søndag 4. desember 2011

Adventstankar

Den gravide jomfrua.
Biletet er frå ei alter-
tavle i Sveits og ligg på
Wikimedia Commons.
I det siste har ein diskutert den nye omsetjinga av Bibelen. Det har særleg vore eit par ting som har vorte diskutert: Fader vår/ Vår Far og spørsmålet om det skal stå «jomfru» eller «ung kvinne» i Jesaja 7,14.

I Bibel 2011 står det altså «Sjå, den unge jenta skal bli med barn og føda ein son, og ho skal gje han namnet Immanuel.» i staden for «Sjå, ei møy skal verta med barn og føda ein son, og ho skal kalla han Immanuel.» «Møy» er altså blitt til «ung jente».

Dette er sjølvsagt noko det vert reagert på. Pussig argumentasjon som at «Underet er borte fra denne utgaven [...] Her er det nemlig snakk om et under og da er det bare ordet ”jomfru” som kan og skal benyttes!» kjem fram. Det vert og hevda at dette er å dundre laus på sanninga om at Jesus vart født av ei jomfru som ein del av ein «tsunami av bibelskepsis som velter inn over de unge i samfunn, kirke og teologi». Frå heilt andre kretser slår ein bombastisk og kunnskapslaust fast at no «kan debattene om hvorvidt Jesu mor var jomfru og like vel fødte en sønn stilne av. I den nye Bibelen, som tas i bruk fra 22. oktober, er jomfru Maria blitt til «ung kvinne».»

Eg nemner slike reaksjonar fordi eg meiner dei bommar. Eg trur den nye omsetjinga kan gjere trua på jomfrufødselen sterkare. Det som nemleg kjem tydlegare fram i den omsetjinga vi no har fått, er det unødvendige med jomfrufødselen. Det er fullt mogeleg å bedrive kontrafaktisk teologi hjå dei første kristne og tenkje seg inkarnasjonen utan noko som helst snakk om jomfrufødsel. Det vert kanhende litt annleis, men den seinare soningsdøden kan fint verte like viktig og sentral.

Folk i Middelhavsområdet for 2000 år sidan var fullt klar over korleis born vart til. Å snakke om at ei mor var jomfru var like lite eigna til å framstå som truverdig då som no. Det at dei første kristne likevel valgte å fortelje om jomfrufødselen tyder på at dei meinte dette var viktig å fortelje om. Det var så viktig at dei valgte å fortelje dette med dei konsekvensane det fekk for truverdet på det dei sa. Det hadde dei ikkje gjort om ikkje dei trudde det var sant.

Dette vert endå tydelegare i den nye omsetjinga. Jomfrufødselen er sjølvsagt ikkje borte frå Bibelen. Ordlyden i GT gjer ikkje at dei mykje tydlegare orda i NT endrar meining, men vi ser tydelegare korleis læra om jomfrufødsel ikkje er noko dei første kristne tok med seg som ei krampeaktig lære dei arva frå eldre skrifter, men korleis dette var noko dei trudde på og tok med i sine skrifter, til trass for at det var eit like dårleg salsargument for ei ny lære då som no. Dette gjorde dei ikkje fordi dei måtte, men fordi dei meinte det var slik Jesus vart til.

Fra Angelico sitt maleri av denne forteljinga.
Biletet ligg på Wikimedia Commons.
Vi går vidare i adventstida med forteljinga om jomfrua som får bodskapen om at ho skal få ein son:
Men då Elisabet var i sjette månaden, vart engelen Gabriel send frå Gud til ein by i Galilea som heitte Nasaret, til ei jomfru som var lova bort til Josef, ein mann av Davids ætt. Namnet hennar var Maria. Engelen kom inn til henne og sa: «Ver helsa, du som har fått nåde! Herren er med deg!» Ved desse orda vart ho forskrekka og undrast på kva denne helsinga skulle tyda. Men engelen sa til henne:
          «Ver ikkje redd, Maria! For du har funne nåde hos Gud.
          
    Høyr! Du skal bli med barn og få ein son,
          og du skal gje han namnet Jesus.
          
    Han skal vera stor og kallast Son til Den høgste.
          Herren Gud skal gje han kongsstolen til David, far hans.
          
    Han skal vera konge over Jakobs hus til evig tid,
          og det skal ikkje vera ende på kongedømet hans.»
Maria sa til engelen: «Korleis skal dette gå til når eg ikkje har vore saman med nokon mann?» Engelen svara:
          «Den heilage ande skal koma over deg,
          og krafta frå Den høgste skal skyggja over deg.
          Difor skal òg barnet som blir fødd,
          vera heilagt og kallast Guds Son.
Og høyr: Elisabet, slektningen din, ventar ein son, ho òg, på sine gamle dagar. Ho som dei sa ikkje kunne få born, er alt i sjette månaden. For ingen ting er umogleg for Gud.» Då sa Maria: «Sjå, eg er Herrens tenestekvinne. Lat det gå meg som du har sagt.» Så forlét engelen henne. Luk 1,26.37

1 kommentar:

Legg inn en kommentar