mandag 2. oktober 2017

Ein helt. Ein vaskeekte helt!

På St. Isidors minne har vi fleire gonger sett på prestar som langt frå var ein pryd for standen. I dag skal vi igjen møte ein mann som vart dømt frå både presteembedet og eigedom, men denne gangen er det snakk om ein helt. Ein verkeleg helt.

I 1694 dukkar det opp ein prest i Karlsøy, nord for Tromsø. Kvar han kom frå, når han var fødd og slikt veit vi ikkje, men vi veit derimot at han var gift med Rebecca Elisabeth Heggelund, niesa til kong Fredrik IV. Slike slektsband til monarkiet er ikkje noko eg brukar å henge meg opp i, men som vi skal sjå, vert dette ein viktig detalj i forteljinga om Michael Jensøn Heggelund.

Korleis Heggelund var som prest, veit eg ikkje. Som vi skal forstå var han høgt akta av lokalbefolkninga, medan ein mann som Thomas von Westen sa at han «kan ikke male herr Michael og hans menighet med tilstrekkelige mørke farger». Dette var mange av dei geistlege einige i, sjølv om dei måtte innrømme at Heggelund var eit stort medmenneske og gjorde det han kunne for å hjelpe dei som trengte hjelp, trass i at han sjølv ofte levde i fattigdom.

Og det er i dette at han gjorde det han kunne for å hjelpe andre at han viste seg som ein ekte helt. På våren 1701 kom ei sak opp for Helgøens tinglag. Anne Larsdatter stod tiltala for å ha fått eit barn utanfor ekteskap, og tatt livet av barnet rett etter fødselen. Ho vart dømt til å bli hengt før hovudet skulle setjast på stake til skrekk og åtvaring. Sidan amtmannen ikkje var tilstades under rettsaka, måtte ho vente i ni månader i fengsel for at han skulle stadfeste domen. Då amtmannen endeleg var ferdig i januar 1702 vart Heggelund med til fengselet for å møte Anne Larsdatter.

Då ho forstod kva som skulle skje fekk ho naturleg nok panikk, og Heggelund fekk stor medkjensle med henne. Han forsøkte å få utsett avrettinga, utan å lukkast. Det vart slått fast at den skulle skje neste dag. Det einaste han kunne gjere, var å følge henne til galgen dagen etter.

Då han kom til galgen ropte han ut over den store menneskemengda som var samla der: «Finnes det da i hele denne forsamling ikke en eneste som føler så mye medlidenhet med denne arme synderinne at han vil ta henne bort fra en så forsmedelig død?» Kva skulle dette bety, tenker du kanskje? Jo, det hadde seg slik, at skikken på den tida var om nokon ville gifte seg med den dødsdømte vart dødsdomen oppheva. Michael Jensøn Heggelund hadde ein plan!

For frå folkemengda ropte ein mann at han ville gifte seg med Anne Larsdatter, og ut frå mengda kom ein av tenestemennene til presten. Fullmektig Løvberg som var ansvarleg for avrettinga protesterte kraftig, men Heggelund tok på seg alt ansvar og skreiv ei trulovingserklæring der og då, før han tok med seg det nye paret heim til prestegarden.

Anne Larsdatter budde på prestegarden og jobba som barnepike og tjenestejente i fleire år. Noko bryllaup vart det derimot aldri, og det vart etterkvart klart for alle at heile trulovinga var noko Heggelund og tenesteguten hadde kome opp med for å redde henne.

Prosten i Tromsø såg også dette, og han sendte saka til regjeringa som vidare bad teologane på det teologiske fakultetet i København sjå på saka. Dei kom til at det var «ingen anledning, hverken i Guds lover eller kongens til denne herr Michale Heggelunds formastelse, at han under dekke av en forlovelse med en mannsperson som kom løpende og begjærte synderinnen til ekte på retterstedet, har villet forhindre eksekusjonen og 'justisius' fremgang etter en formell, lovmessig dom...» og så vidare, og så vidare. Heggelund fekk altså ikkje mykje støtte. Kvinna fekk derimot ei ny rettsak, då alt hadde blitt kludra til «ved sådan en prests misgjerning».

I 1704 vart Heggelund så dømt til å miste embedet og godset sitt. Han anka sjølvsagt, men båten anken var på forliste og det heile vart derfor rettskraftig før han fekk gjort noko meir. Og no kjem dei kongelege banda inn i biletet. Kona drog nemleg til København då dei fekk vite at Michael mista alt. Der fekk ho snakka med onkelen, og mannen fekk både jobb og gods attende.

Det skjedde ikkje før på hausten i 1706. Då hadde Heggelund allereie vore to år utan jord eller inntekt i tilleg til at det var uår i Nord-Norge,  og han klarte ikkje byrden av å ha Anne Larsdatter buande hos seg lenger. Ho var nemleg no plassert i ei form for varetekt hos han. Ho vart derfor overført til varetekt hos lensmannen. Der satt ho truleg resten av livet. Ho vart på nytt dømt til døden i 1710, og truleg avretta i 1715. Trass i sin iherdige kamp tapte altså Heggelund.

Men Heggelund gav seg mest truleg ikkje med dette. I 1722 sat det ei ny kvinne i arresten. Kirsten Larsdatter hadde gjort seg skuld i same brot som Anne Larsdatter, altså tatt livet av sitt nyfødde barn. Ho vart dømt til å bli halshogd, og venta på avrettinga. Ei natt løfta nokon taket av arresten og fekk Kirsten vekk frå øya, over til fastlandet og ut av landet. Mest truleg var det heile arrangert av vår ven Michael Jensøn Heggelund.

I 1729, etter 35 år som prest på Karsøy (med ein aldri så liten pause, som vi har vore inne på....) døydde Heggelund.  Karlsøy si kyrkjehistorie Kirke under nordlyset av Ulf L. Vinje seier det fint:

«Hans ettermæle bærer i seg en egen glans, en æra som forteller om en mann, et menneske som kjempet for nestekjærlighet, for rettferdighet mot urett og blind jus. Han trenger ingen bauta. Den reiste han selv den gangen han virket her ute.»

Kjelde: Kirke under nordlyset av Ulf L. Vinje, Karlsøy kulturkontor 1995. Side 58-64

 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar