fredag 5. august 2011

Takk til vandraren!

Bursdagsbornet.
Biletet er henta frå Commons.
I dag er det fødselsdagen til Ivar Aasen. Vi feirar dette med diktet «Vidsidh» frå Etterleivde dikt I slik ein finn det i Skrifter i samling I. Denne ligg ute som PDF hjå dei gode folka på Ivar Aasen-tunet. Fotnota til diktet seier at «Vidsidh» tyder «ein som hev fare vidt ikring» og er henta frå eit gamalengelsk kvad. Eit passande namn på diktet.

Artig nok skil han ut radværingar som ei eiga gruppe skilt frå strilane i diktet. Kan hende var dette eit skilje ein hadde på Aasen si tid? Eller er det berre kunstnerisk fridom for å få sving på alitterasjonane?

Vidsidh
Vide hev eg vinglat
i Vegom ute;
øvst i Upplondom,
ytst paa Havstrondom
i Byom og i Bygdom
bergemillom,
i Tun og Torg
og i tettaste Skogom.

Merkat hev eg mange
Manna Heite:
Skolp og Skogning
og Skodjebygding,
Trumsing, Tronnesing,
Trondheims Gastar,
Senjing og Saltværing,
Sogning og Fyrd.

Voss og Valdres
og Vesteraaling,
Lustring, Leirdøling,
Lofoting, Vikning,
Ranværing, Rissværing,
Romsdøling, Molding,
Hitring, Hamning,
Hellandsfar og Namsing.

Strinding, Stryning,
Stril og Guling,
Jølstring, Junse,
Jæderbu og Ostring,
Ringebygg, Rennebygg
og Radværing,
Selbygg, Sparbygg,
Spinnværing synst i Enden.

Lesjaværing, Lomværing,
Lustring og Suling,
Kvinnværing, Kvæming
og Kvinesdøling,
Orkedaling, Øyning
og Innhering,
Beitstøding, Bynesing,
Borgundsynding.

Hord og Hardeng
og Herleværing,
Eidfyrd, Oddvær,
Etnesbu og Storing,
Sirdøling, Soggendøling,
Sæterdøling, Evjing,
Egder og Austmenner,
Aarndals Menner.

Tindøl, Tudøl
og Telemarking,
Bambling, Bøhering,
Botning og Krødling,
Halling, Hadlending,
Heidemarking,
Ringeriking, Romeriking,
Romedøl og Hamring.
Takk, Ivar Aasen!

5 kommentarer:

Little Man From Another Place sa...

Det er syrgjeleg at Språkrådet i sitt framlegg til ny rettskriving for nynorsk hev vedteke å taka i-målet ut or rettskrivingi. Med det bryt ein det språklege sambandet til mange tiår av soga åt nynorsken.

.T sa...

Eg reknar med du ser allusjonen til Voluspå?

Steinar Sneås Skauge sa...

Her samlar norsklærarane seg, ser eg. ;)

Når det gjeld i-endingar, meiner eg at det fantastiske Aasen gjorde, var å gje landet eit skriftspråk som ligg nært opp mot talemålet. Eg meiner at å normfeste eit nynorsk som ligg tett opp mot talemålet er å vidareføre dette på best måte.

Voluspå skal eg ikkje skryte på meg å ha lese, men etter å ha sett raskt på heimskringla.no ser eg kva du meinar.

Generelt vil eg tru at ein tekst med så mange dvergnamn er verdt å lese...

Steinar Sneås Skauge sa...

Dette er forresten eit godt døme på noko ein stadig ser, nemleg kor mykje av den klassiske litteraturen ein bør ha kontroll på for å få fullt utbytte av det vi har å skilte med av kultur i Europa. For alt ein ikkje kjenner av Bibelen, gresk, romersk og norrøn mytologi, Tusen og en natt, gamle greske forfattarar og litt nyare ting som Dante og gjengen forsvinn perspektiv frå det vi tar til oss av litteratur, bilete osb. Dette er det sjølvsagt den moderne skulen (og den litt mindre moderne skulen eg gjekk på) sin skuld at vi ikkje får med oss. Kanskje eg til og med skal driste meg til å skulde på norsklærarstanden?

Little Man Fram Another Place sa...

Eg les brorparten av Voluspå med elevane. Men eg plar hoppa over dvergnamni. Det skal seiast. Alle elevar som gjeng studiespesialiserande, bør sjølvsagt kjenna Voluspå! Eit genuint problem er at faget er so overlessa med emne at ein ikkje fær høve til å ganga igjennom alt like nøye, heller ikkje det du nemner i siste kommentar. I praksis vert sjølvsagt det læraren veit er mest relevant i høve eksamen, prioritert. Elles er det ei revidering av læreplanen på gang. Alle er samde om at han er for omfattande no. So fær me sjå kva dei kjem med denne gongen!

Legg inn en kommentar