fredag 20. november 2009

Dagbladet slår til

Astrid Meland i Dagbladet slår til med ein artikkel som har det spanande namnet "Her er årets Bibel". Årets Bibel viser seg å vere ein teikneserieutgåve av 1. Mosebok. Ikkje noko særleg spesielt, altså. Eg titta på den amerikanske utgåva av denne teikneserien for ein stund sidan, og vurderte sterkt å kjøpe den. Eg gjorde det ikkje, men ikkje fordi det skulle vere noko sjokkerande med utgåva, slik det verkar som Meland og Dagbladet trur. For det er ikkje grenser for kva ein kan finne i 1. Mosebok: "Mye bryst og bein i Første Mosebok, som vanlig bare for voksne." skriv forfattaren av artikkelen. At denne boka i Bibelen er full av historier som er spekka med vald og umoral burde ikkje få nokon til å verte overraska. Heller ikkje at "Eva og Adam har blitt mennesker av med ansiktsuttrykk som avslører at de frykter Gud, er sjalu, manipulerende, liker sex, har smerter, gråter og smiler." (Sic) Alt dette er ting ein kan lese i Bibelen. Dagbladet legg fram dette som om dette er sjokkerande nyhende og at ein aldri før har hatt kunnskap om kva som står i Bibelen. Dette er sjølvsagt feil. Om Dagbladet sin journalist liker teikneserier betre, og av den grunn ikkje har kome seg gjennom 1. Mosebok i skriftutgåve tidelegare, kom Bibelselskapet med den glitrande Mangabibelen i fjor, så sjølv om ein kun held seg til teikneserieformatet er dette gamalt nytt. Kvar var forresten sensasjonsoverskriftene i Dagbladet då Mangabibelen kom ut? Bibelen i teikneserieform med både nakne damer og drap...

Om ein for ein lita stund gløymer Dagbladet sitt tabloide forsøk på å lage sensasjonsjournalistikk av noko som ikkje er ein sensasjon i det heile, og heller ser litt på innhaldet i det som står i artikkelen, er dette skrale greier. Korleis kan ein skrive ting som: "Han har også satt seg inn i bibelforskningen, og er opptatt av alt som har gått tapt i Bibelen gjennom mer enn 2000 år med stadige endringer i teksten utført av prester med politisk motiv. Hvor ble det av matriarkatet, for eksempel?"? Har ein sett seg inn i bibelforskninga veit ein at det ikkje har blitt utført stadige endringar av teksten gjennom 2000 år. Sidan Dagbladet tydelegvis kjenner til dette, burde dei heller skrive ein sensasjonssak om dette... Og dette matriarkatet er absolutt ein sensasjon. Matriarkalske kulturar har ein ikkje mange av i verda. Om ein skulle ha matriarkalske trekk i Bibelen, er dette absolutt verdt ein sensasjonssak. Særleg om dei er fjerna. Utsegnet står og i ein pussig kontrast til det vi finn seinare i artikkelen "Den er blitt utviklet gjennom mange slektsledd før Bibelen var ferdig rundt 600 f.Kr. og er et av de eldste verkene vi har, i tillegg til Homer." Var Bibelen ferdig rundt 600 f. kr? Kva med alle endringane dei siste 2000 åra? Kva med Jesus? Han levde så vidt eg hugsar ein stund etter 600 år før sin eigen fødsel...

Ein kan verte skremt av kva Dagbladet vel å setje sin logo på.

1 kommentar:

Øystein Skauge sa...

Eg las faktisk denne artikkelen før eg las bloggen. Alt du skriv er er rett, bortsett frå konklusjonen. Ingen kan verte skræmd av Dagbladet og det som er å finne under den logoen. Fordommar og intoleranse sett i høgsetet. Det er ikkje akkurat noko nytt. Nesten like tilbake til Adam.

Øystein

Legg inn en kommentar