torsdag 17. januar 2013

Skjult tru og offentleg tru

Det har dukka opp to velskrivne, interessante innlegg om folkekyrkja dei siste dagane. Det eine er ein kronikk skrive av Jan Christian Kielland som er gateprest for ungdom i Oslo og det andre er ein bloggpost av Maren Ninni Arnesdatter Lockertsen som er prest i Sør-Varanger. Begge innlegga inneheld mykje eg kan skrive under på, og også ting eg er ueinig i.

Begge to har viktige poeng i noko som bør vere sjølvsagt, nemleg i at det ikkje ligg til andre enn den enkelte å definere si eiga tru. Kva som er ein «god nok kristen»  er ikkje eit spørsmål med ein fasit, men noko ein finn svaret på i den enkelte sitt forhold til Gud, altså ein faktor ingen andre enn den det gjeld eigentleg kan uttale seg om. Å måle kristentru kun ut frå kyrkjeleg engasjement og kyrkjegang vert difor for enkelt.

Dette er riktig, men samstundes har eg problem med at den trua utan ytre uttrykk nærast vert framheva som eit ideal i ein del samanhengar. Her opplever eg ikkje at nokon av desse går inn i det sporet, då begge på ulike måtar trekk fram den konkrete, fysiske delen av trua, og forhåpentlegvis er det slik ingen i kyrkja faktisk vil seie at dette er eit ideal. Likevel er det problematisk om ein legg for stor vekt på den ikkje-synlege trua.

Kyrkja sitt oppdrag er, som Maren Ninni vakkert seier, «å  være en kirke av folk, for folk, midt iblant folk, med evangeliet i ryggmargen og føttene godt plantet i Skaperverket». Skal vi vere dette er vi avhengige av å dyrke fram den utadvente trua. Vi er avhengige av dei som peikar på kva kristen tru er, og kva det ikkje er. Vi er avhengige av dei som gjennom liva sine viser kristen praksis slik at andre kan følgje etter dei.

Det er sjølvsagt ikkje noko gale i å løfte fram dei som ikkje vil løfte fram seg sjølve. Det er både rett og prisverdig å gje dei som kan vere usikre på om dei er gode nok for Gud frimod til å vite at dei er det, om dei ikkje seier det til andre enn seg sjølv. Men dette må aldri haldast fram som eit ideal. Her må sjelesorgen og læra vegast mot kvarandre med klokskap, men den ikkje-synlege trua kan vi ikkje sjå på som noko anna enn ein slags «reserveløysing». Ein reserveløysing som ofte kan ha gode grunnar og som godt kan vise seg å vere den einaste mogelege løysinga, men framleis ei reserveløysing.

Den norske kyrkje sin visjon er å vere ei  «bekjennende, misjonerende, tjenende og åpen folkekirke.»  For  å vere bekjennande, misjonerande og tenande treng vi å utfordre folk til å vere frimodige med trua si. Vi må lære folk kva som er kristen lære og praksis og vi må vise dette i samfunnet. Den skjulte trua er ikkje i stand til å føre kyrkja inn i ein ny generasjon eller la truspraksisar leve vidare. Til dette treng vi den opne trua. Utan den opne trua vil også den skjulte trua forsvinne. Då er også folkekyrkja død.

I dette ligg folkekyrkja sitt store paradoks og dilemma. Ein kan ikkje og skal ikkje nedvurdere den skjulte trua, samstundes som ein må oppfordre til ope, utadretta trusliv. Ein kan ikkje seie at den skjulte trua er nok for kyrkja, sjølv om det er nok for Gud. For kyrkja, også folkekyrkja, treng ope trusliv for å overleve. Å kommunisere dette på ein pedagogisk og god måte både til dei som strevar med å klamre seg til si skjulte tru og dei som lever svært offentleg med trua si er den store utfordringa. Der treng vi både innlegg som dei to eg viste til i byrjinga av bloggposten min, og innlegg som manar til praktisk handling som følgje av trua.

1 kommentar:

Little Man From Another Place sa...

Interessant innlegg! Mye til ettertanke her, og noen tanker jeg har tøtsjet inn på selv til tider.

Legg inn en kommentar