søndag 9. oktober 2011

Gratulerer med dagen, kvinner!

I dag feira Bjørgvin bispedømme at vi har hatt kvinner i presteteneste i femti år med ei flott festgudsteneste i domkyrkja i Bergen. Som seg hør og bør var både biskop og domprost med på gudstenesta, men når sant skal seiast var det dei ikkje mindre enn 28 damene ikledde presteskrud som stod for det klerikale høgdepunktet i gudstenesta.

Gudstenesta byrja med ein imponerande inngangsprosesjon med dei 28 kvinnene saman med tre menn: leiande sokneprest i domkyrkja, domprost og biskop. Eller «rævediltarar» som dei vart kalla i dag. Liturgien var som alltid i domkyrkja flott. Særleg likte eg bønesvaret i forbøna. Det var nytt for meg og var så langt eg kan skjøne eit mykje betre bønesvar enn dei eg er vant med. Det var eit bønesvar som var meir «aktivt» enn andre vi brukar.
Gud skap i oss tro, håp og handling.
Herre, hør vår bønn.
Ellers hadde domprost emerita Berit Andersen ei svært god preike der ho mellom anna tok fram Marta sin vedkjenning «Ja, Herre, jeg tror at du er Messias, Guds Sønn, han som skal komme til verden» (Joh 11) , ei stor vedkjenning som ikkje er like mykje lagt vekt på som den meir kjente vedkjenninga til Peter. Det var også spanande at dei i staden for den vanlege solosongen eller likande hadde tatt inn liturgisk dans. Sjølv har eg ikkje sansen for liturgisk dans i det heile, men eg vil gjerne ha meir «sanselege» gudstenester, og der trur eg liturgisk dans kan ha mykje for seg.

Alt i alt ei flott gudsteneste der ein fekk feira kvinnene si presteteneste gjennom femti år. Gratulerer med dagen til oss alle, og særleg til kvinnene!
Heile gjengen samla etter gudstenesta.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar