onsdag 6. mars 2013

Spontan kvekardom i Røldal

Røldalsvatnet som har ein sentral plass i soga om kvekarane
i Røldal.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Vi skal igjen attende til Bjørgvin. Kyrkjehistorisk årbok frå Kyrkjesogelaget, denne gangen til årbøkene frå 1993 og 1994, og det som der vert omtala som «noko av det mest underlege religiøse fenomen som nokon gong han ovra seg i landet vårt». Det kan til og med vere, Asbjørn Odd Ystebø, forfattaren av desse orda, har heilt rett i dette, for den spontane kvekarvekkinga i Røldal på 1840-åra og nokre tiår framover er underlege greier.

Det heile starta då Knut K. Odland flytta til Botnen i Røldal i 1842 og tok namnet Knut Botnen, etter garden han hadde kjøpt. Knut var ein dyktig bonde og ein from mann, men han fekk ikkje tak på verken Luther sin katekisme eller Pontoppidan si forklaring. Når han sjølv las i Bibelen, stod derimot ting klart for han, og han oppdaga etterkvart at det var fleire ting han ikkje var einig med presten i.

Knut gjekk rundt til naboane sine på kveldstid. Der bad han om å få lese eit ord for dei, eller berre peika på Bibelen. Han sa at ein måtte finne sjelero og oppleve Gud i sitt indre. Folk lurte på om han hadde blitt gal, og fekk presten til å snakke med han. Presten kom og høyrde på Knut, og sa så «En indre lære? En meddelelse direkte til sjælen - hm? Men mann, dog, du er jo kvæker!» Presten rapporterte dette til biskopen som kalla inn Knut til samtale då han var på visitas i Røldal. Biskopen høyrde kva han sa, la handa si på hovudet hans og sa «Vær redelig overfor det du har fått, min sønn!»

Då ein kom til 1850 samla Knut sine samlingar omtrent alle i grenda. Dei kom saman kvar søndag til skriftlesing før dei sat for å «anvende en stund i stillet og vente på Herren.» Knut sjølv meldte seg ut av statskyrkja i 1849, og i 1851 kom det heile 10 utmeldingar. Det hadde utvikla seg ei frikyrkja som veik frå statskyrkja si lære i synet på mellom anna dåp, konfirmasjon, vigsle og gravferd. Det heilt spesielle i denne samanhengen var at dette skjedde heilt utan påverknad frå utsida. Kvekarnemninga var det presten som hadde gjeve dei, medan ingen i kyrkjelyden kjende til denne rørsla.

Det vert underlegare. Det var ein kvekarkyrkjelyd i Stavanger på denne tida, og i 1853 kom ein engelsk og ein amerikansk kvekar til Stavanger. Amerikanaren, Lindley Murray Hoag, fortalde til venene i Stavanger at han hadde fått eit kall til Norge, og fått fleire syner der han såg ei bygd, liggjande ved eit vatn mellom høge fjell. Han kunne til og med smake korleis fisken i vatnet smakte. Utlendingane fekk med seg Endre Dahl, leiaren for kvekarane i Stavanger, og saman drog dei rundt til alle kvekarane Dahl visste om for å sjå om dei kunne finne bygda frå syna, utan at dei fann bygda Hoag hadde sett. Dei ville ikkje gje seg, og Dahl la fram eit kart som amerikanaren såg på ei stund før han sette fingeren på kartet og sa at der i området var bygda han leita etter.

Dei drog så til Sauda, som må ha vore omtrent der han sette fingeren, og kalla inn til møte der. Knut Botnen fekk høyre om møtet, og vart interessert sidan det var snakk om eit kvekarmøte, altså det presten hadde sagt at han var. Ein flokk frå kyrkjelyden drog frå Røldal og fekk med seg siste del av  møtet. Dei fekk Hoag til å kome til Røldal for å halde møte for dei der. Då Hoag såg Røldal, såg han at dette var bygda han hadde sett i synene sine. Det første han fekk å ete i Røldal var fisk frå vatnet, og den smakte akkurat slik han meinte den skulle smake.

Hoag hadde møter for venene i Røldal, og dei såg seg no inn i den større kvekarrørsla og knaut band til kvekarane i Stavanger. Vekkinga i Botnen fortsette, og i 1854 gjekk seks familier ut av statskyrkja. Kvekerkyrkjelyden i Røldal hadde no 36 medlemmer. No byrja kvekarane i bygda å emigrere til USA, utan at det stoppa kyrkjelyden. I 1868 hadde dei 70 medlemmer. Då hadde spenningane i bygda blitt så store at det vart ei masseemigrering av kvekarar. I 1869 drog 44 menneske frå Røldal til USA med båten «Heros» og ein familie med ein annan båt, og i 1870 var det kun to kvekarar att i bygda. Desse melde seg inn att i statskyrkja.

Slik ser kyrkja ut i dag.
Biletet er lånt frå denne sida.
Røldalsfolket slo seg ned saman med andre kvekarar i Le Grand[1] i Iowa. Mellom kvekarane der var det og mange nordmenn. Dette vart eit levekraftig samfunn med det som etterkvart vart to kvekarkyrkjelydar; ein engelskspråkeleg og ein norskspråkeleg. Den norske kyrkjelyden fekk namnet Stavanger Church, og er framleis ein levande kyrkjelyd. Knut Botnen døydde i Le Grand i Iowa i 1889.

Interessant nok er den legendarisk prega forteljinga om Lindley Murray Hoag framleis ei sentral forteljing for kvekarane i Le Grand.[2] Asbjørn Odd Ystebø spurde om kvekarane der nokon gong hadde opplevd at nokon stilte spørsmål rundt forteljinga, noko det vart kategorisk nekta for at skjedde, og han seier så at «[k]orleis enn vegane fell seg for kvekaretterkomarane frå Røldal, vil truleg det overnaturlege nedslaget i ættesoga deira leike dei i hugen i endå fleire slektsledd.»

Eg skal ikkje seie at eg går god for alle delane i denne forteljinga, men historia frå Røldal er uansett ei betre foreljing enn dei aller fleste bygder har å by på!

Kjelder
Asbjørn Odd Ystebø, «Kvekarsamfunnet i Røldal - Den makelause vekkjinga!» i Bjørgvin. Kyrkjehistorisk årbok, 1993, side 137-142 og 1994, side 89-104

[1] Kanskje den bygda i verda med grellast nettside!
[2] Ho ligg til dømes sentralt plassert på kyrkjelyden sin nettstad.

2 kommentarer:

Petter sa...

Interessant lesnad!!

Asbjørn Ystebø sa...

Om denne "makelause vekkinga" i Røldal og den vidare utviklinga i Iowa, USA, gjev eg ei meir grundig framstilling i seminarboka frå fagseminaret som vart halde under Utvandringsfestivalen 2006 på Vestnorsk Utvandringssenter, 5939 Sletta, sommaren 2006. Tittelen på boka er: "Minoritetar - få Noreg til Amerika: grupper som drog frå Noreg til Amerika for å oppnå fridom og betre livsvilkår" . Der vert det også nemnt om avdukinga av det "Kvekarminnet" som vart sett opp på tomten der dei hadde møte- og skolehuset sitt i Botnen i Røldal før dei kollektivt reiste til Amerika i 1869. I alt reiste 86 personar ut frå denne særmerkte vekkinga, og alle namna er førde opp på minnesmerket - liksom det er i artikkelen i seminarboka. Boka er registrert slik: ISBN-978-827834-036-3. Den kan tingast (kjøpast) på Vestnorsk Utvandringssenter, 5939 Sletta. -tlf. 56372000. Takk elles til Skauge som har synt interesse for denne noko spesielle utvandringssoga!
Mvh Asbjørn Ystebø (a-oy@online.no)

Legg inn en kommentar