fredag 30. august 2013

Fond du Lac-sirkuset

I dag feirer den episkopale kyrkja i USA minnedagen for Charles Chapman Grafton som var biskop i Fond du Lac i Wisconsin for rett over hundre år sidan. Eg har aldri høyrt om mannen før eg las om han i dag, men han verkar for meg som ein flink biskop. Eg hadde heller aldri høyrt om debatten som oppstod rundt han, Fond du Lac-sirkuset, eller «Fond du Lac Circus» som dei kallar det i USA. Eit sirkus som viser at det ikkje berre er her i landet vi ser ulikt på både liturgiske klede og kyrkjelege samarbeidspartnarar...

Saka er som følgjer: I 1900 vigsla Grafton ein R.H. Weller til sin kodajutor, eller hjelpebiskop. Til å vere med på dette hadde han bedt inn den russisk-ortodokse biskopen i Alaska med sitt følgje og ein biskop frå den gamalkatolske Polish National Catholic Church (som vel Den nordisk katolske kyrkja ligg under). Allereie her kan vi nok gå ut i frå at det skurra hos dei lågkyrkjelege i den episkopale kyrkja.

Seremonien vart utført «with a fullness of ceremonial that was unprecedented in the Episcopal Church. All officiating bishops wore copes and miters. Chrism was used in the consecration, and the newly ordained bishop was given an episcopal ring and a pastoral staff.» Eigentleg skulle også den ortodokse og polsk-katolske biskopen delta i gudstenesta, men slik vart det ikkje. Under gudstenesta var dei kun tilstades.

Etter gudstenesta vart det så tatt eit bilete av alle biskopane som var der. Om ikkje det andre som skjedde hadde skapt bråk, gjorde i alle fall dette biletet det. For første gong vart her episkopale biskopar tatt bilete av med bispekåpe og mitra. Dette var mykje å bere for dei lågkyrkjelege som ikkje hadde noko til overs for slike «katolske» klede. I tillegg var det episkopale, gamalkatolske og ortodokse geistlege samla i ein flokk, noko som heller ikkje var populært mellom dei som meinte at dei episkopale heller burde stå saman med andre protestantiske kyrkjer. Episcopal Library slår fast at «Considerable uproar resulted in some parts of the Episcopal Church when a picture of the assembled bishops was published in The Living Church». Biletet, som er det ein ser under, fekk namnet «Fond du Lac Circus».

The "Fond du Lac Circus"
Biletet er lånt her. Kven som er kven på biletet kan lesast her.

Slik kom altså stasleg bispeskrud dundrande inn i den episkopale kyrkja. Dei av oss som har sett oss litt rundt på den fabelaktige bloggen Bad Vestments kan kanskje av og til vere på nippet til å meine at det hadde vore betre om akkurat denne kyrkja ikkje hadde oppdaga bispekåper....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar