onsdag 10. oktober 2012

Tyding av nokre ord

Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Eg er no den stolte eigar av «lummeutgåva» av Nynorsk salmebok. Eg har kjøpt meg «femte upplaget» som kom ut i 1930, medan boka først kom ut i 1925. Det er altså brukt ei relativt gamal rettskrivingsnorm i boka, og avsnittet med det forlokkande namnet «Tyding av nokre ord» kan vise seg nyttig. Uansett finn ein nokre praktdøme på vakre, om enn arkaiske og uforståelege ord. Vi sømar nokre av dei. (Søma = sømd, æra)

  • Borgon = borg, pant
  • Brisa = loga, lysa
  • dæld = dokk, dal
  • Fegja = venleik
  • Manne-funder = manne-påfund
  • Glosa = glo, glåma
  • Hedan = herifrå
  • Hædd = spotta
  • Kvæm = lett, greid
  • Magna seg = styrkja seg
  • Marm = brus
  • Rynja (run, runde) = drysja, strøyma
  • Skirsel = dåp
  • Skjelk = otte
  • Talma = plaga, pina
  • Vend = verknad, fynd
  • Vinda (vatt, vunde) = virda
I tillegg til desse flotte orda lærte eg at eit av dei mest brukte munnhella våre har ei anna tyding enn det eg har trudd. Eg har alltid trudd at «Morgonstund har gull i munn» viste til at morgonstunden har gull i munnen som ein heilsteikt gris har eit eple i munnen, men der tok eg feil.
Mund = hand (Morgonstund hev gull i mund)
Ein god del av desse ordforklaringane hadde vore uforståelege for meg, hadde det ikkje vore for at ordet vart forklara med to ord. Hadde «rynja» kun blitt forklara med «drysja» eller «dæld» kun med «dokk» hadde eg vore like langt, og det er jo og mogeleg at eg tar feil når eg trur eg veit kva «strøyma» og «dal» tyder... Det er og tre ord som er forklara på ein slik måte at eg er like uvitande etter å ha lese forklaringa. Den eine på grunn av at ordet ikkje er forklara, berre stokka om, medan den andre kan skuldast min manglande grunnkunnskap om meteorologi. Det tredje ordet ville eg ha trudd kunne bety «neie», og kanskje kan det det, utan at eg forstår omsetjinga? Eg vil heller kanskje tru det er noko ein seier, sidan det er snakk om «sneidord». Om nokon kan forklare desse orda for meg, er kommentarfeltet ope. (Eg har til dømes ei von om at mannen bak den fine bloggen Kokeluren kan kjenne nokre av desse orda) 

  • Forvêr = våde-vêr
  • Dragsud = sudrag
  • neisa = brigsla, gjeva sneidord
Og medan vi gamar oss (gama seg = hava gaman, moro) med desse orda frå ei anna tid, kan vi prise oss lukkelege for at ein av og til gjennomfører nokre språklege revisjonar. Vi må hugse at språket vårt kun er manne-funder (manne-funder = manne-påfund), og ikkje ei gudegjeven sanning. Skal nynorsken brisa (brisa = loga, lysa) også i åra framover er slikt naudsynt, sjølv om det kan vere ei stinn (stinn = stiv, hard) oppleving for konservative språkbrukarar som vert særd (særd =såra) når vi med skjelk (skjelk = otte) ser at våre favorittelement av språket vert luka ut. Kanskje såre sjeler kan magna seg (magna seg = styrkja seg) av desse døma på korleis det kunne ha vore i staden for å talma (talma = plaga, pina) oss som vil ha konstruktive endringar i språket for at språket skal leve vidare? Krangling mellom oss få som brukar nynorsk har lett som vend (vend = verknad, fynd) at brukarar av Knud Knudsen sitt skriftspråk får noko å bruke til hædd (hædd = spotta). Vi må hugse at det som har mest gjæva (gjæva = gjævleik, verd) ikkje er våre kjensler, men den vakre, høgverdige, kulturberande nynorsken!

Og til slutt: Om eg har brukt nokre av desse gamle orda på feil måte bed eg om orsaking. Det er rett og slett fordi eg aldri har sett dei før.

1 kommentar:

Arve Kjell Uthaug sa...

Hei, og takk for gode ord til Kokeluren.

Fantastisk bok du har funne. Og eg trur nesten ordtydings-delen er like stor kulturskatt som sjølve salmane. Ikkje at då mange av desse orda var daglegtale der eg voks opp i Åsane, men for en utruleg rikdom i dette språket!

Så til orda. Eg prøver meg, sjølv om det sjølvsagt finst større ekspertar. Og eg har funne god hjelp og støtte i Nynorskordboka.

"Neisla" og "brigsla" har eg aldri høyrt, men derimot "sneidord". Å gje sneidord er å terga eller koma med spitord. Når eg sjekkar i Nynorskordboka, ser eg at ordet "neisa" står forklart som å "terge med fantord, gjere narr av, spotte, erte". Og "brigsla" er å klandra eller lasta nokon, ifølgje Nynorskordboka. Utruleg kva dei har fått med i denne boka.

"Dragsud" og "sudrag" er rett og slett dragsug.

Ordet "forvêr" har òg snike seg med Nynorskordboka. Det tyder hardt uvêr, stormvêr. Varianten "våde-vêr" kjem vel av at veret er så hard at folk og fe kjem i våde (fare)?

Elles er eg samd i at det er bra dei har kome med to forklaringsord til ein del av orda, det hjelper ein heil del... Det at orda i det heile er komne med i ei slik forklarings-liste, tyder vel på at dei var ein smule gamalvorne og lite kjende allereie då boka kom ut.

Elles er det artig å sjå at nokre av desse skattane faktisk får nytt liv, på sett og vis. Du nemner "brisa" som tyder "loga, lysa". Substantivet brising kjem frå det norrøne "brisingr" og tyder "logande eld, bål". Ei av bøkene i den amerikanske fantasy-salssuksessen om Eragon heiter nettopp Brisingr, og dette ordet er eit viktig magisk ord i boka. Serien om Eragon er langt frå min favoritt, men det er jo kjekt at forfattaren fiskar fram gamle norrøne ord.

Legg inn en kommentar