tirsdag 18. januar 2011

Bøneveke for kristen einskap

Kirkenes Verdensforbund sin logo er også eit symbol for
all økumenikk. 
I dag, 18. januar, startar den internasjonale bøneveka for kristen einskap som vert markert på heile den nordlege halvkule. Dette er ei veke som vert organisert av Det pavelige råd til fremme av kristen enhet på vegne av Den katolske kyrkje og Kommisjonen for tro og ordning i Kirkenes verdensråd på vegne av dei fleste andre. I Norge er det Norges Kristne Råd som står for organiseringa.

I år er det kyrkjene i Jerusalem som har utforma bønene, og veka kan også tene som ei ekstra påminning om å hugse dei kristne i heile Midtausten, men særleg i Jerusalem. Dette er dei eldste kyrkjelydane i verda, men dei er sterkt truga av den vansklege situasjonen dei er i med både den generelle valden og uroa og den valden som er retta særskild mot dei kristne.

Eg avsluttar med litani for kristen einskap, henta frå liturgien for fellesgudsteneste ein finn i opplegget frå Norges Kristne Råd.
L: I Kristus er verda forsona med Gud, og han gir oss bodskapen om forsoning. Som sendebod om forsoningsverket til Kristus ber vi til Gud:

L: Når vi ber saman i dei ulike tradisjonane våre:
A: Du Eine heilage, som gjør oss til eitt, lat einskapen vår verta synleg og gjør verda heil.

L: Når vi les Bibelen saman i ulike språk og kulturar:
A: Du Eine, som har gitt deg til kjenne og som gjør oss til eitt, lat einskapen vår verta synleg og gjør verda heil.

L: Når vi tek kontakt og vert vener med jødar, kristne og muslimar, når vi bryt ned murar som er bygd av likesæle og hat:
A: Du Eine miskunnsame, som gjør oss til eitt, lat einskapen vår verta synleg og gjør verda heil.

L: Når vi arbeider for rettferd og solidaritet, når vi går frå redsle til tillit:
A: Du Eine sterke, som gjør oss til eitt, gjør einskapen vår synleg og gjør verda heil.

L: Alle stader der det finst liding på grunn av krig og vald, urett og ulikskap, sjukdom og fordomar, armod og vonløyse og vi søkjer nær til Kristi kross og til kvarandre:
A: Du Eine, som er såra og som gjør oss til eitt, lat einskapen vår verta synleg og gjør verda heil.

L: Saman med dei kristne i det heilage landet er vi vitne om at Jesus blei født i Betlehem, at han gjorde si teneste i Galilea, at han døydde og stod opp att, og at Den heilage Ande kom ned i Jerusalem. Når vi lengtar etter fred og rettferd for alle i trygg forvissing om at ditt rike skal koma:
A: Du Eine Treeinige, som gjør oss til eitt, lat einskapen vår verta synleg og gjør verda heil.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar