fredag 20. november 2009

Den vidunderlege verda av fri programvare


Ei hending i det siste har endå ein gong gjort det klart for meg for ei vidunderleg verd fri programvare skapar for oss. Eg har i rundt eitt år brukt Ubuntu som mitt primære operativsystem. Eg har ein liten notebook som ikkje var så glad for oppdateringa til Ubuntu 9.10, så då såg eg ikkje anna råd enn å få inn eit anna operativsystem. Valet vart Xubuntu, ein Ubuntu-utgåve laga særskildt for denne type, små maskiner. Installeringa gjekk etterkvart greit, om enn med nokre små pussige innslag som at eg til dømes måtte gå via Windows for å leggje inn ein annan distrubusjon av Linux, og det sedvanlege innslaget av panikk i det ein ikkje er heilt sikker på om partisjoneringa er slik den burde. Nok om det. Xubuntu kom inn på maskina, og gleda i heimen var stor. Denne gleda tok brått slutt då eg skulle logge meg på nettverket. For fyrste gong med ein instalasjon av Linux hadde eg problem med ein drivar, så nettverkskortet fungerte rett og slett ikkje. Etter litt leiting på eit linuxforum fann eg ut at eg ikkje var den einaste som hadde dette problemet, og eg fekk fiksa det i løpet av nokre minutt. Maskina var då igjen oppe og gjekk slik den skulle. Det er sjølvsagt mogeleg at det kan kome problem eg ikkje har møtt på endå, men dei sorgene tar eg eventuelt då.

Det som gledar meg med dette, er kor enkelt og greit det er å fikse opp i feil og tabbar. At eg i eit innfall av idioti trudde at maskina skulle takle eit operativsystem den ikkje var klar for, vert enkelt og gratis fiksa opp. Tenk om eg skulle halde meg til Windows. Då kunne ein slik operasjon fort ha kosta meg fleirfaldige hundrelappar, og arbeidet for å få drivarar til å virke i Windows kan vere eit sant mareritt. Maskina mi på kontoret slettar til dømes drivarane til den eine printaren vi har der på fast basis. Kva som inspirerar den til denne hatkampanjen mot printaren er ikkje kjent.

Kvifor ikkje fleire går over til meir fleksible operativsystem som både er gratis og ikkje krev at ein til ein kvar tid har den mest moderne teknologien på hardwarefronten er for meg eit mysterium.

1 kommentar:

.T sa...

Du må virkelig lese In the begining was the command line!

Tror du vil sette stor pris på det essayet, selv om referansene til illuminati er svært begrensede...

Legg inn en kommentar