lørdag 10. desember 2011

Krystallpalass og nedrykksmeistrar

Eg hamna for ei stund sidan i eit ordskifte om pussige namn på fotballklubbar, og då er det sjølvsagt umogeleg å kome utanom Crystal Palace F.C., eit gamalt engelsk lag som høyrast meir ut som ein residens for ein magikar i ei bok med fantastisk litteratur enn ein fotballklubb. Ei bok som kanskje endar i eit stort slag der Queens Park Rangers angrip Krystalpalasset og trollmannen som bur der.

Crystal Palace er uansett eit skikkeleg fotballag, utan at det sa oss noko om kvar namnet kom frå. Vi var klar over at det er eit område i London som heiter det same, men hadde aldri høyrt om noko krystallpalass ein burde ta ein titt på medan ein såg på dei andre tinga ein bør sjå i London. Så kvar kom dette namnet frå?

Crystal Palace F.C. vart stifta i 1905, og var då faktisk den andre klubben med dette namnet. Den første vart stifta allereie i 1861 og hadde ein stolt historie. Den var ein av dei klubbane som var med og grunnla det engelske fotballforbundet og kom til semifinalen i den første FA cupen. Klubben hadde eit kort liv og vart oppløyst i 1876. Det pussige namnet fekk klubben på grunn av arbeidsplassen til spelarane. Vi er nemleg attende på den tida då ein fotballklubb ofte var ei sameining av fotballinteresserte med same arbeidsplass eller bustad i staden for ein kommersiell maskin. Spelarne på Crystal Palace var vaktmeistrar i ei internasjonal utstilling ein hadde i Hyde Park. Og der stod det faktisk eit krystallpalass!

Krystallpalasset i Hyde Park.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
The Crystal Palace vart bygd til denne utstillinga som vart halde i 1851. Det var sjølve utstillingshallen som utstillinga vart halde i, og var på heie 92 000 kvadratmeter. Utstillinga skulle vise dei siste teknologiske nyvinningane, og bygget var i seg sjølve ein teknologisk triumf. Ein hadde kome opp med ein ny måte å bearbeide glas på, og dette palasset var den største samlinga med glas i eit bygg i verda.

Bygget var svære greier med fullvaksne tre veksande inne og ei fontene på åtte meter. Det var også den første staden ein sette opp offentlege toalett i stor skala.

Krystalpalasset etter at det vart flytta.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Etter at utstillinga var ferdig flytta ein heile greia. Krystallpalasset stod i delvis ny form i 1854. Flyttinga kosta nesten ti gonger så mykje som å bygge det hadde gjort, utan at det framstår som ei strålande investering. Palasset vart brukt til alt frå katteutstillingar til markering av kroning av konge og dronning, men det gjekk konkurs i 1911. Under første verdskrig brukte marinen det til treningsbase for 125 000 soldatar.

Det stod dårleg til med finansane til eigarane, og bygget skal ha vore prega av forfall. I 1936 hadde ein heller ikkje forsikra det skikkeleg, og då brann palasset ned til grunnen, noko som gjer at ei vitjing i krystallpalasset ikkje er ein obligatorisk del av turistløypa i London. Men i januar i år offentleggjorde Crystal Palace F.C. planar om å flytte attende til denne tomta. For det var nemleg også ei fotballbane i samband med glashuset. Det var der klubben kom frå, og no vil dei altså attende.

Den noverande klubben vart stifta i 1905 av folk som jobba i det siste krystallpalasset, og har ikkje noko meir å gjere med den gamle klubben enn namnet og arbeidsplassen til spelarane. Dette er ein klubb ein nesten må få sympati med, og ikkje berre på grunn av det fantastiske namnet. Sidan dei vart stifta har dei med stort hell halde seg vekk frå titlar, i alle fall av det store slaget. Dei har sjølvsagt vunne regionalserier og dermed rykka opp i systemet og slikt, og i 1991 vann dei den svært kortliva Zenith Data Systems Cup. St. Isidors minne har tidlegare tatt fram fotballag med negative rekordar, og også Crystal Palace er eit slikt lag. Sidan ein danna FA Premier Leauge i 1992, er Crystal Palace den klubben som har rykka ned flest gonger, med fire nedrykk. Dei har også rykka ned på strategiske tidspunkt. I den første PL-sesongen (92/93) rykka dei ned, og då ein spelte den einaste sesongen der fire lag rykka ned (94/95), var dei med der også. Dei var også eit av tre lag som rykka ned den einaste sesongen alle dei nyopprykka laga rykka rett ned att. (97/98)

Dette er altså klubben med det fantastiske namnet. Crystal Palace kjem faktisk frå eit krystallpalass, sjølv om det ikkje budde ein magikar der.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar