Kva skal ein meine om slikt som dette? Er dette eit nedslåande døme på kor langt samanblandinga har gått, særleg i den ortodokse kyrkja, mellom kyrkja og militæret, eller er dette eit gledeleg døme på ei kontekstuell kyrkje som er der folk er?
Uansett er det i alle fall ganske stilig med ei oppblåsbar kyrkje med transportable ikon. Det trur eg vi alle kan einast om.
Viser innlegg med etiketten Film. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Film. Vis alle innlegg
tirsdag 9. april 2013
mandag 11. februar 2013
Vi har en pave!
Vi har ein pave, så lenge det varar, og sidan det snart blir tid for kardinalane til å finne ein ny pave vil eg gje eit aldri så lite filmtips.
I 2011 kom filmen Vi har en pave! av den italienske regisøren Nanni Moretti. Dette er ein spanande film som gjev eit gripande innblikk i korleis det kanskje er å bli valgt til pave.
I filmen kjem vi inn i konklavet og ser korleis kardinal Melville vert valgt til pave, før han får nervesamanbrot på grunn av presset og ikkje klarar å bli presentert for den ventande folkemengda på Petersplassen. Vi vert med den nyvalgte paven på dei rundane han må gå med seg sjølve i møte med den enorme oppgåva han har blitt sett til, og ser korleis det er eit sårbart, redd menneske som går inn i ei rolle med enorme tradisjonar og forventingar, for ikkje å snakke om eit umenneskeleg press knytta til seg.
Filmen er sterk på skildringa av mennesket som skal gå inn i rollen som pave, og den har også ein del underfundige scener, som til dømes korleis kardinalane som er samla til konklavet slår i hel tida mellom valet er tatt og den nye paven kan møte jubelen på Petersplassen.
Kor realistisk det er, det som skjer inne i Det sixtinske kapell, er sjølvsagt umogeleg å seie, men det heile framstår som ganske realistisk og truverdig.
Eg trur denne filmen kan sette Benedikt XVI si avgjerdsle inn i eit nyttig perspektiv. Umiddelbart etter at nyhenda om abdiseringa vart kjent, byrja det å strøyme på med spekulasjonar på Twitter om kva paven hadde gjort og kva nokon hadde på han slik at han måtte gå av. Dette er sansynlegvis grunna i ein eller annan forestilling om at folk høgt oppe i hierarkiet i Den katolske kyrkja (og sikkert andre kyrkjer og...) er maktkåte folk som gjer det det gjer stort sett for å tene seg sjølv, og at dei vil klamre seg til makta til siste andedrag. Sanninga er nok heller at maktsjuka er jamnt fordelt ut over i samfunnet, og om ein vil ha makt, er det nok betre plassar å gå enn kyrkja.
At ein mann på 85 år kjenner at helsa ikkje er sterk nok til å stå i ein av dei mest krevjande posisjonane i verda, er ikkje det spor rart. Vi har en pave! får fram dette på ein vakker og småhumoristisk måte. Sjå filmen medan du ventar på kvit røyk over Vatikanet.
torsdag 22. november 2012
mandag 19. desember 2011
Tysk, ekspresjonistisk advent
I går brukte eg kvelden på å sjå Fritz Lang sin klassiskar Metropolis. I denne dystopien frå 1927 vert vi tatt med inn i ein framtidsby der ein finn ein overklasse som lev i luksus medan ein stor arbeidarklasse er gøymt vekk under jorda og brukar liva sine til å slite med farlege maskiner som driv den flotte byen over jorda. Til arbeidarane kjem det ei slags profetinne, Maria, som fortel korleis det skal kome ein "mellommann" som skal ordne opp mellom arbeidarane og dei rike. "Hender" og "hovud" treng ein mellommann, og denne mellommannen må vere "hjarta". Mellommannen viser seg å vere Freder, sonen til den eineveldige sjefen for byen. Han har kome ned til arbeidarane, som han ser på som sine syskjen, og vert forferda over det han ser der.
Det er ikkje så vanskeleg å sjå nokre paralellar til ei anna kjent historie i europeisk kulturhistorie om ein annan mellommann som, etter profetiar, steig ned til sine syskjen frå sin far. Alt er sjølvsagt ikkje heilt likt, men også i Metropolis er det ei adventscene. På YouTube har nokon delt opp filmen i småklipp, og Maria sin tale der ho snakkar om han som skal kome er eit eige klipp. Anbefalast i adventstida, om ein berre ser vekk frå musikken som er lagt på her.
Det er ikkje så vanskeleg å sjå nokre paralellar til ei anna kjent historie i europeisk kulturhistorie om ein annan mellommann som, etter profetiar, steig ned til sine syskjen frå sin far. Alt er sjølvsagt ikkje heilt likt, men også i Metropolis er det ei adventscene. På YouTube har nokon delt opp filmen i småklipp, og Maria sin tale der ho snakkar om han som skal kome er eit eige klipp. Anbefalast i adventstida, om ein berre ser vekk frå musikken som er lagt på her.
torsdag 24. november 2011
Reklame kan vere artig
Ein kan sjølvsagt seie noko klisjeaktig om at fordommar straffar seg eller at ein ikkje skal døme folk på grunn av utsjånaden eller slikt, men eg trur vi droppar det. I staden kosar vi oss med ein artig reklamefilm.
Eg satsar på at Helsedirektoratet ser ein annan veg...
Eg satsar på at Helsedirektoratet ser ein annan veg...
tirsdag 20. september 2011
Bergen i 1350
Bergen kommune og Riksantikvaren har laga denne flotte filmen som viser korleis Bergen kan ha sett ut i 1350. Strålande artig!
Ein kan lese meir om rekonstruksjonen på Riksantikvaren sine nettsider.
Ein kan lese meir om rekonstruksjonen på Riksantikvaren sine nettsider.
fredag 24. desember 2010
torsdag 28. oktober 2010
Munro
Eg kom over denne flotte kortfilmen frå BBC film network. Den er absolutt verdt å bruke 15 og eit halvt minutt på. Den flotte musikken ein høyrer undervegs og under rulleteksten er laga av ein av mine favorittar, Malcom Middleton.
Abonner på:
Innlegg (Atom)