mandag 19. desember 2011

Tysk, ekspresjonistisk advent

I går brukte eg kvelden på å sjå Fritz Lang sin klassiskar Metropolis. I denne dystopien frå 1927 vert vi tatt med inn i ein framtidsby der ein finn ein overklasse som lev i luksus medan ein stor arbeidarklasse er gøymt vekk under jorda og brukar liva sine til å slite med farlege maskiner som driv den flotte byen over jorda. Til arbeidarane kjem det ei slags profetinne, Maria, som fortel korleis det skal kome ein "mellommann" som skal ordne opp mellom arbeidarane og dei rike. "Hender" og "hovud" treng ein mellommann, og denne mellommannen må vere "hjarta". Mellommannen viser seg å vere Freder, sonen til den eineveldige sjefen for byen. Han har kome ned til arbeidarane, som han ser på som sine syskjen, og vert forferda over det han ser der.

 Det er ikkje så vanskeleg å sjå nokre paralellar til ei anna kjent historie i europeisk kulturhistorie om ein annan mellommann som, etter profetiar, steig ned til sine syskjen frå sin far. Alt er sjølvsagt ikkje heilt likt, men også i Metropolis er det ei adventscene. På YouTube har nokon delt opp filmen i småklipp, og Maria sin tale der ho snakkar om han som skal kome er eit eige klipp. Anbefalast i adventstida, om ein berre ser vekk frå musikken som er lagt på her.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar