søndag 8. mai 2011

Abergavenny Thursdays F.C. - Ein særs dårleg fotballklubb

Logoen henta frå seeklogo.com.
Det byrjar å bli lenge sidan FK Fotball gjekk på radioen, men eg vil ta fram ein av dei klubbane dei snakka om der ein gong. Den walisiske klubben Abergavenny Thursdays F.C har ei lang historie med både oppturar og nedturar, men åra frå 1992 til 2004 må vere noko av det verste ein kan finne i fotballhistoria. På desse åra klarte dei å bevege seg frå nivå ein i Wales til nivå sju.

Klubben vart stifta i 1927 og har
vore i semifinalen i den walisiske cupen. Dei har vunne den regionale serien Welsh Leauge fire gongar, faktisk så seint som i sesongane 1990-91 og 1991-92 , men så byrja marerittet.

Fram til 1992 spelte klubbane i Wales anten i det engelske seriesystemet eller i regionale

Ein fabelaktig nedrykksmaraton

1992-93: League of Wales (nasjonal) 20/20 - Nedrykk
1993-94: Welsh League Division One(regional) 14/18
1994-95: Welsh League Division One(regional) 4/19
1995-96: Welsh League Division One(regional) 15/18
1996-97: Welsh League Division One(regional) 15/18
1997-98: Welsh League Division One(regional) 19/19 - Nedrykk
1998-99: Welsh League Division Two (regional) 12/16
1999-00: Welsh League Division Two (regional) 16/16 - Nedrykk
2000-01: Welsh League Division Three (regional) 16/16 - Nedrykk
2001-02: Gwent County League First Division (lokal) - Nedrykk
2002-03: Gwent County League Second Division (lokal)
2003-04: Gwent County League Second Division (lokal) - Nedrykk
2004->: Gwent County League Division Three
Tabellplasseringar henta frå Football Club History Database.
seriar som i hovudsak var, og er, delt mellom nord og sør i landet. Før 1992-93 sesongen var Wales eit av ytterst få medlemsland i FIFA utan ein nasjonal liga. Ein skulle så rette på dette og starta ein nasjonal, semiprofesjonell liga med 20 lag frå heile landet. Der vart dei nest beste klubbane i Wales plukka ut til å vere med og Abergavenny Thursdays var eit naturleg val med to ferske sigrar i Welsh Leauge. Dei som derimot ikkje var med, var dei gode laga frå Wales: Cardiff, Swansea og Wrexham vart verande i det engelske seriesystemet. Den walisiske toppdivisjonen 1992-93 var altså ikkje i det europeiske toppsjiktet. (I mai 2011 rangerer UEFA den walisiske serien som den 46. beste av dei 53 som er i Europa. Bak sterke seriar som den albanske, montenegrinske, lichtensteinske...) 

Sesongen 1992-93 skulle byrje, og med suksess i serien kunne Abergavenny Thursdays komme seg ut i Europacup og alt var bra. Slik gjekk det altså ikkje. Før serien starta krevde det walisiske fotballforbundet ein garanti for at klubben ville klare å betale for flomlys til stadionen. Utan dette fekk dei ikkje spele i toppdivisjonen. Det var lenge usikkert om klubben ville klare å finne pengar til dette, og dermed om dei i det heile tatt ville få starte i serien. Dette gjorde at fleire spelarar og manageren for laget forsvann i oppkøyringa til serien. Det var altså eit svekka lag som spelte første kamp. Det gjekk greit; dei tapte berre 0-1, men sesongen enda med at dei havna på sisteplass i serien og vart degraderte til det regionale seriesystemet i Welsh Leauge.

Dei spelte fire sesongar på det walisiske andrenivået utan for store problem, og endte ein sesong heilt oppe på fjerdeplass, men før sesongen 1997-98 opplevde dei det dei omtalar som ein «exodus of quality players». Sesongen vart ein katastrofe! På trettiseks kampar fekk dei berre tre poeng og slapp inn 210 mål. Det er meir enn 5,8 baklengsmål i gjennomsnitt pr. kamp gjennom ein heil sesong, noko som bør vere ein eller annan rekord for eit lag så høgt oppe i systemet.

Dei rykka sjølvsagt ned til nivå tre. Der klarte dei ein sesong utan nedrykk, før dei i den andre sesongen, 1999-00, havna heilt sist og rykka ned til nivå fire. Der havna dei heilt sist i første sesong og rykka ned til den lokale serien Gwent County League, der dei også havna heilt sist i den første sesongen og rykka direkte vidare ned til nivå seks i Wales. På nivå seks klarte dei seg ein sesong, før dei i sin andre sesong rykka ned til Gwent County League Division Three, nivå sju i Wales, der dei har vore sidan.

På fem sesongar rykka dei ned fire gongar og slapp inn 675 mål i seriekampar.

Det er vanskeleg å mislike ein klubb som er så gjennomført dårleg som det Abergavenny Thursdays har vore dei siste tiåra. Frå vinnar av serien på det då høgaste nivået i Wales til nivå sju på tolv sesongar! Og alt dette i eit seriesystem som ikkje akkurat er kjent for å vere gjennomsyra av kvalitetslag. Kan det vere lag med like katastrofal historie nokon annan plass? 


 



















1 kommentar:

Legg inn en kommentar