tirsdag 24. november 2009

Kyrkjeleg klimakamp


Vårt Land skriv at Folkekirken får kritikk for å ringje med kyrkjeklokkene som ein markering av at ein må gjere drastiske tiltak for å avvergje klimakatastrofe. Mellom anna seier Hans Engell frå Det Konservative Folkeparti at dette er "en åpenbar tapersak for biskopene og for den danske folkekirke" og at "det virker som deler av folkekirken bevisst søker konfrontasjon i en sak som ikke er særlig viktig", seier han før han konkluderer med at "Dette stiller kirken i et betydelig dårlig lys". Liknande haldningar vert fronta av fleire personar i artikkelen.

Ein kan undre seg over kva denne Hans Engell vil sjå på som ein viktig sak når klimakrisa ikkje er ein viktig sak....

Helle Ib i Berlingske Tidene tar det vidare og seier "Det kan godt hende prester og biskoper tenker at det er et allmennmenneskelig ærend å redde klodens tilstand, men dette handler til de grader om storpolitikk: om fordeling av verdens goder mellom rike og fattige land, om hvor mye vi skal investere i å få et renere miljø". Ho hevdar at ein "sier indirekte at de som ikke støtter klokkeringing ved klimatoppmøtet, ikke er gode mennesker. Hvis det å gjøre det gode og nestekjærlige får et bestemt uttrykk med politiske undertoner, mister kirken sitt skjær av partipolitisk nøytralitet."

Ib meiner altså at sidan klimaspørsmålet er storpolitikk bør kyrkja halde stilt om kva den meiner, og det verkar som om det er ein underliggjande premiss i hennar tanke at kyrkja skal vere nøytral.

Her er eg hjarteskjærande ueinig. Ei kyrkje som er nøytral i politiske spørsmål, er ei tannlaus kyrkje som ikkje oppfyller si misjon om å spreie evangeliet. Ib seier "partipolitisk nøytralitet", noko som kan vere eit mål, men klimasaken er ikkje partipolitikk, men storpolitikk som ho heilt riktig påpeiker. I storpolitikk som dette er kyrkja pålagt av Jesus å seie sitt. Evangeliet har politiske implikasjonar som vi som kyrkje må ta på alvor. Likeverd for alle menneske er ein kjerneverdi i kristendomen. Gud skapte oss alle med like stort verd, og vi som kristne er kalla til å forsvare dette menneskeverdet. Kyrkja må rope ut om det som trugar menneskeverdet. Klimakrisa er ein slik sak. Klimaendringane går i liten grad ut over oss i den rike delen av verda. Dei det rammar hardast no er dei som bur på øyene i Stillehavet, dei som vert ramma av tørke eller flaum som resultat av tempraturendringa osb. Desse må vi som kyrkje rope høgt om. Vi må lyfte dei fram og seie at for deira skuld må vi gjere det vi kan for å snu klimaendringane.

Kyrkja vel ikkje denne saken for å provosere og kyrkja går heller ikkje utanfor sine rammer. Kyrkja er i sitt vesen politisk og ikkje nøytral. Fordeling av goder mellom rike og fattige og korleis vi skal klare å redde klimaet er og skal vere kyrkja sin kamp, slik det også må vere alle gode krefter i samfunnet sin kamp. At danske politikarar meiner det er uviktig og ein dårleg sak får so vere.

Sjølv skal eg ha gudsteneste på søndag der vi skal be for klimaet og ringe tolv slag med kyrkjeklokkene for å minne oss på at vi er i tolvte time om vi skal redde jorda. Kva anna kan ein som kyrkje gjere når Jesus i preiketeksten på søndag gjer desse orda frå Jesaja til sine eigne?

Herrens Ande er over meg,
for han har salva meg
til å forkynna
ein gledebodskap for fattige.
Han har sendt meg for å ropa ut
at fangar skal få fridom,
og at blinde skal få sjå,
for å løysa dei trælka or tvang
og ropa ut eit nådeår
frå Herren.

2 kommentarer:

Øystein Skauge sa...

Til dette er det å seie: Ja og amen. Skal sjølv også på preikestolen og vil på eit eller anna vis seie noko om dette.
Men elles: Korleis er den skrudd saman som driv på å legg ut bloggar kl.05.23? Då skal ein sove søtt ved sida av konemor!

Steinar Sneås Skauge sa...

Trur nok det er snakk om ein eller annan tidssone borte i den nye verda.

Legg inn en kommentar