søndag 24. juni 2018

Då Cuba sitt fotballandslag spelte i tysk fjerdedivisjon

Bonner SC
I desse VM-tider ligg det naturleg også for St. Isidors minne å ta for seg landslagsfotball. Eg vil ikkje fokusere på dei landa som er i VM, men derimot gå i andre enden av kvalitetsskalaen. Vi skal sjå på Cuba, og den gongen landslaget deira gjekk til tysk fjerdedivisjon.

Etter at Fidel Castro tok makta på Cuba, har landet alltid vore håplaust dårlege i fotball. Noko av forklaringa på dette ligg i at spelarar som var gode nok til å spele utanfor Cuba og gjekk til utanlandske lag vart bannlyst frå landslaget. Dette gjorde at om ein ville spele på landslaget måtte ein ta til takke med dårlege kampar i serien i heimlandet. Altså fekk ein aldri fram verkeleg gode spelarar. Dette gjorde at då den første FIFA-rankingen for landslag kom i 1993, var Cuba på 159. plass. Sidan totalitære regime ofte ser på fotball som ein god propagandakanal, var det klart at noko måtte gjerast.

Eit anna lag som heller aldri har fått det til, er Bonner SC frå Bonn i Tyskland. Dei har stort sett halde seg mellom tredje og femte nivå i Tyskland. I 1998, medan Cuba var rangert som det 107. beste laget i verda, såg trenaren til Bonner, Hans-Robert Viol, ein video av ein kamp mellom Cuba og Brasil. Cuba tapte sjølvsagt, men Viol fekk det for seg at nokre av dei cubanske spelarane kunne passe hos Bonner SC, og han gjorde framstøt for å få dei til Tyskland.

Cubanarane ville halde laget sitt samla, og ville ikkje sleppe dei spelarane Viol bad om, så Viol gjorde det ein kvar optimistisk trenar ville gjort. Han sa at om han ikkje fekk hente to-tre landslagsspelarar, kunne han ta heile gjengen. Dette var tydlegvis ein tanke det cubanske fotballforbundet likte, for med velsigning frå Fidel Castro sjølv gav dei tommel opp til dette og sendte femten spelarar, ein kokk, ein tolk, ein massør og to trenarar til tysk fjerdedivisjon. Kravet frå det cubanske fotballforbundet sin side var enkelt nok for tyskarane å oppfylle: Spelarane skulle ikkje få løn. I staden fekk det cubanske fotballforbundet litt utstyr i betaling. Ballar og slikt. Og så håpte leiarane i Cuba at spelarane skulle lære tysk strategi, disiplin og anna som er kjekt å kunne, og bli eit knakande godt fotballag.

Vi har aldri høyrt noko særleg om det cubanske fotballeventyret etter 1998 i ettertid, og det er ikkje så rart. Ingen hadde noko erfaring med at eit heilt landslag meldte overgang til ein klubb i eit anna land, så det vart naturleg nok litt oppstyr i dei som held styr på regelverket i fotballverda. Bonner SC var så langt nede i systemet at regelen om berre tre spelarar utanfor EØS-området ikkje angjekk dei. Så den saken var grei. Dei kunne i teorien køyre med heile gjengen samstundes. Truleg var ikkje cubanarane særleg gode, for sjølv i ein treningskamp for eit lag på nivå fire i Tyskland, ser det ut som om berre fem cubanarar fekk spele.

Likevel var verken dei gamle spelarane på Bonner SC eller det tyske fotballforbundet særleg glade for opplegget.  Fotballpresidenten i regionen greip til slutt inn og klarte å få nekta visum for gjengen frå Cuba, og mesteparten måtte dra heim att utan at Cuba sitt landslag vart ein sentral del av det tyske ligasystemet.

Nokre få cubanarar vart att og har gjort seg kjente gjennom store bragdar som å spele mot B-laga til klubbar som Köln og Borussia Mönchengladbach. Bonner SC rykka ned til nivå fem same sesong som dei hadde cubanarane på besøk, og Cuba rauk ut av neste VM-kvalifisering på straffer mot fotballstormakten Barbados.

Alt i alt ein total fiasko, altså. Men ein slik historie eg blir glad av.

Kjelde: FC FIDEL: WHEN CUBA JOINED THE GERMAN FOURTH TIER


søndag 17. juni 2018

Fin bok frå Sumaya Jirde Ali

For ei veke sidan las eg den lille boka Ikkje ver redd sånne som meg av Sumaya Jirde Ali. Eg kjente at den greip meg. Det var ei god bok som fleire bør lese.

Sumaya Jirde Ali er sikkert kjent for dei fleste som rotar seg innom St. Isidors minne. Det er ho som vart årets bodøværing i fjor, ho som skriv i mange aviser og ho som vart møtt med ein skitstorm utan like før 8. mars i år. Ho er ein av dei vi kjem til å høyre mykje frå framover, tippar eg.

Ikkje ver redd for sånne som meg handlar litt om dette, men mest handlar det om å vekse opp som somalisk jente i Bodø. I alle fall er det det som sit att hos meg. Den glade oppveksten der ho vart akseptert i klassen og på skulen, men oppdaga at andre afrikanarar ikkje vart det. For dei var ikkje «ein av dei», som dei andre i klassen sa. 

Dette temaet der Ali viser korleis ho, som etter alle solemerker for ein som berre har observert ho gjennom media er av dei sentrale i det norske samfunnet, igjen og igjen merkar at ho er ikkje heilt som «alle andre» vert sentralt. «Alle andre» ser ikkje på henne som ein av fellesskapen. 

Ali er svart. Ho går med hijab. Ho er ung kvinne som kjem med klare meiningar offentleg. Ho er på mange måtar alt kommentarfeltbermen hatar inkarnert i ein person. Og på grunn av dette har ho blitt møtt med det mest avskyelege det norske samfunnet har å by på. Ho er innom dette, men som sagt er det ikkje det som greip meg mest.

Det er der ho skildrar korleis kommentarar om eller til andre muslimar eller innvandrarar går inn på henne, og der ho skildrar korleis ein muslimsk ungdom i Bodø må finne ut kvar ho høyrer heime i eit samfunn som ofte ser på henne som eit trugsmål og eit framandelement, og lar ho få høyre det. Kanskje ikkje så ofte i form av det som vert sagt direkte til henne, men gjennom alt som blir sagt om grupper ho er ein del av. Somaliarar, innvandrarar, muslimar. Ikkje minst gjer det inntrykk når ho skildrar korleis retorikken under flyktningekrisa høyrast ut for ein som sjølv har kome til landet som flyktning.

På desse områda ser eg for meg at det ho skriv er noko som svært mange vil kjenne seg att i. Ikkje berre innvandrarar eller muslimar, men også folk frå andre grupper som hamnar i unåde i det offentlege ordskifte. Eg trur at kjenslene ho skildrar er eit vaneg resultat av at vi lar kommentarfelta få gløde av stadig nye måtar å fortelje kor mykje ein avskyr andre folk, og gjennom dette også forme korleis vi snakkar om andre folk og grupper utanfor nettet.

Trolla i kommentarfelta vil aldri lese Ikkje ver redd sånne som meg. Men tenk om dei kunne det. Tenk om dei kunne forstå smerta dei skaper. Dei er kanskje redde, slik Ali hintar til med tittelen sin, som ho forøvrig har lånt frå ein kronikk skriven av ei kvinne som kom som flyktning under flyktningekrisa, men dei skapar jammen mykje frykt og uhygge også.

Har eg lært noko nytt av boka? Noko eg ikkje visste eller kunne tenke meg til? Kanskje ikkje, men å høyre korleis det kan opplevast å vekse opp som minoritet i Norge gjennom denne boka var uansett ei sterk oppleving.

Ikkje ver redd sånne som meg er berre rundt 90 sider. Ein les boka på kort tid, og ho er i tillegg skrive på gromspråket nynorsk. Ein har altså inga god grunn for å hoppe over denne boka. Derimot er det mange gode grunnar til å lese henne.