onsdag 17. oktober 2012

Lat oss snakke om hettegenserar.

Ein typisk hettegenserbrukar: Unabombaren.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Kvifor vel nokon å kjøpe seg ein hettegenser i staden for ein genser utan hette? Spørsmålet melder seg med tyngde med ein gong ein får på seg ein slik genser. For ein har brått eit haleheng som ikkje høyrer heime på eit plagg for menneske. Det er rett og slett i vegen. Lener ein seg mot noko, kjem hetta i vegen. Den drar kroppen bakover, og kven veit kor mange personar legevakter landet over må behandle på grunn av at folk har slått bakhovudet i noko når hettegenseren har tatt overhand. Rett nok kan ein frå tid til anna bruke hetta som ein transportabel pute, men det skjer ikkje ofte. Og den fordelen ein ein sjeldan gong kan ha av dette, vert nulla ut, og meir til, i det ein forsøker å ta på seg ei jakke oppå denne genseren. Då fremstår ein plutseleg som pukkelrygg for all verda. Ein får ein klump mellom skuldrane som sjølvsagt ser latterleg ut. Dette kunne ein ha levd godt med om ein kunne ha forklara klumpen med auka velvere eller noko slikt, men det er absolutt ikkje tilfellet. For alle som har prøvd dette, vil vite at det å ta på seg ei jakke oppå hettegenseren, ikkje fører med seg nyting. Det er i beste fall ubehageleg, i verste fall fremkallar det reelle eller imaginære kvelningsfornemingar då jakka vil stramme rundt halsen i det ein lukkar henne. Hetta er altså eit fysisk hinder for velvere. Ein vil kanskje forsøke seg på å ha hetta utanpå jakka. I sjeldne tilfelle kan dette vere relativt visuelt lukkeleg, om ein ser bort frå at vedkomande vil ha ein hale hengande mellom skulderblada, men svært ofte vil det sjå ut som om nokon har freista å trykke eit stoffstykke ned i nakken på stakkaren som går med hettegensaren. Å ta hetta utanpå jakka er derfor heller ikkje eit godt alternativ.

Så gale kan det gå når ein hindrar sidesynet.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Men ein kan jo ta hetta på hovudet, seier kanskje du. Ja, det kan ein sjølvsagt. Problemet er at i det ein tar hetta på hovudet ser ein ut som ein ungdomskriminell som allereie har reservert plass for jamnlege vitjingar i det lokale fengselet. Eg vil påstå at om B-gjengen hadde blitt teikna for første gong i 2012 hadde dei ikkje hatt masker rundt augo, men hettegenser med hetta på hovudet. I tillegg medfører bruk av hetta som hovudplagg ei rekkje praktiske ulemper. Genseren vert dratt oppover ryggen, og ein blottar nedre del av ryggen. For dei som praktiserer den uheldige kombinasjonen av hettegenser med hette på hovudet og lågtsittjande bukser vil dette medføre at ein får innsyn i undertøyutvalet vedkomande har i kommoden sin. Enkelte har misforstått denne defekten i kleda sine som mote, og praktiserer dette medvite, noko som sjølvsagt ikkje kan sjåast på som noko anna enn ein stor feil. Ei anna ulempe er at synsradiusen vert minska. Ein får ikkje utnytta sidesynet sitt, og risikerer å vandre inn i blomsterbed, søppelspann eller parkerte bilar. Om ein er offer for den relativt vanlege misforståinga at hette på hovudet bør kombinerast med rullebrett, er det opp til lesaren sjølv å forestille seg kva farar ein set seg sjølv i.

Eit anna stort minus med desse genserane er at dei oftast kjem med ferdigmontert muffe. Brukar ein denne til å ha hendene i ser ein ut som ein vaskebjørn som har fått superlim på magen, og om ein brukar muffa til å oppbevare ting i, vil ho etter kort tid sjå ut som hudfoldane som dinglar på hovudet på ein kalkun. Den heng og sleng og er mest aktiv som tørkeklut kvar gong ein lener seg over eit bord.

Desse to totalt unødvendige delane av genseren tar sjølvsagt store bomullsressursar kvart år. Det er nærliggande å tru at om ein heller dyrka korn på dei åkerareala som vert brukt til å produsere desse genserdelane, ville milliardar av menneske ha fått nok mat kvart år.

Gandalf har lov.
Eg kjem kun på to legitime grunnar for å gå med hettegenser, og ingen av dei handlar strengt tatt om genserar, men om kapper. Den eine grunnen er om ein er dominikanar, eller tilhøyrer ein annan munkeorden som har hette på ordensdrakta si. Det er greit. Få ting er hyggelegare enn å møte dominikanarmunkar med hette på medan ein er ute og promenaderer. Munkar har lov til å gå med hette. Den andre legitime grunnen til å gå med hette er om ein er trollmann. Trollmenn har ofte hette. Det er lov. Trollmenn må få gjere som dei vil, ellers vert det fort bråkete.

Mea maxima culpa! Eg er sjølv eigar av opp til fleire slike genserar. Slik har det blitt, og eg er ikkje stolt av det. Desse genserane som ikkje høyrer heime i eit danna klesskap har kome i hus på ulikt vis, men no er dei her og gjer at eg kastar stein i glashus. Hettegenserar er ein pest som snik seg inn over alt. Vi er aldri trygge!

Samfunnet må ta inn over seg at slike genserar ikkje høyrer heime i noko sivilisert samfunn. Dei bryt med god smak, komfort, ressursøkonomi og generelle normar for sikkerheit i samfunnet. Vi må diskutere korleis vi som samfunn stiller oss til at desse plagga grip om seg i skular og ellers i det offentlege rom. Gjer vi ikkje det kan vi i alle fall ikkje diskutere vakre, religiøse skaut som enkelte kvinner vil gå med. Vi må ta det mest utbreidde plagget først.

Lat oss til slutt minnast nokre ord som vert tillagt Oscar Wilde, og vone at han får rett; at denne trenden fort snur.
Fashion is a form of ugliness so intolerable that we have to alter it every six months.

4 kommentarer:

Arve Kjell Uthaug sa...

Er det eg som ser feil, eller kan det vera at sjølv St. Isidor har hette? Eg er litt usikker, men det ser ut som det er noko som faldar seg i nakken bak det velfriserte hovuet.

Kanskje bloggarar bør inkluderast i lista over grupper som har legitime grunnar til å bera hette?

Steinar Sneås Skauge sa...

St. Isidor kan eventuelt få hetteabolusjon under mitt munkeamnesti. Eg siterer Catholic Encyclopedia: Whether Isidore ever embraced monastic life or not is still an open question, but though he himself may never have been affiliated with any of the religious orders, he esteemed them highly. On his elevation to the episcopate he immediately constituted himself protector of the monks. In 619 he pronounced anathema against any ecclesiastic who should in any way molest the monasteries.

Finn Bjørklid sa...

Klær kan ta livet av folk, eller man går over lik for å se ut som man gjør.

I min ungdom var vide, flagrende frakker tingen og som ikke kneppet igjen. Man følte seg dum uten. Iallefall naken. At vi også gikk med slengbukser har glemselen trukket et takknemlig slør over. Med en vid, flagrende frakk stormet jeg ned baktrappen på Rana Gymnas ved å ta fem trappetrinn i gangen, og på det siste gikk gelenderet i en krok, og denne tvinnet seg inn i den ene frakkelommen, og med den voldsomme framoverdriften, ble jeg som et fly fortøyd til bakken. Jeg lå rett, roterte beina framover, og falt deretter rett ned og fikk mitt første kjennskap til en vond rygg.

Siden har jeg ikke klagd høylytt på andres klesvalg, bare tenkt mitt i stillhet.

metron sa...

"Desse to totalt unødvendige delane av genseren tar sjølvsagt store bomullsressursar kvart år. Det er nærliggande å tru at om ein heller dyrka korn på dei åkerareala som vert brukt til å produsere desse genserdelane, ville milliardar av menneske ha fått nok mat kvart år."

Nå er det slik at mange av disse gensertypene produseres av syntetiske stoffer og ikke av bomull, så der tror jeg du bommer en smule. Du klager også over at genseren ikke holder seg på plass og glipper opp bak. Til det vil jeg si at du nok bruker for liten størrelse. Kjøp en størrelse som er stor nok så passer den bedre. Jeg bruker slike gensere selv og har blitt veldig glad i dem. Jeg holder meg varm, selv også inni hetta, kan ha småting i lomma og de passer utmerket til å bruke på trimturer ute i kaldt vær. Sidesynet reduseres ikke når hetta er passe.

Legg inn en kommentar