onsdag 5. oktober 2011

Full støtte til italiensk Wikipedia

Slik ser italiensk Wikipedia ut no. Alle sider vert omdirigert
til protestskrivet.
Skjermdumpen er henta frå Wikimedia Commons.
Wikipedia på italiensk er i skrivande stund i streik. Brukarne av den italienske greinen av Wikipedia har beslutta å stenge sida i protest mot eit lovforslag som er oppe til debatt i det italienske parlamentet no. Slik eg har fortsått det vil lova, om ho går gjennom, gje alle krav på å få endra det som står om dei på bloggar, nettaviser og andre nettsider, og dermed Wikipedia, i løpet av 48 timar om dei ikkje har sansen for det som står der. Om det som står er sant eller ikkje speler ingen rolle. Nettstaden må i staden leggje ut ein versjon som er godteke av den omtala personen.

Altså kan til dømes ein person som er dømt for ein kriminell handling krevje at all informasjon om dette må fjernast, og i staden krevje at det leggjast inn informasjon som måtte passe betre for personen å spreie om seg sjølv. Sikkert ei lov som passar Berlusconi som hand i hanske, men sjølvsagt er ikkje dette ei lov som fremjar objektiv og sann informasjonsformidling.

Det vil ikkje vere mogleg å produsere eit nøytralt, sant og påliteleg leksikon under ei slik lov, og eg vil gje mi fulle støtte til brukarane på italiensk Wikipedia. Dei kjempar ein viktig kamp for yttringsfridomen!

Les kva brukarane på italiensk Wikipedia seier om saka på engelsk her

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar