torsdag 31. januar 2013

Ja til pomp og prakt

Anglikanske prestar i biskopar i ulike draktar.
Biletet har eg lånt fra Anglican Communion.
I kjølvatnet av innsettinga av Stein Reiertsen som biskop i Agder og Telemark tok Helge Simonnes i Vårt Land til ordet for å tone ned pompen og prakta i samband med biskopane, og i same avis i dag heng praktikumsrektor på TF Geir Hellemo, seg på dette.

Det er eigentleg fleire diskusjonar som går inn i kvarandre. Ein hevdar at bispekåpene er overlessa og pompøse, at dette ikkje kommuniserer til folk i dag, at dette er på kollisjonskurs med demokratireforma i kyrkja og at kåpene er for dyre. Simonnes nemner også kongen og kyrkjeministeren som element som aukar «pompefaktoren».

Mange av desse påstandane kan diskuterast, og om ein er rett er det ikkje dermed sagt at dei andre er rette. Til dømes meiner eg at konge og regjeringsmedlemmer ikkje bør ha nokon anna plass i ei slik gudsteneste enn den som alle andre gudstenestedeltakarar har, altså som privatpersonar. At deira profesjonelle representasjon i gudstenestesamanheng er eit problem er eg heilt einig i. Verken kongehus eller regjering bør ha nokon plass i ei gudsteneste, anna enn i forbøna der ein bed for alle som har makt.

At kappene kan vere glorete og stygge kan eg vere einig i. Kappa til Møre ser til dømes ikkje særleg bra ut i mine auge, medan eg synes preseskappa er kjempeflott. Dette vert subjektive vurderingar både av meg og andre og er utan fasit, sjølv om ein sjølvsagt kan lufte problemstillinga. At folk generelt ikkje liker slike staslege plagg, er eg ikkje så sikker på. Folk svermar for divakjolar og liknande i vekeblad, og med ein gang ein kjem sør for København straumar norske turistar til kyrkjer som er mykje meir spekka med pomp og prakt og pompøse uttrykk enn norske kyrkjer og bispekåpar.

Prisen på kåpene er sjølvsagt ei viktig problemstilling. Den bør ikkje vere for høg, men er verkeleg 300 000 for eit representasjonsplagg og kunststykke mykje pengar når ein tenker på kva heilt vanlege nordmenn brukar av pengar på klede? For nokre år sidan brukte norske husstandar mellom 17 og 18 000 i året på klede i gjennomsnitt. I dette perspektivet er kanskje ikkje ein slik pris heilt umogeleg å forsvare? Og skal ein først snakke om uvettig pengebruk i kyrkjenorge bør ein heller ta for seg dei millionane av kroner vi pøsar ut på orgel i alle kyrkjer. Er dette noko som kommuniserer med folk i dag? Er dette noko som verkar pompøst?

Forøvrig meiner eg at alle argument som vert brukt mot bispekåpene også kan brukast mot prestekjoler, messehaglar og alt anna av liturgiske klede. Kan ikkje ein prestekjole verke pompøst og frå ei anna tid? Er ikkje messehaglane noko som kostar nokre tusenlappar?

Tre svenske biskopar i full mundur.
Biletet er lånt frå Svenska kyrkan.
Eg meiner slike bispekåper, og andre liturgiske klede, er ein naturleg og vakker del av gudstenestefeiringa. I vår kyrkje held vi gudstenestene fram som det sentrale i kyrkjelivet. Der skjer sakramentforvaltinga og der skjer hovudforkynninga. Vi held også fram kyrkja som Jesu kropp på jorda. Om vi tar vår eiga lære på alvor meiner eg det er rett og riktig av vi lar dette få uttrykk i både bygget som rommar gudstenestene våre, draktene på dei som leier gudstenestene og utforminga av liturgien. Dette er å heidre Kristus. Våre fremste leiarar vert ikkje kledd opp med desse kappene fordi dei er så knakande flotte folk eller fordi dei er jålete. Det er fordi vi viser at vi set bispefunksjonen høgt. Biskopen skal verne læra vår og stå som den fremste representanten for kyrkja på jorda. Eg meiner vi ærar kyrkja, og gjennom dette Jesus, ved å pynte henne på sitt vakraste.

Kva som er vakkert og korleis vi pyntar kyrkja kan ein sjølvsagt diskutere, men eg meiner absolutt ikkje at vi skal gje slepp på dei liturgiske kleda vi har i vår kyrkjetradisjon. Eg er av dei som heller vil ha meir av dei. Eg skulle gjerne sett at vi innførte både mitra og bispestav i Den norske kyrkje, slik dei har det i til dømes Svenska kyrkan. Samstundes kunne ein kanskje innføre større skilnader mellom bispedøma? Det er ikkje sagt at fordi eit bispedøme gjer ting pompøst og vakkert må alle gjere det slik. Eg trur både vi som set pris på «smells and bells» og dei som likar det heilt nedstrippa kunne ha tent på større variasjon i Den norske kyrkje.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar