mandag 11. februar 2013

Vi har en pave!

Vi har ein pave, så lenge det varar, og sidan det snart blir tid for kardinalane til å finne ein ny pave vil eg gje eit aldri så lite filmtips.

I 2011 kom filmen Vi har en pave! av den italienske regisøren Nanni Moretti. Dette er ein spanande film som gjev eit gripande innblikk i korleis det kanskje er å bli valgt til pave.

I filmen kjem vi inn i konklavet og ser korleis kardinal Melville vert valgt til pave, før han får nervesamanbrot på grunn av presset og ikkje klarar å bli presentert for den ventande folkemengda på Petersplassen. Vi vert med den nyvalgte paven på dei rundane han må gå med seg sjølve i møte med den enorme oppgåva han har blitt sett til, og ser korleis det er eit sårbart, redd menneske som går inn i ei rolle med enorme tradisjonar og forventingar, for ikkje å snakke om eit umenneskeleg press knytta til seg.

Filmen er sterk på skildringa av mennesket som skal gå inn i rollen som pave, og den har også ein del underfundige scener, som til dømes korleis kardinalane som er samla til konklavet slår i hel tida mellom valet er tatt og den nye paven kan møte jubelen på Petersplassen.

Kor realistisk det er, det som skjer inne i Det sixtinske kapell, er sjølvsagt umogeleg å seie, men det heile framstår som ganske realistisk og truverdig.

Eg trur denne filmen kan sette Benedikt XVI si avgjerdsle inn i eit nyttig perspektiv. Umiddelbart etter at nyhenda om abdiseringa vart kjent, byrja det å strøyme på med spekulasjonar på Twitter om kva paven hadde gjort og kva nokon hadde på han slik at han måtte gå av. Dette er sansynlegvis grunna i ein eller annan forestilling om at folk høgt oppe i hierarkiet i Den katolske kyrkja (og sikkert andre kyrkjer og...) er maktkåte folk som gjer det det gjer stort sett for å tene seg sjølv, og at dei vil klamre seg til makta til siste andedrag. Sanninga er nok heller at maktsjuka er jamnt fordelt ut over i samfunnet, og om ein vil ha makt, er det nok betre plassar å gå enn kyrkja.

At ein mann på 85 år kjenner at helsa ikkje er sterk nok til å stå i ein av dei mest krevjande posisjonane i verda, er ikkje det spor rart. Vi har en pave! får fram dette på ein vakker og småhumoristisk måte. Sjå filmen medan du ventar på kvit røyk over Vatikanet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar