torsdag 14. august 2014

Ei kyrkje for dyra

Industridrift av høns.
Biletet er tatt av Maqi og ligg på Wikimedia Commons.
(CC-BY-SA 3.0)
I dagens Vårt Land vert ein viktig diskusjon løfta fram når dei ser på korleis enkelte verdsett nokre dyr på ein slik måte at det ser ut som om dei har høgare verdi enn menneske. Dette har sjølvsagt samanheng med den absurde minnestunda for ein hund som vart skoten i Rogaland i forrige veke.

Det er lett å seie seg einig med dei som peikar på at ein kan gå for langt i å likestille dyr og menneske, men samstundes er det også lett å sjå at dette ikkje er det som er hovudregelen i dag. Særleg ikkje i vår del av verda.

Der folk straumar til ein minnestund for ein hund som vart skoten, lir tusenvis av andre hundedyr i små bur kvar einaste dag. Utelukkande for å mette våre ynskjer om klede med revepels. Fjærfe og laks vert ala opp under høve som er djupt tragiske og grisar slepp ikkje ut i friskluft før dei vert slakta. Og samstundes veit vi at Norge ikkje er ein versting på dette området.

Hovudregelen er ikkje at vi gjev dyr for stor verdi, men at vi devaluerer dei til eit nivå der dei kun har verdi som noko som kan konsumerast og gje økonomisk vinning.

Dette perspektivet vart heldigvis tatt fram av sokneprest Kristin Fæhn i Vårt Land, men desverre var det ikkje det som fekk hovudfokuset i artikkelen. Likevel er nok er denne delen av korleis vi verdset dyr, noko som gjeld dei fleste av oss i mykje større grad enn at nokon gjev kjæledyra sine for høg status. For vi er alle i større eller mindre grad ein del av grunnlaget for det industrialiserte landbruket.

Eg ynskjer meg ei kyrkje som tør å snakke ærleg om dette perspektivet. Vi snakkar ofte om «forvaltaransvar», og skal vi ta forvaltaransvaret vårt på alvor, er dyrevelferd eit sentralt spørsmål.

Dette perspektivet kan vi løfte utan å vere redde for å blande saman menneskeverd og dyr sin verdi. Eg trur at respekt for dyr og respekt for menneske i eit samfunn heng saman. Høg respekt for menneskelivet gjev høg respekt for dyr, og liten respekt for dyr gjev liten respekt for menneskeverdet. Forsvarar vi dyra som i dag vert utnytta i eit kapitalistisk system som kun ser på dyr som produksjonsmiddel, forsvarar vi samstundes menneske som lir under det same kapitalistiske systemet. Og snur vi ryggen til korleis levande skapningar vert grovt utnytta, er det lettare å sjå vekk når våre medmenneske vert offer for den same utnyttinga.

Det er fint at kyrkja løftar fram menneskeverdet. Det skal vi gjere. Men lat oss ikkje gløyme at vi også har eit ansvar for dyra vi deler jorda med og brukar som våre tenarar.

Lat oss slutte med eit visdomsord frå Ordtaka. «Den rettferdige har omsorg for buskapen sin, den urettferdige er utan hjartelag.» (Ord 12.10)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar