onsdag 9. november 2011

Øltsunamien i 1814

Etikett frå det famøse Meux's Brewery.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
I fylgje handelsstanden har det lenge nærma seg adventstid, og med det kjem både testane av juleøl (som allereie er godt igang i bloggosfæren) og advarslar, som absolutt er på sin plass, mot uvettig alkoholbruk i samband med julefeiringa.

St. Isidors minne kan ikkje vere dårlegare enn at førjulsølblogginga også får innpass her, og då passar det godt å gå inn i ei historie som trass i sin tragikk også er så absurd at ho ikkje bør gløymast.

I 1814 hadde  Meux's Brewery i London lenge hatt enorme tankar dei brygga ølet sitt i. Den største tanken var tanken der dei brygga porter, som åleine tok 511 920 liter.

Tidleg om morgonen 17. oktober 1814 gjekk det heile frykteleg gale. Portertanken hadde på dette tidspunktet gjæra i fleire månader, og var tydlegvis ikkje klar for oppgåva. Eit av banda som heldt tanken saman rauk, og med det eksploderte ølet ut i bryggeriet. Som om ikkje dette var nok tok flodbølgja med seg andre tankar i bryggeriet, og tilsaman  1 224 000 liter øl flauma ut gjennom veggen i huset og ut i slumområdet rundt bryggeriet. Ølflaumen reiv med seg folk utanfor, faktisk var han så stor at to hus gjekk ned på grunn av den enorme ølstraumen som tok dei. Eitt av dei to husa var ironisk nok ein lokal pub der ei fjorten år gamal jente vart drepen då huset rasa ned over henne.

Folk i nabolaget reagerte på ein måte som både er underleg og forståeleg. Dei strauma ut i gatene med bøtter og kar og tok det ølet dei fekk tak i. Fleire av desse vart skada av den sterke straumen og måtte til sjukehus med skader. Der braut det nesten ut opptøyer då andre pasienter trudde at den sterke lukta av øl frå nokre av dei skadde kom av at dei fekk øl på sjukehuset. Dette ville dei andre også ha, og situasjonen vart spent før det vart klara opp i kva som hadde skjedd.

Tilsaman ni personar døydde av øltsumanien. Nokre vart drukna, andre vart drepne av skader dei fekk då dei vart tekne av straumen eller fekk byggningar over seg. Det vert også sagt at ein døydde av alkoholforgiftning. Dei fattige folka som vart ramma av flaumen gjorde det dei kunne for å klare seg, og enkelte stilte ut lika og tok betalt for at folk skulle få sjå dei som vart drepne av ølflaumen. I eit hus stimla det saman så mange folk at golvet braut saman og alle som var der datt ned i ein kjellar halvfull av, ja nettopp, øl.

Ølstanken hang i i fleire månader i området som var ramma, og for mange folka som budde der var det som skjedde ein tragedie, sjølv om dei ikkje mista nokon som stod nær dei. Hus og butikkar var øydelagte og folk stod utan eit levebrød. Bryggeriet derimot, kom ut av det heile med beina på jorda. Det vart sjølvsagt ein rettssak etter dette, men dommaren meinte det som hadde skjedd var «an act of God» og at bryggeriet ikkje kunne klandrast. Dei dreiv vidare fram til eit anna bryggeri kjøpte dei opp i 1961.

1814 er lenge sidan, og det absurde i situasjonen er nok meir framtredande no enn det var då. Ni døde og eit hard ramma lokalsamfunn er ikkje noko å le av, samstundes som ein øltsunami er så sjeldant og absurd at historia bør forteljast vidare.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar