torsdag 1. desember 2011

Dagen for oppløysing av militæret

President Ferrer knuser ein vegg i Curatel Bellavista som eit
symbol på at han legg ned militæret.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
St. Isidors minne vil i dag ta fram ein sak til inspirasjon. 1. desember 1948 oppløyste José Figueres Ferrer, presidenten i Costa Rica, landet sitt militærvesen etter at han hadde gått sigrande ut av ein borgarkrig. Etter dette har ikkje landet hatt militære styrker, og i 1949 kom ei ny grunnlov. Denne slår «ovanligt nog fast att landet inte ska ha någon armé», som den svenske ambasaden formulerer det på sine landsider om landet.

Det er sjølvsagt enorme summar å spare på eit slikt grep, og også når det gjeld omfordelinga av desse pengane går Costa Rica føre med eit strålande døme for oss andre. Dei brukar sjølvsagt noko pengar på sikkerheit, men det flotte er at dei også brukar dei pengane dei «får til overs» på utdanning og kultur. For å understreke sine forpliktingar som eit kulturland, har ein gjort om det gamle militærhovudkvarteret, Curatel Bellavista, til nasjonalmuseum. Då ein gjorde det, reiv ein også tårna på bygget, for å fjerne det militære preget på hovudstaden.

Landet brukar som sagt noko pengar på sikkerheit sjøl om dei ikkje har noko militærvesen. Dei har ein liten styrke dei kallar Fuerza Pública som består av rundt 6000 mann som har ansvar for vanleg politiverksemd, sikkerheit, ro og orden. Dette er delvis ein politistyrke, delvis spesialeiningar, grensevakter, kystvakt og likande.

Det vert gjerne hevda at ein må ha eit militærvesen for at eit land skal fungere og vere trygt. Den svenske ambasaden seier følgjande om Costa Rica:
Costa Rica är ett land som skiljer sig markant från resten av Centralamerika. Till skillnad mot i grannländerna, har den costaricanska befolkningen levt i fred och demokrati sedan 1948 då landets militär avskaffades. Den sociala och ekonomiska utvecklingen är i ett regionalt perspektiv långt framskriden. Utbildningsnivån är god och strukturen på landets näringsliv har moderniserats.
Eg seier berre: Sjå til Costa Rica!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar