdingane tok av stad. Dei kom til Balak og sa: «Bileam ville ikkje vera med oss.» Då sende Balak andre hovdingar, fleire og av høgare byrd enn dei første. Dei kom til Bileam og sa: «Så seier Balak, son til Sippor: Eg bed deg, lat ikkje noko hindra deg i å koma til meg! For eg skal visa deg stor ære, og alt det du bed om, skal eg gjera. Kom no og forbann dette folket for meg!» Bileam svara tenarane til Balak: «Om Balak gav meg alt sølv og gull han har i huset, kunne eg ikkje gå imot det Herren min Gud seier, korkje i smått eller stort. No bed eg om at de òg må vera her i natt, så får eg vita kva meir det er Herren vil seia meg.» Om natta kom Gud til Bileam og sa til han: «Er desse mennene komne for å henta deg, så stå opp og gå med dei! Men gjer ikkje anna enn det eg seier deg.» Om morgonen stod Bileam opp, sala eselhoppa si og drog av stad saman med Moab-hovdingane. Då flamma Guds vreide opp fordi han drog, og Herrens engel stilte seg framfor han på vegen som ein motstandar. Sjølv kom han ridande på eselet sitt i lag med dei to tenarane sine. Då fekk eselet auga på Herrens engel som stod der på vegen med drege sverd i handa. Eselet tok av frå vegen og gjekk ut på marka. Men Bileam slo eselet for å få det inn att på vegen. Sidan stilte Herrens engel seg på ein smal veg mellom vinmarkene. Det var steingard på begge sider. Då eselet såg Herrens engel, pressa det seg inn til muren og klemde foten til Bileam mot steinane. Då slo han det ein gong til. Endå ein gong gjekk Herrens engel framom og stilte seg på ein trong stad, der det ikkje var plass til å vika unna, korkje til høgre eller venstre. Då eselet fekk auga på Herrens engel, la det seg ned under Bileam. Raseriet flamma opp i Bileam, og han slo eselet med staven sin. Då gav Herren eselet munn og mæle, og det sa til Bileam: «Kva har eg gjort deg? No er det tredje gongen du slår meg.» Bileam svara eselet: «Du har halde meg for narr. Hadde eg berre eit sverd i handa, skulle eg drepa deg no!» Men eselet sa til Bileam: «Er ikkje eg eselet ditt, som du alltid har ride på, heilt til denne dag? Har eg nokon gong hatt for vane å gjera slikt mot deg?» «Nei», svara han. Då opna Herren auga til Bileam, og han såg Herrens engel som stod på vegen med drege sverd i handa. Straks bøygde han seg og kasta seg ned med andletet mot jorda. Herrens engel sa til han: «Kvifor har du no tre gonger slege eselet ditt? Sjå, eg har gått ut for å stå deg imot. For eg ser at dette er ei farleg ferd. Eselet såg meg og tok av vegen for meg alle tre gongene. Hadde det ikkje det gjort, ville eg no ha drepe deg, men late eselet leva.» Då sa Bileam til Herrens engel: «Eg har synda! Eg skjøna ikkje at du stod framfor meg på vegen. Om dette er urett i dine auge, skal eg venda heim att.» Herrens engel sa til Bileam: «Følg med desse mennene! Men du må ikkje seia noko anna enn det eg byd deg.» Så følgde Bileam med hovdingane åt Balak. 4. Mos 4, 4-35 

torsdag 16. mai 2013

Den grøne patriarken om miljøvern og religionsdialog


Eg kjøpte meg for ei stund sidan Møte med mysteriet, den siste boka til Bartholomeos av Konstantinopel, den økumeniske patriarken, eller den grøne patriarken som han også blir kalla. Eg rekna med at boka skulle gje gode innspel til kvifor kyrkja skal engasjere seg i miljøvern, slik Den norske kyrkje gjer. Den grøne patriarken skuffa ikkje, men kunne varte opp med sanningsord som dette:
En bekymring for økologiske spørsmål er altså direkte knyttet til en bekymring for spørsmål om sosial rettferd, spesielt spørsmålet om sult. En kirke som ikke ber for miljøet, er en kirke som nekter å tilby mat og drikke til lidende mennesker. Samtidig er et samfunn som ignorerer befalingen om å vise omsorg for alle mennesker, et samfunn som mishandler selve Guds skaperverk, inkludert miljøet. Det er ensbetydende med blasfemi.[1]
At patriarken meiner at kyrkja skal be for miljøet er jo ikkje oppsiktsvekkande, men kva ville han ha sagt om at kyrkja meiner at Statoli må trekke seg ut av oljesandsvineriet, slik Ola Borten Moe hissa seg opp for, for ei stund sidan? Han ville nok ha støtta oss.
Videre ligger prøven på vår etiske bevisthet ikke i hvorvidt vi som tilhengere av en eller annen religion husker de fattige i våre bønner, men i hvorvidt vi annerkjenner vårt ansvar for andres fattigdom og handler på det. Vi må alle spørre oss selv om vi er en del av et system som blomstrer på bekostning av andre land - for det gjelder svært mange av oss. Vi må vurdere om vi på noe vis er medskyldig i bank- eller investeringsforretninger som manipulerer profitt og ressurser på urettferdige eller umoralske måter - for det gjelder svært mange av oss. Vi må oppriktig undersøke om vi er en del av et system der tøylesløs eller dårlig regulert utvikling blir fremmet av nasjonens ledere eller grådige kreditorer - for det gjelder svært mange av oss. Til slutt, i lys av alt dette, må vi begynne å ta stilling til alvorlige spørsmål om personlig ansvar og påta oss vår del av skylden eller ta et etisk ansvar for våre valg.[2]
Religiøse institusjoner og andre uavhengige grupper [har] en viktig forpliktelse til å ta bladet fra munnen i tilfeller der de ser at uinnskrenket globalisering får negative konsekvenser.[3]
Hans Hellighet Bartholomeus I
Økumenisk patriark av Konstantinopel.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
At den grøne patriarken kunne kome med ord som støttar kyrkja sitt miljøengasjement, var ikkje overraskande, men eg vart overraska av boka. Den handla i mykje mindre grad om miljøvern enn det eg hadde trudd. I staden fann eg mange spanande tankar om korleis ulike religionar skal sjå på kvarandre, korleis vi kan leve side ved side og om religionsidalog.

I vårt multireligiøse samfunn, der til dels sterke krefter jobbar for å hindre andre religionar å gje uttrykk for deira tru i det offentlege rom gjennom klesdrakt, religiøse bygg og likande, kan desse orda frå patriarken vere passande:
Selv om jeg ikke trakter etter religiøs pluralisme som en verdi i seg selv eller som et religiøst prinsipp, erkjenner jeg at religiøs frihet og pluralisme har en uendelig stor moralsk og samfunnsmessig verdi i forholdt til å stadfeste den ufattelige bredden, storheten og mysteriet ved Guds frihet, så vel som Guds respekt for menneskers frihet. en slik respekt er det høyeste uttrykk for den samme verdien i mennesker og i deres forhold til andre mennesker. Vi kan ikke gripe inn i menneskers religiøse frihet uten å krenke Guds frihet.[4]
Patriarken ser altså ein uendeleg stor samfunnsmessig verdi i den religiøse pluralismen vi har rundt oss. For at vi skal leve saman på ein fredleg måte, treng vi dialog mellom dei truande.
Dialog er begynnelsen på en lang og tolmodig samtaleprosess, ikke en fundamentalistisk jakt på omvendelse eller en eller annen lovmessig kontraktbasert idéutveksling. Det er en måte å lære å lytte på for å virkelig høre - slik at muslimer kan føle seg velkomme og trygge i kristne land, og kristne kan føle seg velkommen og trygge i muslimske land, slik at både jøder og palestinere kan føle seg velkommen og trygge i Midtøsten, og slik at alle minoriteter alle steder kan nyte de samme rettighetene og privilegiene som sine naboer.[5]
Patriarken har høge tankar om religionsdialog. Verkeleg høge tankar.
Er ikke et slikt arbeid hellig? Kan det oppriktig talt anses som noe mindre enn mystisk og sakramentalt? Kan det finnes noe mer dyrebart i Guds øyne enn denne kampen for å kommunisere og relatere? Finnes det noe mer verdifullt med tanke på menneskehetenst fremtid?[6]
Det er synd at denne boka sikkert ikkje blir lest av andre enn særleg interesserte, folk som har ei særleg interesse for kyrkje og miljøvern, helst i kombinasjon, for dette er verkeleg ei bok som mange burde lese og ta til seg innhaldet i. Bartholomeos er ein stor, kristen tenkar, og tankane hans utfordrar til handling som vil merkast langt utanfor kyrkja. Skal ein pirke på noko i boka, kan det nok seiast at det kan sjå ut som om han har ein tendens til å rosemale den ortodokse historia i litt for stor grad, sjølv om han rett nok òg peikar på problematiske sider ved den ortodokse historia og at det kan sjå ut som om han gløymer våre polyteistiske vener når han snakkar om religionsdialog. Dette er glippar vi kan leve med i ei bok som har så mykje viktig å kome med som denne boka har. Ikkje berre når det handlar om miljøvern eller religionsdialog, men også om fredsarbeid, liturgi og grunnleggande teologi om Gud. Oppmodinga mi er altså klar: Les denne boka!

