mandag 10. mars 2014

Miserere

Fastetida stig fram, og St. Isisdors minne opnar ei luke i fastekalenderen litt for tidleg. På 1630-talet byrja ein å bruke ein særskild versjon av Salme 51 på tidebønene i det sixtinske kapell på onsdag og fredag i den stille veka. Fleire komponistar skreiv musikk til dette, men det mest kjente stykket vert tillagt Gregorio Allegri, sjølv om Wikipedia seier det også inneheld stoff ein annan komponist har skrive.

Miserere, som dette musikkstykket vart kalla, imponerte paven i så stor grad, at han bestemte at det kun skulle brukast i det sixtinske kapell. Han forbaud nokon å skrive det ned og ta det med til andre stader, med ekskommunikasjon som straff for den som måtte finne på å ta seg til rette.

Men sjølvsagt kom Miserere  seg ut av Vatikanet, utan at ein eigentleg veit heilt korleis det skjedde. Eg likar best denne versjonen, sjølv om den høyrast ein smule legendarisk ut...

I 1769 var Wolfgang Amadeus Mozart 12 år, og faren tok han med på ein tur til Italia for å lære om musikk. Dei kom til Roma akkurat i den stille veka, og Mozart drog til det sixtinske kapellpå onsdagen for å høyre Miserere. Då det heile var ferdig skreiv han ned heile stykket på hugs, og drog attende på fredagen. Då hadde han gøymt notatane sine i hatten sin, og fulgte med medan koret song, slik at han fekk retta opp i småfeil.

Det kan vere at dette faktisk stemmer, for ein engelskmann som traff Mozart seinare den sommaren, gav i 1771 ut stykket, slik at resten av verda også fekk høyre denne fantastiske songen.

Dette må vere eit av dei vakraste musikkstykka som er skrive. Her sunge av The Choir of Claire College, Cambridge.  


Og så kan ein samanlikne med salme 51 i denne klassikaren og lure på kva som har skjedd med kyrkja sin estetiske sans...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar