mandag 30. november 2009

Bibliotek


Biblioteket er ein vidunderleg sak. Eg driv for tida og tenker på å utvide artikkelen om slaget på vågen i 1665 på Wikipedia. Eg stakk innom biblioteket i Bergen for å sjå kva eg kunne finne om dette. Ikkje berre traff eg på den eine bibliotekaren meir hjelpsam enn den andre, men eg fann godt med stoff også. Blandt det eg fann var det minst ein skatt og ein potensiell skatt. Den potensielle skatten er noko som verkar som om det er utdrag frå dagbøker og brev som dei britiske offiserane som var med i slaget sendte heim til England. Artige saker, men eg er ikkje heilt sikker på om det verkeleg er det det er. Det er i ein kopiert lefse som ut frå mitt kjenskap til romartal er frå 1832, og det verkar som om den som tok kopiane rett og slett har gløymt å få med seg sida der det står kva dette er. Så verdien av lefsa er vel so som so...

Den verkelege skatten var ei lita bok ei triveleg dame gjek ned i magasinet og henta for meg. Sjoslaget paa Vaagen i Bjørgvin i August Maanad 1665 millom ein Hollendsk og Engelsk Flote, utgjeve i 1907 av forlaget, eller "Bokreidar" som dei sjølv kallar seg, Maalmarknaden i Bjørgvin i 1907. Dette er gamal nynorsk! Høyr berre korleis forfattaren, ein lege ombord i den nederlandske flåten, skildrar starten på slaget:
Ved 6 Timen løyste dei med laust Krut eit Skot, som var Teiknet til Aasokni, og samstundes gaavo dei oss dat fulla Lag or 400 Stykki med slik Brest og Dyn, at dat var som Himili og Jordi øyddist; Kulorna flugo uteljande og surrande um Øyro vore og dat small og brast i kvart eit Skip og i Alt som ombord var, og sjølve Sjoen syntest sjoda og bulla; do hadde me til vor store Undring ikkje meir en 2 Daude.


Om det er mykje til Wikipedia i boka, veit eg ikkje, men artig er ho!

1 kommentar:

Øystein Skauge sa...

Biblioteket Bibelen. Det skulle vere kjent stoff for teologen Steinar. Av og til dukkar det opp perler også frå det biblioteket. Perler som andre teologar burde teke fram og løfta opp og pussa så dei skein i lysglans. Men denne teologen som her skriv, har oversett nokre av perlene. Godt at vi då har biskopar som tek dei ut or skattkista og viser dei fram. Det er som kjent advent no. Og våre biskopar har funne på det glupe å lage adventkalender på nett. Les preses si korte betraktning frå bibliotekperla på den andre dagen i advent Anno Domini 2009: http://www.kirken.no/?event=showadventcalendar

Legg inn en kommentar