fredag 26. oktober 2012

Den vanskelege forteljinga

Abraham og Isak.
Maleri av Adi Holzer.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
I dag feirer muslimane id al-adha. Dette er ei markering der ein hyllar Ibrahim fordi han var villig til å ofre Ismail til Gud. Vi kristne kjenner forteljinga som forteljinga om Abraham og Isak. Vi les forteljinga slik vi finn henne i 1. Mosebok 22, 1-19:
Ei tid etter at dette hadde hendt, sette Gud Abraham på prøve. Han sa til han: «Abraham!» Og han svara: «Ja, her er eg.» Då sa han: «Ta son din, den einaste, Isak, han som du elskar, og dra til landet Moria! Der skal du ofra han som brennoffer på eit av fjella, det som eg seier deg.» Tidleg neste morgon stod Abraham opp, leste på eselet sitt og tok med seg to av tenestegutane sine og Isak, son sin. Han kløyvde ved til brennofferet, og så gav han seg i veg til den staden Gud hadde sagt. Tredje dagen såg Abraham opp og fekk auge på staden i det fjerne. Då sa Abraham til tenestegutane: «Ver her med eselet. Eg og guten vil gå bort dit og tilbe, og så kjem vi tilbake til dykk.» Abraham tok offerveden og la han på Isak, son sin. Sjølv tok han elden og kniven i handa, og så gjekk dei saman, dei to. Då sa Isak til Abraham, far sin: «Du far!» Og han svara: «Ja, son min.» Han sa: «Sjå, her er elden og veden, men kvar er brennofferlammet?» Abraham svara: «Gud vil sjølv sjå seg ut eit brennofferlam, son min.» Og så gjekk dei saman, dei to. Då dei kom til den staden Gud hadde sagt, bygde Abraham eit altar der og la veden til rette. Så batt han Isak, son sin, og la han på altaret, oppå veden. Og Abraham rette ut handa og tok kniven for å slakta son sin. Men Herrens engel ropa til han frå himmelen og sa: «Abraham, Abraham!» Og han svara: «Ja, her er eg!» Han sa: «Legg ikkje hand på guten og gjer han ikkje noko! For no veit eg at du fryktar Gud, sidan du ikkje sparte din einaste son for meg.» Då Abraham såg opp, fekk han auge på ein vêr som hang fast etter horna i eit kratt rett bak han. Abraham gjekk bort, tok vêren og ofra han som brennoffer i staden for son sin. Abraham kalla den staden « Herren ser». Den dag i dag seier dei: «På fjellet der Herren lèt seg sjå.» Då ropa Herrens engel til Abraham frå himmelen for andre gong og sa: «Eg sver ved meg sjølv, seier Herren: Fordi du gjorde dette og ikkje sparte din einaste son, vil eg velsigna deg rikt og gjera ætta di talrik som stjernene på himmelen og som sanden på havsens strand. Di ætt skal ta fiendens portar. Ved di ætt skal alle folkeslag på jorda velsigna seg fordi du høyrde på meg.» Så gjekk Abraham tilbake til tenestegutane sine. Dei drog av stad saman med han til Beer-Sjeba. Og Abraham vart buande der.
Dette er absolutt ei av dei vanskelegaste tekstane for kyrkja, for det er svært vanskeleg å sjå nytteverdien i det påbodet Abraham fekk frå Gud. Både for Abraham og Isak må dette ha vore ei foreferdeleg oppleving; for Abraham fordi han fekk beskjed om å drepe den einaste sonen sin, for Isak fordi han opplevde at faren ville drepe han. Dette er ei forteljing som kan verke svært skremande på alle, men særskild på born. Samstundes er det døme Abraham set verdt å tenkje over, ikkje berre med fordøming. For han er villig til å ofre alt for Gud. Dette er også noko som kan trekkjast fram, slik det verkar som muslimane gjer, sjølv om det er problematisk å gjere dette, då det han er villig til å gjere er å drepe nokon.

Kor vanskeleg denne forteljinga er, kom godt fram då biskopen i Møre nekta å godkjenne eit glasmaleri som viste denne forteljinga som skulle inn i Spjelkavik kyrkje for nokre år sidan.

Tenk om vi skulle hatt ei feiring sentrert rundt denne forteljinga i Den norske kyrkje. Det hadde blitt store diskusjonar! Eg vil absolutt ikkje løfte det fram som eit forslag, men kanskje vi kunne lære noko frå muslimane om at også slike tekstar er ein del av vår religion og noko vi må forhalde oss til i større grad enn vi gjer? Det er verken lett eller behageleg, men det kan kanskje vere verdt det? Kanskje kan vi lære noko av det? Eller er det ei betre løysing å heller snakke endå mindre om dette og fokusere meir på andre forteljingar som er lettare å sjå saman med det overbyggjande gudsbiletet vi har i kristendomen? Eg finn det i alle høve interessant at ei av to høgtider i islam er sentrert rundt ei forteljing vi i kyrkja har så store vanskar med å handtere.

Då gjenstår det kun å seie til eventuelle muslimske lesarar: Id mubarak!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar