tirsdag 27. august 2013

«Meir enn overraskande» med kristne i MDG?

Det følgjande er sendt som lesarbrev til BT, men det ser ikkje ut som BT finn plass til det i valkampinnspurten. Derfor legg eg det ut her. 

Torill Selsvold Nyborg frå KrF går i BT 21. august kraftig til angrep på slike som oss: Prestar som er med i MDG. Ho finn det «meir enn overraskande» at vi, og andre kristne, er med i eit parti som «sterkt devaluerer dei kristne verdiane landet vårt byggjer på». Måten vi visstnok gjer dette på er ved å forfekte ein livssynsnøytral skule og ved at partiprogrammet vårt ikkje nemner orda «kristen» eller «kristendom».

At vi er med på nokon devaluering av kristendomen, er sjølvsagt det reinaste sprøyt. Vi kan ikkje snakke for andre enn oss sjølve, men i MDG sitt partiprogram finn vi eit menneskesyn og ein samfunnsanalyse som ligg nær opp til det vi sjølve står for. Meiningane våre er resultat av impulsar frå ulikt hald, men kristen tru er for oss den viktigaste av desse. At spesifikke ord ikkje er nemnt i programmet, seier ingenting om innhaldet i programmet. I MDG finn kristne, muslimar, nyandelege, nyateistar og andre saman, og det kan vi gjere nettopp fordi vi ikkje er eit religiøst parti. MDG er eit parti for oss som ynskjer å byggje eit samfunn basert på grøne grunnprinsipp som solidaritet både med denne og dei komande generasjonane, ikkje-vald, økologisk berekraft og likeverd. Verdiar som ikkje er spesifikt kristne, men gode grunnverdiar vi kan einast om på tvers av livssyn.

Å forkynne og sikre kristendomen sin plass i samfunnet er kyrkja si oppgåve, og både vi og dei andre prestane i MDG gjer alt vi kan for å fremje det vi trur på. Men kyrkja kan ikkje ha nokon form for særstilling i politikken eit multireligiøst samfunn byggjer på. Denne politikken skal ikkje gje éin religion eller eitt trussamfunn særrettar. Den skal vere allmenn og lik for alle, noko som mellom anna vil seie at skulen må vere livssynsnøytral. KrF ser dessverre ikkje ut til å skjøne dette, og vil til dømes ta ein krampeaktig omkamp om RLE-faget. For å vere klokkeklare på kva vi meiner: Trusopplæring er kyrkja si oppgåve, og skulen skal vere ein livssynsnøytral arena for elevar av alle livssyn.

Nyborg avsluttar med nærmast å hevde at det er ein kristenplikt å stemme KrF. Det er det ikkje. Det er like lite ein kristenplikt å stemme KrF som det er ein kristenplikt å stemme MDG eller noko anna parti som stiller liste i valet. Alle må ta eit sjølvstendig val, og desse vala bør ein ha nok respekt for til å avstå frå slike utspel som det Nyborg her kom med.

Steinar Sneås Skauge og Marianne Støylen Skauge. Prestar og MDG-medlemer.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar