mandag 22. august 2011

Viser Borten Moe Senterpartiet slik dei verkeleg er?

Ola Borten Moe vert ofte kalla for Senterpartiet sin kronprins, og om det han har vist den siste veka er representativt for den politikken han meiner partiet skal føre - noko ein vel eigentleg bør tru - er det all grunn til å vere skeptisk til Senterpartiet framover.

Oljeplatform i Nordsjøen.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.

Det første varselet denne veka var då ein oppdaga store nye oljefelt på norsk sokkel. Borten Moe jubla då og sa at «oljeeventyret» såvidt har starta. Han sa at dette vil snu trenden med synkande norsk oljeproduksjon. Med dei klimaendringane ein ser no burde ikkje reaksjonen til eit medlem av ei regjering som hevdar å vere klimavenleg vere å ville auke produksjonen av det største klimaproblemet vi har i dag. Ola Borten Moe er ikkje berre oljeminister. Han er også energiminister, og burde heller sørgje for å gjere Norge i stand til å takle ei framtid utan olje. Den framtida kjem, det einaste nye funn av olje kan gjere er å utsettje dette.

Miljøvernministeren forsøkte å gjere oljefunnet til ei gladsak for oss som ikkje vil ha oljeborring utanfor Lofoten og Vesterålen. Han peika på at dette vil gjere desse funna mindre naudsynte, men heller ikkje dette er noko Borten Moe verkar særleg open for. Han har tidlegare sagt at det er uaktuelt å verne desse områda, og hevda at framtida ligg i «å bore og hente opp mer hydrokarboner». 

Eg er svært ueinig i denne påstanden frå Borten Moe. Framtida ligg i å legge fossile energikjelder bak oss og utvikle fornybare energikjelder til å fylle behova våre. Dette bør også energiministeren vår sjå. Det er all grunn til å vere einig i det Miljøpartiet Dei Grøne seier i sin kommentar til saka: «De Grønne er bekymret for den manglende viljen i den rødgrønne regjeringen til å satse på andre hester enn fossilutvinning. Partiet er redd Norge kommer til å bli akterutseilt i den teknologiske omveltningen som pågår i ledende miljøer i de fleste avanserte industriland og fremvoksende økonomier.»


Bilete frå finsk revefarm.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
I dag kom Borten Moe med det som nok anten er ein lekasje frå, eller eit slags forhandlingsutspel for, landbruksmeldinga som skal kome i haust. Der seier han at pelsdyrnæringa ikkje skal avviklast, trass i at både SV og AP har vedteke at dei vil dette.

Pelsdyrnæringa har gang på gang vist at dei ikkje er i stand til å halde dyra sine på ein måte som er forsvarleg. Og uansett om dei nokon gong skulle klare dette, kjem ein ikkje vekk frå at å halde dyr i fangenskap for så å ta livet av dei utelukkande på grunn av estetikk ikkje er etisk forsvarleg. Dyr har også ein eigenverdi og kan ikkje skaltast med som ein vil. Å drepe dei kun fordi ein vil sjå fin ut er ikkje forsvarleg. Ein kan forsvare å drepe dyr til mat; då tener dyra eit mål som rettferdiggjer dette, nemleg å halde liv i eit anna dyr (i vårt tilfelle: mennesket). Dette er ein naturleg del av livet. Å kle seg i pelsen er ikkje verken naturleg eller naudsynt i vårt samfunn.

Det er inga gode argument for å halde fram med pelsdyrhald. Det er ein industri som systematisk set profitt før etikk, og dermed noko ein snarast bør forby.


Ingen av desse sakene er overraskande. At Senterpartiet er for pelsdyrhald er ikkje nytt, heller ikkje at Borten Moe vil køyre ein svært offensiv borepolitikk. Det er derimot ikkje så ofte ein får to døme på ei veke på korleis ein systematisk set mennesket utanfor naturen vi er ein del av og gjennom dette kjem til feil konklusjonar. Pelsdyrhald får ikkje globale konsekvensar slik oljeutvinninga får, men mønsteret er det same. Ein tar ikkje ansvaret vi menneske har for naturen på alvor. Det er ein alvorleg feil.

Om dette verkeleg er den kursen Senterpartiet vil gå etter i åra som kjem, er det trist. Samstundes er det mange folk i Senterpartiet med stort hjarta for både dyrevelferd og klimaet. Det er burde vere mogeleg for alle desse å styre partiet på rett kjøl.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar