tirsdag 12. mars 2013

Innelåste kardinalar

Det pavelege våpenet under
sede vacante.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons
I dag vert kardinalane låst inne i konklavet i Roma. Eg er viss på at dei har det greit der, bortsett frå at dei må gjennomføre ein av dei viktigaste, og dermed sikkert ein av dei vanskelegaste, prosessane i verda. Cum clave betyr eigentleg «med nøkkel», og har ikkje noko med Peter sine nøklar å gjere, sjølv om det kunne vore naturleg. Nøklane vert brukt til å låse kardinalane inne, men det har nok vore større nøklar i sving tidlegare. St. Isidors minne ser på korleis nøklar låste inne dei som skal velge han med nøkkelen.

Då ein skulle finne ny pave etter Gregor IX i 1241, var det krig mellom kyrkja og keisar Fredrik II. Det var kun tolv kardinalar på dette tidspunktet, og to av desse var i fangenskap hos keisaren. Dei resterande ti var delte i synet på krigen, og det viste seg umogeleg å finne ein kandidat med to tredelar av kardinalane bak seg. Dette gjorde at det heile tok lang tid, og Fredrik vart utolmodig, då han såg for seg at det skulle kome ein pave som støtta han og dermed få slutt på krigen. Styrkesmaktene i Roma fekk då låst inne kardinalane i Septidozium. Bygget var i dårleg stand, latrinene vart ikkje vaska, det var varmt og dei fekk lite mat. Til saman førte dette til at ein av kardinalane døydde, og at ein valgte han som fekk namnet Celestin IV til pave. Celestin var gamal, og døydde før han rakk å innta pavestolen, sansynlegvis som eit resultat av forholda under dette som var det første konklavet, altså den første gongen kardinalane vart låst inne.

Pavepalasset i Viterbo.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Det skulle gå nesten tretti år, og fire pavevalg til, før kardinalane på det femte valet (om eg har talt rett) vart låst inne igjen. I 1268 døydde Klemens IV, og det å finne ein ny pave skulle vise seg å verte ein langdryg sak. På dette tidspunktet var det 20 kardinalar, men då dei kom saman i Viterbo der pavepalasset lå 1. desember 1268, var ein av dei vekke. Dei nitten som var der var djupt splitta, politisk og familiært. I byrjinga kom og gjekk kardinalane stort sett som dei ville, utan at det vart valgt nokon pave. Etter to månader skal dei ha vore svært nære å velge Filip Benizi til pave, men då han høyrde kva som var i gjære rømde han for å sleppe å verte pave. Då ein kom til slutten av 1269, altså rundt eit år etter at prosessen starta, byrja folk i Viterbo å gå lei. Kardinalane vart, vistnok frivillig, låst inn i pavepalasset. Dei fekk mindre og mindre rasjonar med mat, og etter ei stund fekk dei kun vatn og brød. I januar 1271 vart taket på huset tatt av, vistnok etter at ein engelsk kardinal på spøk hadde sagt at taket burde fjernast slik at Den heilage ande lettare kom inn. Kardinalane skal ha truga med å lyse heile byen i bann, og det kom etterkvart eit nytt tak på plass. 1. september kom dei fram til at dei måtte delegere oppgåva til ei mindre gruppe. Seks menn fekk i oppgåve å finne ein ny pave, og same dag vart dei einige. Dei valgte ein mann som ikkje var tilstades, Teobaldo Visconti, som tok pavenamnet Gregor X. Då kardinalane gjekk ut av konklavet var dei tre mindre. To hadde død i før dei kom fram til ei løysing, medan ein hadde blitt sendt heim fordi han var for sjuk til å vere der. For å gjere det heile endå meir komplisert var den nyvalgte paven på korstog i Palestina, og det skulle gå seks nye månader før han var på plass i pavstolen. Det hadde då gått 40 månader sidan Klemens IV døydde.

For å sikre seg at slike ting som dette ikkje skjedde igjen, fekk Gregor X innført reglar for pavevalg. I desse reglane vart mellom anna konklavet, altså avsondring frå resten av verda, innført og slik er det framleis, sjølv om den strenge tvangsaskesen kardinalane vart påført i Gregor sitt reglement har blitt mjuka betrakteleg opp av seinare pavar.

Vi satsar på at taket i det sixtinske kapell får leve i nokre år til og at kvit røyk snart stig opp over Roma. Guds signing over pavevalet!

Kjelder
Frédéric J. Baumgartner, Behind Locked Doors: A History of the Papal Elections, Palgrave Macmillan, 2003. Side 35-38
Wikipedia, Papal election , 1241, Papal election, 1268-71
Katolsk.no, En ny pave velges, Kort om pavevalg

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar