Viser innlegg med etiketten Ubrukelege kyrkjefolk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Ubrukelege kyrkjefolk. Vis alle innlegg
tirsdag 13. november 2018
Det verste presten i skandinavisk historie?
Det har vore stille frå St. Isidors minne i lang tid no. Men det er framleis kuriositetar å ta tak i, så det er for tidleg å skrive dødsattest.
Sidan det er så lenge sidan sist, passar det å ta for oss ein mann som kan få ein heidersplass i St. Isidors minne sin oversikt over ubruklege folk i kyrkjehistoria. Vi har allereie vore inne på gode døme på denne i kyrkjehistoria, og vi kjem sikkert innom fleire i framtida. Men det skal godt gjerast om den svenske presten vi skal møte no ikkje ragar høgt oppe når dei mest ubruklege, dustete, onde og skrotete kyrkjefolka skal kårast. Vi drar til Sverige for rundt 150 år sidan.
Anders Lindbäck vart født i 1803, og vaks opp i det som må ha vore ganske så streng fattigdom. I ungdommen tok ein onkel seg av han og sørga for at han fekk seg utdanning slik at han etterkvart vart prest, slik onkelen også var. Han vart ordinert i 1831, og jobba så som sockenadjunkt i tretti år. Eg trur sockenadjunkt var ei form for underordna prestestilling, men eg kan ta feil.
Så i 1861 fekk han sitt eige sokn og vart kyrkoherde, sokneprest, i Silbodals socken i Värmland som er sør-vest i Sverige. Og det var her det skar seg så grundig.
I Silbodal møtte han på stor fattigdom, som han sikkert kjende seg att i. Han ville hjelpe folket ut av fattigdommen og gjorde først mykje godt arbeid og vart populær. Då han såg på alkoholmisbruk som ein av grunnane til fattigdommen og derfor også angreip alkoholen fall nok populariteten hans. Han vart sikkert ikkje meir populær då han la ned kyrkjerådet for å få full kontroll på fattighjelpa. Men det skulle bli verre. Og det var truleg fattigstellet som førte til katastrofen.
Ein veit ikkje heilt kvifor han gjorde det han gjorde. Han sa sjølv at det var av barmhjertigheit. Han ville skåne folk for det harde livet. I retten sa han også at det var økonomien som gjorde at han tok vala han gjorde. For det var mange fattige å hjelpe. Og fattigkassa var ikkje så stor. Så då var det kanskje betre om det var færre folk å dele pengane mellom?
Hausten og vinteren 1864 dro Anders Lindbäck på heimebesøk til fattige i Silbodal. Der gav han dei nattverd, noko prestar ofte gjer. Der Lindbäck skilde seg frå sine kollegaer var at han hadde blanda arsenikk i vinen. Seks personar vart først forgifta av nattverden han gav dei. To av desse døydde. Foreløpig var det ingen som fatta mistanke.
Men så forgifta han ein barndomsvenn som verken var fattig eller sjuk, og plutseleg vart folk i stuss rundt kva som skjedde rundt denne presten. Ein grov opp det siste liket og fann ut at han hadde døydd av arsenikkforgiftning. Då grov ein opp fleire graver og fann ut at dette også gjaldt to andre.
Lindbäck vart sjølvsagt dømt, og han fekk dødsstraff. Den vart aldri gjennomført, for han hengde seg i fengselet 20. november 1865.
Eit praktdøme på ein kyrkehistorisk skroting, altså. Sokneprest og seriemordar. Heldigvis ein heller original kombinasjon. Og om det faktisk var slik at han gjorde dette for å få færre folk å dele fattigkassa på..... Det er noko ekkelt malthusisk over det som i såfall nesten gjer det endå verre...
Kyrkja var i alle fall ikkje betre før. Det er sikkert
Kategoriar:
Historie,
Historiske kuriositetar,
Kristendom,
Kyrkjehistorie,
Ubrukelege kyrkjefolk
mandag 25. september 2017
Endeleg ein skandale frå Manger
Manger har ei kyrkjehistorie dei kan vere stolt av. Dei har hatt Katarinakyrkja frå 1100-talet. Dei har hatt Michael Sars. Dei har hatt ei skeiv kyrkje som stod i fare for å dette ned. Og dei var ansvarleg for mannen vi skal sjå på no....
Ser ein i lista over prestar i Manger, finn ein ein kar med namn Hans Withe. Withte var nok ein bra fyr «der skal have havt et ikke ringe Ord for sin Lærdom.» Då kongen hamna i pengetrøbbel på 1700-talet kjøpte With like godt Manger kyrkje saman med kyrkjene på Sæbø, Hordabø og Herdla saman med alt av jord og godt som høyrde med. Og han tok faktisk godt vare på kyrkjene, ulikt mange andre kyrkjeeigarar. Han gjorde også andre ting enn å eige kyrkjer. Han lagde også ungar, og det er sonen til Hans vi skal sjå på no. I 1717 fekk Hans sonen Johan Whitte (eller White eller Withe....) saman med kona si Anna Maria medan dei budde på Manger.
Eg kom over Johan i festskriftet for Lyngen kirke i Troms frå 1981, då Lyngen kirke var 250 år. I 1747 dukka nemleg Johan opp som prest i Lyngen. Prestane i Lyngen hadde på den tida tittelen «misjonær», men vi heng oss ikkje opp i dette no. Han var berre i Lyngen i eitt år, før han det som vert omtala som «viktige» (med hermeteikn!) hendingar gjorde at han måtte til København. Det var jo artig å finne ein stril i Troms, men det var ikkje det som fanga merksemda mi. Det gjorde denne setninga om seinare prestegjerning i Bergen, der han «fikk vansker med myndighetene fordi han ekteviet hjemme i huset uten kgl. tillatelse». Dette førte, kanskje ikkje overraskande til suspensjon.
«Artig,» tenkte eg. «Kanskje finn eg meir om denne fyren?»
Og det gjorde eg! Her har vi å gjere med ein fyr som ikkje tar så tungt på autoritetar. Rundt 1760 byrja det å sirkulere eit skrift i Bergen. Skriftet tok for seg ei rekke av dei viktigaste personane i byen på denne tida og latterleggjorde dei i verseform. Skriftet gjev ein kanselliråd som hadde havna i klammeri med ein av prestane i byen heltestatus, medan presten, som hadde nekta kanselliråden nattverd, truleg ikkje kom så godt frå det heile. Skriftet solgte så godt ein kan vente seg frå denne type skrift, og måtte trykkast i nytt opplag. For å gjere heile saka verre, kom det fram at forfattaren var ein prest i Bergen med namn Johan Whitte. Vår man. Biskop Ole Tidemand tok affære. Vi kan gå ut frå at han gav Whitte ein kraftig oppstramming, og det gjekk mange brev mellom dei to i Bergen og kongens menn i København. Biskopen vart naturleg nok kraftig audmjuka av at skriftet, som vendte seg mot eliten, og prestane, i Bergen kom frå kyrkja sjølv, og for å gjere audmjukinga komplett vart vår mann, som ein underleg vri på heile saka, forfremma etter at han sjølvsagt fekk ei offentleg reprimande.
I 1762 vart han personalkapellan i Korskirken, og seinare res.kap. i same kyrkje, heilt til det igjen skar seg «fordi han uden kgl. Tilladelse copulerede hjemme i Huset». Det er ei formulering det er schwung over! «Uden kgl. Tilladelse copulerede hjemme i Huset»!
Johan Whitte døydde i 1775. Om han hadde kongelig tillating for dette, veit eg ikkje.
Så der har de den, Manger! De har ikkje berre Sars og den skeive kyrkja. De har også presten som skapte rabalder i bergenseliten og kopulerte utan kongeleg løyve.

Nordhordland,
Troms,
Ubrukelege kyrkjefolk
onsdag 10. august 2016
For eit ettermæle
Eg har i det siste jobba litt med Meland kyrkje si historie, og derfor bladd litt i jubileumsboka som kom då kyrkja var 100 år i 1966. I denne boka går ein gjennom alle prestane som har tenestegjort i Meland sidan 1300-talet, i alle fall dei ein har hatt kjeldestoff om. Ein av dei eg tilfeldigvis las om var Lorentz Stibolt som var prest i Hamre prestegjeld frå 1825 til 1832. Meland var på denne tida ein del av Hamre prestegjeld, og Stibolt var derfor prest også i Meland. Eg veit ikkje om Stibolt var ein brukbar prest, men dette er i alle fall ettermælet han har fått. Eg siterer alt som står om han.
Så kan ein lure på kva som kjem til å bli hugsa om meg...
Lorentz Stibolt, (1825-1832)Kjelda for kunnskapen om Stibolt seier vel eigentleg det meste om ettermælet han fekk. Ho er oppgjeven slik: «De Traph: En underlig præst, Personalhist. Tidsskr. 1896».
Han hadde fin eksamen, var veikhelsa, eigensindig og nervelinn. Flink fløytespelar var han, og ein raring. Sognefolket trudde han var synsk. Mot embedsbrør var han avvisande, og mot prost og bisp var han kald. Han tok avskil for helsa si skuld, bygde seg ei hytte i Gjærvikjæ, ein stad ved strandi, heiter «Krabbeuræ». Der levde han einsam i mange år.
Så kan ein lure på kva som kjem til å bli hugsa om meg...
Kategoriar:
Historie,
Historiske kuriositetar,
Kristendom,
Kyrkjehistorie,
Sitat,
Ubrukelege kyrkjefolk
torsdag 16. januar 2014
Haud Ædle Herre Nicolai Christian Friis
![]() |
| Bodin kirke i Bodø. Friis sitt rike. Biletet er henta frå Wikimedia Commons. |
Allereie året etter at han kom til Bodø gifta han seg, og sjølvsagt ikkje med kven som helst. Han gifta seg med Sophie, den tjue år eldre enka etter fogden i Salten som nylig var død. Fogden hadde hatt kallenamnet «sølvfuten», noko som kan gje eit innblikk i kva Nicolai fekk med seg av medgift. Han var med eitt ein rik mann.
Nicolai Christian Friis hadde blitt rik, men karriera hans stoppa opp. Han vart rett nok ein form for frivillig ansvarleg for finnemisjonen i Nord-Norge, noko som gav han mogelegheit til å styre over andre prestar og også ei pengekasse å halde styr på, noko vi kjem attende til.
I 1748 stod bispestolen i Nidaros ledig. Biskopen i Nidaros hadde på dette tidspunktet eit mykje større område å halde styr på enn no, mellom anna låg Bodø under Nidaros. Friis meldte si interesse for setet, utan at han fekk det. Han vart verande i Bodø.
På dette tidspunktet hadde han allereie byrja å bygge seg opp som stormann i Bodø. I 1747 fekk folk i soknet beskjed om at dei i staden for å reparere husa på prestegarden som dei hadde ansvar for, skulle betale pengar. Desse pengane, saman med store delar av formua han hadde gifta seg til, brukte han på ein storslått prestegard som framleis verka blendande på besøkande nesten hundre år seinare.
Festlocaler, Gjæsteværelser, Bibliothek, Studerværelser, Kjøkken og Kjældere, i alt henved 40 Rum. De to stuer nedenunder var, hver enkelt, likesaa stor som den nye Anexkirke i Røst, nemlig henved 20 Alen lange og 14 Alen brede, den ene af dem udstyret med en pragtfuld Kamin. Der var rummelige sideværelser, solid og smukt decorerede med malede Tapeter forestillende Hyrdescener og Blomster efter den Tids Smag, ja lige til Dørlaasene anskaffede fra Kongens Kjøbenhavns Haandverkere og Mestere.[2]Han ville heilt klart sette monumentale spor etter seg, og gav også generøse gåver til kyrkja. I 1753/54 hyra han inn ein tysk målar som hadde base i Bergen til å dekorere både kyrkja og prestegarden. Han gav også ei diger lysekrone til kyrkja, ein bispestol og det dyraste han gav kyrkja er eit dåpsfat i sølv.[3]
![]() |
| Bodin prestegard i 1895. Biletet er henta frå Wikimedia Commons. |
Friis meinte han burde vere større enn det han var, og for ein mann med pengar kunne det sjølvsagt fiksast på, så i 1754 kjøpte han seg ein bispetittel for 8000 riksdalar. Han vart med dette «titulærbiskop», noko som ikkje var heilt uvanleg. Også N.F.S. Gruntvig hadde kjøpt seg ein bispetittel. Om det ikkje var uvanleg, skapte det derimot ein del problem. Nord-Norge hadde no plutseleg to biskopar. Den ordentlege biskopen sat i Nidaros, men i Bodø sat det ein rik titulærbiskop som i tillegg til bispetitteleg hadde ordna seg slik at han hadde kontroll med misjonen i nord, og dermed også ein del kontroll over prestane, til tross for at han eigentleg ikkje fekk noko makt med bispetittelen sin.
Men no byrja det å gå nedover med Friis. Det byrja allereie i 1752, då det dukka opp det som i dag ville blitt sett på som ein forsikringssvindel- eller skattesvindelsak. Problemet for Friis var at han som mest truleg var skuldig i dette sa at han hadde fått heile ideen frå soknepresten. Friis kom frå det heile med ei kraftig ripe i lakken, men nedturen hadde byrja.
I 1757 var det endå ein gong ei rettssak der han var innblanda. Ein bonde hadde blitt dømt til døden for, i ekstrem naud, å ha slakta ein av Friis sine kyr. Bonden anka til høgsterett der han vart frifunnen, noko Friis ikkje sette særleg pris på. Han påstod at retten var korrupt og hadde tatt imot pengar for å frifinne bonden, noko som gjorde at Friis sjølv plutseleg vart tiltala for å rette falskt klagemål motdomstolen. Til sjuande og sist stod han att med ei stor bot og endå ei ripe i lakken.
Så vart det endå verre. Friis hadde som vi var inne på tidlegare tilgang til misjonen sine pengar. Dette vart for lokkande for han, og ein byrja tydlegvis å få mistankar om at ikkje alle pengane gjekk til å gjere evangeliet kjent for nye folkeslag. I 1769 vart det gjeve ordre om å undersøke saka. Friis klarte å unngå rettsak, men måtte betale 16000 riksdalar for å få saka ut av verda.
Med dette var tida hans som stormann i Bodø ute. Han vart kort tid etter dette sokneprest i Korskirken i Bergen, og var der så engasjert i jobben at han fekk ein vikar til å gjere heile jobben fram til han sjølv gjekk av med pensjon i 1774.
Eit prakteksemplar i den norske prestestanden!
[1] Terje Gudbrandson, «'Ei alt for stor jord'. Glimt fra Bodin prestegårds historie» i Turid Følling Eriksen, Bodin kirke 750 år : "hvor elskelig dine boliger er...", Bodø 1990 s. 98.
[2] Ibid s. 101.
[3] Ibid s. 48-50.
[4] Ibid s. 99.
Kategoriar:
Historie,
Historiske kuriositetar,
Kristendom,
Kyrkjehistorie,
Ubrukelege kyrkjefolk
søndag 24. november 2013
Erkebiskop Sortebill
![]() |
| Lancelot Blackburne. Biletet er henta frå Wikimedia Commons. |
Mannen vi skal ta for oss heiter Lancelot Blackburne. Han var anglikansk erkebiskop av York frå 1724 til 1743, og vert av den anglikanske kyrkja kategorisert under overskrifta «Some of the more unusual Archbishops...»
Lancelot Blackburne gjekk ut frå erverdige Christ Church College i Oxford og vart ordinert i 1681. Han ville ikkje bli vanleg sokneprest, men takka i staden ja til å bli prest i Antigua i Karibien. Dette vart ikkje heilt som han hadde sett for seg, då løna kom i form av sukker, så han flytta derfor like godt heile verksemda si til øya Nevis. Her skil yrkesvegen seg drastisk frå det vanlege «presteløpet», for han fekk seg hyre på ei sjørøvarskute. Ombord fungerte han som ein vanleg pirat og fekk sin del av byttet. Han var populær mellom dei andre sjørøvarane, men gav seg av ein eller annan grunn med sjørøveriet og vendte attende til kyrkja. Det vert sagt at då ein av dei gamle skipskammeratene hans kom heim til England og spurte etter gamle Blackburne, vart han svært overraska over å høyre at han hadde blitt erkebiskop av York.
Det er mogeleg at sjørøveriet var på oppdrag frå kongen, i alle fall spekulerer både Church of England og Dictionary of National Biograhy over dette. Ein kan ikkje seie noko sikkert, men det eksisterer i alle fall ei kvittering der Blackburne får utbetalt £20, ein stor sum, for «hemmelege tenester i Antigua».
Etter to år var han i alle fall attende i England, og satsa der på å finne rike, sjuke prestar og så spele korta sine slik at han både kunne ta over etter dei og arve dei når dei døydde. På denne måten kom han etterkvart inn i presteskapet rundt katedralen i Exeter. Her byrja rykta å gå om han. Det vart sagt at han hadde gravd ein tunnell frå huset sitt og inn til nabohuset, tilfeldigvis huset til ein av stormennene i byen. Denne tunnellen brukte Blackburne til å besøke kona til stormannnen når han ikkje var heime. Skandalen gjorde at Blackburne måtte halde seg vekke i eit par år, men då vart han frikjent for skuldingane og fekk kome attende. Og no steig han raskt i gradene. Han vart domprost, så erkediakon i Cornwall før han endeleg vart biskop i Exeter i 1717.
Blacburne sikta høgt og hadde smiska med kongen sidan George I vart konge i 1714. Måten han vart biskop på, var at han drog til Exeter då han høyrde biskopen var sjuk, skreiv eit brev til erkebiskopen og sa at han burde få jobben og venta. Slik han brukte.... Kongen var ikkje vanskeleg å be då Blacburne ville ha jobben, og slik vart han biskop.
Han ville bli biskop, men han ville tydlegvis ikkje vere biskop. Han brukte mesteparten av tida si i London. Rykta i tida ville ha det til at det var mest piker, vin og sang det gjekk i. I alle fall var det lite kyrkjeleg aktivitet. Det han gjorde av kyrkjelege handlingar sette derimot spor. Han via kong George I med si tyske kusine og elskerinne, eit ekteskap som skal ha vore tvilsamt under dei gjeldande lovene og omdiskutert i kongefamilien, men det gjorde at den tidlegare sjørøvaren fekk erkebispesetet i York som takk.
Han var erkebiskop i 19 år. Dei siste ti åra ordinerte han ikkje ein einaste prest. Han brukte heller tida på det han likte best: Posisjonering på slottet og piker, vin og sang. Han utførte ein og anna konfirmasjon, men skal ha blitt kasta ut av kyrkja under den eine konfirmasjonen, då han bad om å få inn pipe, tobakk og øl for å halde ut.
Blackburne døydde i 1743 utan å etterlate seg barn, i alle fall ikkje nokon ein var sikre på, men opp til fleire høgtståane geistlege i England måtte i ettertid leve med spekulasjonar rundt om erkebiskopen eigentleg var faren deira.
Artikkelen har som hovudkjelde William Donaldson si bok Brewer's Rogues, Villains and Eccentrics. An A-Z of Rougish Britons Through the Ages, og er i utgangspunktet skrive som ei helsingstale i ei bursdagsfeiring. Teksten er her litt omarbeida, slik at den undelege forteljinga kan lesast av fleire.
Kategoriar:
Historiske kuriositetar,
Kristendom,
Kyrkjehistorie,
Ubrukelege kyrkjefolk
fredag 6. september 2013
Edward Drax Free - ikkje kyrkja sin beste tenar
På St. Isidors minne tar vi ofte for os helgenar, men det er jo eit faktum at kyrkja også rommar folk som er eit godt stykke frå ein kanoniseringsprosess. I dag skal vi sjå på ein av dei. Vi skal bli kjent med Edward Drax Free.
For å gjere det komplett, var han ofte full og ufyseleg og gjorde fire av hushjelpene sine gravide.
Free tapte sjølvsagt saka, men Sir Montagu døydde rett etterpå. Då vart ting endå verre for Free. Onkelen til Montagu, ein annan Sir Montagu, trakk Free for retten for å få oppreising på vegne av nevøen. Det heile endte med at Free vart frådømt jobben og måtte betale alle kostnadane knytta til saka.
Free godtok ikkje dette, og barrikaderte seg i prestegarden med ei hagle. Domprosten kom inn for å megle, utan anna resultat enn at Free skaut mot han. Ein bestemte seg derfor for å beleire Free. Etter ti dagar kom Free ut, berre for å oppdage at han var uønska alle plassar han kom.
I 1843 døydde Free då han vart treft av eit hjul som datt av ei vogn. Nokon minnedag i kyrkja er nok ikkje på tale.
Kjelde
William Donaldson, Brewer's Rogues, Villains and Eccentrics. An A-Z of Rougish Britons Through the Ages, 2002. Side 274-275.
Edward Drax Free byrja så bra med å studere på stolte St. John's College i Oxford. Ikkje berre studerte han der, men han tok ein doktorgrad og underviste og hadde ei leiarstilling der. I 1808 fekk han ei prestestilling i Sutton i England, noko som vart møtt med glede i Oxford der han hadde blitt upopulær på grunn av ufin oppførsel og valdsbruk mot andre i staben.
Som prest var Free ein katastrofe. Først gjorde han nærast kyrkja og gravplassen om til ein gard.
It was common to see cattle running loose and pigs rooting up the graves. Cows mingled with the mourners at my fathers funeral. He kept sheep in the church pouch, which was often strewn with straw and dung.For å spe på inntekta tok han blyet av kyrkjetaket og selde det. Ved eit høve skal han ha krevd pengar på førehand for å begrave det døde barnet til ei fattig enke. Til slutt gjekk han med på å få betalinga på etterskot, men då gravferda var ferdig fulgte han etter enka heim og nekta å gå før han fekk betalt.
For å gjere det komplett, var han ofte full og ufyseleg og gjorde fire av hushjelpene sine gravide.
However, it was not his debauchery, his assaults on church wardens with a horsewhip or his unhygienic farming techniques that caused his downfall.Det gjekk ikkje skikkeleg på trynet for Free før han av ein eller annan grunn bestemte seg for å ta eit oppgjer med, og så gå til sak mot, den største jordeigaren i soknet, Sir Montagu. Han trakk Montagu for retten fordi han ikkje skulle ha møtt på gudstenestene til Free. Dette var teknisk sett påbode, då ein hadde ei lov som var meint å tvinge katolikkar til å gå til gudsteneste i den anglikanske kyrkja. Det heile gjekk sjølvsagt ikkje bra for Free. Det eine vitnet han kunne stable på beina til støtte for saka si, vart avslørt som elskerinna hans, og vitnemålet hennar stod dermed ikkje så sterkt. Sir Montagu kunne så forklare at grunnen til at han ikkje gjekk til kyrkje var at Free stort sett ikkje hadde gudstenester, og om han hadde det, bestod preika av at han skjelte ut Sir Montagu.
Free tapte sjølvsagt saka, men Sir Montagu døydde rett etterpå. Då vart ting endå verre for Free. Onkelen til Montagu, ein annan Sir Montagu, trakk Free for retten for å få oppreising på vegne av nevøen. Det heile endte med at Free vart frådømt jobben og måtte betale alle kostnadane knytta til saka.
Free godtok ikkje dette, og barrikaderte seg i prestegarden med ei hagle. Domprosten kom inn for å megle, utan anna resultat enn at Free skaut mot han. Ein bestemte seg derfor for å beleire Free. Etter ti dagar kom Free ut, berre for å oppdage at han var uønska alle plassar han kom.
I 1843 døydde Free då han vart treft av eit hjul som datt av ei vogn. Nokon minnedag i kyrkja er nok ikkje på tale.
Kjelde
William Donaldson, Brewer's Rogues, Villains and Eccentrics. An A-Z of Rougish Britons Through the Ages, 2002. Side 274-275.
Kategoriar:
Historie,
Historiske kuriositetar,
Kyrkjehistorie,
Ubrukelege kyrkjefolk
onsdag 25. juli 2012
Ville du delt grav med denne mannen?
Relativt tilfeldig var eg innom Mariager kirke i Danmark. Kyrkja er siste rest etter eit birgitinerkloster som forsvann som fylgje av reformasjonen. Av nyare dato var denne steinen som stod på kyrkjegarden, men den var likevel knytt til reformasjonen og til ein interessant person.
Steinen er tydlegvis ein fellesstein for alle dei som vart flytta ut av ei familiegrav på 1930-talet. Slike graver var det mange av i denne kyrkja, slik det er mange plassar. Steinen har fylgjande tekst:
Stygge Krumpen var flink til å ordne seg. Dansk biografisk Lexikon seier om han at han hadde «en bundverdslig Natur, for hvem Bispedømmets Indtægter og egen Fordel vare det væsentligste Motiv». Vidare seier leksikonet at «Stiftets Klostre forstod han paa forskjellig Vis at faa i sin Magt; men for at forøge sine Indtægter behandlede han især Nonneklostrene, Hundslund, Ø o. fl., paa den skammeligste Maade, lagde Besætning i Klostrene, selv i Nonnernes Soverum, for at gjøre dem kjede af Opholdet osv. Ligeledes lod han flere af Stiftets Kirker besørge ved sine egne Kapellaner for at forøge sine Indtægter, tilvendte sig Annexgaardene og lignende.»
Som om ikkje dette var nok skal han ha hatt eit ope forhold til slektningen sin Elsebet Gyldenstjerne, noko hennar mann sjølvsagt ikkje hadde noko særleg til overs for. Stygge Krumpen budde saman med Elsebet, medan mannen hennar gjorde det han kunne for å få henne heim att, gjennom rettsvesenet og på andre måtar. Tilsaman gav ikkje desse tinga biskop Stygge noko særleg godt rykte. Han skal ha vore «yderst forhadt».
Reformasjonen kom som eit hardt slag for Stygge. Han kjempa mot dei lutherske straumningane, og bad mellom anna inn gode, tyske katolikkar som han ville ha til Danmark for å få folk attende til moderkyrkja. Grevefeiden som førte Christian III til makta og gjorde luthersk kristendom til den gjeldande trua vart ein lite ærerik affære for Stygge. Han måtte rømme frå væpna menn som brann ned garden hans, og rykta sa at han gøymde seg i ein bakaromn saman med elskerinna si til det var trygt å kome ut. Og då den nye kongen var innsett byrja motgangen skikkeleg for Stygge. Då «regnede en Mængde Stævninger ned over den forhadte og voldsomme Biskop; Retskjendelserne gik ham som oftest imod.» Han sat fengsla fram til 1542 då han slapp ut på strenge vilkår. Som eit ironisk sluttpunkt for mannen som hadde utnytta nonnekloster som biskop, måtte han halde liv i eit nonnekloster frå 1543 og resten av livet.
I 1551 døydde Stygge Krumpen og vart gravlagt i ei familiegrav i Mariager kyrkje. Dansk biografisk Lexikon seier at han vart mumifisert og låg slik at folk kunne sjå han «indtil nyere Tider», kva dei no måtte meie med det.
På eit eller anna tidspunkt har i alle fall denne mannen havna i ei massegrav saman med fleire andre. Av alle desse «ukendelige Døde» er det kun to som vert namngjevne: Stratsraad de Thestrup, som strengt tatt ikkje har med fornamnet sitt, og så denne Stygge Krumpen. Skal ein først hamne i ei massegrav der kun ein person står nemnt med fullt namn, kan ein gjere det betre enn dette. Det som kan ha vore fromme, hardarbeidande, ærlege folk bli no overskugga av «den forhadte og voldsomme Biskop». Dei hadde snudd seg i grava, hadde dei visst kva som stod over hovuda deira.
Vi får seie som det står på steinen: «Gud kender deres Navne.»
Steinen er tydlegvis ein fellesstein for alle dei som vart flytta ut av ei familiegrav på 1930-talet. Slike graver var det mange av i denne kyrkja, slik det er mange plassar. Steinen har fylgjande tekst:
Her jordedesde ukendelige Døde,som fandtes i Stratsraadde Thestrups Gravkælder:
Gravbyggeren og hans Slægt,Biskop Stygge Krumpensamt mange Navnløse.
Det er biskopen vi skal verte litt betre kjende med. For ikkje berre hadde han eit særs fabelaktig namn, han var også den siste katolske biskopen i Børglum. Før han vart biskop var han i teneste for Christian II. Som takk for tenesta, og for å halde embedet i familien, vart i 1519 han hjelpebiskop for onkelen i Børglum, med rett på å overta i tenesta etter han. Umiddelbart skal han ha blitt den reelle styraren i bispedømet. Han fekk avsatt ein prost og lagt prostiet under onkelen sin, slik at han sjølv kunne bli biskop. Denne manøveren gjorde at Stygge kom i strid med Paven, då nok ikkje alt hadde gått heilt etter boka. Samstundes la han seg ut med kongen, og var ein av hovudmennene i opprøret mot kongen i 1522, eit opprør som sette Fredrik I på trona. I 1525 gav Fredrik Stygge brev på prostiet som låg under onkelen, og han overtok desse verdiane i 1533.Ukende fandtes de.Gud kender deres Navne.17-10-1931
Stygge Krumpen var flink til å ordne seg. Dansk biografisk Lexikon seier om han at han hadde «en bundverdslig Natur, for hvem Bispedømmets Indtægter og egen Fordel vare det væsentligste Motiv». Vidare seier leksikonet at «Stiftets Klostre forstod han paa forskjellig Vis at faa i sin Magt; men for at forøge sine Indtægter behandlede han især Nonneklostrene, Hundslund, Ø o. fl., paa den skammeligste Maade, lagde Besætning i Klostrene, selv i Nonnernes Soverum, for at gjøre dem kjede af Opholdet osv. Ligeledes lod han flere af Stiftets Kirker besørge ved sine egne Kapellaner for at forøge sine Indtægter, tilvendte sig Annexgaardene og lignende.»
Som om ikkje dette var nok skal han ha hatt eit ope forhold til slektningen sin Elsebet Gyldenstjerne, noko hennar mann sjølvsagt ikkje hadde noko særleg til overs for. Stygge Krumpen budde saman med Elsebet, medan mannen hennar gjorde det han kunne for å få henne heim att, gjennom rettsvesenet og på andre måtar. Tilsaman gav ikkje desse tinga biskop Stygge noko særleg godt rykte. Han skal ha vore «yderst forhadt».
Reformasjonen kom som eit hardt slag for Stygge. Han kjempa mot dei lutherske straumningane, og bad mellom anna inn gode, tyske katolikkar som han ville ha til Danmark for å få folk attende til moderkyrkja. Grevefeiden som førte Christian III til makta og gjorde luthersk kristendom til den gjeldande trua vart ein lite ærerik affære for Stygge. Han måtte rømme frå væpna menn som brann ned garden hans, og rykta sa at han gøymde seg i ein bakaromn saman med elskerinna si til det var trygt å kome ut. Og då den nye kongen var innsett byrja motgangen skikkeleg for Stygge. Då «regnede en Mængde Stævninger ned over den forhadte og voldsomme Biskop; Retskjendelserne gik ham som oftest imod.» Han sat fengsla fram til 1542 då han slapp ut på strenge vilkår. Som eit ironisk sluttpunkt for mannen som hadde utnytta nonnekloster som biskop, måtte han halde liv i eit nonnekloster frå 1543 og resten av livet.
| Stygge Krumpen sin gravstein i golvet på Mariager kyrkje. Biletet er henta frå Wikimedia Commons. |
På eit eller anna tidspunkt har i alle fall denne mannen havna i ei massegrav saman med fleire andre. Av alle desse «ukendelige Døde» er det kun to som vert namngjevne: Stratsraad de Thestrup, som strengt tatt ikkje har med fornamnet sitt, og så denne Stygge Krumpen. Skal ein først hamne i ei massegrav der kun ein person står nemnt med fullt namn, kan ein gjere det betre enn dette. Det som kan ha vore fromme, hardarbeidande, ærlege folk bli no overskugga av «den forhadte og voldsomme Biskop». Dei hadde snudd seg i grava, hadde dei visst kva som stod over hovuda deira.
Vi får seie som det står på steinen: «Gud kender deres Navne.»
Kategoriar:
Historie,
Kyrkjehistorie,
Reisebrev,
Ubrukelege kyrkjefolk
Abonner på:
Innlegg (Atom)

,_Archbishop_of_York.jpeg)