Fotnoter
[1] Side 118
[2] Side 165
[3] Side 178
[4] Side 151
[5] Side 223
[6] Side 224

søndag 24. mars 2013

En fortærende ild

Eg har blitt bedt om å skrive nokre ord om diktsamlinga En fortærende ild som Tore Vaag gav ut i fjor.
Det gjer eg gjerne, men med det forbehold at eg er ein glad amatør når det kjem til lyrikk. Eg les gjerne dikt, men er nok ikkje i stand til å skilje på meir enn kva eg likar og kva eg ikkje likar.

Den observante lesar vil hugse Tore Vaag som nynorskmannen som gjekk over til bokmål i august i fjor i protest mot dei nye rettskrivingsnormane. Eg er ikkje sikker på om diktsamlinga kom ut før eller etter målskiftet, men ho er i alle fall på bokmål, eit val eg helst skulle sett Vaag ha gjort annleis, då det eg har lese av han på nynorsk - med i-mål - er flotte greier. (Sjå til dømes på bloggen hans)

Det vil ikkje seie at dette er ei dårleg samling, for det er det ikkje. Delar av samlinga er verkeleg god. Eg har berre ei snikande mistanke om at det hadde blitt endå betre på nynorsk...

Som det alltid er med slike samlingar, er det noko eg ikkje likar. Som det alltid er med slike samlingar er dette dei dikta som anten skildrar naturen eller brukar mange naturskildringar. («Då Gud holdt fest i Fjaler»? Det er jo heilt utan progresjon!) Det er nokre slike dikt her. «Den gule vinden», «Fjellet taler til skogen» og «Bladene i skogen», for å nemne tre. Det er helst i byrjinga på samlinga eg finn desse. Når eg kjem lenger uti boka, kjem det spor av gull.

Eg mistenker Vaag for å ha lese sin Tor Jonsson, for tidvis er dette som ein modernistisk Jonsson på bokmål. «Dobbel utvelgelse» er eit slags ekko av «Andakt i ensemda», og mange av dikta har den mørke, leitande religiøsiteten ein også finn i Jonsson sin poesi. Rett nok er det ikkje like mørkt, men den  pirrande, søkande nerva er tilstades i fleire av dikta.

Dikta tar meg inn i eit landskap som minnar om det eg hamnar i når eg les Neal Gaiman, utan at det er nokon vidare likskap mellom dei to forfattarane. Eit dunkelt landskap der mytologiske referansar stikk fram som små peikarar som drar tankane vidare frå orda som står. Eit landskap der skiljet mellom drøymar og røynd ikkje er så klart eller så viktig. Og det er eit landskap eg likar meg i.

Eg har lyst til å trekke fram eit dikt frå samlinga til slutt. Diktet er kanskje ikkje så karakteristisk for heilskapen, for det er av dei eg trur det vil vere mogeleg å einast om ei eins tolkning av diktet. Det er ikkje så mange av dei i boka. Diktet «Den landflyktige gud» står for meg som ein velretta påpeking av vår mest utbreidde guddom: Kroppen.

Anegalleriet roper ikke lenger
til en ukjent gud. 
Men i de sene timer hviskes det
fra dødsangstens opplyste tempel
til pustens gud,
blodårenes gud. 
Av dødens jord
stiger dulgt lovsang opp. 
I midnattskystene
fra bannlyste øyer av tro
bringer vinden frem de glemte sukk
som ingen lenger kommer i hu.

søndag 10. mars 2013

Ei sjeldant godt gjennomført gudsteneste

Giovanni heidrar Jesusbarnet.
Nokre gudstenester er så flotte og godt utførte at dei ikkje bør gå i gløymeboka i det ein går ut av kyrkja. I dag var eg på ei slik gudsteneste i Nykirken, eller Barnas katedral.

Gudstenesta i dag var på mange måtar ei vanleg gudsteneste, men preika var i hovudsak erstatta av eit utdrag av ei dramatisering av det eg tidlegare har hevda er den fremste kristne, barneboka, nemleg Guds gjøgler.

Dramatiseringa var strålande god! Stykket vart framført av Teater Okolo med ein hovudskodespelar som fekk hjelp av ein kombinert musikar, lydeffekt-makar og statist. Skodespelaren mala forteljinga på ein framifrå måte, naturleg nok med sjonglering og anna som høyrer med i ei forteljing om ein gjøglar. Presten hadde tatt eit val andre prestar bør lære av. Ho byrja med å snakke litt ut frå korleis Paulus samanliknar kyrkja med kroppen i 1. Kor 12, ein tekst som passar som hand i hanske saman med Guds gjøgler. Etter dramaet vart det ikkje sagt noko. Kunsten fekk stå for seg sjølv, med sin bodskap! Dette er for det første heilt i tråd med bodskapen i Guds gjøgler, og for det andre herleg befriande samanlikna med alle dei prestane (og andre) som snakkar i hel alle kunstnariske innslag i frykt for at folk ikkje får med seg bodskapen. Her fekk kunsten stå ukommentert, og det i ei barnegudsteneste. Nydeleg!

Liturgien var plankekøyring på ein relativt enkel standardliturgi. Den var såvidt eg hugsar strippa for utanomsnakk, slik eg og mange med meg har som uvane å vatne ut liturgien med. Det var god bruk av unge medliturgar, noko som bør vere sjølvsagt i ei slik gudsteneste. Eg møter ofte argument om at barn ikkje likar liturgi, ikkje klarar å henge med, at det vert for stivt for dei osb, og det var derfor både interessant og svært gledeleg å sjå kor godt det fungerte med ei gudsteneste som i så stor grad var «rett frå liturgien». Barna var med! Dei sat på matter eller benkar og både fulgte med og deltok aktivt i liturgien.

Dette fører oss vidare til det neste elementet som gjorde dette til ei flott gudsteneste, nemleg kyrkjerommet. Nykirken har blitt gjort til ei barnekyrkje, noko ein kan sjå på kyrkjerommet. Med matter barna kan ligge på, gode benkar og kort avstand til altar, prest, musikarar og drama. Å ha eit gudstenesterom som er tilrettelagt slik Nykirken er, er ikkje noko ein kvar kyrkjelyd kan satse på, men eg trur vi andre godt kan hente inspirasjon frå det som er gjort der. Så veldig radikalt er det ikkje, men det fungerte svært godt.

Til slutt må også musikken nemnast. Eit knippe særs gode musikarar spelte til salmane. Musikken var slik eg hugsar det ein fiks kombinasjon av jazz og spansk gitar, noko som kledde både songane frå Barnesalmeboka og gudstenesta som heilskap.

Alt i alt var dette ei sjeldant godt gjennomført gudsteneste. Nykirken er kanskje barna sin katedral til dagleg, men det var verkeleg ein flott plass å vere også for vaksne i dag.

tirsdag 20. november 2012

Er kristne først og fremst redde for døden?

Eg har nettopp lese Nostradamus' testamente, forøvrig ei bok alle bør lese, og i boka dukka det opp ein påstand ein ofte høyrer frå ateistar, nemleg desse orda som kjem frå den ateistiske nevrobiologen William Blackmore:
Troen ligger i oss. Hvorfor? fordi det finnes en gud som har plantet troen i oss? Eller fordi vi så enderlig ønsker at det skal finnes en gud, en mening, en sammenheng, en skaper, en igangsetter. Og først og fremst: en barmhjertig farsfigur som venter på oss etter døden, som trøster og lindrer, og som gjør døden til en overgang - ikke en avslutning.[1]
Dette er eit postulat ein møter ofte. At truande først og fremst trur fordi ein ynskjer eit alternativ til døden. Men stemmer dette? Er det det som er den vanlege «motivasjonen» til truande? Eg er ikkje så sikker.

Det er sjølvsagt vanskeleg, for ikkje å seie umogeleg, å skulle snakke på vegne av alle, men mitt inntrykk når eg snakkar med folk som har ei eller anna form for tru, og då særleg ei kristen tru, er at det er andre ting som er det som først og fremst er sentralt i trua deira i det daglege livet.

Eg vil dele dei kristne inn i tre grupper, og meiner her med «kristne» folk som er engasjerte i ulike formar for kyrkjelydsarbeid sidan eg meiner det ikkje gjev særleg meining å diskutere ei hypotetisk tru ein ikkje ser praktiske utslag av.

Den eine gruppa truande er det ein med eit samleord kan kalle for «karismatikarar». Dette er menneske som vil vere opptatte av «teikn og under», altså at konkrete hendingar skjer i livet deira. Dette kan vere at folk vert friske av bøn, at dei talar i tunger, profeterer eller mange andre former for guddommeleg inngripen i livet deira. Dei vil ha stort fokus på at Gud grip inn i verda her og no, at Gudsriket er mellom oss, at det er deira oppgåve å formidle Guds kjærleik til andre menneske og så bortetter. Alt noko som skjer her og no. På denne sida av døden.

Den andre gruppa vil eg med eit samleord kalle for «tilbedarar». Dette er dei som er opptatt av lovsong, liturgi, meditasjon kristen kunst og så bortetter. Desse folka meiner at ein er kalla til å lovprise Gud, og at det ein finn rundt seg i skaparverket, den grenselause kjærleiken Gud viste oss i Kristus eller kva ellers ein måtte vere begeistra for, forpliktar eller i det minste inspirerar til å lovprise Gud. Ein har eit fokus på her og no, og korleis menneska i livet skal lovprise den evige Gud.

Den tredje gruppa mi er «aktivistane». Desse finn ein i Korsvei, Kirkens Bymisjon, politikk, hjelpe- og miljøorganisasjonar og likande. Og sjølvsagt som misjonærar og forkynnarar. Desse folka meiner at bodskapen ein finn i Bibelen forpliktar dei truande på eit sett med normar som fører til handling her og no. Det kan vere å jobbe for ein mer rettvis fordeling av materielle goder. Det kan vere å arbeide for miljøet. Det kan vere å sjå til at sjuke får besøk eller at fattige barn får i seg mat. Det kan vere å koke kaffi og blande saft på bedehuset. Eller det kan vere noko heilt anna. Dei ser seg kalla til å jobbe for at verda skal verte ein betre plass her og no og for at evangeliet skal nå stadig fleire menneske.

Det er sjølvsagt overlapp mellom desse tre kategoriane, og alle er nok heller karikert i framstillinga, men  eg vil påstå at dei aller fleste praktiserande kristne kan ein plassere meir eller mindre inn i desse tre kategoriane. Felles for alle tre er at fokuset ligg på her og no. Det er her det skjer. Det er no som er den viktige tida. Livet er noko som skjer før døden, og kristentrua dreier seg i praksis om det som skjer i livet.

Døden, og med den vona om det evige livet, har sjølvsagt ein plass i kristentrua til alle desse tre gruppene, men det er ikkje det som er det sentrale i det daglege. Det sentrale i det daglege er opplevingane, tilbedinga og oppgåvene. Det sentrale er Gud i verda i dag. Det som skjer etter døden, det skjer etter døden. Ein har det med seg som ei hyggeleg framtidsvon, men eg vil påstå at for dei fleste er det ikkje det som er det sentrale i dagleglivet eller i truslivet.

Dette er ikkje nokon vitskapeleg analyse, men mitt høgst personlege inntrykk etter å ha levd i kristen-Norge i ein del år og høyrt både forkynning og personlege vitnemål om truslivet. Døden er sjelden eit tema. Ein snakkar om livet. Ein snakkar om her og no.

Kvifor lever den då så godt, denne påstanden om at truande er truande først og fremst fordi dei er redde for døden? Igjen kan eg berre vise til mine eigne tankar, men eg trur det heng saman med at mange først og fremst møter kristen tru i gravferder. Då er det naturleg nok ein del snakk om døden, og naturleg nok løfter ein fram den kristne vona i møte med døden: Vona om evig liv i Kristus. Gravferdsforkynning handlar i liten grad om her og no, og i stor grad om at døden er «en overgang - ikke en avslutning». Er det gravferder som er der ein møter kristendom, vil ein kunne få dette inntrykket, eller ein kan få stadfesta det ein har høyrd om at folk trur kun fordi dei er redde for døden. Og så er det jo greit å kunne seie at trua eigentleg er «ei krykke» for folk. Eller ei trøyst. Eller noko svake folk treng for å klare livet.

Sanninga er heller at for svært mange er trua ikkje ei trøyst eller ei krykke. Det er ei oppgåve. Trua er noko som forpliktar dei til eit liv der dei skal leve ut visse ideal, anten dette er sosialetiske, liturgiske eller andelege i tydinga at dei skal oppleve eller utløyse andelege manifestasjonar. For svært mange vil dette vere meir utfordrande enn trøystande, meir som ei hinderløype enn ei krykke. Men vi gjer det likevel, fordi vi meiner det er rett og fordi vi meiner det er det Gud vil med liva våre. Vi gjer det med glede eller av plikt, men vi ser det som ein del av det å vere truande, og for dei aller fleste som praktiserer kristen tru vil nok dette aspektet vere langt meir framtredande i dagleglivet enn vona om evig liv, sjølv om denne vona sjølvsagt er der. «Motivasjonen» for dei truande ligg ikkje i det som skjer etter døden, men i å tene Gud her og no rett og slett fordi ein har ei overbevisning om at den kristne trua er rett og meiner Gud fortener å bli tena og har kalla oss til teneste. Det som måtte skje etter døden vert meir for ein bonus å rekne. Samstundes trur eg at folk treng noko meir til å motivere seg en ei von om noko som skjer i framtida ein gong. Dei treng noko her og no for halde oppe eit levande trusliv.

Lat oss til slutt ta med den mest brukte bøna i kristendomen. «Herrens bøn» har vi frå Jesus sjølv. Den vert brukt i alle tenkelege kristne samanhengar, og nemner ikkje livet etter døden med eitt ord. Det er noko som er underforstått, noko som ligg bak men som ein ikkje fokuserer på fordi det som er viktig for det levande mennesket skjer her og no, slik eg meiner også dei truande sine liv først og fremst har fokus og motivasjon her og no, ikkje på at døden er «en overgang - ikke en avslutning»
Vår Far i himmelen!
Lat namnet ditt helgast.
Lat riket ditt koma.
Lat viljen din råda på jorda slik som i himmelen.
Gjev oss i dag vårt daglege brød, og tilgjev oss vår skuld, slik vi òg tilgjev våre skuldnarar.
Og lat oss ikkje koma i freisting, men frels oss frå det vonde.
For riket er ditt og makta og æra i all æve. Amen.
[1]  Tom Egeland, Nostradamus' testamente, Aschehoug, Oslo 2012. Side 572

onsdag 10. oktober 2012

Tyding av nokre ord

Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Eg er no den stolte eigar av «lummeutgåva» av Nynorsk salmebok. Eg har kjøpt meg «femte upplaget» som kom ut i 1930, medan boka først kom ut i 1925. Det er altså brukt ei relativt gamal rettskrivingsnorm i boka, og avsnittet med det forlokkande namnet «Tyding av nokre ord» kan vise seg nyttig. Uansett finn ein nokre praktdøme på vakre, om enn arkaiske og uforståelege ord. Vi sømar nokre av dei. (Søma = sømd, æra)

  • Borgon = borg, pant
  • Brisa = loga, lysa
  • dæld = dokk, dal
  • Fegja = venleik
  • Manne-funder = manne-påfund
  • Glosa = glo, glåma
  • Hedan = herifrå
  • Hædd = spotta
  • Kvæm = lett, greid
  • Magna seg = styrkja seg
  • Marm = brus
  • Rynja (run, runde) = drysja, strøyma
  • Skirsel = dåp
  • Skjelk = otte
  • Talma = plaga, pina
  • Vend = verknad, fynd
  • Vinda (vatt, vunde) = virda
I tillegg til desse flotte orda lærte eg at eit av dei mest brukte munnhella våre har ei anna tyding enn det eg har trudd. Eg har alltid trudd at «Morgonstund har gull i munn» viste til at morgonstunden har gull i munnen som ein heilsteikt gris har eit eple i munnen, men der tok eg feil.
Mund = hand (Morgonstund hev gull i mund)
Ein god del av desse ordforklaringane hadde vore uforståelege for meg, hadde det ikkje vore for at ordet vart forklara med to ord. Hadde «rynja» kun blitt forklara med «drysja» eller «dæld» kun med «dokk» hadde eg vore like langt, og det er jo og mogeleg at eg tar feil når eg trur eg veit kva «strøyma» og «dal» tyder... Det er og tre ord som er forklara på ein slik måte at eg er like uvitande etter å ha lese forklaringa. Den eine på grunn av at ordet ikkje er forklara, berre stokka om, medan den andre kan skuldast min manglande grunnkunnskap om meteorologi. Det tredje ordet ville eg ha trudd kunne bety «neie», og kanskje kan det det, utan at eg forstår omsetjinga? Eg vil heller kanskje tru det er noko ein seier, sidan det er snakk om «sneidord». Om nokon kan forklare desse orda for meg, er kommentarfeltet ope. (Eg har til dømes ei von om at mannen bak den fine bloggen Kokeluren kan kjenne nokre av desse orda) 

  • Forvêr = våde-vêr
  • Dragsud = sudrag
  • neisa = brigsla, gjeva sneidord
Og medan vi gamar oss (gama seg = hava gaman, moro) med desse orda frå ei anna tid, kan vi prise oss lukkelege for at ein av og til gjennomfører nokre språklege revisjonar. Vi må hugse at språket vårt kun er manne-funder (manne-funder = manne-påfund), og ikkje ei gudegjeven sanning. Skal nynorsken brisa (brisa = loga, lysa) også i åra framover er slikt naudsynt, sjølv om det kan vere ei stinn (stinn = stiv, hard) oppleving for konservative språkbrukarar som vert særd (særd =såra) når vi med skjelk (skjelk = otte) ser at våre favorittelement av språket vert luka ut. Kanskje såre sjeler kan magna seg (magna seg = styrkja seg) av desse døma på korleis det kunne ha vore i staden for å talma (talma = plaga, pina) oss som vil ha konstruktive endringar i språket for at språket skal leve vidare? Krangling mellom oss få som brukar nynorsk har lett som vend (vend = verknad, fynd) at brukarar av Knud Knudsen sitt skriftspråk får noko å bruke til hædd (hædd = spotta). Vi må hugse at det som har mest gjæva (gjæva = gjævleik, verd) ikkje er våre kjensler, men den vakre, høgverdige, kulturberande nynorsken!

Og til slutt: Om eg har brukt nokre av desse gamle orda på feil måte bed eg om orsaking. Det er rett og slett fordi eg aldri har sett dei før.

søndag 7. oktober 2012

Ruinkyrkja

Sidan det er søndag høver det med nokre korte tankar om kyrkja. Sitatet er henta frå boka Bli det du ber, ei bok som absolutt ikkje er så spekulativ som det kan virke av tittelen. Boka er skrive av Shane Claiborne og Jonathan Wilson-Hartgrove, begge sentrale innan den såkalla New monasticism-rørsla.
...deler av kirka vil alltid være døden nær. Men det som virkelig gir oss et kick, er at vi kjenner en Gud som leter i ruinene, alltid på jakt etter noe å puste nytt liv i. Verden vil ikke tro på sannheten i evangeliet hvis vi kjemper livet av oss for å holde skuta flytende. Den kommer til å tro når vi praktiserer oppstandelse akkurat der vi er, fordi vi kjenner gleden som spirer fram fra et nytt liv.[1]
«Granateplet kan også si noe om forbindelsen mellom Kristus
og kirken. Med sine mange frø symboliserer det Kristus som gir
«rik frukt» ved sin død og oppstandelse.» [2]
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.

[1] Sitatet er henta frå Bli det du ber av Shane Claiborne og Jonathan Wilson-Hartgrove, Lunde forlag 2009. Side 118
[2] Ragnar Skottene, Kristne symboler, Verbum, 2002. Side 81

onsdag 3. oktober 2012

Jag kan icke räkna dem alla

Lina Sandell
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
I dag er det 180 år sidan Lina Sandell vart fødd i Småland. Frå henne har vi i dag nokre av dei mest brukte salmane i våre skandinaviske kyrkjer, men også i andre delar av verda. Eg har sjølv vore med på å synge Sandell-songar i Hong Kong. Også der var songane hennar mykje brukt og elska.

Sandell sine songar, i alle fall dei mest kjente, er prega av trøyst og von. I songar som Blott en dag, Tryggare kan ingen vara, Är det sant att Jesus är min broder og Bred dina vida vingar møter vi ein kjærleg Gud med stor omsorg for sine barn og vi får vere med i bøn og lovsong for Jesus som opna himmelriket for oss. Songane er fylte med himmel-lengsle og glede over både død og liv. Det er nære og sterke songar, og om ein kjenner Sandell sin personlege historie kan songane stå i eit endå sterkare lys. Ho var svært nær far sin, og då ho var 26 år gamal vart ho vitne til at han drukna då han fall i vatnet i det han skulle gå ut av ein båt for å møte henne. To år seinare døydde mor hennar. Ho gifta seg i 1867 og fekk eitt born som døydde under fødselen. I 1892 gjekk mannen konkurs, og same år fekk ho tyfoidfeber, noko som svekka helsa hennar for resten av livet, ei helse som allereie skal ha vore skral. Songane hennar skal ha vore ein sorgterapi for tapa ho opplevde, noko ein til dømes kan sjå i den sterke Det blir något i himlen frå 1869, ein song om barn som døyr.

Mannen hennar var politikar og hadde eit forlag der ho jobba som redaktør i tillegg til at ho skrev over 1700 dikt, kanskje så mange som 2000. Det er nokre av desse dikta vi framleis syng i kyrkjer, bedehus og heimar. Sandell skreiv også ei rekkje bøker, særleg retta mot søndagsskulen og barnearbeid.

Vi avsluttar med Jag kan icke räkna dem alla, ein song som fyrste gong vart publisert i 1880 og som kanskje ikkje er det ein ventar frå nokon som har kronisk dårleg helse og har mista sitt einaste born i fødselen..
1.
Jag kan icke räkna dem alla,
de prov på Guds godhet jag rönt.
Likt morgonens droppar de falla
och glimma likt dessa så skönt.
Jag kan icke räkna dem alla,
de prov på Guds godhet jag rönt.

2.
Likt stjärnornas tallösa skara
de hava ej namn eller tal,
men stråla likt dessa så klara,
jämväl i den mörkaste dal.
Likt stjärnornas tallösa skara
de hava ej namn eller tal.

3.
Jag kan icke räkna dem alla,
men ack, må jag tacka dess mer!
Guds kärleks bevis må jag kalla
de under av nåd han beter.
Jag kan icke räkna dem alla,
men ack, må jag tacka dess mer!
(Teksten er henta frå den svenske Wiksource)