fredag 17. januar 2014

Er Wikipedia «venstreradikalt»

Hanne Nabintu Herland har dei siste dagane tatt opp ein slags kamp ho har prøvd seg på før, nemleg å stemple bokmålsversjonen av Wikipedia som «venstreradikal». No har ho klart å fått ei sak om dette på Minervanett, ei sak som trass i at den delvis framstår som ein preikestol for Herland, også peiker på den soleklare sanninga: Wikipedia er ikkje venstrevridd!

Minervanett har fått professor Arnulf Hagen frå NTNU til å uttale seg, og han peikar på noko vi som kjenner Wikipedia frå innsida har observert mange gonger: Dei store «angrepa» der ein forsøker å vri stoff kjem oftast frå høgresida. Det har også vore forsøk frå grupper som Tjen Folket, men oftast ser vi at det er høgrevridd stoff folk vil presse inn når det er snakk om slike «kampanjar». Heldigvis skjer det ikkje så ofte, og eg trur vi er relativt flinke til å rydde opp.

Heller ikkje mellom dei aktive på Wikipedia kan det på nokon måte seiast å vere ein særleg venstrevridning. Dei eg kjenner dei partipolitiske preferansane til held seg til Frp, MDG, H, KrF, Ap, Raudt og Venstre. Venstresida glimrar meir med sitt fråver heller enn sitt nærver. Sjølvsagt kan det vere folk som har politiske preferansar langt til venstre eg ikkje veit om, men det er i såfall ikkje ei særleg synleg gruppe.

Mitt inntrykk er at artiklane på Wikipedia på det jamne held seg nokonlunde objektive og saklege. Grunnen til dette er at eg veit kva vi vert skulda for. Når venstreaktivistane kjem vert vi skulda for å vere fascistar og høgrevridde. Når høgresida kjem vert vi skulda for å vere venstreradikale. Når ateistane kjem vert vi skulda for å fremje kristendom, og då særleg katolisisme. Når kristne kjem vert vi skulda for å fremje ateisme. Dei fleste med ein agenda meiner altså at vi er motstandarar. Av det trekk eg konklusjonen at vi er relativt objektive.

Og så til Hanne Nabintu Herland sitt underlege angrep. Ho skal ha rett i ein ting. Artikkelen om henne var ei katastrofe på det tidspunktet ho byrja å snakke om den og alt for lenge framover. Det var ein forferdeleg diskusjon om ho kunne kallast «religionshistorikar» i sjølve artikkelen, noko som sjølvsagt aldri skulle ha vore der. Artikkelen er veldig mykje betre no, sjølv om mykje sikkert kan gjerast.

Ho har altså rett i at artikkelen var dårleg, men det er framleis eit stykke veg å gå for å seie: «WIKIPEDIA Norge [...] anklages [av meg] for å i stor grad tillate venstreradikale å dominere sidene på en slik måte at mye av det som står på norsk Wikipedia fremstår direkte venstreradikalt. Blant annet har jeg i årevis opplevd at personer som legger inn «religionshistoriker» på meg, får tittelen straks slettet[1]

Eit spørsmål melder seg: Er det venstreradikalt å hevde at ho ikkje kan kallast «religionshistorikar»? Det er feil, men venstreradikalt? Det er faktisk det ho seier.

Dette er ein totalt absurd påstand! Kva Minervanett tenkte då dei hoppa på dette er uforståleg for meg.
Absurditeten vert endå meir slåande om ein ser kven som har gjort endringar på denne artikkelen. Dei fleste av dei eg kjenner til som har gjort noko her har eg oppfatta at i alle fall står til høgre for Arbeiderpartiet i norsk politikk. Ikkje akkurat ei klassisk venstreradikal aksjonsgruppe, altså. Sjå også denne bloggen for ein god gjennomgang av redigeringshistorikken for den aktuelle artikkelen.

Hanne Nabintu Herland er altså heilt på villspor i påstandande sine. Det stemmer rett og slett ikkje at Wikipedia er venstreradikalt. Truleg veit ho dette sjølv, når det beste dømet ho kan kome opp med er at det har vore ein debatt om ein kan kalle henne for «religionshistorikar» eller ikkje.

Det hadde vore heilt på sin plass om Herland hadde sagt at det som skjedde i biografien om henne var ubehageleg eller skadeleg for henne, men slik ho har gått fram har ho oppnådd at den sympatien ho burde ha fått, no er totalt fråverande.

[1] Eg har gjort kosmetiske endringar i ordstillinga, markert med [ ] for å få betre flyt. Nøyaktig sitat er slik: «WIKIPEDIA Norge av meg anklages for å i stor grad tillate venstreradikale å dominere sidene på en slik måte at mye av det som står på norsk Wikipedia fremstår direkte venstreradikalt. Blant annet har jeg i årevis opplevd at personer som legger inn «religionshistoriker» på meg, får tittelen straks slettet.»

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar