Viser innlegg med etiketten Økumenikk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Økumenikk. Vis alle innlegg

fredag 30. august 2013

Fond du Lac-sirkuset

I dag feirer den episkopale kyrkja i USA minnedagen for Charles Chapman Grafton som var biskop i Fond du Lac i Wisconsin for rett over hundre år sidan. Eg har aldri høyrt om mannen før eg las om han i dag, men han verkar for meg som ein flink biskop. Eg hadde heller aldri høyrt om debatten som oppstod rundt han, Fond du Lac-sirkuset, eller «Fond du Lac Circus» som dei kallar det i USA. Eit sirkus som viser at det ikkje berre er her i landet vi ser ulikt på både liturgiske klede og kyrkjelege samarbeidspartnarar...

Saka er som følgjer: I 1900 vigsla Grafton ein R.H. Weller til sin kodajutor, eller hjelpebiskop. Til å vere med på dette hadde han bedt inn den russisk-ortodokse biskopen i Alaska med sitt følgje og ein biskop frå den gamalkatolske Polish National Catholic Church (som vel Den nordisk katolske kyrkja ligg under). Allereie her kan vi nok gå ut i frå at det skurra hos dei lågkyrkjelege i den episkopale kyrkja.

Seremonien vart utført «with a fullness of ceremonial that was unprecedented in the Episcopal Church. All officiating bishops wore copes and miters. Chrism was used in the consecration, and the newly ordained bishop was given an episcopal ring and a pastoral staff.» Eigentleg skulle også den ortodokse og polsk-katolske biskopen delta i gudstenesta, men slik vart det ikkje. Under gudstenesta var dei kun tilstades.

Etter gudstenesta vart det så tatt eit bilete av alle biskopane som var der. Om ikkje det andre som skjedde hadde skapt bråk, gjorde i alle fall dette biletet det. For første gong vart her episkopale biskopar tatt bilete av med bispekåpe og mitra. Dette var mykje å bere for dei lågkyrkjelege som ikkje hadde noko til overs for slike «katolske» klede. I tillegg var det episkopale, gamalkatolske og ortodokse geistlege samla i ein flokk, noko som heller ikkje var populært mellom dei som meinte at dei episkopale heller burde stå saman med andre protestantiske kyrkjer. Episcopal Library slår fast at «Considerable uproar resulted in some parts of the Episcopal Church when a picture of the assembled bishops was published in The Living Church». Biletet, som er det ein ser under, fekk namnet «Fond du Lac Circus».


Slik kom altså stasleg bispeskrud dundrande inn i den episkopale kyrkja. Dei av oss som har sett oss litt rundt på den fabelaktige bloggen Bad Vestments kan kanskje av og til vere på nippet til å meine at det hadde vore betre om akkurat denne kyrkja ikkje hadde oppdaga bispekåper....

onsdag 31. oktober 2012

Gratulerer med reformasjonsdagen!

Dei 95 tesene. Trykt i 1522.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
I dag feirar vi reformasjonsdagen. 31. oktober skal Martin Luther ha slått opp sine 95 teser på kyrkjedøra i Wittenberg. Eller, det vil seie: Han gjorde sansynlegvis ikkje dette. Sansynlegvis sende han tesene sine til ein tysk erkebiskop og ein tysk biskop, ikkje for å splitte kyrkja, men for å reformere henne. Forteljinga om at han skal ha slått opp tesene på kyrkjedøra har vi frå Philipp Melanchthon som sa dette rundt 30 år seinare. Sansynlegvis stemmer ikkje skuleforteljinga om den tapre munken som stod ute om natta og spikra opp protesten sin på kyrkjedøra. Det heile gjekk nok meir byråkratisk for seg.

Uansett korleis det skjedde fremja Luther sine teser, og frå desse har vår lutherske kyrkje vekse fram.

Reformasjonsdagen har no kome inn i Den norske kyrkje si tekstrekke, altså vert det lagt opp til at denne dagen kan vere ein gudstenestedag i norske kyrkjer. Mellom lesetekstane finn vi tekstar som denne kjerneteksta for den lutherske kyrkja:
For eg skammar meg ikkje over evangeliet. Det er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur, jøde først og så grekar. For i det blir Guds rettferd openberra, av tru frå først til sist, som det står skrive: Den rettferdige skal leva ved tru. (Rom. 1, 16-17)
Luther-rosa.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Vi kan sjølvsagt spørje om det er rett at vi skal markere reformasjonen med ei gudsteneste. Det kan argumenterast godt for at splittinga som skjedde med reformasjonen var ei tragedie for kyrkja, og at vi gjennom å oppretthalde det brotet som skjedde på 1500-talet bryt med Jesu ord om at vi som trur skal vere eitt. (Joh 17, 21)

Trass i dette meiner eg dette er ein dag vi bør markere med glede. På kirken.no kan vi lese at dette er «en dag for markering av reformasjonen og dens budskap». Dette meiner eg er eit godt utgangspunkt for ein markering som både tar på alvor den fellesskapen vi mista i reformasjonen, men som og trekk fram det den lutherske læra har tilført Kyrkja. For vi har tilført Kyrkja viktige element, og det er til dømes slett ikkje sikkert at Den katolske kyrkja hadde vore ei levedyktig kyrkje i dag hadde det ikkje vore for dei endringane som vart gjort i etterspelet til reformasjonen og vidare fram til i dag. Ein kan derfor tenkje at gjennom reformasjonen fekk ein fleire levedyktige kyrkjer i staden for ei haltande kyrkje som trengte endringar.

Vi skal halde fram den lutherske læra om frelsa gjennom trua åleine, om det allmenne prestedømmet og om Bibel og liturgi på morsmålet og vere stolte av at dette er noko vi har vore med på å forfekte gjennom kyrkjehistoria og fram til i dag. Vi kan og vere stolte av at vår kykje har vist seg å vere i stand til å ta til seg samtida og gjere seg relevant i ulike kontekstar.

Dette er noko vi skal vere stolte av og feire på denne dagen, utan at vi skal stikke under ein stol at desse punkta også har nokre grøfter vi frå tid til anna står i fare for å havne i. Det er noko vi sjølvsagt skal jobbe med, for reformasjonen handla om å rydde opp der kyrkja hadde gått feil. Det er ein jobb vi aldri vert ferdige med.

Gratulerer med reformasjonsdagen! Vi avsluttar med Martin Luther sin flotte salme «Vår Gud han er så fast en borg »
Vår Gud han er så fast ei borg,
han er vår skjold og verja.
Han hjelper oss i all den sorg
og naud som vil oss herja.
Vår gamle fiend sterk
med alvor gjer sitt verk.
Stor makt og mangfald list,
det er hans våpen visst.
På jord er ei hans like. 
Med eigi makt me inkje vann,
det fekk ein usæl ende.
Men med oss går den rette mann
som Herren sjølv oss sende.
Hans namn det veit du visst:
Han heiter Jesus Krist,
Gud Sebaot han er
og Frelsar for vår verd.
Han sigeren skal vinna. 
Om verdi full av djevlar var
som ville reint oss glupa,
me ingen otte i oss bar,
dei skulle alle stupa.
Og fyrsten for den her,
kor arg han enn seg gjer,
oss inkje skada kan.
Han er ein maktlaus mann.
Eit ord, og han vil falla. 
Og ordet skal dei lata stå
og berre vantakk finna.
Med oss er Gud, og visst me må
ved Andens gåva vinna.
Og tek dei enn vårt liv,
oss bort frå heimen riv,
lat fara alt, for sjå,
dei sigrar ei endå.
Guds rike vårt skal vera

torsdag 20. september 2012

Reformasjonen sett frå Filadelfia 1937

For ei stund sidan fekk eg i gåve ei bok med tittelen Kristendommens verdenshistorie. Et kortfattet omriss fra begynnelsen til idag. Boka kom ut på Filadelfiaforlaget i Oslo rundt 1937 og er ein samling artiklar av Fridtjof O. Valton som har stått i Bibelsk tidsskrift. 

Eg veit ingenting om forfattaren eller Bibelsk tidsskrift, men eg trur det var eit tiddskrift i pinserørsla, og noko seier meg at det ikkje ville sett med blide auge på dagens økumenikk, og mest sannsynleg ville ein pinsemann som Peter Halldorf vore lite populær.

Boka ser med ikkje akkurat milde auge på kyrkjehistoria. Etter Jesus har ting gått nedover. Første kapittel tar for seg det vi kan lese i NT, og andre kapittel tida etterpå. Dette kapittelet byrjar med underoverskrifta «Forfall», og med det har ein i grunn skildra stemninga i boka, i alle fall for den delen som gjeld katolsk, luthersk og reformert kyrkjehistorie.

Ein går gjennom oldkyrkja og middelalderen, heile tida med syn for dei som fall utanfor majoritetskyrkja. Så kjem ein til reformasjonen.
De kretser som viste den rette vei og alltid gjennem århundrer hadde vist den, var de foraktede «kjettere». De hadde gjennem alle stormer stått for det bibelske menighetsideal og hevdet de sanne nytestamentlige læresetninger. Nu hadde katolisismen gått konkurs. Den hadde vist sin motsetning til Bibelen. Hele pavedømmets historie blev som en mektig demonstrasjon på hvor det fører hen å gå utenom Skriften og Guds vilje på menighetsordningens område. Ja, selv den nydannede Bæhmer-kirke viste sig, tross sin frie innstilling overfor Rom, å bli en misdannelse. Det skulde vise sig at det var den katolske kirkes vesen som gikk igjen også i reformasjonskirkene, i til dels rensede former. Man har således overvurdert Luthers verk. Man fremstiller det slik at sannheten kom først ved Luther. Da, mener man, begynte det apostoliske lys atter å skinne. Da blev nåden i Kristus gitt folket i stedet for loven. Da blev Bibelen åpnet for folket, før var den bundet i lenker. For den almene bevissthet står derfor middelalderen i særdeleshet som et mørkt tomrum, uten kristne, inntil Luther kom og forandret hele situasjonen.
Som vi har sett er dette en feilaktig opfatning av historien. Den har intet med virkeligheten å gjøre. 
[...]det til alle tider har eksistert en åndelig Kristi menighet, som var bygget på apostolisk grunn og lærte apostolisk lære. Og det stadfestes av historien, slik som vi har sett. Når kirken mistet sitt livsinnhold og blev en verdenskirke, -finner vi «sektene», «katarene», foraktet, forfulgt, hatet og henrettet fortsette som Herrens sanne vidnehær. 
[...]Luther var meget påvirket av tidligere reformasjonsbevegelser, ja, endog utenomkirkelige bevegelser har satt dype merker i hans liv. Om ham kjemper katolisismen og biblicismen en voldsom tvekamp som ender med et ulykkelig kompromis, nemlig en ny statskirkedannelse med en katolsk-rituell gudstjeneste, renset for de mest skrikende ting.
[...]Luthers store betydning ligger deri at hans reformarbeid løsnet alle de skjulte og gjærende krefter i Europa, og gav «sektene» eller frimenighetene nytt mot til å komme frem til åpen kamp efter de hårdnakkede forfølgelser, slik at både de nydannede reformasjonskirker og de kraftige vekkelser parallelt med disse, i mere enn én henseende blev innledningen til en ny tidsalder[1]
Eit svært positivt syn på «kjettere», altså, og eit dertil mørkt syn på både Den katolske kyrkja og det Martin Luther klarte å få til. Ein kan halde med forfattaren i at det var rydding som måtte gjerast i kyrkja på 1500-talet, og ein kan forstå at ein pinseven ikkje er overmåte begeistra for lutherske gudstenester, men det er litt underleg at katarane skulle få status som den store redninga for ortodoksien. Den såg eg ikkje heilt kome...

Då er det kanskje ikkje så rart at då reformasjonen i Norge skal skildrast vert konklusjonen slik:
Efter reformasjonen var det hverken så mange kirker eller prester i landet som i katolsk tid. Bare to og tre ganger om året var det en såkalt gudstjeneste på mange steder.
Noe varig spor av virkelig kristendom finner vi ikke før senere. Men det er allikevel ikke tvil om at det fantes, midt i den falske kirkelighets tornekratt.[2]
Boka er eit artig blikk inn i ei anna tid og eit anna kyrkjeklima, men eg må seie meg glad for at det økumeniske klimaet er eit anna no enn på trettitalet. Eg er ikkje sikker på om katolske eller lutherske forsøk på å skildre pinserørsla, eller kvarandre for den del, ville vore særleg mykje meir venleg i grunnhaldninga enn det denne boka er.

I dag drikk katolikkar, pinsevener og lutheranarar kaffi saman på MF, og vi sender impulsar og tankar på tvers av konfesjonane. Noko seier meg at mannen bak denne boka ikkje hadde sett det for seg, og kanskje heller ikkje satt særleg stor pris på det. Eg er open for impulsar frå pinsevenene, men eg tar nok dei impulsane frå andre kjelder enn historieskriving frå trettitalet...

[1]  Fridtjof O. Valton, Kristendommens verdenshistorie. Et kortfattet omriss fra begynnelsen til idag, side 75-77
[2] Ibid side 85

fredag 27. mai 2011

Fatale feil eller økumeniske sigrar?

Huguenotkrossen er eit mykje brukt
symbol i den franske protestantismen.
Biletet er henta frå
Wikimedia Commons.
Kyrkanstidning i Sverige melder at den lutherske kyrkja i Frankrike mest truleg kjem til å slå seg saman med ei samanslutning av ulike reformerte kyrkjer i 2013. Eg hadde ein månad misjonspraksis i den lutherske kyrkja i Frankrike for nokre år sidan, og tanken slo meg medan eg var der at det skarpe skiljet eg opplevde mellom dei svært få lutheranarane (berre rundt 25 000 i heile landet) og dei fleire, men framleis få, reformerte (rundt 300 000) var noko ein burde bryte ned. Særleg den lutherske kyrkja vart så lita at ho lett forsvann i den store samanhengen.

Det at ulike kyrkjesamfunn slår seg saman er noko vi har høyrt ein god del om i det siste. I Sverige vil baptistar, metodistar og Misjonskyrkja slå seg saman til Samfundskyrkan. Dette er ein konstellasjon som liknar ein del på det vi ser i Frankrike, der det også er alt frå tradisjonelle barnedøyparar til baptistar og alt frå liturgiske kyrkjer til kyrkjer med friare samlingar som slår seg saman.

Kva skal ein eigentleg meine og tru om desse samanslåingane? Skal ein glede seg over at den fragmenterte protestantiske kyrkjefamilien endeleg ser ut til å finne saman eller skal ein uroe seg over noko som kan tyde på at teologien, det ein faktisk trur, har vorte mindre viktig eller mindre kjent? Skal ein sjå på dette som ein positiv trend der kyrkjer finn glede, næring og friskt pågangsmot gjennom slike unionar eller skal ein sjå på dette som krampetrekningar frå kyrkjer som har vorte for små til å vere levedyktige?

Er slike unionar fatale feil eller økumeniske sigrar? Eg er vaklar mellom begge alternativa....

Oppdatering 5. juni.
Vårt Land melder i dag at dei svenske kyrkjene no har slått seg saman under det foreløpige namnet Gemensam Framtid. Eg ynskjer den nye kyrkja alt godt, men spørsmålet står like usvara: Er dette ein fatal feil eller ein økumenisk siger?

mandag 14. februar 2011

Vernarar av Europa

Biletet er henta frå Wikimedia Commons
Dagen i dag, 14. februar, blir av uforstålege grunnar ofte omtala med namnet til St. Valentin. At dette har sneke seg inn også i Norge er kjedeleg. Det er kjedeleg fordi det viser den stor påverknaden dei kommersielle kreftene har på oss og fordi det gjer at den verklege helgenmarkeringa på denne dagen kjem i skuggen. 14. februar er minnedag for brødreparet Kyrillos og Methodios.

Desse to karane har eit langt vita, for langt til at eg vil gå inn på det her, men dei vert rekna som dei som førte Kyrkja til slavarane, Kyrillios vert rekna som opphavsmannen til det kyrilliske alfabetet, saman lagde dei det glaglotiske alfabetet som vert brukt i kyrkjeslavisk og i misjonsarbeidet dei gjorde blant slavarane gjorde dei eit pionerarbeide i å bruke morsmål som liturgisk språk. Dei vert æra i stort sett det som kan krype og gå av kyrkjesamfunn og dagen i dag står også i anglikanske og lutherske festkalenderar. I dei ortodokse kyrkjene vert dei hedra med tittelen «apostel-like», ei ære dei deler med folk som Maria Magdalena, kvinna med brønnen og St. Patrick.

Dei vert rekna som vernehelgenar for ei rekkje slaviske folkeslag, land og område og i 1980 erklærte Johannes Paul II dei til vernehelgenar for heile Europa. På grunn av måten dei, som utsendingar frå Bysants, møtte paven og fekk bruke kyrkjeslavisk i liturgien, vert dei også rekna som vernehelgenar for økumenikk.

Lat oss heller nemne desse karane når vi omtalar 14. februar. Det fortener det meir enn italienske legender.

søndag 6. februar 2011

Ein difus skare

Gresk ikon som viser heile Kyrkja.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.


Eg har brukt kvelden på «Enhetsfest», ei økumenisk samling for ulike kyrkjelydar i Nordhordland. I arrangørgruppa og blant oss i forsamlinga i salen var det ein fleirtal av karismatikarar, noko som sette sitt preg på samlinga. Dei som kjenner meg i levande live eller gjennom bloggen min, vil nok skjøne at eg ikkje var heilt på heimebane i ein slik forsamling. Det å vere utanfor komfortsona si er ikkje krise, det har ein strengt tatt godt av, men då er det alltid kjekt når det kjem noko ein kan kalle for «sitt». Slik var det også for meg då musikantane starta med «Hellig, hellig hellig! Herre Gud allmektig» frå Norsk Salmebok.

For lesarar av St. Isidors minne vil det ikkje kome som nokon overrasking at eg meiner helgenane har for liten plass i Den norske kyrkje. Eg meiner at det skjedde ei katastrofe for Kyrkja i reformasjonen då vi klarte å «gløyme» ein stor og viktig del av kyrkja, nemleg alle dei heilage. Helgenane, og forsåvidt også englane om enn ikkje i så stor grad, er noko vi nesten aldri snakkar om når vi snakkar om Kyrkja. I vår tradisjon kan det nesten verke som om den einaste gongen det er legitimt å snakke om helgenar er om ein syng om dei. Det gjer vi nemleg ein del i salmeboka, og ein av dei gongane er i denne salmen. Eg tenkte at dette passa godt på ein einskapsfest. Einskap på jorda, og einskap med resten av kyrkja.

Eg vart derfor litt paff då eg såg kva som kom i andre vers på salmen, der vi vanlegvis syng om den syngjande helgenskaren. Då vi kom dit stod det å lese:
Hellig, hellig hellig! synger helgens skarer.
Eg veit ikkje om ein skal legge så mykje i akkurat dette. Det kan vere at ein i kyrkjelege miljø som ikkje har så mykje til overs for læra om dei heilage finn det vanskeleg å syngje om dei, og heller syng om til dømes kyrkjelyden som «helgens skare». Det er i så fall ein legitim og grei omskriving for å få ein flott salme til å passe inn i kyrkjelyden sin bruk. Det kan også vere at det rett og slett berre var nokon som hadde skreve feil.

Eg veit altså ikkje kor mykje ein skal legge i det, men det vart likevel eit talande bilete for meg på det store arbeidet ein har å gjere når ein skal arbeide med økumenikk. Vi har rett og slett ikkje alltid same mål og ynskjer med det vi gjer. Der nokon vil samle alle under biskopen av Roma meiner andre at ein ikkje skal bry seg med kven som er leiarar, kva kyrkjesamfunn ein står i og slikt i det heile. medan enkelte, som meg, ser det som eit mål at ein i det minste kan sjå heile Kyrkja som eitt, også helgenskaren.

Visjonen i fjerde vers i den aktuelle salmen høver godt som avslutning. Uansett kva ein ser som det jordiske målet i det økumeniske arbeidet, trur eg alle vil seie seg einige i dette endelege målet.
Hellig, hellig, hellig! Herre Gud allmektig,
jord og hav og himmel, se alt skal prise deg!
Hellig, hellig, hellig! Nådefull og prektig,
Fader, Sønn og Ånd, all ære være deg!

tirsdag 18. januar 2011

Bøneveke for kristen einskap

Kirkenes Verdensforbund sin logo er også eit symbol for
all økumenikk. 
I dag, 18. januar, startar den internasjonale bøneveka for kristen einskap som vert markert på heile den nordlege halvkule. Dette er ei veke som vert organisert av Det pavelige råd til fremme av kristen enhet på vegne av Den katolske kyrkje og Kommisjonen for tro og ordning i Kirkenes verdensråd på vegne av dei fleste andre. I Norge er det Norges Kristne Råd som står for organiseringa.

I år er det kyrkjene i Jerusalem som har utforma bønene, og veka kan også tene som ei ekstra påminning om å hugse dei kristne i heile Midtausten, men særleg i Jerusalem. Dette er dei eldste kyrkjelydane i verda, men dei er sterkt truga av den vansklege situasjonen dei er i med både den generelle valden og uroa og den valden som er retta særskild mot dei kristne.

Eg avsluttar med litani for kristen einskap, henta frå liturgien for fellesgudsteneste ein finn i opplegget frå Norges Kristne Råd.
L: I Kristus er verda forsona med Gud, og han gir oss bodskapen om forsoning. Som sendebod om forsoningsverket til Kristus ber vi til Gud:

L: Når vi ber saman i dei ulike tradisjonane våre:
A: Du Eine heilage, som gjør oss til eitt, lat einskapen vår verta synleg og gjør verda heil.

L: Når vi les Bibelen saman i ulike språk og kulturar:
A: Du Eine, som har gitt deg til kjenne og som gjør oss til eitt, lat einskapen vår verta synleg og gjør verda heil.

L: Når vi tek kontakt og vert vener med jødar, kristne og muslimar, når vi bryt ned murar som er bygd av likesæle og hat:
A: Du Eine miskunnsame, som gjør oss til eitt, lat einskapen vår verta synleg og gjør verda heil.

L: Når vi arbeider for rettferd og solidaritet, når vi går frå redsle til tillit:
A: Du Eine sterke, som gjør oss til eitt, gjør einskapen vår synleg og gjør verda heil.

L: Alle stader der det finst liding på grunn av krig og vald, urett og ulikskap, sjukdom og fordomar, armod og vonløyse og vi søkjer nær til Kristi kross og til kvarandre:
A: Du Eine, som er såra og som gjør oss til eitt, lat einskapen vår verta synleg og gjør verda heil.

L: Saman med dei kristne i det heilage landet er vi vitne om at Jesus blei født i Betlehem, at han gjorde si teneste i Galilea, at han døydde og stod opp att, og at Den heilage Ande kom ned i Jerusalem. Når vi lengtar etter fred og rettferd for alle i trygg forvissing om at ditt rike skal koma:
A: Du Eine Treeinige, som gjør oss til eitt, lat einskapen vår verta synleg og gjør verda heil.