søndag 16. oktober 2011

Human asylpolitikk. No!

Ein del av dei som var på demonstarsjonen. Torstein Dale held
her sin gode appell.
15 papirlause asylsøkjarar sit i kyrkjasyl i Johanneskirken i Bergen. Dei får ikkje opphald i Norge, og er livredde for å verte sendt attende. I dag var eg på ein støttedemonstrasjon for dei og dei opp til 18 000 andre papirlause i Norge.

Det er ei skam for Norge at vi har skapt oss ein situasjon der tusenvis av menneske må leve liva sine som mindreverdige menneske. Utan rett på helsestell, arbeid og med uvissa om når dei vert kasta ut av landet og sende til ein situasjon som er så ille at dei heller vel å leve utan nokon rettar i Norge. Det at dei heller vil leve i det totale mørkre i Norge seier mykje om kva dei vil vekk frå.

Situasjonen er politikarskapt. Andre land i Europa tar tak og gjev desse folka ein mogelegheit til å kome i arbeid, gå på skule, få helsestell; kort sagt gjere det vi andre gjer. Eller sagt på ein annan måte: Dei får lov til å vere likeverdige menneske. Det får dei ikkje i Norge!

Styresmaktene i Norge må ta tak i denne situasjonen, noko bystyra i fleire norske byar også heldigvis ber om. Det er totalt uhaldbart at vi skapar ein underklasse som ikkje får del i elementære samfunnsrettar. Regelverket vi har sender folk inn i botnlaus fattigdom, svært usikre liv, grov utnytting og fører til at folk gjer desperate ting for å halde seg i live. Dei femten mennene i Johanneskirken set fokus på dette. «Dei gjev ansikt til dei andre papirlause», som det vart sagt på demonstrasjonen i dag. Å sultestreike og å gå i kyrkjeasyl er desperate handlingar som det ikkje burde vere behov for å gå til i vårt samfunn. At nokon likevel kjenner seg pressa til å bruke desse metodene, seier oss at noko elementært er gale i regelverket vårt.

38 organisasjonar, deriblant Den norske kyrkje, står bak aksjonen med slagordet «Ingen mennesker er ulovlige». Den vert avslutta om få dagar, og seier mellom anna:
Vi kan ikke godta en varig papirløs underklasse i Norge. Vi krever at:
-  Barn som har levd i Norge i lang tid – eksempelvis fire år – normalt må gis oppholdstillatelse sammen med medfølgende foreldre og søsken.
-  Det må settes en grense for hvor mange år andre papirløse (voksne uten barn) kan leve papirløst før de får mulighet til lovlig opphold og arbeid, slik UDI har anbefalt.
Dess fleire som skriv under på underskriftskampanjen, dess større tyngde får det når kampanjen vert avslutta 24. oktober. Skjemaet for å skrive under på kravet finn du her. Skriv under du også!   

4 kommentarer:

Anonym sa...

"Human asylpolitikk. No"? Allerede gjort. Norge har en human asylpolitikk i dag. Om den kan forbedres er et diskusjonstema, men humaniteten som gjennomsyrer den kan ikke benektes.

"Det er ei skam for Norge at vi har skapt oss ein situasjon..."
Det er ikke Norge som har skapt situasjonen. Det er de enkelte utlendingene og deres hjemland.

"Det at dei heller vil leve i det totale mørkre i Norge seier mykje om kva dei vil vekk frå."
Ikke nødvendigvis. Alt det trenger å si er at de som arbeidet her tjente mer enn de ville gjort i hjemlandet, slik at det gikk i pluss selv om de ikke hadde særlig mange rettigheter.

"Andre land i Europa tar tak..."
[Citation needed]

"At nokon likevel kjenner seg pressa til å bruke desse metodene, seier oss at noko elementært er gale i regelverket vårt."
Nei, det gjør egentlig ikke det. Handlingene kan lett være styrt av en mer eller mindre velbegrunnet subjektiv frykt, eller håp om å få opphold selv om de ikke fyller vilkårene. At det er vilkår for å få opphold i Norge er ikke et problem i seg selv.

"Ingen mennesker er ulovlige"
...men mange er her ulovlig, og oppholder seg her uten tillatelse.

Steinar Sneås Skauge sa...

«humaniteten som gjennomsyrer den kan ikke benektes.»
At ein asylpolitikk som fører til at ei mor med små born må gå til sak mot staten for å få verte verande, einslege asylsøkjarar vert kasta ut av landet med ein gong dei fyller 18, og mange liknande saker, og der justisministeren «gleder seg over færre asylsøkere», kan kallast for «human» er eg svært kritisk til.

«Det er ikke Norge som har skapt situasjonen. Det er de enkelte utlendingene og deres hjemland.»
Norge har skapt ein situasjon der vi ikkje har eit system som er i stand til å takle den verda vi er ein del av. Når folk kjem frå openbart livsfarlege område, ikkje får opphald, men ikkje kan sendast ut att, gjer systemet vårt dei verdilause. Dri får ikkje jobbe, ikkje gå på skule, ingen ting. Dette er vårt system sin feil. Når folk ikkje får eller får behalde dei papira dei treng for å få opphald, anten på grunn av rask avreise på grunn av til dømes krig eller på grunn av at undertrykkjande regime tar papira frå dei eller ikkje gjev dei papir i utgangspunktet, vert dei handsama som kriminelle og står utan rettar om dei kjem til Norge. Dei vi burde beskytte, opplever i staden at Norge fortsett undertrykkinga dei har flykta frå.

Steinar Sneås Skauge sa...

«Alt det trenger å si er at de som arbeidet her tjente mer enn de ville gjort i hjemlandet»
Den illegale arbeidsmarknaden opererer med løn ned i 20 kr/timen. Og då er dei avhengige av at arbeidsgjevar faktisk betalar ut løna. Gjer ikkje arbeidsgjevar det, har ikkje dei papirlause nokon rettar. Og sjølv om dei får løna, er ikkje dette noko ein kan leve på i Norge, sjølv om det kanskje i reine kroner er meir enn ein ville fått i andre land. Svært mange som går utan opphald i Norge er folk med høg utdanning frå heimlandet som ville fått god løn der. Her får dei minimal løn, om dei i det heile har arbeid. I tillegg vil dei fleste menneske vere der dei har røter, vener, familie, kan språket osb. Kunne dei vere der dei kjem frå, ville dei fleste vore det. Det som driv folk vekk er oftast fare for liv og helse, på grunn av vald, undertrykking, naud osb. Å tru at dei fleste som er illegalt i Norge gjer det av økonomiske grunnar, som «lukkejegarar», er ein måte å bortforklare dei liingane ein veit dei er utsette for.

Steinar Sneås Skauge sa...

«"Andre land i Europa tar tak..."
[Citation needed]»

Sjå til dømes hos Norsk Folkehjelp som seier: «Mer enn 15 europeiske land har de siste 10 årene gjennomført slike regulariseringer» (Altså gjeve papirlause rettar og/eller opphald)

«Handlingene kan lett være styrt av en mer eller mindre velbegrunnet subjektiv frykt»
Om det er ein «velbegrunnet subjektiv frykt», er det altså fare for deira liv og helse. Då må vi ha eit regelverk som fangar dette opp og beskyttar dei det gjeld.

« At det er vilkår for å få opphold i Norge er ikke et problem i seg selv»
Eg er mellom dei som meiner dei vilkåra ein bør stille for å gje folk opphald i eit land bør vere på ein absolutt minimumsnivå, og i alle fall milevidt frå den bortimot ugjennontrengelege muren av reglar Norge, og resten av Europa, har bygd opp for å halde folk ute.

Det verker som Blogger ikkje likar lange kommentarar, så derfor vart dette delt opp i fleire svar.

Legg inn en kommentar