mandag 10. januar 2011

Om terror, historie og manipulering av folket

Cruiceskip til hamn i Southampton.
Merk det ugjennomtrenglege terrorgjerdet.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
NRK brukte i dag Dagsrevyen til den vanlege terrorsmørja som vi har vorte så vande med dei siste åra. Skal ein høyre på media og ekspertar, bør vi når som helst vente oss at kroppen vår vert delt i småbitar av terroristar som hatar alt vi står for. Ein kjem med stadig nye tilltak for å gjere sitt for at denne horden av terroristar som berre ventar på å overfalle oss skal få det så vanskeleg som mogeleg. Ein nektar folk å ta med seg vatn på flyet, ein lagar 170cm høge nettinggjerder rundt internasjonale havner og ein oppmodar folk til å halde augo opne for personar med terroråtferd på offentlege stader. Kort sagt gjer ein alt som står i si makt for å hindre blodbad på europeisk jord. Samstundes må vi hugse det som vart sagt på Dagsrevyen i dag; Før eller seinare kjem nokon til å klare det. Dei kjem til å drepe oss!

Ser ein seg rundt ti år attende i tid, har det vore nokre terroråtak i Europa. Vi hugsar bombene i London, dei som freista å sprengje flyplassen i Glasgow, bomber i Madrid og eit teater og t-bane i Moskva. Det har sikkert vore andre ting også, men dette er vel dei viktigaste. Det har altså vore noko, ingen kan eller vil nekte på det. Eg veit ikkje heilt kor mange drepte det er snakk om, men tala for London og Madrid er omtrent 250, og på t-bana i Moskva vart rundt 40 drepne. Så kanskje fem hundre eller noko rundt der kan vere eit godt anslag. Sjølvsagt alt for mange, men likevel langt frå den vanlegaste måten å døy på i Europa det siste tiåret. Til samanlikning vart over hundre menneske drepne av snøskred i Alpane berre i 2008...

Det har altså vore nokre åtak på Europa, og skal ein tru media og politiet er det eit nytt mirakel kvar dag vi ikkje vert sprengde av folk frå ørkenen i Pakistan. Dei ulike fargekodane for kor truleg det er at ein ikkje overlever dagens handletur, er i alle fall sjeldan under oransje, og jo raudare fargen vert, jo meir skal ein snakke om det. For kva ville vore vitsen med terror om ein ikkje skremde folk før noko ganske sikkert kanskje vil skje om vi ikkje stoppar dei med alle middel sjølv om det heilt sikkert ikkje vil gå og vi alle kjem til å døy?

Det er klart at det er viktig å snakke mykje om dei åtaka som kanskje kan vere under planleggjing og dei mogelege terroristane som ein lurar på om har sett på eit kart der dei kanskje sit på hybelen sin i Paris der dei truleg studerer kjemi med noko ein kan forestille seg er onde mål. For snakkar ein ikkje mykje om desse lammande trugsmåla mot liv og helse, framstår jo samtida som .... fredleg....

IRA-propaganda. Henta frå engelsk Wikipedia.
Eg tok ein rask titt på CVen til fire kjende europeiske terrororganisasjonar på Wikipedia. Ikkje noko vitskapleg og sikkert ikkje utan feil og manglar, men likevel. Dei eg såg på var  ETA, Røde Brigader, Rote Armee Fraktion og IRA.

Wikipedia, som den fantastiske kjelda til kunnskap det er, hadde organisert dette fint. Først ser vi på ETA. Der har ein ei liste over nokre av angrepa, for som ein seier «these attacks number in the hundreds over a span of more than forty-five years, not all can be included here». Alt i alt reknar ein med at berre denne organisasjonen har stått for 829 dødsfall i tillegg til mykje anna. Dette gjennom ei lang rekkje åtak. Så var det Røde Brigader frå Italia. Dei etablerte seg på 1970-talet, og i følgje tala som ligg på Wikipedia stod dei åleine bak 14000 valdshandlingar det første tiåret dei eksisterte. Dei drap rundt 75 menneske, og stod for ei serie med kidnappingar og liknande åtak. Ei anna gruppe kjent for kidnappingar er RAF, eller Baader-Meinhof-banden. Også dei herja på 70-talet  og vidare utpå 80-talet. Også her har Wikipedia ei liste med åtak. Her reknar ein med 34 drepte i tillegg til alle andre skader dei etterlot seg. IRA har ein så lang historie med åtak bak seg at Wikipedia har sett seg nødde til å dele opp lista med åtak i fleire delar. Alt i alt kjem ein til saman til at det her er snakk om 1700-1800 drepte.

Her har ein altså hatt fire særs aktive organisasjonar med base i Europa som gjennom tiår har hamra laus på kontinentet. Og då har vi ikkje tatt med flykapringsspesialistane i PFLP...

Det har vore nokre åtak i Europa dei siste åra, og skal ein tru på dei politi og andre kunne det vore mange fleire, noko som sikkert stemmer. Men det endrar ikkje på inntrykket ein får av å sjå på situasjonen i Europa no samanlikna med til dømes 1970-talet. Då fremstår tida no som roleg og fredleg, eit heilt anna bilete enn det styresmakter og media tydlegvis vil at vi skal ha.

Spørsmålet melder seg. Kvifor? Kvifor er det så viktig å skremme folk med jamnlege oppdateringar på kor sansynleg det er at dagen i dag vert eit blodbad? Kvifor kan ein ikkje heller seie at vi har eit samfunn som er relativt trygt, der vi kan sleppe å uroe oss for at kvar ein stakkar som gløymer gymbaggen sin eigentleg er ein terrorist som drøymer om lemlesta småborn?

Lat oss heller høyre reelle nyhende! Ikkje gøym dei verklege problema i verda bak paraniod, historielaus, manipulerande skremselspropaganda! Lat oss høyre om klimakrisa. Lat oss høyre om fattige barn i Norge. Lat oss høyre om korleis barn døyr av sjukdomar ein enkelt kan kurere i Afrika. Lat oss høyre om at indarar lir for våre billige klede. Lat oss høyre om dette i staden!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar