Viser innlegg med etiketten Dyrevelferd. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Dyrevelferd. Vis alle innlegg

torsdag 14. august 2014

Ei kyrkje for dyra

Industridrift av høns.
Biletet er tatt av Maqi og ligg på Wikimedia Commons.
(CC-BY-SA 3.0)
I dagens Vårt Land vert ein viktig diskusjon løfta fram når dei ser på korleis enkelte verdsett nokre dyr på ein slik måte at det ser ut som om dei har høgare verdi enn menneske. Dette har sjølvsagt samanheng med den absurde minnestunda for ein hund som vart skoten i Rogaland i forrige veke.

Det er lett å seie seg einig med dei som peikar på at ein kan gå for langt i å likestille dyr og menneske, men samstundes er det også lett å sjå at dette ikkje er det som er hovudregelen i dag. Særleg ikkje i vår del av verda.

Der folk straumar til ein minnestund for ein hund som vart skoten, lir tusenvis av andre hundedyr i små bur kvar einaste dag. Utelukkande for å mette våre ynskjer om klede med revepels. Fjærfe og laks vert ala opp under høve som er djupt tragiske og grisar slepp ikkje ut i friskluft før dei vert slakta. Og samstundes veit vi at Norge ikkje er ein versting på dette området.

Hovudregelen er ikkje at vi gjev dyr for stor verdi, men at vi devaluerer dei til eit nivå der dei kun har verdi som noko som kan konsumerast og gje økonomisk vinning.

Dette perspektivet vart heldigvis tatt fram av sokneprest Kristin Fæhn i Vårt Land, men desverre var det ikkje det som fekk hovudfokuset i artikkelen. Likevel er nok er denne delen av korleis vi verdset dyr, noko som gjeld dei fleste av oss i mykje større grad enn at nokon gjev kjæledyra sine for høg status. For vi er alle i større eller mindre grad ein del av grunnlaget for det industrialiserte landbruket.

Eg ynskjer meg ei kyrkje som tør å snakke ærleg om dette perspektivet. Vi snakkar ofte om «forvaltaransvar», og skal vi ta forvaltaransvaret vårt på alvor, er dyrevelferd eit sentralt spørsmål.

Dette perspektivet kan vi løfte utan å vere redde for å blande saman menneskeverd og dyr sin verdi. Eg trur at respekt for dyr og respekt for menneske i eit samfunn heng saman. Høg respekt for menneskelivet gjev høg respekt for dyr, og liten respekt for dyr gjev liten respekt for menneskeverdet. Forsvarar vi dyra som i dag vert utnytta i eit kapitalistisk system som kun ser på dyr som produksjonsmiddel, forsvarar vi samstundes menneske som lir under det same kapitalistiske systemet. Og snur vi ryggen til korleis levande skapningar vert grovt utnytta, er det lettare å sjå vekk når våre medmenneske vert offer for den same utnyttinga.

Det er fint at kyrkja løftar fram menneskeverdet. Det skal vi gjere. Men lat oss ikkje gløyme at vi også har eit ansvar for dyra vi deler jorda med og brukar som våre tenarar.

Lat oss slutte med eit visdomsord frå Ordtaka. «Den rettferdige har omsorg for buskapen sin, den urettferdige er utan hjartelag.» (Ord 12.10)

fredag 31. januar 2014

St. Dyregod

St. Aidan frå St. Aidans katedralen.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Det er tatt av Andreas F. Borchert (CC-BY-SA-3.0)
I dag er det minnedagen til Aidan av Ferns, eller Máedóc eller Moeog, som han også vert kalla. Aidan var biskop og klostergrunnleggar i Irland og Wales på 5-600-talet. På mange måtar framstår Aidan som ein ganske vanleg irsk helgen, altså ein person som kjem frå dei høgare laga av samfunnet og har eit livsløp som i stor grad framstår som legendarisk. Katolsk.no kan fortelje dette om Aidan:
Aidans legende er et fint eksempel på at en helgens livshistorie skildres etter mønster av Kristi liv. Hans fødsel blir forutsagt av Irlands store profet og vismann, Finn MacCumaill, hans unnfangelse blir fulgt av drømmer om en mirakuløs stjerne og en blendende stråle fra himmelen lyser på det stedet hvor han ble født. Hans visdom i ungdommen er stor, han tilbringer lang tid i ensom bønn, tiltrekker seg disipler, drar til Roma (= Jerusalem), hvor alle klokkene ringer uten menneskelig medvirkning, han gjør mirakler, inkludert å gå på vannet, gjør løv om til brød og fisk og bringer en død jente tilbake til livet
Dette stemmer nok, men eg vil legge til at det nesten kan minne litt om dagens Chuck Norris-vitsar. Høyr berre på desse utdraga frå Lives of Irish Saints:
Moeog asked leave of David to return to Ireland. And when he came to Ireland he said : Take me back to where David is, that he may show me who is to be my confessor. But the boatmen were not willing to return. Moeog leaped out of the boat, and walked from wave to wave,[1] 
An army invaded Ui Cennselaig one day, and all the territory took refuge with Moeog in his sanctuary (termon). Moeog drew a line with his bachall round the kine, and the army stopped from pursuing the cattle, except one of the (invading) chiefs, and he died as soon as he had passed the line. And the army, seeing this, returned to its own borders; and the kine remained with Moeog.[2] 
And he fasted forty days and nights there, as did Jesus and Elias and Moses ; and it caused in him no weakness or decay.[3] 
One day Moeog was building a church, and he could not find any wright to fashion it. So he blessed the hand of a man of his (monastic) family, named Goban, and he erected the church with wondrous carvings, and brave ornaments, that there was not the like of it (anywhere), and no one in his time surpassed this Goban in Wright s craft.[4] 
One day a thief stole a sheep from Moeog s flock ; and the thief after eating the sheep went to the church to take (an oath on) the relics in it (that he had not stolen it). As he took hold of the relics, the ears of the sheep protruded from his mouth[5] 
Henta frå Wikimedia Commons.
SeneyNatural History Association. (CC-BY-SA-2.0)
Vi kan altså slå fast at ikkje alt i denne biografien kan takast for god fisk, men det er også nokre punkt som er for flotte til å gå forbi, nemleg der han er i samspel med dyr. Først kan vi sjå på korleis han viser kjærleik til sultne ulvar:
Once Moeog was with the shepherds of the king s fort, when they saw eight wolves coming towards the flock of Moeog, and they did obeisance before him, and he saw their wretchedness. I grant, said he, a sheep to each wolf of you ; and they carried them off. The shepherds go to the fort, and complain of Moeog ; and Moeogs foster-mother came out on the green, Moeog was frightened when he saw her, and prayed to God to help him against her. Then eight sheep in colour and fashion like the other sheep were sent, and joined the flock, and it was not known whence they came.[6]
I ei anna historie får ulvane ein kalv når dei er svoltne.[7] Det kan sjå ut som om husdyra ikkje naut like stor kjærleik som dei ville dyra frå Aidan... I sitatet frå katolsk.no over vart det sagt at Aidan gjorde løv om til brød og fisk. Også denne gongen hjalp han ein svolten ulv.
On another occasion when Maedoc came to the monastery named Shanbo, at the foot of the hill called Mount Leinster, as he was going along the road, a bitch wolf happened to meet him, wretched, weak, and starving. It came to him gently and fawningly. Maedoc asked a lad who had joined him on the road, whether he had anything which he could give the wolf. The lad said that he had one loaf and a piece of fish. Maedoc took this from him, and threw it to the wolf. The boy flushed and flamed at seeing this, and said that he was afraid of his master, for he was not of Maedoc s following, but had chanced upon him by the way. Maedoc said : Bring me some of the leaves of the wood, said he. And he did so. Maedoc blessed the foliage thereupon, and it was turned into a loaf and fish ; and he gave it to the lad afterwards.[8]
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
I kunsten vert det sagt at Aidan vert fremstilt saman med ein hjort, eller symbolisert av ein hjort. Her vil eg seie at kunstnarane har tatt lett på oppgåva si, for eg finn ingen skikkelege bilete av dette på nettet, men det er uansett eit par flotte forteljingar å ta av. Katolsk.no kan fortelje at ein gong Aidan og ein annan munk måtte ut i skogen for å samle ved, kom det to tamme hjortar og hjalp dei å bære veden heim att. Er ikkje det ein forteljing som skapt for eit maleri, så veit ikkje eg. Hjortane var kanskje takksame på grunn av denne hjorteforteljinga:
Another day Maedoc was in a retired spot reading his psalms. A harassed stag came to him, pursued hotly by the hounds, and stopped in front of him. Maedoc perceived that he was asking him to protect him ; so he put his rosary on the stag s horns. The hounds followed the stag, and it appeared to them as in the form of a man. And they did not follow it (any further), and it escaped uninjured after laying down the rosary.[9] 
Her må altså kunstnarane sjå sitt ansvar og gje oss hjortebilete!

Også sjødyra stod på godfot med denne mannen:
Maedoc set out after bidding farewell to Bishop David and receiving his blessing, and after binding a covenant and chieffriendship with him, and between their successors after them in their respective places for ever. Maedoc then went to the sea-shore, and found a huge wild animal coming to meet and receive him there. And he mounted on its back with firm and confident faith. The animal carried him thence to the port called Inber Crimthainn. There it left him after taking leave of him in its own brute fashion[10]
Aidan hjalp også ein okse:
Another day Maedoc was sent to fetch a vessel of ale to the monastery ; and as he was going close to an ever-deep and dreadful valley which lay on his way, the cart in which the vessel was and the oxen fell down at the edge of a hideous precipice sign of the Cross of suffering between them and the precipice. After the saint had raised his hand on high the oxen suffered no hurt, the cart was not broken, and no drop of the ale was spilt.[11]
I ein annan versjon av denne historia er ikkje oksen med, men berre ølet, han knuser då ei mugge med øl, gjer krossteiknet over ølet, og så er alt attende i mugga att. Ikkje ein dråpe har gått tapt.[12] Dette gleda nok Aidan, for han var nok glad i sitt øl. Katolsk.no kan fortelje oss at då han kom til ein kloster skule i Wales var han ein vanleg munk. «Det eneste som skilte ham fra sine medbrødre, var at han tok med seg sitt eget øl fra hjemlandet!»

Dette er altså ein helgen ein må like, sjølv om det kanskje er eitt og anna moment i denne biografien ein kan stille seg tvilande til om stemmer heilt med korleis det faktisk var...

[1], Bethada Náem Nérenn = lives of Irish Saints, redigert av Charles Plummer s. 179
[2] ibid s. 179
[3] ibid s. 181
[4] ibid s. 182
[5] ibid s. 183
[6] ibid s. 177
[7] ibid s. 206
[8] ibid s. 209
[9] ibid s. 190-191
[10] ibid s. 215
[11] ibid s. 204 
[12] ibid s. 179

onsdag 3. april 2013

Uhaldbart av landbruksministeren!

Kan desse auga seie nei? Tydlegvis, for Whites trefrosk
vert nok ikkje lov i Norge.
Bilete frå Wikimedia Commons.
I dag kom beskjeden eg, og mange med meg, har frykta. Landruksministeren køyrer over ekspertar og trumfar gjennom eit vedtak på tvers av alle anbefalingar. Trygve Slagsvold Vedum blokkerer legalisering av herptil som husdyr i Norge.

Dette er ei trist avgjerdsle, og ser ein på argumentasjonen til landbruksministeren, heng ikkje avgjerdsla på greip. Lat oss ta for oss det han seier i VG:
Vi sier nei til at folk skal kunne ha slanger og krypdyr i norske hjem. Det er ikke naturlig med slanger i Norge
Er det ikkje naturleg med slangar i Norge? Kva då med hoggomen? Eller slettsnoken? Eller buormen? Ser Senterpartiet på desse slangeartane på same måte som dei ser på ulven, altså som noko ein bør utrydde frå norsk fauna? Vidare kan ein spørje om det er naturleg med marsvin i Norge? Eller kva med gullfisk, chihuahua, ørkenrotte, papegøye eller esel? Ikkje dyr ein finn naturleg her, men like fullt dyr som er heilt lovlege som husdyr i Norge.
Det krever stor faglig dyktighet å se hvordan en slange har det. Slanger er ikke som hunder og katter som knytter seg til sin eier. De viser ikke tydelige tegn til stress og frykt
Melkesnoken må finne seg i å vere ulovleg i Norge.
Bilete frå Wikimedia Commons.
Dette er i tråd med det Vitenskapskommiteen for mattrygghet også sa i sin rapport, og noko det kan verke som Norsk herpetologisk forening har tatt hensyn til i sitt framlegg til kva artar ein burde legalisere. Dei skriv i si høyringuttaling: «I privat hold kan noen arter gi en positiv respons på kontakt med mennesker, men da gjerne knyttet til fôringssituasjoner eller søken etter varme. Mange herptiler vil oppleve håndtering som en stressituasjon i større eller mindre grad. Da nybegynnere ofte har et ønske om å kunne håndtere dyret, har vi valgt reptiler som stresses lite ved håndtering.», altså at desse dyra kan gje uttrykk for korleis dei har det, og at ein har lagt vekt på dette i val av artar. Samstundes er det naturleg å samanlikne med lovlege dyr. Kor lett er det å sjå om ein edderkopp er stressa? Eller ein akvariefisk? Kvifor skal ein ha strengare krav for slangar enn for andre dyr?
Vedum sier hensynet til dyrevelferden har vært viktigst når han nå sier nei
Også leopardgekkoen er forbode.
Bilete frå Wikimedia Commons.
Departementet Slagsvold Vedum leier har gjeve Mattilsynet i oppgåve å utgreie denne saka. Dei skriv i sin konklusjon: «Fordi dyrene er ulovlige, blir de sjelden tatt med til veterinær, og sykdom hos dyrene får ingen diagnose eller forsvarlig behandling. Mattilsynet beslaglegger jevnlig slike dyr, som må avlives selv om de ofte er friske og velholdte. Mattilsynets vurdering er at det vil være viktig for velferden til disse dyrene at hold av noen utvalgte arter gjøres lovlig.» Nettopp dyrevelferd vert trekt fram som eit viktig argument for legalisering.

Det er ikkje meir enn rundt eit halvt år sidan Slagsvold Vedum overkøyrde ein liknande uttale frå det same Mattilsynet. Då var det sirkuselefantar. Mattilsynet, saman med alle andre ekspertgrupper, sa at bruk av sirkuselefantar streid mot dyrevelferda. Mattilsynet sa mellom anna at livet elefantane har «tilfredsstiller ikke elefantens behov for fri bevegelse og sosial kontakt». Dette var ikkje nok for landbruksministeren, som trumfa gjennom at dette framleis skulle vere lov. Korleis kan han argumentere med dyrevelferd når ekspertane seier at hald av herptil bør bli lov på grunn av dyrevelferd og han tillet elefantar i sirkus, der ekspertisen hevdar dette er i strid med dyrevelferda? Dyrlege Monica Hegglund seier det bra om hereptilhald: «Et forbud begrenser neppe antallet reptiler og amfibier i vesentlig grad; men det reduserer deres mulighet til et dyrevernmessig forsvarlig liv» Det heile vert endå grellare når vi veit at den samme landbruksministeren, som noko av det første han gjorde i posten, sa at han «mener at pelsdyrnæringen tar dyrevelferd seriøst» og slår fast at Senterpartiet vil at denne næringa skal få fortsette verksemda si. Mangelen på logikk er skrikande.

Forbodet mot hald av amfibium og reptil i Norge er noko der kun Island held oss med selskap i Europa. Er det verkeleg slik at det som fungerer heilt fint i Sverige, Danmark, Finland, England, Tyskland og andre land med liknande klima, fauna og samfunn som Norge ikkje skal kunne fungere her? Og kvifor er det lov med eksotiske dyr så lenge dei har pels, fjær eller finnar, men så snart dei er kaldblodige er det forbode? Denne lova må endrast snarast. Trygve Slagsvold Vedum har ein mogelegheit til å gjere noko med dette, men det ser ikkje ut som om han har tenkt å late fornufta vinne. Desverre.

Det er snart val. Om lukka og fornufta er med oss har ikkje Senterpartiet så mykje dei skulle seie etter valet.
Perlefirfirsla er utruleg vakker, men likevel forbode.
Biletet er frå Wikimedia Commons.

tirsdag 6. november 2012

Ikkje høyr på VG!

VG har i dag tatt på seg å sjå på økologisk mat, og slår opp over heile framsida at dei «Knuser mytene om sunn mat». Om noko vert knust, er det nok trua mi på VG, for ein slik dårleg sak er det lenge sidan eg har lese.

Overskriftene og uttrekka slår fast at økologisk jordbruk er verre for miljøet enn anna jordbruk, at dyr på økologiske gardar ikkje har det betre og at maten ikkje er sunnare. Ser ein på det dei faktisk skriv, er delvis desse overskriftane misvisande, delvis kan det vreke som om VG ikkje har forstått saka dei skriv om.

Forhåpentlegvis vil nokon med langt større kunnskap og slagkraft enn meg ta for seg dette oppslaget, men også eg føler for å seie mitt.

Vi byrjar med om maten er sunn eller ikkje. VG skriv at det ikkje er bevist at økologisk mat er sunnare enn anna mat. Dette får dei støtte i av direktøren for Helsedirektoratet, medan ein professor i samfunnsmedisin blir sagt å gje han støtte «et stykke på veien», sjølv om ho faktisk seier: «Jeg mener at økologisk dyrket mat kan gi bedre helse». VG fokuserer her først og fremst på vitaminar i maten,  eit fokus som er underleg, då det er bruk av sprøytemiddel som skil økologisk dyrking frå konvensjonell dyrking. Avisa skriv så at det ikkje har blitt funne overskridingar av grenseverdiane for restar av plantevernmiddel i norskprodusert mat dei siste åra. Det er sikkert riktig, men samstundes veit vi at desse grenseverdiane stadig vert pressa opp, og at Mattilsynet nyleg har foreslått å auke grenseverdien for eit stoff i importerte linser til 100 gonger det han er no. At norskprodusert mat ikkje overskrider grensene seier ikkje så mykje nyttig om grensene er for høge, eller om ein importerer mat med restar av plantevernmiddel.

Slike klede går ein med for å jobbe med det ein sprøytar på maten.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Dette peikar også VG på sjølv, då dei ser nærare på om maten er sunn. «Om du velger økologisk eller konvensjonell, avhenger mer om magefølelsen din sier det er greit å spise kornprodukter som inneholder rester av sprøytemidler eller ikke», seier ein forskar. Kva slike stoff gjer med oss på lang sikt veit vi lite om, heller ikkje korleis den såkalla «coctaileffekten» kan slå ut, altså kva som skjer når vi tilfører kroppen stadig nye stoffar som kan reagere med kvarandre. Dette er eit svært vanskeleg felt der ein ikkje har gode svar. Eit «føre var»-prinsipp er derfor ikkje dumt. Bruk av sprøytemiddel er også skadeleg for bønder og natur, noko som ikkje vert problematisert i artikkelen. Det ein sprøyter er i stor grad gift som ikkje berre drep ugras og «skadedyr», men også andre plante- og dyreslag. Sprøytemiddel er kan derfor vere eit trugsmål mot nærmiljøet rundt den dyrka marka.

Når det gjeld dyrevelferd seier VG at dyra i økologisk drift ikkje har det betre enn andre dyr. Til «støtte» for dette har dei ein frå det svenske veterinærforbundet som seier at dyra kan bevege seg meir, men at han meiner det trekk ned at eit ikkje kan gje forebyggande medisin, altså medisinere før dyra vert sjuke. Med det reknar eg med han meiner at ein ikkje gjev antibiotika som ein del av maten. Dette kan han sjølvsagt meine, men med tanke på den auka resistensen mot antibiotika ein opplever no, er det absolutt verdt å tenkje nøye gjennom om ein bør bruke så mykje antibiotika som ein gjer. Så seier vetrinæren at «økologiske griser og verpehøns har det bedre enn sine konvensjonelle artsfrender». Svært lite står med det att overskrifta som seier «ØKOLOGISKE DYR har det IKKE BEDRE enn andre dyr». Kun ein påstand om nytteverdien av førehandsmedisinering står att. Endå meir grell vert overskrifta når VG på neste side slår fast at økologiske kyr har meir utetid enn andre kyr, at økologiske høns har betre plass enn andre høns, i tillegg til uteareal og at økologiske slaktekyllingar har betre plass enn andre kyllingar i tillegg til krav om uteareal og lenger levetid/veksetid enn andre slaktekyllingar.  Er ikkje dette betre, VG?

Til slutt er det miljøet. Her har VG funne ein forskar som hevdar at ein må dyrke meir areal med økologisk landbruk, noko som skal gje større CO2-utslepp. Korleis dette skal henge saman er uklart for meg, då produksjon og transport av kunstgjødsel står for 40-60% av energibruken i vanleg jordbruk. Økologisk jordbruk brukar ikkje slike midlar, og brukar 30-50% mindre energi pr arealeining, om ein skal tru Bioforsk. Vidare hevdar han at det er umoralsk å produsere økologisk mat då «det i nær framtid vil bli en utfordring å produsere nok mat til verdens befolkning». Dette er skremselspropaganda. Vi produserer nok mat til 12 milliardar menneske i dag. Utfordringa vår er ikkje at vi har for lite mat, men at vi ikkje fordeler maten vi har rett. Forskning har også vist at matproduksjonen i Afrika kan auke om ein går over til økologisk landbruk.

Denne saka i VG bidreg til å spreie fordommar og gal informasjon, noko som kan vere skadeleg for både helsa vår på kort sikt og miljøet vårt på lang sikt. For god informasjon om økologisk landbruk og fordelane med dette, anbefalar eg denne kronikken på forskning.no. Ein kan sjølvsagt også lese ein litt meir generell bloggpost om økologisk landbruk frå meg, der eg argumenterer meir grunnleggande og grundig for saka.

fredag 27. april 2012

Relikvier mot fyllesjuke og for auka potens?

Denne stakkaren fekk nasa si stole frå
naturhistorisk museum i Göteborg.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
St. Isidors minne tar igjen på seg ansvaret for å informere om dei underlege hendingane på den grøne øya.

I byrjinga på mars stakk nokon av med, av alle ting, hjarta til Lauretius O'Toole, Dublin sin skytshelgen, som låg i Christ Church Cathedral i Dublin. Lenge har ein ikkje høyrd noko nytt om denne sære saka, men no har det irske politiet kome med nyhende som gjer det heile endå rarare.

Irsk politi meldar at dei ser saka i samanheng med omsetjing av horn frå nashorn. Dei meiner at ein gjeng som sel pulverisert nashornhorn som medisin også kan stå bak dette, mest truleg som ei ny nisje.

Det er berre å vone at det er ei ny nisje mellom dei med for mykje pengar og for få skruplar, og at det ikkje er snakk om ein ny form for eksentrisk medisinering.

Pulverisert nashornhorn skal verte brukt som potensmiddel og mot fyllesjuke. Kanskje oppmalt helgenhjarta kan verke for betre moral?

Voneleg finn ein hjarta uskadd hjå ein samlar som burde ha lært ein ting eller to av den han har kjøpt hjarta til.

Uansett har ein no fått endå ein god grunn til å finne dei som står bak dette. Sal av kroppsdelar frå truga dyr som humbugmedisin er noko skikkeleg svineri som ein må ta knekken på. Om ein får gjeve denne handelen eit slag samstundes som ein finn att det sakna hjarta slår ein to store floger i den same smekken.

tirsdag 15. november 2011

Pelsnæringa må vekk!

Mink på ein finsk pelsdyrfarm.
Biletet er frå Wikimedia Commons.
Nationen melder i dag at pelsdyrnæringa nok vil overleve den komande landbruksmeldinga frå regjeringa, trass i at både SV og Arbeidarpartiet har vedtak for at dei vil avvikle denne næringa.

På trass av alle etiske normer for dyrehald og dyrevelferd vel ein å la Senterpartiet få ein symbolsiger og beheld ei næring som systematisk utnyttar dyr utelukkande av estetiske og økonomiske motiv. Den reelle nytteverdien i pelsdyrhald er fråverande, då ein rett og slett ikkje har bruk for pels.

Vi veit at pelsdyr ikkje får tilfredsstilt dei behova dei har for rørsle, sosial omgang, tryggleik og liknande. Dette reagerer dei på med sjølvskading og drap av avkom. I tillegg vert avlivingsmetoder for mink og rev rekna som inhumane.
Den norske vetrinærforening sa i 2009 følgjande om pelsdyrhald:
Dagens pelsdyrhold er basert på hold av aktive rovdyr i små nettingbur. Driftsformen betyr at dyrene ikke får tilfredsstilt naturlige adferdsbehov. DNV har tidligere uttrykt skepsis til pelsdyrholdet. På tross av gode intensjoner i næringa, viser det seg at det fortsatt er store dyrevelferdsmessige problemer i pelsdyrholdet. DNV mener derfor at tiden nå er moden for å vurdere avvikling av pelsdyrholdet i Norge 
Framleis kjem det jamneleg døme på at «det fortsatt er store dyrevelferdsmessige problemer i pelsdyrholdet».

Den nasjonale forskningsetiske komite for naturvitenskap og teknologi sa i 2008:
NENT mener at hold og avlivning av dyr kun for å benytte seg av dyretspels ikke er forenlig med god dyrevelferd, da pels i dag ikke en nødvendighet for å kle seg mot kulde
Eidsivating lagmannsrett slo i 1999 fast dette i ein dom:
Lagmannsretten legger til grunn at pelsdyroppdrett av rev og mink skjer på en måte som er i strid med dyrenes opprinnelige og grunnleggende behov [...]. Dersom en kun la en etisk betraktning til grunn for vurderingen av pelsdyroppdrett, så ville slik virksomhet vanskelig kunne aksepteres. 
Likevel ser det altså ut som om regjeringa vil gå inn for å behalde denne næringa. Dette er uforståleg og viser endå ein gong at SV ikkje får gjennomslag for viktige miljø- og natursaker i regjeringa. Behovet for å få Miljøpartiet Dei Grøne inn på Stortinget for å presse på for ein ny politikk vert grelt tydeleg i møte med slike avgjersler der symbolpolitikk får sigre over etikk og dyrevelferd.      

mandag 22. august 2011

Viser Borten Moe Senterpartiet slik dei verkeleg er?

Ola Borten Moe vert ofte kalla for Senterpartiet sin kronprins, og om det han har vist den siste veka er representativt for den politikken han meiner partiet skal føre - noko ein vel eigentleg bør tru - er det all grunn til å vere skeptisk til Senterpartiet framover.

Oljeplatform i Nordsjøen.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.

Det første varselet denne veka var då ein oppdaga store nye oljefelt på norsk sokkel. Borten Moe jubla då og sa at «oljeeventyret» såvidt har starta. Han sa at dette vil snu trenden med synkande norsk oljeproduksjon. Med dei klimaendringane ein ser no burde ikkje reaksjonen til eit medlem av ei regjering som hevdar å vere klimavenleg vere å ville auke produksjonen av det største klimaproblemet vi har i dag. Ola Borten Moe er ikkje berre oljeminister. Han er også energiminister, og burde heller sørgje for å gjere Norge i stand til å takle ei framtid utan olje. Den framtida kjem, det einaste nye funn av olje kan gjere er å utsettje dette.

Miljøvernministeren forsøkte å gjere oljefunnet til ei gladsak for oss som ikkje vil ha oljeborring utanfor Lofoten og Vesterålen. Han peika på at dette vil gjere desse funna mindre naudsynte, men heller ikkje dette er noko Borten Moe verkar særleg open for. Han har tidlegare sagt at det er uaktuelt å verne desse områda, og hevda at framtida ligg i «å bore og hente opp mer hydrokarboner». 

Eg er svært ueinig i denne påstanden frå Borten Moe. Framtida ligg i å legge fossile energikjelder bak oss og utvikle fornybare energikjelder til å fylle behova våre. Dette bør også energiministeren vår sjå. Det er all grunn til å vere einig i det Miljøpartiet Dei Grøne seier i sin kommentar til saka: «De Grønne er bekymret for den manglende viljen i den rødgrønne regjeringen til å satse på andre hester enn fossilutvinning. Partiet er redd Norge kommer til å bli akterutseilt i den teknologiske omveltningen som pågår i ledende miljøer i de fleste avanserte industriland og fremvoksende økonomier.»


Bilete frå finsk revefarm.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
I dag kom Borten Moe med det som nok anten er ein lekasje frå, eller eit slags forhandlingsutspel for, landbruksmeldinga som skal kome i haust. Der seier han at pelsdyrnæringa ikkje skal avviklast, trass i at både SV og AP har vedteke at dei vil dette.

Pelsdyrnæringa har gang på gang vist at dei ikkje er i stand til å halde dyra sine på ein måte som er forsvarleg. Og uansett om dei nokon gong skulle klare dette, kjem ein ikkje vekk frå at å halde dyr i fangenskap for så å ta livet av dei utelukkande på grunn av estetikk ikkje er etisk forsvarleg. Dyr har også ein eigenverdi og kan ikkje skaltast med som ein vil. Å drepe dei kun fordi ein vil sjå fin ut er ikkje forsvarleg. Ein kan forsvare å drepe dyr til mat; då tener dyra eit mål som rettferdiggjer dette, nemleg å halde liv i eit anna dyr (i vårt tilfelle: mennesket). Dette er ein naturleg del av livet. Å kle seg i pelsen er ikkje verken naturleg eller naudsynt i vårt samfunn.

Det er inga gode argument for å halde fram med pelsdyrhald. Det er ein industri som systematisk set profitt før etikk, og dermed noko ein snarast bør forby.


Ingen av desse sakene er overraskande. At Senterpartiet er for pelsdyrhald er ikkje nytt, heller ikkje at Borten Moe vil køyre ein svært offensiv borepolitikk. Det er derimot ikkje så ofte ein får to døme på ei veke på korleis ein systematisk set mennesket utanfor naturen vi er ein del av og gjennom dette kjem til feil konklusjonar. Pelsdyrhald får ikkje globale konsekvensar slik oljeutvinninga får, men mønsteret er det same. Ein tar ikkje ansvaret vi menneske har for naturen på alvor. Det er ein alvorleg feil.

Om dette verkeleg er den kursen Senterpartiet vil gå etter i åra som kjem, er det trist. Samstundes er det mange folk i Senterpartiet med stort hjarta for både dyrevelferd og klimaet. Det er burde vere mogeleg for alle desse å styre partiet på rett kjøl.