onsdag 27. februar 2013

Leander av Sevilla

Den heilage Leander.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Det har blitt smått med merkedagar for helgenar på St. Isidors minne i det siste, men i dag minnast kyrkja ein mann vi ikkje kan gå forbi på ein blogg som er kalla opp etter Isidor av Sevilla. 27. februar er nemleg minnedag for Isidor sin eldre bror Leander. Også han var erkebiskop i Sevilla. Dei hadde også tre andre søsken og to av dei vert og rekna for heilage: nonna Florentina av Cartagena og biskopen Fulgentius av Astigi.

Søskenflokken vart forelderlause medan Isidor og Florentina var unge, og Leander oppdro Isidor og var verge for Florentina, og det kan absolutt virke som om han har gjort sakene sine godt.

I 562 vart Leander benediktinarmunk, og grunnla ein viktig skule som vart eit senter for kristen lære, før han i 579 vart biskop i Sevilla. I 583 var han i Konstantinopel, anten i eksil frå kongen eller i oppdrag for kongen[1], og der vart han ven med han som seinare skulle verte pave Gregor den store. Dei to utvikla eit nært venskap, som skulle vare i åra framover. Omkring 584 vart Leander erkebiskop i Sevilla, ein posisjon han hadde fram til Isidor tok over for han etter at Leander var død. Medan han var i Konstantinopel skreiv han viktige skrifter mot arianismen, som var dominerande i Spaina på denne tida.

Leander sitt hovudverk som erkebiskop var at han fekk visigotarane i Spania til å gå vekk frå arianismen og attende til den ortodokse kristentrua. Både kongehus og dei fleste av biskopane forkasta arianismen. Han stod bak viktige kyrkjemøter, og jobba hardt for einskapen i kyrkja i Spania.

Det er frå Leander vi har den vakre skikken med å synge Nicenum. Det var han som innførte denne skikken i vestkyrkja, ein skikk vi framleis har. Han gjorde også mykje arbeid med den mozarabiske liturgien. Dette er ein liturgi som i dag kun er i bruk i Toledo. I klippet nederst kan ein høyre Gloria med mozarabisk messing, som er ein del av denne liturgien. I kor stor grad dette er likt slik det vart praktisert i kyrkjene i Spania på 500- og 600-talet veit eg ikkje, men det er vakkert. Ei mozarabisk messe i Toledo står høgt på mi liturgiske ynskjeliste.

Leander skreiv verket Moralia om Job på oppmoding frå Gregor den store. Kun to ting han skreiv er framleis bevart. Det er ein klosterregel han skreiv til søstera og ei preike frå eit konsil i Toledo.

13. mars 600 eller 601, og ligg gravlagt i Sevilla mellom Isidor og Florentina. Han har altså minnedag 27. februar og vert gjerne avbilda med eit pergament med orda «Credite o gothi consubstantialem patri» påskrive. Dette var orda han brukte for å forsvare Kristi guddom.



[1] Katolsk.no og Oxford Dictionary of Saints seier han var i oppdrag for kongen, medan Catholic Encyclopedia seier han var i eksil.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar