søndag 13. januar 2013

Den norske kyrkje sin mest einsame utpost

Kyrkja i Gryteviken.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
St. Isidors minne skyr normalt menneskeleg aktivitet i polstrøka som pesten. Alt som har med idiotiske skiturar i desse isørknane å gjere er slikt eg held meg langt vekke frå, slik alle danna menneske bør gjere. Det er derimot andre delar av det som har skjedd i polarområda som er meir verdt å hugse, som kvalfangsten ein dreiv der på byrjinga av forrige hundreår. Ein kan sjølvsagt seie mykje riktig om at dette ikkje var bra for kvalpopulasjonen, men samstundes var det kvalfangarar der som fortener å verte hugsa med respekt. St. Isidors minne tar i dag turen sørover til eit av dei norske kvalfangstsamfunna, nærare bestemt Gryteviken i Sør-Georgia. «Kvifor?», spør du kanskje. Jo, for der ligg Den norske kyrkje sin sørlegaste utpost. Historia er som følgjer:

Gryteviken vart grunnlagt i 1904 som den første landbasen i Antarktis. Det vart ein suksessfull base for kvalfangarane, og var i stor grad prega av kvalfangarar frå Vestfold. I 1911 vart det bestemt at ein ville få ein prest til Gryteviken, og 14. mai 1911 vart det annonsert etter prest i avisene i Oslo. Ein søkte etter ein «Mand med et lyst Syn paa Livet, og som har Evne til at Opkvikke og begeistre sine Medmennesker til det Gode»[1] som kunne ha gudstenester og drive sosialt arbeid. Pastor Kristen Løken fekk jobben, og kom til Gryteviken i april 1912.

Carl Anton Larsen
Biletet er henta frå
Wikimedia Commons
Eitt år seinare, i april 1913, bestemte ein seg for å starte innsamling til ei kyrkje. Allereie første kvelden samla ein inn over 5600 kr. Carl Anton Larsen som var mannen som stod bak kvalfangststasjonen og som seinare betalte både for prest og kyrkjedrift i lang tid, stod for 5000 kroner av dette, noko som tilsvarte meir enn to vanlege årsløner i Norge. Frå ein bestemte seg for å bygge i april tok det berre åtte månader før kyrkja var ferdig. Kyrkja vart bygd i Norge og sendt til Antarktis i element som vart satt saman der. 24. november byrja ein på arbeidet i Gryteviken, og kyrkja stod ferdig med 180 sitteplassar og ein totalkapasitet på 250 mann nokre dagar før jul. Julaftan var det fest i kyrkja for heile kvalfangarstasjonen, og 25. desember 1913 vart kyrkja vigsla av Kristen Løken. Han hadde på førehand fått særskild løyve frå biskopen i Kristiania til å vigsle kyrkja åleine. Løken var prest i Gryteviken i to år før han drog heim til Norge att.

Kyrkja vart ikkje akkurat rent ned i perioden Løken var prest, og heller ikkje nestemann på preikestolen opplevde den heilt store pågangen. Det var den teologiske studenten Frithjof Zwilgmeyer. Han var der også i to år, fram til 1916. Etter dette var det ikkje prest i kyrkja på lenge, men det stud.theol. Jon Foen hadde ein dåp i kyrkja i 1918, utan at ein veit om han tjenestegjorde meir der.

Slik ser kyrkjerommet ut.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
I 1925 kjem det igjen prest til kyrkja. Då er det Fredrik Knudsen som kjem, utsendt frå Sjømannsmisjonen. I mellomtida har polarforskaren Ernest Schakleton blitt gravlagt frå kyrkja. Knudsen følte seg utilstrekkeleg og likte seg ikkje så godt i Gryteviken, men han vart populær mellom dei som budde der, og ulikt dei tidlegare prestane klarte han å få i gang kristeleg arbeid mellom arbeidarane. Det vart til og med starta eit slags bedehusarbeid. Etter ein sesong dro han heimatt. Då hadde han hatt 24 gudstenester med ca 1400 folk på og 12 møter med rundt 1200 folk på. Ikkje så heilt ille.

I 1929 kom det igjen prest til Gryteviken. No var det sjømannspresten i Liverpool, Sverre Eika, som hadde blitt overtala til å dra. Han vart med ein gong populær mellom folk i det lille samfunnet. Då den eine sesongen han eigentleg skulle vere der var over, fekk han overtala hovudstyret i Sjømannsmisjonen til å sende han ut ein sesong til. No var kvalfangstindustrien, som resten av verda, inne i ei økonomisk krise, så då sesongen 1930-31 var over var det ikkje lenger bruk for prest i Antarktis. Eika vart den siste presten i Gryteviken. Kyrkja vart no lite brukt, stort sett til gravferder og gudstenester på julaftan, men biblioteket som hang saman med kyrkja vart framleis mykje brukt.

Kyrkja med snø.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
På femtitalet byrja ein å sende med diakonar på kvalkokeria. Desse holdt seg på båtane og i andre landbaser, men på julaftan i 1960 skulle ein igjen feire gudsteneste i kyrkja i Gryteviken, men på grunn av eit dødsfall vart gudstenesta avlyst. I staden vart det feira langfredagsgudsteneste der 31. mars 1961. Då hadde diakon Johan Schrøder Lunde den aller siste gudstenesta som vart halde i kyrkja i denne omgang.

I 1995 flytta eit ektepar til Gryteviken og byrja restaurering av mellom anna kyrkja. Dette skjedde etterkvart i samarbeid med ein interesseorganisasjon i Norge, der mellom anna Tunsberg bispedømekontor var med. Det var ikkje berre den kulturhistoriske verdien plassen har for Norge som gjorde at det var stor interesse for dette her, men også at ein god del av dei som jobba i kvalfangstindustrien ikkje kom heim, men ligg gravlagt i Antarktis. Mange hadde graver dei ville sjå.

Restaureringa gjekk sin gang, og det vart planlagt tur sørover. I 1999 vart det arrangert to turar til Gryteviken. På den første turen skulle kyrkja gjenvigslast av Sigurd Oseberg. Han måtte melde avbod, og i staden vart det domprost Magne Storeli som gjenvigsla kyrkja 16. januar 1999. Fastelavenssøndag same år var det igjen gudsteneste i kyrkja, no med sjømannsprest Atle S. Johansen.

Sigurd Oseberg kalla kyrkja for «Tunsbergs sydligste kirke»[2]. Vi kan nok også slå fast at det er Den norske kyrkje sin sørlegaste, og mest einsame kyrkje. Kanskje også den mist brukte? Det er i alle fall eit solid stykke kyrkjehistorie!

All informasjon er henta frå Hvalfangerkirken : fangst, tro og dristighet på Syd Georgia skrive av Svend Einar Hansen. Utgjeve på Genesis forlag 1999 
[1] s. 21
[2] s. 8
Gryteviken
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar